Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Mykje stoff frå Uskedalen i Kristian Hus si nye bok

28.10.2020
Klikk på bilete for full storleik
Torfinn Myklebust (t.h.) var den fyrste redaktøren i Kvinnheringen. Her saman med typograf Odd Persson, Kristian Hus og Solveig Karin Hus.
 
Uskedalen er godt omtala i fleire saker i boka Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år. Forfattaren er frå Rosendal og har skrive ein god del om oppveksten sin i Skålafjæro, der dei budde i eit gammalt hus like ved verven til Skaaluren. Hus byr mykje på seg sjølv i boka, noko som er eit stort pluss i slike prosjekt. Det er vår eiga samtid det handlar om og mange i Uskedalen kjenner seg att i det som er skrive.
 

Kristian Hus vart fødd på Vangslemen og budde der til familien fekk nytt hus på Nes elleve år seinare. Etter at han var ferdig med folke- og framhaldsskulen, var han hjelpearbeidar i Grenda i eitt års tid, før han reiste til Haugesund og byrja i typograflære.

 

Etter militærteneste bar det tilbake til  Rosendal, før han i 1965 etablerte Aksidenstrykkeriet på Husnes i lag med søskenbarnet sitt, Kåre Nedrevåg. Åtte år seinare, 3. januar 1973, kom Kvinnheringen ut med sitt første nummer, med Torfinn Myklebust frå Uskedalen som redaktør. Hus var utgjevar.

 
I boka finn du 2 sider frå ein av dei årlege bøkkerkveldane på Rød i perioden 1996 - 2016.
 

Saman med tidlegare ungdoms- og idrettsleiar Jan A. Meyer vart det på hausten året før diskutert om det skulle startast lokalblad på Husnes, som eit supplement til Grenda. Dei tre karane hadde stor tru på eit slikt tiltak, og etter berre eit par drøftingsmøte, vart det bestemt å starta opp. Venteleg hadde Torfinn òg fått oppmuntrande ord heimefrå, frå far sin, Thor Myklebust. Han hadde drive lokalbladet Folgefonn fram til tyskarane stoppa det i 1941.

 
Boka Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år kan kjøpast på bokhandelen på Husnes og i Rosendal.
 

Seinare var han journalist i Bergens Tidende i over tretti år. Torfinn si interesse for aviser og media prega han livet ut. Dei hadde lange dagar, og arbeidde også om natta når det var nødvendig. Hus  gløymer ikkje ein tidleg tysdagsmorgon etter at avisa var trykt og Torfinn stod på toalettet i trykkerikjellaren og barberte seg. Han hadde arbeidd store delar av natta, og no skulle han på skulen.

 

Torfinn Myklebust er også nemnt i ei anna sak i boka, nemleg då striden om Folgefonntunnelen splitta Høgre. Oppslutnaden om partiet var i fritt fall i fleire år og skapte vondt blod mellom fløyane. I 1990 hadde partiet berre rundt 30 betalande medlemmer, medan talet i Lars Storaas si tid på det meste var over 800.

 

Før kommunevalet i 1991 hadde 20 medlemer meldt seg ut, blant andre fem av seks i den sitjande kommunestyregruppa. Seinare blei motstandarane vraka ved nominasjonen til kommunestyrevalet. Torfinn Myklebust og Bjarne Berge var blant desse. Begge to melde seg seinare inn att i partiet, Torfinn i 1998, Bjarne Berge i 2010.

 

Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland er to av bidragsytarane til den fine og interessante boka, som er laga av son til utgjevaren, grafisk designar Kristen Børje Hus. «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år» har òg med litt frå bøkkerkveldane på Rød i Uskedalen, og såleis er dette ei kjekk bok å lesa for alle med tilknyting til bygda vår.

 

Boka er å få kjøpt på bokhandelen i Rosendal, Husnes og på nett. Hus vil også prøva å få boka selt på SPAR-butikken i Uskedalen.

 

Les meir på www.skimtvis.no/skimt

 
 

Tekst/nett:Kristian Bringedal.

Foto: Kvinnheringen/ Kristian Hus

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
29.11.2020
Garderobehuset på Heio er på lista for tildeling av Spelemidlar.
Rehabilitering av garderobebygget på Heio er prioritert på 8. plass over ordinære anlegg for spelemidlar i 2021. Kostnaden er rekna til kr. 845.000,-. Søknad spelemidlar er sett til kr. 281.000,-. Det er til vanleg eit etterslep på desse tildelingane. Difor er det lite truleg at Heio når opp i denne omgang.

kb
27.11.2020
Næringsfondet - løyving til Elins Matgleder.
Næringsfondet i Kvinnherad løyver kr. 150.000,- til Elins Matgleder. Søknaden gjeld vidareutvikling av prosjekt. Den totale ramma frå det ekstraordinære næringsfondet var på 1,6 millionar kr. Kroka Eidedom AS vart i same møte løyvd kr. 35.000,- til reguleringsendring.

kb
26.11.2020
Koronakafe og trim for vaksne vert stengt på ubestemt tid.
Eit samla styre i Uskedal helselag har avgjort at kafe og trim vert stengt på ubestemt tid pga. smittesituasjonen.

Styret
26.11.2020
Mange kjøper skulemusikken sin adventskalendar digitalt både rundt om i landet og i verda elles.
Skulemusikken har hatt svært god respons etter oppslaget vårt om at adventskalendaren deira kan kjøpast digitalt.  Kjøparane som har sikra seg den kjekke og populære kalendaren kjem frå både inn- og utland.  Interesserte kan framleis melda frå til Monica Hermann(906 35 493) eller Haldis Aakra(970 43 869) innan 29.november.  Betaling kan så skje med vipps eller anna avtala måte.  Deretter tar dei bilde av kalendaren med nummer og sender til kjøpar samtidig som dei arkiverer orginalkalendaren.  Gevinstoverlevering vert seinare avtala med vinnarane. Kalendaren er viktigaste inntekskjelda til korpset og kostar 100 kroner.

tid


25.11.2020
Ordføraren bed om innspel til Skyss sine ruter.
Kommunen skal kvart år koma med uttale til eksisterande ruter og kva forbetringar ein kan gjera for evt. endringar. Det gjeld Skyss sine ruter for buss, ferjer og snøggbåtar. Ordføraren er takksam for innspel og gode framlegg. Send til post@kvinnherad.kommune.no

kb
24.11.2020
Reguleringsplan Uskedalen klatresenter i 2021 ?
Ved rullering av K. plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv ( handlingsprogram ) er reguleringsplan Uskedalen Klatresenter ført opp på investeringslista i 2021. Planen har vore handsama i Levekårsutvalet og skal vidare til Formannsskap og Kommunestyret. Aktivitetshuset del 2, klatretårn m.m. er med i langsiktig del, ikkje prioritert.

kb
23.11.2020
Lysa på Julegrana vert tende fredag kl. 17.00.
Medlemer i Uskedal Musikklag gjer klart for å montera julelysa på Grano. Arbeidet vert gjort torsdag i denne veka. Fredag kl. 17.00 vert lysa tende. Musikklaget spelar, men elles legg ein opp til ei redusert markering.

kb
23.11.2020
BKK på plass i dag og reparerer defekte vegljos.
BKK er i Uskedalen i dag, måndag 23. november, og reparerer defekte vegljos. Armaturet i sentrum ved busstoppet og Zjakk Frisør frå 1970 talet vart skifta ut med nytt. Ljosa på vegen ned til Beinavikjo er også reparerte.

kb
21.11.2020
Styrketrening og kafeen tek til att i neste veke.
Det er svært gledeleg at kommuneoverlegen tillet både trening måndag 23. og kafé tysdag 24. for bygdefolk. Det er sjølvsagt at alle må vera friske, halda avstand og bruka handspriten som er på plass i Gamleskulen.

Eli Roseth Eik
21.11.2020
Straumbrot i natt mellom kl. 24 og 01.
I natt kring midtnatt var det eit straumbrot i Uskedalen, for dei som bur på Steinsletto og inn til Sekundærstasjonen. Område gjekk frå Langot til Uskedalen. Uskedalen.no kjenner ikkje åraka til at straumen fall ut.

kb
Siste Nyhende
29.11.2020
Aksnes familien takkar. Framleis mulighet til å gi støtte.
Innsamlinga til transport og operasjon for nakkeskadde Eirik Aksnes har no passert 300.000.  Eirik og familien er svært takksame for støtta dei har fått både frå privatpersonar, aviser, firma og lag.  På grunn av koronasituasjonen er dessverre operasjonen utsett, og derfor er perioden for innsamlinga blitt utvida til månadskiftet januar/februar.
27.11.2020
Julegrantenninga - ein ubroten tradisjon frå 1963.
Musikklaget var der. Meir folk enn venta var der og ljoset frå 78 pærer vart tend nøyaktig kl. 17.00. Om ikkje Børsdalsnissen kom, fekk våga seg. Det var heller ikkje kafe og sal frå boder. Koronaen sette nemleg ein stoppar for ei fullstendig markering. Musikklaget talde 9 medlemer i kveld. Fire av dei var med på den fyrste julegrantenninga for 57 år sidan.
27.11.2020
4. klasse vil setje verdsrekord!
4.. klasse ved Uskedal skule er i gang med eit spennande prosjekt.  Dei satsar på å setja verdsrekord i fingerhekling.  Pågangsmot og motivasjon er på topp, og dei har alt hekla så mykje og brukt så mykje garn, at dei treng hjelp med meir garn.  Derfor har vi motteke meldinga nedanfor.
27.11.2020
Torkel Myklebust med slekt i Uskedalen skriv kvardagsord.
Torkel Myklebust med slekt frå Rabben i Uskedalen skriv boka Møte etter vegen, refleksjonar og kvardagsord etter møte offisielt og privat med personar i ulike situasjonar. Myklebust kjem frå Etne, men bur på Sand i Ryfylke. Han var ein profilert ordførar i Suldal og medlem i Fylkestinget i Rogaland. Mange minnest han frå NRK programmet Nytt på nytt.
26.11.2020
Lundheim - 100 år gamalt hus i sentrum klar for riving.
Det vert i denne veka klargjort for riving av huset der Anders Bringedal dreiv Lundheim Landhandleri med start i 1919. Huset er eit av fleire trehus frå tida før 1940 som har sett sitt preg på Uskedalen. Desse husa med forretningar i fyrste høgda ligg på begge sider av hovudvegen mellom Uskedal bru og nedkøyrsla til Myklebust kai. I same husrekkja ligg Lærarbustaden, bakar Hansen sitt hus, skomakar Bjelland sitt hus og Helgheim frå 1934. Vi må også ta med huset til Dagny og Olav Haugland.
25.11.2020
Plakat- og informasjonsvegg i Båthamna med levegg og overbygg.
Det er stending forbetringar i Uskedal Båtlag sin hamn. Det siste er levegg og tak over det som er plassen for plakatar og informasjon. Arbeidet er gjort på dugnad av Joachim Ekeland, snikkar i Lio Sag og Treforedling. Materialkostnader er dekka av Båtlaget. 
24.11.2020
Adventskalendar med fantastiske gevinstar kan også kjøpast digitalt!
Aldri har den populære adventskalendaren til skulemusikken hatt ei flottare gevinstliste!  Likevel har koronaen gitt nokre utfordringar når det gjeld salet.  Det er ikkje alle som er klar over at dei kan kjøpa kalendaren og få den tilsendt digitalt.  Dermed kan spenningen i førjulstida sikrast om ein bur på Fjelberg, i Oslo eller USA.  På same tid støttar ein opp om den viktigaste inntektskjelda til skulemusikken i ei utfordrande tid.
24.11.2020
Elins Matgleder startar nettbutikk - dei fyrste pakkane gjekk ut i går.
Elins Matgleder startar nettbutikk. Nettbutikken var operativ laurdag før helga. Alt i går, måndag 23. november, vart dei fire fyrste ordrane pakka og sende til kunden pr. post. Konseptet vert utvikla litt etter kvart. Til no kan Elin mellom anna tilby lokale produkt som saft, syltetøy, delikatesse til ost, kjeks og konfekt. Gåveartiklar frå silobutikkane kan også koma på salslista.
23.11.2020
Julelysa er på plass i god tid før adventstida tek til.
Mange har funne fram og monert julelysa, ei til to veke før det som er vanleg. Julelys og dekorasjon skaper stemning og er mentalt viktig i ei elles myrk tid. Til og med Bent Høie, helseministeren, oppmoda alle om å få julelysa på plass. Det kan letta kvardagen for mange i ei koronatid. Den nye trenden i år er hjarte, særleg etter at ein entreprenør monterte hjarteforma utelys på Sunnfjord hotell i Førde.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Røyr og Multiservice
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS