Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Temakveld i kyrkja - Frå tysk katolisisme til norsk lutherdom.

03.11.2020
Klikk på bilete for full storleik
Temakveld i Uskedal kyrkje komande tysdag kl. 19.00 med sokneprest Carsten Mrusek.
 
Temakvelden i vår vart avlyst grunna koronasituasjonen. No er vi klar for ny temakveld så sant ikkje nye restriksjonar set ein stoppar for det. Temakvelden har tittelen: Frå tysk katolisisme til norsk lutherdom ved Carsten Mrusek, sokneprest i soknene Uskedalen, Ænes og Åkra. Til opning vert det musikalsk innslag ved Uskedal Musikklag. Temakvelden er komande tysdag, 10. november, kl. 19.00. 
 
Carstem Mrusek fortel til Uskedalen.no at det ikkje vert eit klassisk føredrag, men meir ei forteljing frå oppveksten i ein folkekyrkjeleg katolsk familie i Nordvest Tyskland. Han kjem inn på korleis han vurderte og fann ut av kallet til presteteneste, om livet i ein jesuitt liknande religiøs orden.
 
Carsten Mrusek valde eit motto for si presteteneste og åndelege liv, nemleg hans tvil og kamp med Gud med bakgrunn i 1. Mosebok, 32, 23 - 33. Nokre teologiske spørsmål står sentralt. Det gjeld særleg forståinga av nattverden og presteembete.
 
Til slutt vil Carsten snakka om sabbatsåret han hadde i Brasil og vegen ut av den romersk - katolske kyrkja til oppstarten i Noreg med presteteneste i Den norske Kyrkja.

Uskedal Musikklag vil mellom anna framføra kjende salmetonar som O, store Gud, Navnet Jesus blekner aldri og Blott en dag. Frå repetoaret til Frerlsesarmeen tek musikklaget fram La frelsesfanen vaie.

Alle er velkomne til temakveld. Det vert ført frammøteliste og kyrkjebenkene er merka med skilt for å halda meteravstanden.



Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat/ Arkivbilete
 
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal musikklag spelar religiøs musikk, mellom anna frå repetoaret til Frelsesarmeen.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
29.11.2020
Garderobehuset på Heio er på lista for tildeling av Spelemidlar.
Rehabilitering av garderobebygget på Heio er prioritert på 8. plass over ordinære anlegg for spelemidlar i 2021. Kostnaden er rekna til kr. 845.000,-. Søknad spelemidlar er sett til kr. 281.000,-. Det er til vanleg eit etterslep på desse tildelingane. Difor er det lite truleg at Heio når opp i denne omgang.

kb
27.11.2020
Næringsfondet - løyving til Elins Matgleder.
Næringsfondet i Kvinnherad løyver kr. 150.000,- til Elins Matgleder. Søknaden gjeld vidareutvikling av prosjekt. Den totale ramma frå det ekstraordinære næringsfondet var på 1,6 millionar kr. Kroka Eidedom AS vart i same møte løyvd kr. 35.000,- til reguleringsendring.

kb
26.11.2020
Koronakafe og trim for vaksne vert stengt på ubestemt tid.
Eit samla styre i Uskedal helselag har avgjort at kafe og trim vert stengt på ubestemt tid pga. smittesituasjonen.

Styret
26.11.2020
Mange kjøper skulemusikken sin adventskalendar digitalt både rundt om i landet og i verda elles.
Skulemusikken har hatt svært god respons etter oppslaget vårt om at adventskalendaren deira kan kjøpast digitalt.  Kjøparane som har sikra seg den kjekke og populære kalendaren kjem frå både inn- og utland.  Interesserte kan framleis melda frå til Monica Hermann(906 35 493) eller Haldis Aakra(970 43 869) innan 29.november.  Betaling kan så skje med vipps eller anna avtala måte.  Deretter tar dei bilde av kalendaren med nummer og sender til kjøpar samtidig som dei arkiverer orginalkalendaren.  Gevinstoverlevering vert seinare avtala med vinnarane. Kalendaren er viktigaste inntekskjelda til korpset og kostar 100 kroner.

tid


25.11.2020
Ordføraren bed om innspel til Skyss sine ruter.
Kommunen skal kvart år koma med uttale til eksisterande ruter og kva forbetringar ein kan gjera for evt. endringar. Det gjeld Skyss sine ruter for buss, ferjer og snøggbåtar. Ordføraren er takksam for innspel og gode framlegg. Send til post@kvinnherad.kommune.no

kb
24.11.2020
Reguleringsplan Uskedalen klatresenter i 2021 ?
Ved rullering av K. plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv ( handlingsprogram ) er reguleringsplan Uskedalen Klatresenter ført opp på investeringslista i 2021. Planen har vore handsama i Levekårsutvalet og skal vidare til Formannsskap og Kommunestyret. Aktivitetshuset del 2, klatretårn m.m. er med i langsiktig del, ikkje prioritert.

kb
23.11.2020
Lysa på Julegrana vert tende fredag kl. 17.00.
Medlemer i Uskedal Musikklag gjer klart for å montera julelysa på Grano. Arbeidet vert gjort torsdag i denne veka. Fredag kl. 17.00 vert lysa tende. Musikklaget spelar, men elles legg ein opp til ei redusert markering.

kb
23.11.2020
BKK på plass i dag og reparerer defekte vegljos.
BKK er i Uskedalen i dag, måndag 23. november, og reparerer defekte vegljos. Armaturet i sentrum ved busstoppet og Zjakk Frisør frå 1970 talet vart skifta ut med nytt. Ljosa på vegen ned til Beinavikjo er også reparerte.

kb
21.11.2020
Styrketrening og kafeen tek til att i neste veke.
Det er svært gledeleg at kommuneoverlegen tillet både trening måndag 23. og kafé tysdag 24. for bygdefolk. Det er sjølvsagt at alle må vera friske, halda avstand og bruka handspriten som er på plass i Gamleskulen.

Eli Roseth Eik
21.11.2020
Straumbrot i natt mellom kl. 24 og 01.
I natt kring midtnatt var det eit straumbrot i Uskedalen, for dei som bur på Steinsletto og inn til Sekundærstasjonen. Område gjekk frå Langot til Uskedalen. Uskedalen.no kjenner ikkje åraka til at straumen fall ut.

kb
Siste Nyhende
29.11.2020
Aksnes familien takkar. Framleis mulighet til å gi støtte.
Innsamlinga til transport og operasjon for nakkeskadde Eirik Aksnes har no passert 300.000.  Eirik og familien er svært takksame for støtta dei har fått både frå privatpersonar, aviser, firma og lag.  På grunn av koronasituasjonen er dessverre operasjonen utsett, og derfor er perioden for innsamlinga blitt utvida til månadskiftet januar/februar.
27.11.2020
Julegrantenninga - ein ubroten tradisjon frå 1963.
Musikklaget var der. Meir folk enn venta var der og ljoset frå 78 pærer vart tend nøyaktig kl. 17.00. Om ikkje Børsdalsnissen kom, fekk våga seg. Det var heller ikkje kafe og sal frå boder. Koronaen sette nemleg ein stoppar for ei fullstendig markering. Musikklaget talde 9 medlemer i kveld. Fire av dei var med på den fyrste julegrantenninga for 57 år sidan.
27.11.2020
4. klasse vil setje verdsrekord!
4.. klasse ved Uskedal skule er i gang med eit spennande prosjekt.  Dei satsar på å setja verdsrekord i fingerhekling.  Pågangsmot og motivasjon er på topp, og dei har alt hekla så mykje og brukt så mykje garn, at dei treng hjelp med meir garn.  Derfor har vi motteke meldinga nedanfor.
27.11.2020
Torkel Myklebust med slekt i Uskedalen skriv kvardagsord.
Torkel Myklebust med slekt frå Rabben i Uskedalen skriv boka Møte etter vegen, refleksjonar og kvardagsord etter møte offisielt og privat med personar i ulike situasjonar. Myklebust kjem frå Etne, men bur på Sand i Ryfylke. Han var ein profilert ordførar i Suldal og medlem i Fylkestinget i Rogaland. Mange minnest han frå NRK programmet Nytt på nytt.
26.11.2020
Lundheim - 100 år gamalt hus i sentrum klar for riving.
Det vert i denne veka klargjort for riving av huset der Anders Bringedal dreiv Lundheim Landhandleri med start i 1919. Huset er eit av fleire trehus frå tida før 1940 som har sett sitt preg på Uskedalen. Desse husa med forretningar i fyrste høgda ligg på begge sider av hovudvegen mellom Uskedal bru og nedkøyrsla til Myklebust kai. I same husrekkja ligg Lærarbustaden, bakar Hansen sitt hus, skomakar Bjelland sitt hus og Helgheim frå 1934. Vi må også ta med huset til Dagny og Olav Haugland.
25.11.2020
Plakat- og informasjonsvegg i Båthamna med levegg og overbygg.
Det er stending forbetringar i Uskedal Båtlag sin hamn. Det siste er levegg og tak over det som er plassen for plakatar og informasjon. Arbeidet er gjort på dugnad av Joachim Ekeland, snikkar i Lio Sag og Treforedling. Materialkostnader er dekka av Båtlaget. 
24.11.2020
Adventskalendar med fantastiske gevinstar kan også kjøpast digitalt!
Aldri har den populære adventskalendaren til skulemusikken hatt ei flottare gevinstliste!  Likevel har koronaen gitt nokre utfordringar når det gjeld salet.  Det er ikkje alle som er klar over at dei kan kjøpa kalendaren og få den tilsendt digitalt.  Dermed kan spenningen i førjulstida sikrast om ein bur på Fjelberg, i Oslo eller USA.  På same tid støttar ein opp om den viktigaste inntektskjelda til skulemusikken i ei utfordrande tid.
24.11.2020
Elins Matgleder startar nettbutikk - dei fyrste pakkane gjekk ut i går.
Elins Matgleder startar nettbutikk. Nettbutikken var operativ laurdag før helga. Alt i går, måndag 23. november, vart dei fire fyrste ordrane pakka og sende til kunden pr. post. Konseptet vert utvikla litt etter kvart. Til no kan Elin mellom anna tilby lokale produkt som saft, syltetøy, delikatesse til ost, kjeks og konfekt. Gåveartiklar frå silobutikkane kan også koma på salslista.
23.11.2020
Julelysa er på plass i god tid før adventstida tek til.
Mange har funne fram og monert julelysa, ei til to veke før det som er vanleg. Julelys og dekorasjon skaper stemning og er mentalt viktig i ei elles myrk tid. Til og med Bent Høie, helseministeren, oppmoda alle om å få julelysa på plass. Det kan letta kvardagen for mange i ei koronatid. Den nye trenden i år er hjarte, særleg etter at ein entreprenør monterte hjarteforma utelys på Sunnfjord hotell i Førde.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Røyr og Multiservice
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS