Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Høyringsuttale 6: Frå personalet i Uskedal Barnehage

05.04.2021
Klikk på bilete for full storleik
Les ei redigert fråsegn frå personalgruppa i Uskedal barnehage.
 
Personalgruppa i Uskedal barnehage har skrive ei grundig fråsegn i sak om Oppvekstkår i Kvinnherad. Det er semje i personalgruppa om å vidareføra gjeldande struktur, det som vert kalla Konsept 0. Grunngjevinga er at barnehagen i Uskedalen ligg sentralt i sentrum av bygda og er såleis lett tilgjengeleg frå hovudvegen. Uteområde er velfungerande med kunstgrasbane, klatrepark, strandområde, opparbeidde turstiar og eit levande nærmiljø med ulike butikkar og industri. Les vidare kva personalgruppa skriv.
 
Uskedalen barnehage scorar godt og over gjennomsnittet på brukarundersøkingar. Det viser seg at mindre barnehagar og skular har betre score på brukarundersøkelsar. Trygg overgang for barna frå barnehage til skule gjev kortare dagar i skule/barnehage og meir tid til familien.
 
Planen Regional plan for folkehelse, Hordaland 2014-2025 er framleis gjeldande og har mellom anna mål om at fleire skal gå og sykla til skule/barnehage. Planen peiker og på viktigheita av gang og sykkelavstand til grunnskule og barnehage, og at tryggleik skal vera premiss når bustadområde, sentrumsområde og skulemiljø blir planlagde. Dette blir godt ivareteke i konsept 0.
 
Det er fleire fordelar og positive effektar med mindre barnehagar og skular. Trygghet er ein føresetnad for god læring og det at borna kan gå saman til skulen fremjar fysisk aktivitet og gode sosiale relasjonar. Barn med spesielle behov blir lettare inkludert i ei lita gruppe. Trygghet og god overskt er enda viktigare for desse barna ved mellom anna å få vera i kjende omgivelsar. Ein lang skule- og barnehageveg vil verta ei utfordring i seg sjølv fordi desse barna treng nære og få vaksne å forhalde seg til.
 
Det er god vekst I bygda. Fleire barnefamiliar har flytta tilbake til Uskedalen dei siste åra. Vi ynskjer ei levande bygd. Dette krev eit lokalsamfunn som kan fungera for foreldra til småbarnsgruppa. Dei som ynskjer å flytta til Uskedalen, må vita at viktige fasilitetar som barnehage og skule er på plass.
 
Små barn har eit høgare stressnivå i barnehagen enn det dei har heime. Det gjeld spesielt barn med lange dager. Dette viser ein ny norsk studie. Ny barnehage i Omvikdalen har manglande fasilitetar i nærområdet. Det er også dårleg veg frå hovudveg og fram til barnehagen. Ein større barnehage vil og resultera i auke i trafikken på den alt dårlege, smale og uoversiktelege vegen.
 
Val av barnehage/skule blir valt etter kor foreldra har arbeidsplassen sin, Familiar som bur i Uskedalen og arbeider på Husnes, vil naturlegvis nytta barnehagen på Husnes, sjølv om det skulle vera barnehagetilbod i Omvikedalen. Ein vil då ikkje få samla borna frå same bygd i same barnehage. Kvinnherad er ein langstrakt kommune. Dette kan resultera i lange avstandar mellom skule, barnehage og heimplass. 
 
Konklusjon.
  • Personalgruppa i Uskedal barnehage vil halda på noverande struktur og tilbod. Den viktigaste faktoren her blir å oppretthalda skule og barnehagetilbodet i nærmijøet. Ein ser ingen positive sider med storskular/barnehagar. 
  • Personalgruppa ser heller ingen positive sider ved innføring av heildagsskule. Det vert altfor lange skuledagar for barna. Valfriheten for den enkelte familie fell vekk. Heildagskulen fører til redusert fritid med familien. Det vert mindre oversikt i høve til lekser, skulemat og fritidstilbod.
 
Innlegget er redigert og korta ned i høve til slik fråsegna er skriven og sendt inn. Den som ynskjer å lesa heile fråsegn, kan gå inn på postlista, saksnummer 2021/793. ( Red.)
 
 
 
Tekst: Personalgruppa v/ Uskedal barnehage
Foto/nett: Kristian Bringedal
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
10.04.2021
Innspurt i SPLEISEN til ungdomslaget!
SPLEISEN som styret i Uskedal ungdomslag starta for å skaffa midlar til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet har blitt ein suksess.  Siste 10 dagane har det komme inn over 22.000 kr, og resultatet er i skrivande stund på 37.751.  Til saman har 77 givarar bidrege.  Dei fleste er naturleg nok privatpersonar, både bygdefolk og andre, men nokre firma har også i høgste grad bidrege til det solide resultatet med rause gåver.  No er det berre to dagar att, og kanskje er det framleis fleire som vil støtta det gode tiltaket?  Dei som ønskjer det, finn SPLEISEN HER.

tid
10.04.2021
Uskedalsjenter med inspirasjonsfilm til koronatrøtte.
Mange av oss er nok ganske så koronatrøtte, men det gjeld å halda motet oppe. Då kan det vera godt å få nokre tips til motivasjon.  Amalie Hovden Rød og Camilla Ripel Myklebust som går siste året på breiddeidrettsfaget ved KVV har derfor laga ein kjekk inspirasjonsfilm med gode tips til korleis vi kan halda oss i aktivitet.  Eg anbefaler filmen for alle, og dei som er abonnentar på Kvinnheringen.no, kan sjå den ved å klikka HER.

tid
08.04.2021
Covid - 19 melding.
Med bakgrunn i smitte på Peppes Pizza bed kommunelegen deg vera merksam på symtom og dermed testing, dersom du var der laurdag 3. april mellom kl. 12.00 til kl. 17.00.

kb 
07.04.2021
Remi Onarheim - ny leiar i Uskedal Utvikling.
Remi Onarheim er vald til ny leiar i Uskedal Utvikling. Med i styret er: Egil Myhre, Oddbjørn Kroka, Gunn Mari Moberg og Andreas Tarberg. Varamedlemer. Berit H. Døssland, Elisabeth Rosseland og Jan Erik Olsson. Revisorar: Hans Reidar Kjærland og Leon Gundersen. Rekneskapsførar er Alf Hjønnevåg. Han bed om fritak og bed om at styret finn ein ny kandidat i hans plass.

kb
06.04.2021
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 7. april kl. 19.00.
Det er tillyst årsmøte i Uskedal Utvikling i morgon, onsdag 7. april kl. 19.00 i Gamleskulen. Årsmøtesaker: Årsmelding frå styret, Kafe Tiaren og nettsida uskedalen.no, rekneskap, handlingsplan, årspengar 2021 og utleigeprisar og val. Uskedalen.no er klar for overgang til ny plattform.

kb
04.04.2021
Svært mange støttar SPLEISEN til ungdomslaget.
Berre sidan 1.april har det komme inn tett på 11.000 kr til SPLEISEN som ungdomslaget har oppretta til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet.  Til no er det komme inn 26.551 kr frå 63 rause givarar og framleis kjem det stadig inn nye gåver.  De kan støtta den gode saka ved å gå inn HER.

tid
03.04.2021
Elins Matglede, Uskedalen, ope i dag kl. 11 - 16.
Elins Matglede er open i dag, påskeafta, frå kl. 11 til 16. Der kan du mellom anna kjøpa god karamell ostekake. Spring og kjøp.

kb
02.04.2021
Stor gåve, målet passert, men framleis kan de støtta SPLEISEN.
Like etter at vi hadde notis om SPLEISEN til Uskedal ungdomslag i går, kom det inn gåver på godt over 4000 kr slik at den var tett på målet på 20.000 kr.  I løpet av natta har den komme så vidt over, og er no på 20.001, men både firma og privatpersonar har framleis mulighet til å støtta SPLEISEN.  Det er 10 dagar att av perioden. Koronatida gjer at det krevst ekstra inntekter til å drifta både ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet.  SPLEISEN finn de HER.

tid.
01.04.2021
Utvidar tida på korona-telefonen og test-kapasiteten.
Kvinnherad kommune melder at i samband med 2 nye smittetilfelle som vart meldt om  i dag, vert det no utvida telefontid på koronatelefonen (908 60 166) førstkomande lørdag 03. april. Testkapasitet vert også auka. Ny tid vert kl. 08.00 til kl. 11.00.

tid
01.04.2021
Spleisen til Uskedal ungdomslag nærmar seg 16.000.
Styret i Uskedal ungdomslag er svært takknemlege for den overveldande støtta dei opplever etter at dei starta SPLEIS til drift av ungdomshuset Helgheim og ungdomslagshytta Fjelly ved Mannsvatnet.  Til saman har 52 givarar no gitt 15.746 kr. I tillegg kan dei melda om at Gros Blomster har sponsa med vårblomar til utepottene ved Helgheim, og Byggmester Stensletten har sponsa med material til vedlikehaldsprosjekt.  Målet for SPLEISEN er 20.000, og det gjnstår 11 dagar av perioden.  Det burde vera godt håp om å nå målet.  SPLEISEN finn de HER.

tid
Siste Nyhende
10.04.2021
Artikkel om fiskaren Alice Roseth Eik i landsdekkande avis.
Fiskeribladet, som er ei landsdekkande avis med over 22000 lesarar, skriv heile to sider om Alice Roseth Eik (gift Helleberg ) frå Lofotfiske i år. Alice hoppa av frå arbeid i helsesektoren og vart fiskar. Saman med mannen, Kurt Inge, er dei begge på Lofoten i kvart sitt farty. Dei kjem frå Ølberg i Sola kommune. Det er sjette gongen dei er på Lofoten. Uskedalen.no har tidlegare skrive om bestemora, Eli Roseth Eik, som var med som barnevakt for oldebarnet på 19 månader. 
09.04.2021
Vårenes vakraste skieventyr til Ulvanoso i helga.
Den årlege skituren frå Tveitedalen til Ulvanoso går sundag 11. april. Turleiar er Kjell Yri og Jarle Røstbø. Frammøte ved Ternebu kl. 09.30. Turen vert rekna til vanskegraden middels. Det er gode vermeldingar og med nysnø dei siste dagane, kan deltakarane rekna med å få oppleva vårens vakraste skieventyr til toppen på 1246 meter over havet. Denne turen samlar til vanleg deltakarar frå heile Sunnhordland.
09.04.2021
Høyringsuttale 8: Frå Monica Helen og Remi A. Onarheim
Ekteparet Monica Helen og Remi A. Onarheim skriv uttale i saka om oppvekstkår i Kvinnherad. Familien er etablert i byggefeltet Ospelunden der dei har starta arbeidet med bygging av ny einebustad. Remi er nyvald leiar i Uskedal Utvikling. Fråsegna skildrar kvardagen for par som vil bu i Uskedalen. Då er skule- og barnehagetilbodet ofte avgjerande i vurderande om ein vel Uskedalen eller ei anna bygd som sin heimplass.
08.04.2021
Uskedal Utviking med tilpassa drift i koronaåret 2020.
Årsmeldinga 2020 til Uskedal utvikling syner ei drift prega av restriksjonar. Dette er mest synleg med omsyn til drifta av Kafe Tiaren, som ikkje har vore i drift sidan nedstenginga for vel eit år sidan. Arbeidet med renovering av Gamleskulen held fram. Handikaptoalettet og oppusssing av eksisterande toalett er ferdigstillt. Det er enno noko arbeid som må gjerast i kjellaren før utleige og vanleg bruk.
08.04.2021
Høyringsuttale 7 - frå FAU ved Uskedal skule.
Vi er komne fram til høyringsuttale 7 i serien om uttale til endring av skulestrukturen i Kvinnherad. FAU skriv i si fråsegn at Uskedalen er ei levande bygd med stor aktivitet  der skulen er eit naturleg samlingspunkt. Det vert synt til at Elevrådet ynskjer sterkt å få behalda skulen. I den samanheng er det viktig å syna til FNs barnekonvensjon nr. 3 der det vert presisert at i alle saker som rører ved born, skal ein ta omsyn til borna sitt beste. Les vidare kva FAU skriv:
07.04.2021
Meir enn dobling i SPLEISEN til ungdomslaget siste veka.
Mange ønskjer å støtta SPLEISEN Uskedal ungdomslag treng hjelp!  Siste veka har den fått eit skikkeleg løft, og frå 1.april har innsamlingsbeløpet blitt meir enn dobla, - frå 15.746 til 32.901kr i skrivande stund.  Både rause privatpersonar og nokre gode støttespelarar blant firma har bidrege til dette flotte resultatet.  Vi kan framleis støtta SPLEISEN HER.
07.04.2021
Innsamling til Ukraina, måndag 3. mai.
Måndag 3. mai kjem THK – traileren til Kvinnherad. Kvar vår, i mange år no, har vi samla inn brukte kle og utstyr til Ukraina, her i Kvinnherad. THK – stiftelsen er i år 26 år gamal. Sist år skulle 25 årsjubileum markerast med gjester frå Ukraina. På grunn av Covid 19, vart dette avlyst. Midt i mars i fjor hadde vi innsamling. Trailaren var ferdig pakka og sjåførane var klare. Så kom koronaen, nærast over natta, og alt vart sett på vent.
06.04.2021
Stor byggeaktivitet i Uskedalen.
Det er stor byggeaktivitet i Uskedalen for tida. Det er nybygg og renovering, naust og næringsbygg.  I byggefeltet Ospelunden er det aktivitet i ulike deler av feltet, både ytterst ut mot Kleivadalen, oppe i feltet og nede på flata bak eksisterande bygg. Det vert klargjord for ny lausdriftfjøs på Haugland. I sentrum er arbeidet med nytt hus i funkisstil er reist. Ei leileighet på Uskedalen Brygge ligg ute for sal. Det same gjeld for hus i Skårhaug.
05.04.2021
Høyringsuttale 6: Frå personalet i Uskedal Barnehage
Personalgruppa i Uskedal barnehage har skrive ei grundig fråsegn i sak om Oppvekstkår i Kvinnherad. Det er semje i personalgruppa om å vidareføra gjeldande struktur, det som vert kalla Konsept 0. Grunngjevinga er at barnehagen i Uskedalen ligg sentralt i sentrum av bygda og er såleis lett tilgjengeleg frå hovudvegen. Uteområde er velfungerande med kunstgrasbane, klatrepark, strandområde, opparbeidde turstiar og eit levande nærmiljø med ulike butikkar og industri. Les vidare kva personalgruppa skriv.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS