Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kristian Hus med bok om eige liv og lokale hendingar.

08.10.2020
Klikk på bilete for full storleik
Kristian Hus er ute med si femte bok.
 
Skribent og mediamann Kristian Hus har blitt godt vaksen og ser attende på alt han har vore med på, og vitne til, gjennom 80 år i Kvinnherad. Kommunen har vore gjennom store endringar sidan Hus blei fødd i 1940, og i den seinaste boka hans får lesarane nokre skimt av det som har skjedd. Kampane om vegar og tunnelar, raset i Mauranger for femti år sidan, ubåtjakta i sunnhordlandsbassenget i 1983 og flystyrt på Halsnøy i 1954 er blant sakene som Kristian skriv om i boka. Tunnelstriden som splitta Høgre har òg fått plass i boka, like eins den historiske flylandinga på eit lite jorde i Rosendal i 1946. Alt dette og mykje meir, har festa seg i minnet til 80-åringen.

 

 
I tillegg reflekterer han over si eiga historie frå barndomen i Skålafjæro, læretida i Haugesund, militærtenesta, jobben i Grenda og etablering av trykkeriverksemd og seinare avisa Kvinnheringen på Husnes. Han er òg innom tida som redaktør på Svalbard og nærradio i Sunnhordland før han utforskar andre medium og engasjerer seg i eldrepolitikken i kommunen.  
 
Boka på Skimtvis forlag handlar om livet og lokalmiljøet gjennom 80 år.

Slik bind Kristian saman sitt eige liv til omveltningane i Kvinnherad, og gjennom rikt illustrerte sider gjev han lesaren skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år. 

Hus er fødd i Rosendal og bur no på Husnes. Han har drive Kvinnheringen og seinare gjeve ut fleire bøker.  
 

Den tidlegare friidrettsmannen Kristian har runda dei åtti, men er han i mål? Neppe. Han har alltid vore undervegs. Stadig nye idear og nye mål å nå, skriv tidlegare redaktør og kollega, Sjur Tjelmeland i boka. 
 

Dette er den femte boka grafisk designar Kristen Børje Hus har laga i samarbeid med far sin, også denne gongen er det blitt ei fin og tiltalande bok.
 
Boka kan kjøpast på bokhandelen i Rosendal og på Husnes, dessutan frå Skimtvis forlag. kristian@skimtvis.no eller www.skimtvis.no
 
Uskedalen.no vil ved gjennomlesing skriva om kva hendingar og relasjonar det er til Uskedalen.
 
 
 

Tekst/foto: Pressemelding 

Nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.10.2020
Lisbeth Nilsen Stensletten - styreleiar i Husnes Næringspark AS.
Lisbeth Nilsen Stensletten ( 32 år ) frå Uskedalen er styreleiar i det nyskipa Husnes Næringspark AS. Selskapet har planar om eit næringsbygg til utleige for verksemder som vil etablera seg på Husnes. Med seg i styret er: Bjørne Stensletten, Evelyn Høyland Rein og Helge Roald Rein. Lisbeth har til vanleg arbeidet sitt i Husnes Sandblåsing og sprøytemaling AS.

kb
23.10.2020
Møteveke på Bedehuset 28. okt - 01. nov.
Uskedal Bedehusforsamling inviterer til møteveke på Bedehuset i neste veke. Møtedagane er: Onsdag - fredag: kl. 19.00. Laurdag: kl. 16.00 ( familiemøte ). Sundag: kl. 11.00. Talar er Roald Evensen frå Indremisjonsforbundet. Alle er velkomne.

Styret
21.10.2020
Planstrategi utan at Gang- og sykkelveg til Steinsletto er omtalt.
Rullering av Planstrategi er sak i kommunestyret i morgon, torsdag 22. oktober. Det er ei årleg sak om kommunen sine prioriteringar i høve til plan fram til 2024. Gang- og sykkelveg Uskedal bru - Steinsletto er ikkje omtalt i planen. Det vert til vanleg rekna eit på 2 - 3 år frå oppstart reguleringsplan til arbeid i felten. Det er med andre ord lang tid fram til ei løysing.

kb
19.10.2020
Mange tok influensavaksine alt fyrste dagen.
Mange frå Uskedalen nytta høve til vaksinering i Rosendal alt fyrste dagen. Måndagen var delt i to med frammøte i alfabetisk rekkjefylgje ut frå etternamn. Tysdag 20. oktober er det ope for alle uansett etternamn. Vaksineringa var godt organisert og kjapt gjennomført. I neste  veke er det vaksinering på Husnes.

kb
18.10.2020
Til dei som ønskjer å ta idrettsmerke.
Hei!  Dersom nokon ønskjer å ta idrettsmerke i år, så er det framleis høve for det.  Ver snill å ta kontakt med Kjersti, tlf. 415 67 095 så ordnar vi det.

mvh Kjersti Bråtun.
18.10.2020
Melding til OLIVITA-brukarar.
Mange kjøper Olivita på Rabben, og i ein periode framover kan dei kontakta Åse M. Neset(413 67 330) eller Thor Inge Døssland(932 88 237) når dei treng meir olje eller kapslar.

tid.
17.10.2020
På landsmøte i Noregs Mållag - digitalt.
Gaute Lund og Kristian Bringedal er Kvinnherad Mållag sine utsendingar på landsmøte i Noregs mållag, ikkje på Sola slik det var planlagd, men digitalt. Det tyder at begge sit i sine stover og er kopla opp til landsmøte. Begge kan melda seg til innlegg og replikk. All røysting går digitalt. Øystein Skjæveland frå Herøysundet er utsending frå Hordaland Mållag.

kb
17.10.2020
Feil telefonnummer i sak om adventskalendar.
For nokre dagar sidan hadde vi ei sak om at skulemusikken håpar at nokon kan bidra med gevinstar til den populære adventskalendaren deira.(Les HER). Dessverre var det feil telefonnummer på Monica Hermann.  Rett nummer er: 906 35 493.
tid
17.10.2020
Koronakafe kvar tysdag frå kl. 11.00.
Det vert Koronakafe kvar tysdag framover i Gamleskulen mellom kl. 11.00 og kl. 14.00. Tiltaket har etter søknad motteke støtte frå DAM stiftinga. Nasjonalforeningen for folkehelsen har merka seg kva Uskedal helselag har fått til, både med den gode søknaden og den praktiske gjennomføringa.

kb
16.10.2020
Uteskulen takkar Hjønnevåg for fiskeburgarar.
1. - 3. klasse hadde uteskule på Halsatoppen på torsdag. Elevane takkar Marit og Hjønnevåg for knallgode fiskeburgarar. Køen har neppe vore så lang for å få mat på Halsatoppen før. Det var svært populært. Takk til Marit som spanderte dette på uteskulen.

Hilde
Siste Nyhende
24.10.2020
Stian og Helene i Senkveld var med på linjearbeid på Skorpo.
Laurdag 29. august var BKK i arbeid med linje og stolpearbeid på Skorpo. Nokre undra seg på kvifor dette arbeidet vart gjort på ein laurdag. Det var endå til eit smell frå sprenging. Uskedalen.no var informert om at det var opptak for Senkveld på TV2 der programleiarane Stian Plipp og Helene Olafsen fekk vera med på kabelstrekk og montering av master. Hendinga skulle ikkje ut før det nærma seg sending, som var i går kveld.
23.10.2020
Hundeband med sele funne i skogsvegen på Haugland.
Det som truleg er eit hundeband med sele, er funne i skogsvegen på Haugland. Plassen var ved velte- og snuplassen for tømmer, nokre hundre meter frå svingen med skilt Mannsvatnet mot Muslandslio. Hundebandet er hengt opp på skiltet og kan hentast der.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
22.10.2020
Framlegg om større fridom til bruk av strandsona til næring, naust og fritidshus.
Lokal strandsoneforvaltning har vore tema i mange år. Dagens planretningsliner for bygging i 100 metersbeltet går tilbake til 2011. No legg Regjeringa opp til ei meir differensiert forvaltning med større handlefridom, særleg i kommunar som ikkje vert definerte som pressområde. Bygg- og plansak i strandsona i Uskedalen er og ha vore tema mange gonger, mellom anna på Rød, Kleivadalen, Beinavikjo, Stølavikjo, Eikelandet og på Holmen.
22.10.2020
Innhaldsrikt hus med panoramautsikt vert vurdert seld i Halsabrotet.
Eit stort og innhaldsrikt hus med panoramautsikt vert vurdert seld i Uskedalen. Tomta, som ligg i byggefeltet Halsabrotet, er på heile 1113 rutemeter. Det er panoramautsikt mot Storsund, Skorpo og Hardangerfjorden. I vest ligg dei ruvande fjella Ulvanoso, Englafjell og Manen. Det er kort veg til sentrale sentrumsfunksjonar, badestrand og merka turvegar og stiar til utmark og fjell.
21.10.2020
Småbarnstreff i Lavvoen på Fjellandsbø onsdag 28. oktober.
No er det lenge sidan vi har møttest på Småbarnstreff. Vi har snakka på nytt med
kommuneoverlegen. Han tilrår framleis at vi ikkje har samlingar inne på Bedehuset
med så mange barn og vaksne, der vi blandar barn frå ulike aldersgrupper og ulike
bygder. Men vi kan vera ute. Kommuneoverlegen har gitt klarsignal til det.
19.10.2020
Jubileumsboka Heia TRIO med kulturhistorisk stoff frå Uskedalen.
Jubileumsboka Heia TRIO er lansert, med over 250 sider historisk stoff med bilete og statstikk. Bakgrunnen er at på nyåret 2021 er det 75 år sidan idrettslaget TRIO vart skipa, ei samanslåing av to fotballag og eit idrettslag i område Husnes, Sunde og Valen. Skriftnemnda med Ivar Vaage som redaktør har samla laget si soge mellom to permar i ei praktbok. Samarbeidet med Uskedalen og Rosendal kjem også fram, mellom anna om Ivar B. Arnesen som trenar for A laget på 1980 og 90 talet.
19.10.2020
Humlepungen Bryggjarlag held oppe tradisjonen med julebrygget.
Tidleg laurdag morgon rauk det frå pipa på Dønhaug. Humlepungen Bryggjarlag var klar  for brygging av juleølet. Starten var faktisk for 22 år sidan, i eldhuset på bruk nr. 9 på Myklebust. Ole Jakob Albrethson frå Omvikdalen var med som instruktør. Seinare har bryggjarlaget vore aktive med fleire bryggingar kvart år. Bryggjarlaget i Uskedalen held seg til folketradisjonen med bryggjing som ein del av førebuinga til jul.
18.10.2020
Klepp på Hauglandsfjellet - eit nytt turmål i Uskedalen.
Klepp med sine to store steinar er alt eit nytt turmål i Uskedalen. Dugnadsgruppa er snart klar med den andre gapahuken og alt no finn mange turen både til Flåtene i Eikedalen og til Klepp på Hauglandsfjellet. Dersom det vert brukande arbeidsver på torsdag i denne veka, er prosjektet på det næraste fullført. Uskedalen.no kjem tilbake med innlegg og bilete av dugnadsgruppa og frå arbeidsprosessen. No handlar det mest om stien fram til Klepp.
17.10.2020
Markerte støtte til Aksnes-innsamlinga.
Veteranbandet i UML markerte i dag si støtte til innsamlinga som skal sikra at nakkeskadde og ME-sjuke Eirik Aksnes skal få ein nødvendig og viktig operasjon i Tyskland.  Dette gjorde dei ved å halda konsert ved inngangen til Spar Uskedalen. I tillegg delte dei ut kort med informasjon om korleis ein kan støtta innsamlingsaksjonen.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS