Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Varsel om at Mannsvatnet er regulert.

23.01.2021
Klikk på bilete for full storleik
Ver særleg merksam på ferdsle ved utløpet og ved elva som fører ned til inntaksdemning ( Arkivbilete ).
 
Dette er eit varsel frå Sunnhordland Karaftlag ( SKL ) til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt i område rundt Mannsvatnet. SKL gjer merksam på at  skifte i veret gjer at snømengda og situasjonen er i endring veke for veke.
 

På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar men det kan òg førekomme andre plassar på vatn. Me vil òg minne om at det i reguleringssona kan liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.
 

  

 

Tekst/nett: Kristian Bringedal 

Foto: Steinar Haugland/ Knut Inge Eidsvik
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Opne råk kan vera eit problem, her frå den siste råka som vart registrert i vinter.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
28.02.2021
Ikkje eigen valkrins, men ambulerande røysting.
Formannsskapet har no funne ei løysing på spørsmålet om røysting i Uskedalen ved Stortingsvalet 2021. Det vert ambulererande røysting slik det var for ved Kommunevalet for to år sidan. Heile 300 røysteføre nytta seg av denne ordninga i Uskedalen i 2019.

kb 
25.02.2021
Årsmøte i Uskedal Idrettslag - kunngjering.
Styret i Uskedal Idrettslag melder at årsmøte 2021 vert 24. mars kl. 20.00 i Gamleskulen. Med bakgrunn i smittevernreglane krevst det påmelding seinast 17.03. Innkomne saker må vera styret i hende innan den same fristen, nemleg 17.mars. Påmelding til chris.fossli@gmail.com. Meir om årsmøte i Idrettslaget kjem som innlegg seinare. 

Styret 
23.02.2021
Kulturstipendet 2021 er lyst ut.
Kulturstipendet vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativt virke. Stipendet skal vera eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr. Stipendet er på 50 000 kroner, og er eit samarbeid mellom: Sparebank 1 - SR Bank, Sparebanken Vest, Sunnhordland kraftlag og Kvinnherad kommune. Søknadsfrist: 01.06.2021 
kb
23.02.2021
Tilskot til kultur og folkehelsetiltak.
No er det tid for å søkja kommunale tilskot til kultur og folkehelsetiltak. Lag, organisasjonar, ungdomstiltak, privatpersonar og institusjonar som driv frivillig og /eller ikkje kommersielt kulturarbeid kan søkja. Søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside. Frist: 15. mars 2021.

kb
23.02.2021
Årsmøte i Uskedal Båtlag torsdag 11. mars kl. 18.00 i Helgheim
Det vert årsmøte i Uskedal Båtlag torsdag 11. mars kl. 18.00 i Helgheim ( kjellaren ). Grunna smittevern bed styret om påmelding innan 6. mars, anten til Hans Gustav Mussland ( 906 45 530 ) eller Jan Henrik Hansen ( 922 92 792 ). Innkomne saker til årsmøte må vera styret i hende innan 01.03.

Styret
21.02.2021
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 7. mars.
Etter gudstenesta 7. mars kl. 15.00 vert det soknemøte/årsmøte i Uskedal sokn. Det vert lagt fram årsmelding og rekneskap for 2020. Det er drøftingar og høve til å koma med synspunkt på aktiviteten for kyrkjelydsarbeidet lokalt. Møte er ope for alle medlemer i Den norske Kyrkja.

Soknerådet
21.02.2021
Møtte elg på treningstur.
Trude Helen Døssland og ektemannen Thomas Pettersen driv godt med travhestar.  Ein dag tidlegare i vinter hadde Thomas ei svært spesiell oppleving då han var ute og trente den kjende travaren Gretzky B.R..  Dei møtte på sjølvaste SKOGENS KONGE, og Thomas fekk filma det uvanlege møtet med mobil, og vi kan sjå resultatet på VgTV ved å klikka HER.   Paret bur i Skrukkelia i Hurdal kommune.

tid
20.02.2021
Invitasjon til å vera med i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe.
Måndag 22. febr. kl. 19.00 er du invitert til møterommet på Stemneplassen, til ei Arkiv- og kulturhistorisk gruppe i Uskedalen. Målet er å ta vare på, samla inn og registrera arkiv- og lokalhistorisk stoff frå lag/organisasjonar og informantar. På møte vert det presentert ein skisse til arbeidsform og tiltak. Dersom dette er noko for deg, gje ein lyd til: Kristian Bringedal ( 915 31 487 ) eller e-post: kristian.bringedal@gmail.com

kb
20.02.2021
Frosne røyr og mellombels løysing med vatn til SPAR, Rabben og Sanden.
Frosne røyr i inntaka til Gamleskulen, SPAR, Sanden og Rabben gjer at det er laga ei mellombels løysing med synleg vassledning frå utttak ved Grano, over plassen ved Gamleskulen og fram til SPAR. Denne løysinga har vore i drift ei vekers tid. Inntaket til kyrkja er også frose.

kb
19.02.2021
Kan Uskedalen koma tilbake som eigen valkrins.
K.direktøren tilrådde å kutta ambulerande røysting i Uskedalen i 2021. Etter framlegg  frå Gaute Lund vart saka  sendt over til Formannsskapet for endeleg avgjer. Drøftinga i K.styret lovar godt for ei løysing der Uskedalen vert eigen valkrins, slik det var før. Men som sagt: Formannskapet har det endelege ordet.

kb
Siste Nyhende
27.02.2021
Litt av ei kattehistorie - kom tilbake til eigar etter å ha vore sakna i tre år.
Ein hokatt har vore sakna ei veke. Eigar bur i Beinavikjo. Katten er ID merka. Dersom nokon ser eller veit kor katten er, ta kontakt med Janne Hjelmeland på mobil: 958 24 652. Denne teksten vart lagt ut som notis på uskedalen.no 29. mai 2018. Snart tre år etter er katten funnen og på plass i huset der eigar bur i dag. 
25.02.2021
Dønhaug Gardsbarnehage kjem best ut i foreldreundersøking.
Dønhaug Gardsbarnehage i Uskedalen skårar best på foreldreundersøking i Kvinnherad. Av maks 5 poeng kjem dei ut med heile 4,9 på tilfredshet. Uskedal Barnehage skårar 4,5 på same kategori. Det er det same som snittet for Kvinnherad og for heile landet. Det er Utdanningsdirektoratet som legg fram desse resultata. Undersøkinga gjeld for 2020.
25.02.2021
Seks grunneigarar går saman om tømmeruttak i Kleivadalen.
Det føreligg plan for tømmeruttak i område Halsatoppen - Kleivadalen - Ospelunden. Seks grunneigarar går saman om prosjektet. Det er snakk uttak av om lag 5000 kubikk, både til skur og til slip. Avtalen er gjort med Nortømmer. Lokal entreprenør er Hjelmeland Hogst og service frå Omvikdalen. Arbeidet er tenkt gjennomført i den turraste tida, før eller etter sommarferien.
24.02.2021
Endra rammer for kyrkja - auka deltakartal.
Kyrkja kan igjen ynskja velkomen til gudstenester. Etter at vi den siste tida har hatt eit regelverk som avgrensar tal deltakarar til 10 på gudstenester og 50 i gravferder kom det fredag melding om at den nasjonale forskrifta no sette det maksimale talet for deltakarar på arrangement til 100. Føresetnaden er då at deltakarane får ein fast tilvist plass. Dette maksismale talet må sjåast i samanheng med avstandsreglar. I praksis er det vanskeleg å få plass til 100 i nokon av våre kyrkjer, men talet vert sjølvsagt betydeleg høgare enn 10.
23.02.2021
Uskedal Vassverk - nytt inntak 130 metter lenger inne i Eikeelva.
Uskedal Vassverk ynskjer ny inntaksløysing 130 metter lenger oppe i Eikeelva. Inntaket ligg i dag på kote 120. Nytt inntak vert på kote 127 og vil ha betre funksjon i høve til massetransport ved flaum. Ny løysing vil føra til eit vedlikehald som er langt mindre krevjande enn slik det er i dag. Uskedal Vassverk er eit privat vassverk, organisert som samvirkeføretak. Vssverket forsyner 500 abonnentar med vatn, til vanleg hushald, landbruk, turistverksemder og anna næring.
22.02.2021
Stor interesse og godt frammøte til Arkiv- og kulturhistorisk gruppe.
Det var eit godt frammøte til den fyrste samlinga i det som no ser ut til å bli ei Arkiv- og kulturhistorisk gruppe i Uskedalen. I tillegg har fleire meldt frå om at dei vil vera med i gruppa, men hadde ikkje høve til å møta fram til opninga. Nokre utflytte uskedelingar er også med i gruppa. Målet er å registrera og systematisera minnestoff med allmenn interesse frå Uskedalen. Arkiv fysisk og digitalt vil vera ein viktig del av arbeidet. Neste samling i gruppa vert torsdag 25. mars kl. 19.00 på Stemneplassen.
22.02.2021
Meir om barometerstand og kalibrering.
Det er ikkje ofte ei sak har engasjert så mykje som innlegget om barometerstand. Takk til alle som har sendt redaksjonen informasjon og utfyllande opplysningar. Erlend Moen har ei oppklaring omkring dette med barometerverdiar. Eit barometer må kalibrerast før det vert teke i bruk, om det skal visa korrekt lufttrykk. Les kva Erlend Moen skriv:
20.02.2021
Høg aktivitet i Uskedal helselag - sjølv i eit koronaår.
Uskedal Helselag hadde årsmøte i Gamleskulen måndag 15. februar. 2020 har på mange måtar vore eit unntaksår med Covid 19 og restriksjonar. Helselaget kan likevel syna til høg aktivitet med mange gode tiltak. Det manglar ikkje på arbeidsoppgåver, noko helselaget tek på alvor og løyser på sin måte. Eli Roseth Eik held fram som leiar.
19.02.2021
Nær på 80 sekker ferdigkløyvd ved på fem timar.
Nær på 80 sekker ferdigkløyvd ved på fem timar må vera rekord. Dugnadsgruppa står for denne prestasjonen på Stemneplassen i går og i dag. Då var ni menn i sving på torsdagen og fire menn på fredagen. Arbeidet var alt frå felling, kvisting, kapping, kløyving til ferdig ved i sekk. I tillegg kjem opplasting og transport. Med dette har Uskedal Friluftslag sikra seg ved til det store vedlotteriet i sommar.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS