Friluftshelga vart amputert |
 | | Ingrid Helene Enes Slettebakken (1 1/2 år) frå Valen og Tove K. Apeland frå Omvikdalen fyrar og gjer det lunt og triveleg i lavvoen på Fjellandsbø. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
| |
Vergudane utfalda seg i heftigaste laget for Kvinnherad Turlag, som i tråd med tradisjonen skulle arrangera indianarleir og friluftsdag på Fjellandsbø denne helga 60 indianarar måtte trekkja seg attende til skulen og Aktivitetshuset laurdag kveld og friluftsentusiastane fekk oppleva eit noko amputert aktivitetsprogram sundag.
Men ein flokk lot seg ikkje skremma av det heftige regnet - leiar Anne Kari Enes meiner at 25 vaksne og like mange born kom til arrangementet.
|
| |
 | | Steinar Haugland gjer klart for luftferda til tre år gamle Johannes Eide Myklebust. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
Og alle tok det med godt humør. Dei fekk i det minste ei realistisk oppleving av korleis naturen også kan utfalda seg. Til dømes kunne dei lytte til det mektige suset frå alle dei 'nye' elvane som strøyma nedover Ulvanåso.
|
 | | Sportsfiskaren Kvinnherad frista med herleg fisk frå Opsangervatnet. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
|
Det var ikkje minst ein herleg bakgrunnsmusikk for dei som satt lunt og varmt og kosa seg inne i lavvoen.
Der serverte Sportsfiskaren Kvinnherad nytrukken aure frå Opsangervatnet slik dei plar gjera under Friluftsdagen og Tor Sævareid og Ståle Schille fekk mykje ros for fisken.
|
|
Dei streka under at arbeidet for å fremja fisket i dette fine, sentrumsnære vatnet ber rike fruktar. Så mykje større har ikkje auren vorte til dømes sidan i fjor, men kvaliteten syner stor framgang.
Alle som vil kan fiska i vatnet utan å løysa fiskekort, men det kostar berre ein hundrelapp og Tor og Ståle anbefalar at folk gjer det. Pengane går til nye tiltak for fisket.
|
| |
|
Ein annan aktivitet som gjekk etter programmet mellom regnilingane var tyrolartraversen. Ein av de ivrigaste i denne originale transportstrengen var Johannes Eide Myklebust. Han er enno ikkje fire år, men hadde køyrt fire rundar då uskedalen.no var innom!
|
| |
|
Blant dei som måtte avlysa sine innslag i arrangementet var skytterlagskarane og klatre- og rapell-instruktørane. Og kanoane vart ståande ubrukte ved vatnet denne gongen.
|
| |
|
Også i fjor vart Friluftsdagen ei våt oppleving, om enn ikkje i same grad som dette året. Men alle gode ting er tre. Difor blir det sikkert fint ver neste år, for det fortener dette positive tiltaket.
|
| |
|
Av Ola Matti Mathisen
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
| |
 | | Rundt 50 lot seg ikkje skremma av regnet men kom til Fjellandsbø. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
| |
|
|
|