Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Julegrantenninga - ein ubroten tradisjon frå 1963.

27.11.2020
Klikk på bilete for full storleik
To grantre, eit stort og eit lite, lyser opp i Uskedalen.
 
Musikklaget var der. Meir folk enn venta var der og ljoset frå 78 pærer vart tend nøyaktig kl. 17.00. Om ikkje Børsdalsnissen kom, fekk våga seg. Det var heller ikkje kafe og sal frå boder. Koronaen sette nemleg ein stoppar for ei fullstendig markering. Musikklaget talde 9 medlemer i kveld. Fire av dei var med på den fyrste julegrantenninga for 57 år sidan.
 

Uskedal Musikklag framførte julemelodiar frå hefte Koralar for korps,- Nå tennes tusen julelys, O, little Town of Betlehem, Away in a Manger og Det kimer nå til julefest. Jakob Sande sin julesong Det lyse i stille grender med tone av Lars Sørås høyrer alltid med til julegrantenninga.

 

Det er Uskedal Musikklag som i alle år har hatt ansvaret for montering av lys, tenning, musikkinnslag og tilsyn i heile jule- og nyttårshelga. Tre menn, Lars Myklebust, Knut Steinsletten og Ståle Eik, klargjer alle lysa og står for montering. Den eldste av dei, Ståle Eik, 76 år går i toppen. Det same gjer Knut Steinsletten, mens Lars Myklebust styrer lekkjene og ser til at alt tek seg fint ut frå bakken.

 
Fire av dagens medlemer i Musikklaget var med på den fyrste julegrantenninga i 1963. F.v: Bjørgulv Eik, Audun Eik, Lars Myklebust og Knut Steinsletten.

I 1963 vart det brukt 30 ljospærer. I dag er taket ledpærer heile 78. Då er ljoset i toppen medrekna. Det er tilsaman 7 lekkjer med 11 pærer i kvar.

 

Julegrana hadde i 2012 ei høgde på 22,15 meter. For ti år sidan var høgda 21,54 meter, ein auke på 61 cm. på ti år. Det har vore liten vokster dei siste 8 åra. Dessutan er toppen knekt.

 

Dei fyrste åra var julegrantenninga på skitnesundag, ofte med etterfylgjande julekonsert i kyrkja. Dei siste åra har tenninga vore fredag før fyrste sundag i advent.

 

Egil Myhre frå Uskedal Utvikling har i år som i fjor montert ljos på den litla grano på plenen, i plakatskuret og på eine kortveggen på Gamleskulen. Alt er med og skaper julestemning i ei myrk årstid.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Hanne Saghaug Kroka/ Kristian Bringedal/ Øystein Enæs

 
Klikk på bilete for full storleik
Julegrana og sentrum fotografert frå Eik.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.01.2021
Årsmøte i Kvinnherad Mållag på Stemneplassen, onsdag 10. februar kl. 19.00.
Kvinnherad Mållag vil bruka møterommet på Stemneplassen til sine møte. Etter styremøte i kveld vert det kunngjort at Årsmøte 2021 vert onsdag 10. februar kl. 19.00. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert Målblomn 2021 tildelt ei verksemd som syner positiv vilje og evne til å bruka nynorsk i profilering, marknadsføring og i alt skriftleg tilfang.

Styret
24.01.2021
Småbarnstreffet vert ute ved Fjellandsbøvatn.
Småbarnstreffet startar sine samlingar onsdag 27. januar kl. 10.00 i Lavvoen ved Fjellandsbøvatn. Parkering i Friheim. Det vert leikar og andre aktivitetar, andakt og varm drikke. Ta med niste og noko å sitja på. Takk til Ingvild og Jone som let oss få bruka plassen og lavvoen. Tilbodet med småbarnstreff er for born i alderen 0 - 6 år med foreldre. Meld frå dagen før om du kjem på lukka Facebookside eller ved å kontakta Nelly Kjærland på mobil: 950 82 320.

Leiarane
23.01.2021
Singing Tweens startar måndag 25. januar kl. 17 på Bedehuset.
Singing Tweens i regi av Uskedal Sundagsskule tek til med sine samlingar måndag 25. januar kl. 17.00 på Bedehuset. Tilbodet er for dei som går i 1. klasse og oppover. Det vert song, andakt, leikar/hobby og drama. Drama er ny aktivitet. Musikkterapeut vert med på fyrste øving.

kb
21.01.2021
Årsmøte i Uskedal Friluftslag måndag 8. februar kl. 19.00.
Det vert med dette gjort kjend at årsmøte i Uskedal Friluftslag er måndag 8. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vert det informert om oppussinga så langt og tiltak for å auka bruken i tida framover. Kvart av dei 10 medlemslaga har høve til å møta med to representantar på årsmøte.

Styret
21.01.2021
Legg sjøkabel til Skorpo i dag.
Det vert lagt høgspentkabel i sjø frå Børnes til Skorpo i dag, torsdag 21. januar. Det vert gjort for å sikra straum fram til hus, hytter og oppdrettsanlegg, dersom kabelen over Snilstveitøy fell ut. Det er kabelskip frå Seløy Undervasservice som gjer jobben.

kb
19.01.2021
Opnar opp for barne- og ungdomsaktivitetar.
Etter den siste pressemeldinga frå Regjeringa vert det opna opp for fritidsaktivitetar for born og ungdom i alderen opp til 20 år. Dette gjeld aktivitetar både inne og ute. Meld frå til uskedalen.no om oppstart av treningar, musikk- og songøvingar for born og ungdom. Det er framleis ikkje tillate med kampar, stemne og cup.

Red.
14.01.2021
Ord for helga - innspelt frå Uskedal kyrkje.
Ord for helga er denne gongen frå Uskedal kyrkje. Andaktsstunda er ved sokneprest Carsten Mrusek. På orgel: Eva Megyesi. Foto og redigering er ved Jan Ove Fagerheim. Du finn innspelinga på Youtube og på nettsida Kyrkja i Kvinnherad.

Ord for helga

kb
14.01.2021
Minus 14 grader i Friheim i dag tidleg.
Det er målt minus 14 grader i Friheim i dag tidleg, torsdag 14. januar. Det er den kaldaste dagen så langt i vinter. Meld frå om temperaturen der du bur.

kb
13.01.2021
Bente Nilsen - ny dagleg leiar i Rosendal Utvikling.
Bente Nilsen er tilsett som ny dagleg leiar i Rosendal Utvikling. Ho tek til i stillinga 1. februar. Bente Nilsen var dagleg leiar og medeigar i Nilsen Handel AS ( SPAR Uskedalen ) i perioden 1991 - 2020. Bente har hatt ei rekkje tillitsverv innan daglegvarebransjen, lokalt og på nasjonal plan. Det er styreleiar i Rosendal Utvikling, Asbjørn Soltveit, som melder dette i dag.

kb
12.01.2021
Helikopter vert brukt til rydding etter linjearbeid.
Det er helikoptertrafikk oppe i dalen i dag. Det er rydding etter linjearbeid i regi av Haugaland Kraft. Brukt utstyr vert samla ved Vonheim for lasting og bortkøyring alt i dag, tysdag 12. januar.

kb
Siste Nyhende
25.01.2021
Trommis Bjørn Moe går nye vegar med musikken sin.
Bjørn Moe går nye vegar med musikken sin og prøver seg no som låtskrivar med  eigne tekstar. Ein demo er klar og han ynskjer å gå i studio med dyktige musikarar for å gjera opptak. Prosjektet har ein kostnad på over kr. 100 000,- og han treng støtte og sponsorar for å koma i mål. Uskedalen.no vil vita meir og har vore på Trommeloftet i nedre Halsabrotet.
24.01.2021
Grasrotandelen - over kr. 200.000,- til 9 lag i Uskedalen
Grasrotandelen er ein del av overskotet frå Norsk Tipping som går tilbake til lag/ organisasjonar og lokale tiltak i lokalsamfunnet. Uskedal Idrettslag toppar lista i Uskedalen over dei som vert tildelt midlar i 2020. Løyvinga er på heile kr. 102.088,-. Neste på lista er Skulemusikken med kr. 38.659,-. Totalt vert det overført rundt rekna kr. 200.000,- til ni uskedalslag. Det er ein auke frå året før.
23.01.2021
Varsel om at Mannsvatnet er regulert.
Dette er eit varsel frå Sunnhordland Karaftlag ( SKL ) til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt i område rundt Mannsvatnet. SKL gjer merksam på at  skifte i veret gjer at snømengda og situasjonen er i endring veke for veke.
22.01.2021
Sjøkabel frå Børnes til Nautaneset på Skorpo
Kabelskipet NAUTILUS MAXI frå Seløy Undervasservice har vore på fjorden i går og i dag og lagt ny høgspentkabel til Skorpo. Sjøkabelen går frå Børnes til Nautaneset og vidare i luftspenn fram til brukarane. Kjell Enes i BKK nett er prosjektleiar og fortel at arbeidet vert gjort for å sikra Skorpo med alle sine abonnentar sikker straum. Det gjeld både til hus, hytter og til dei som driv næring, som til dømes oppdrettsanlegget på nordsida.
21.01.2021
Flyttar buskapen inn i den største og mest moderne fjøsen som nokon gong er bygd i Uskedalen.
Med ei golvflate på knappe 1000 rutemeter og med innredning og bingar til 120 dyr må den nye fjøsen på Haugland vera den største og mest modrne som nokon gong er bygd i Uskedalen. Brørne Stian og Tor Ove Haugland gjer klar for innflytting og har alt fått meir enn halve buskapen på plass. No er det tilvenjing og innkøyring både for dyr og menneske med det aller nyaste som finst av utstyr i ein moderne fjøs, anten det er mjøkerobot, gjødselrobot eller formixar med digital og automatisk styring. Det er plass til 43 mjølkekyr i den nye fjøsen. I tillegg kjem 30 kalvar og 22 kviger/ stutar.
20.01.2021
Aktivitetstilbod til seniorar og eldre i ei tid med Covid 19.
Kvinnherad frivilligsentral set i gong aktivitetstiltak for å motverka einsemd hjå eldre. Målet er å raskt leggja til rette for auka aktivitet i målgruppa under den pågåande koronasituasjonen. Målgruppa er seniorar og eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Vi ynskjer på ein enkel og ubyråkratisk måte å leggja til rette for at eldre kan få hjelp og støtte til gjennomføra sjølvvalde aktivitetar, som dei grunna koronasituasjonen, ikkje gjer på eiga hand. Til dette treng vi eit godt samarbeid med frivillig sektor.
20.01.2021
Open råk på Mannsvatnet i stabil kuldeperiode.
Av dei som går mykje på Hauglandsfjellet og i område rundt Mannsvatn er det registrert open råk. Det er uvanleg i ein periode med stabil kulde og der isen elles på det jevne er mellom 20 og 30 cm. tjukk. Den opne råka har skapt undring og det vert spurt om ei forklaring.
19.01.2021
Treng Kvinnherad eit felles kyrkjelydsblad ?
Tidlegare var det 3 kyrkjelydsblad i Kvinnherad: Over Fjorden, Kva hender i Fjelberg og Eid sokn og Kyrkjelydsbladet. Dei siste åra har det berre vore Kyrkjelydsbladet som har kome ut. Bladet vart starta som eit blad for Husnes og Holmedal sokn, seinare har også Fjelberg og Eid sokn og Uskedal sokn komne til. Det har kome fram ynskje om eit felles kyrkjelydsblad for alle soknene. Det vart også drøfta etter Bispevisitasen i 2018.
18.01.2021
Lekter med borerigg gjer jobben med utdjuping av Børneskaien.
Ein lekter frå Johannes Røgelstad Maskin AS er på plass på Børnes for boring og sprenging av ei grunne som ligg på den kommunalen delen av tømmerkaien. Førebuing og klargjering tok til fredag i veka som var. Lekterfirma frå Skånevik vert mykje brukt ved bygging av kaiar, moloar og fundament i sjø i heile regionen. Lekteren fungerer også som ein ambulerande og flyttbar tømmerkai, om det trengst.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS