Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Audun Eik attvald som leiar i Kvinnherad Sogelag.

20.09.2020
Klikk på bilete for full storleik
Audun Eik held fram som leiar i Kvinnherad Sogelag.
 
Audun Eik frå Uskedalen vart på årsmøte i Kvinnherad Sogelag attvald som leiar. Med seg i styret har han: Lars Jostein Røyrvik, Rita Martens Meyer, Borgny Særstein, Egil Steinar Tofte, Frøydis Fjellhaugen og  Margun Malmanger. Ny varamedlem: Astrid Haugse. Frå årsmeldinga 2019 tek vi med:
 

Årsmøtet 2019 vart halde i Gamleskulen i Uskedalen den 27. april 2019. Det var ca. 50 personar til stades og stort sett heile kommunen var representert. Møtet vart avvikla i samsvar med vedtektene. Årsmelding og rekneskap var sendt medlemene på førehand og det var ingen merknad.


Årspengane er uendra kr. 300,- for ektefellar / sambuar, kr. 200,- for einskildmedlemer.


Harald og Marit Hjønnevåg fortalde om bedrifta Brødrene Hjønnevåg. Før det var det bygdevandring til Haugland og innlagde besøk i Vonheim og Haugland skulemuseum.


Det vart illustrert ein skuledag i gamle dagar, lærar var Kristian Bringedal, det vart og illustrert eit ungdomslagsmøte i forsamlingshuset på Haugland, her var Bjørgulv Eik møteleiar. Det vart og fortalt historia til dette huset som først var oppsett for jordbruksskulen i Sandvika, vart så skulehus i Uskedalen, så ungdomshus i Uskedalen før det vart flytta til Haugland.


Laget har ei undergruppe «KRIGS HISTORISK GRUPPE» som også i år har arbeid
godt. Gruppa består av Lars Jostein og Trond Ramsøy. Gruppa legg fram eiga melding.


Kari Haugsbakk har hjelpt til med heimesida vår, men sida har diverre lege nede det meste av året. www.kvinnheradsogelag.no


Aktivitetar: Laget har hatt 3. styremøte og handsama 24 saker. Det viktigaste arbeidet også i år har vore «Kvinnhersminne» bok nr. XIX. Styret er skriftnemnd. Tema var I leik og alvor med tilsaman 18 artiklar. Hefte sel godt.

 

Ei gruppe i Sogelaget jobbar med stadnamn, retting og digitalisering av stadnamn i heile kommunen. Sogelaget er løyvd kr. 30.000,- frå Landslaget for filmprosjekt, eit tiltak Merethe Offerdal Tveit står for i samarbeid med skulane.

 
Bilete er frå årsmøte 2019 med samling i Vonheim der Bjørgulv Eik leia eit ungdomslagsmøte slik det var i den frilynde ungdomsrørsla på 1960 talet. Lars Jostein Rørvik er skrivar.

Økonomien i laget er god. Pr. 31.12.2019 hadde Sogelaget kr. 198.058,- på konto. Det er nokre tusen kroner lågare enn året før.

Uskedalen.no kjem tilbake med bilete av det nye styret.

 
 
 

Tekst//nett: Kristian Bringedal

Foto: Arkivfoto

 
Klikk på bilete for full storleik
Lars Jostein Rørvik er skriftstyrar for sogeskrifte Kvinnhersminne.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.10.2020
Mange tok influensavaksine alt fyrste dagen.
Mange frå Uskedalen nytta høve til vaksinering i Rosendal alt fyrste dagen. Måndagen var delt i to med frammøte i alfabetisk rekkjefylgje ut frå etternamn. Tysdag 20. oktober er det ope for alle uansett etternamn. Vaksineringa var godt organisert og kjapt gjennomført. I neste  veke er det vaksinering på Husnes.

kb
18.10.2020
Til dei som ønskjer å ta idrettsmerke.
Hei!  Dersom nokon ønskjer å ta idrettsmerke i år, så er det framleis høve for det.  Ver snill å ta kontakt med Kjersti, tlf. 415 67 095 så ordnar vi det.

mvh Kjersti Bråtun.
18.10.2020
Melding til OLIVITA-brukarar.
Mange kjøper Olivita på Rabben, og i ein periode framover kan dei kontakta Åse M. Neset(413 67 330) eller Thor Inge Døssland(932 88 237) når dei treng meir olje eller kapslar.

tid.
17.10.2020
På landsmøte i Noregs Mållag - digitalt.
Gaute Lund og Kristian Bringedal er Kvinnherad Mållag sine utsendingar på landsmøte i Noregs mållag, ikkje på Sola slik det var planlagd, men digitalt. Det tyder at begge sit i sine stover og er kopla opp til landsmøte. Begge kan melda seg til innlegg og replikk. All røysting går digitalt. Øystein Skjæveland frå Herøysundet er utsending frå Hordaland Mållag.

kb
17.10.2020
Feil telefonnummer i sak om adventskalendar.
For nokre dagar sidan hadde vi ei sak om at skulemusikken håpar at nokon kan bidra med gevinstar til den populære adventskalendaren deira.(Les HER). Dessverre var det feil telefonnummer på Monica Hermann.  Rett nummer er: 906 35 493.
tid
17.10.2020
Koronakafe kvar tysdag frå kl. 11.00.
Det vert Koronakafe kvar tysdag framover i Gamleskulen mellom kl. 11.00 og kl. 14.00. Tiltaket har etter søknad motteke støtte frå DAM stiftinga. Nasjonalforeningen for folkehelsen har merka seg kva Uskedal helselag har fått til, både med den gode søknaden og den praktiske gjennomføringa.

kb
16.10.2020
Uteskulen takkar Hjønnevåg for fiskeburgarar.
1. - 3. klasse hadde uteskule på Halsatoppen på torsdag. Elevane takkar Marit og Hjønnevåg for knallgode fiskeburgarar. Køen har neppe vore så lang for å få mat på Halsatoppen før. Det var svært populært. Takk til Marit som spanderte dette på uteskulen.

Hilde
16.10.2020
Siderproduksjon og hummarfiske på Fjelberg.
For tida er det sesong for siderprodusjon og hummarfiske.  På Fjelbergøy betyr dette både sosialt fellesskap og konkurranse blant hyttefolk og fastbuande.  Uskedalsparet Frode og Lise Karin D. Sæbø er sentrale i dette.  Nyleg vart det publisert ein video frå årets siderproduksjon på skimtvis.net.  Den kan de sjå ved å klikka HER.  Underteikna er spent på om årets drykk kan måla seg med fjorårets Tuba-sider.  Blir det noko særleg hummarfangst, har vi håp om at det dukkar opp ein video frå det seinare i sesongen.

tid.
16.10.2020
Plassering av Dagsturhytta skal vurderast på nytt.
Formannsskapet vil ha ei ny vurdering i saka om plassering av Dagsturhytta. Etter eit administrativt vedtak er plasseringa Nautavatnet. No er plasseringa sett på vent inntil dett føreligg ny utgreiing og nytt framlegg. Uskedalen ligg inne med fleire aktuelle plassar.

kb
16.10.2020
Bil parkert på vegen utan varseltrekant.
Ein førarlaus polsk registrert personbil har truleg fått stopp i dag tidleg og står på Fylkesvegen på Brekketoppen med front på inn. Det er ikkje sett opp varseltrekant. Ver merksam på bilen ved forbikøyring. Det er meldt frå til vegmyndighetnene om bilen. Siste: Politiet kom på plassen. Bilen vart fjerna kring kl. 11.00

kb
Siste Nyhende
19.10.2020
Jubileumsboka Heia TRIO med kulturhistorisk stoff frå Uskedalen.
Jubileumsboka Heia TRIO er lansert, med over 250 sider historisk stoff med bilete og statstikk. Bakgrunnen er at på nyåret 2021 er det 75 år sidan idrettslaget TRIO vart skipa, ei samanslåing av to fotballag og eit idrettslag i område Husnes, Sunde og Valen. Skriftnemnda med Ivar Vaage som redaktør har samla laget si soge mellom to permar i ei praktbok. Samarbeidet med Uskedalen og Rosendal kjem også fram, mellom anna om Ivar B. Arnesen som trenar for A laget på 1980 og 90 talet.
19.10.2020
Humlepungen Bryggjarlag held oppe tradisjonen med julebrygget.
Tidleg laurdag morgon rauk det frå pipa på Dønhaug. Humlepungen Bryggjarlag var klar  for brygging av juleølet. Starten var faktisk for 22 år sidan, i eldhuset på bruk nr. 9 på Myklebust. Ole Jakob Albrethson frå Omvikdalen var med som instruktør. Seinare har bryggjarlaget vore aktive med fleire bryggingar kvart år. Bryggjarlaget i Uskedalen held seg til folketradisjonen med bryggjing som ein del av førebuinga til jul.
18.10.2020
Klepp på Hauglandsfjellet - eit nytt turmål i Uskedalen.
Klepp med sine to store steinar er alt eit nytt turmål i Uskedalen. Dugnadsgruppa er snart klar med den andre gapahuken og alt no finn mange turen både til Flåtene i Eikedalen og til Klepp på Hauglandsfjellet. Dersom det vert brukande arbeidsver på torsdag i denne veka, er prosjektet på det næraste fullført. Uskedalen.no kjem tilbake med innlegg og bilete av dugnadsgruppa og frå arbeidsprosessen. No handlar det mest om stien fram til Klepp.
17.10.2020
Markerte støtte til Aksnes-innsamlinga.
Veteranbandet i UML markerte i dag si støtte til innsamlinga som skal sikra at nakkeskadde og ME-sjuke Eirik Aksnes skal få ein nødvendig og viktig operasjon i Tyskland.  Dette gjorde dei ved å halda konsert ved inngangen til Spar Uskedalen. I tillegg delte dei ut kort med informasjon om korleis ein kan støtta innsamlingsaksjonen.
16.10.2020
Klargjer flytting av tenester til Beinavikjo.
Kvinnherad Vekstbedrift er i full gang med klargjering for flytting av fleire tenester frå dagens produksjonslokale til lagerbygget på Beinavikjo. Det vert gjort ved at ein byggjer eit vekstadbygg inne i det store lagerbygget. Trevare- og betongproduksjonen vert med dette flytta til topp moderne lokale med gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Trelastlageret vert også bygd om for å få plass til butikk.
15.10.2020
Vil nokon hjelpa med gevinstar til adventskalendar?
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar har vore eit fast og populært innslag i førjulstida dei 7 føregåande åra.  No er styret i gang med førebuingane av den 8. adventskalendaren som skulemusikken står bak.  Det trengst mange gevinstar, og derfor håpar styret at nokon kan vera hjelpsame med å skaffa det.  Då han dei berre ta kontakt med Monica Hermann (906 35 483) eller andre i styret, og dei blir kjempeglade!
15.10.2020
Uskedalen nådde ikkje opp med sine plassar for Dagsturhytta.
Meir enn 20 alternative lokalitetar for plassering av Dagsturhytta er vurderte av ei adminstrativ gruppe i kommunen. Sju av plassane ligg i Uskedalen. Ingen nådde opp i kampen om ei dertil eigna plassering. Mange av dei som sende framlegg til lokalitet, tenkte at det skulle vera eit lågterkseltilbod med val av ein plass for alle i gåavstand utan for mykje bruk av bil. Ei plassering ved Nautavatnet krev bilbruk og parkeringsareale.
14.10.2020
Vigrestadfirma Osnes AS har betong- og elementarbeidet på Haugland.
Betongelementa er no montert på det nye driftsbygget til Stian og Tor Ove Haugland. Osnes AS frå Vigrestad hadde full styke i arbeid på Haugland i går, eigne tilsette og innleigde firma på ulike arbeidsoppdrag. Dagleg leiar Sverre Osnes var sjølv på plasen og leia arbeidet. Til saman er det montert 40 element. Det neste er takkonstruksjonen.
13.10.2020
Ti salmar på ein time i kyrkja i morgon, onsdag 14. okt.
Soknerådet i samarbeid med kantor Eva Megyesi skipar til salmekveld i morgon, onsdag 14. oktober kl. 18.00. Kyrkjekoret Nordsaang vert med og økta varer ein time fram til kl. 19.00. Programmet er sett opp etter salmeynskje, tilsaman ti salmar frå Norsk salmebok.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS