Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

50 år sidan det sist var mjølkekyr på Leite.

03.08.2020
Klikk på bilete for full storleik
14 kyr vert mjølka med eit mobilt mjølkeanlegg i påvente av modernisering av flor for lausdrift og robot på Kjærland.
 
Det er 50 år sidan Emma og Johannes Kjærland hadde mjølkekyr på Leite. No er 14 kyr på plass i båsane sine i det som var eit redskapshus, ei mellombels løysing i påvente av at flor laga til for lausdrift med robot er klar på Kjærland. Det er Hans Reidar Kjærland som investerer stort i landbruket for å gjera alt meir effektivt og rasjonelt ut frå dagens krav til dyrevelferd og drift.
 

Kjærland har totalt 25 kyr og ein mjøkekvote på 230 000 liter. Dyretalet og kvoten vil ikkje auka noko særleg etter utbygging og modernisering. Det vert som før, men drifta vert mykje betre. Målet er maks effektiv drift og mjøkemengde på det dei ressursane han har i dag, både når det gjeld grasareal, dyretal og kvote.

 

Arbeidet med moderniseringa på Kjærland tok til i denne veka og vil halda fram til i slutten av september månad. I mellomperioden må han mjølka ei og ei ku med eit mobilt mjøkeanlegg. Det er arbeidskrevjande og tek mykje tid. Faktisk brukar han 5 timar morgon og kveld på fjøsstellet. Det går ein time til måking og klargjering. Så brukar han tre timar på sjølve mjølkinga og ein time til foring og etterarbeid.

 
Klikk på bilete for full storleik
I desse båsane skal det koma ungdyr og gjeldkyr. All innredning med måkeanlegg, vifte, leddlys og verstyrt gardin er på plass.

Den nye fjøsen på Leite skal eigentleg brukast til ungdyr og gjeldkyr. Det er montert nytt måkeanlegg, ny møkakumme, nye båsar med liggeunderlag, vifte og leddlys. Gjøselstanken tek 800 kubikk og skal brukast både for drifta på Kjærland og på Leite.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mjølkinga er ferdig. Det er tid for grovfor.

Det er ein så kalla kaldfjøs, uisolert. Det sirkulærer vatn og det er montert varmekablar  der møka går ut, dette for å unngå frysing. I heile langveggen mot elva kjem det gardin, styrt av ein verstasjon på taket.

Hans Reidar Kjærland er godt nøgd med arbeidet som er gjort så langt. Det meste har gått etter oppsett plan og framdrifta har vore god.

 

Det er Ola Haugland i Felleskjøpet Rogaland Agder som har teikna og prosjektert. Nesvik Landbruksbygg har hatt arbeidet med forskaling og betong. Alt maskinarbeid er gjort av Musland Maskin. Elektro: Ølve Elektro. Røyr: Uskedal Røyr og Multiservice. Innredninga er levert av DeLaval.

 

Uskedalen.no kjem tilbake med ny artikkel når alt er på plass slik det er tenkt, både på Kjærland og på Leite.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Kristian Bringedal / Hans Reidar Kjærland

 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Bilete syner arbeidet med ny gjødselkum i juni månad. Nesvik Landbruksbygg har gjort arbeidet med forskaling og betong.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
01.10.2020
Hummarfiske er opna.
Hummarfiske opna i dag, torsdag 1. oktober, kl. 08.00. Uskedalen.no har registrert at ein av dei ivrige hummarfiskarane i Uskedalen var klar til avgang frå kaien sin med teiner kl. 07.30.

kb
01.10.2020
Busstreiken er over - ruter frå kl. 12.00.
Busstreiken er over. Partane kom fram til semje tidleg torsdag morgon. Bussane er, så langt det let seg gjera, i rute frå kl. 12.00. Der gjeld også skuleskyssen.

kb
30.09.2020
Torstein Aarthun er tilsett som kyrkjeverje i Kvinnherad.
Torstein Aarthun ( 45 år ) er tilsett som nytt kyrkjeverje i Kvinnherad etter Erlingur Nielsson. Erlingur sa opp stillinga av helsemessige årsaker. Aarthun har teologisk utdanning og har vore prest i Husnes Prestegjeld. I mange år har han vore personalkonsulent i Kvinnherad kommune.

kb
29.09.2020
Rosa barneparaply funnen i kyrkja.
I våpenhuset i kyrka ligg det alltid litt kle og paraplyar. Soknerådet har særleg merka seg ein liten barneparaply, truleg frå konfirmasjonssundagen, rosa i fargen med påskrifta Dreams in Bloom. Vi reknar med eigaren saknar paraplyen sin. Kontakt redaksjonen i Uskedalen.no. Mobil: 915 31 487.

kb
29.09.2020
Sau står i skardet mellom Ulvanoso og Englafjell.
Var en tur til fjells i går og observerte sau ved Vestredalsvatnet i posisjon
N 59˚52.3012´, Ø 5˚53.7022´. Fint om Dere kan videreformidle informasjon.

mvh
Steinar Størkson
Skeisheia 11
5217 Hagavik
Tel 95406147
28.09.2020
Vil du vera med i Gjestebod for ny kulturminneplan.
Gjestebod er ei arbeidsform som vert brukt for å koma med innspel til kommunale planar. No gjeld det Kulturminneplan for Kvinnherad kommune. Ei gruppe på 4 - 6 personar jobbar nokre timar og finn fram til nokre prioriterte kulturminne i Uskedalen med tanke på vern og formidling. Samlinga er torsdag 1. oktober. Meld frå til underteikna. Anten e-post: kristian.bringedal@gmail.com eller mobil: 915 31 487.

kb
27.09.2020
Berga turgåar i Ulvanoso med helikopter
Ein person på tur til Ulvanoso i Kvinnherad måtte bergast ned av redningshelikopter kring klokka 18 søndag kveld. Skadeomfanget er uklart, men hovudredningssentralen i Sør-Noreg opplyser at ingenting indikerer at vedkomande er alvorleg skadd. Det er NRK Hordaland som melder dette.

kb
26.09.2020
Saknar du katten din - kontakt Karianne Foss på øvre Fet.
Ein ukjend, ung og svart katt er teken hand om på øvre Fet. Saknar du katten din, ta kontakt med Karianne N. Foss på mobil 454.29.558.

Siste: Eigaren har meldt seg og er svært glad og takksam for at Karianne tok ansvar for katten. Alle er nøgde.

kb
25.09.2020
Har du salmeynskje - kom på Salmekveld onsdag 14. oktober kl. 18.00.
Soknerådet saman med kantor Eva Megyesi skipar til ny salmekveld onsdag 14. oktober kl. 18.00. Dersom du har salmeynskje, meld frå til Kristian Bringedal på e-posten: kristian.bringedal@gmail.com. Eller mobil: 915 31 487. Kyrkjekoret Nordsaang og kvartetten ÆRE syng. Eva Megyesi på orgel og klaver.

kb
24.09.2020
Fylkesmannen stadfestar vedtak om avslag i vegsak på Flatholm.
Karl Otto Gravdal klaga på vedtak i Forvaltningsutvalet i møte 11.03.20, sak 2020/21, om å sei nei i søknad om dispensasjon frå LNF krava for å laga tilkomstveg til fritidsbustad på Flatholm, gbnr.123/109. Fylkesmannen stadfestar vedtaket i Kvinnherad kommune, og seier med dette nei til søknad om dispensasjon. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på. 

kb
Siste Nyhende
01.10.2020
Zjakk Frisørsalong aukar bemanninga og har ledig kapasitet.
Zjakk Frisørsalong legg ned på Valen og samlar sine tenester i Uskedalen. På same tid er Heidi Camilla Pedersen tilbake i frisørfaget. Bemanninga er auka og salongen har med dette meir kapasitet. Dei andre frisørane på Zjakk er Ann-Christin Huke og Siv Jorunn Arnfinsen.
30.09.2020
Nytt kyrkjeverje tilsett i Kvinnherad kommune.
Det kom fem søkjarar til stillinga som ny kyrkjeverje i Kvinnherad. På møte i Kvinnherad kyrkjelege fellesråd tirsdag 29. september vart Torstein Aarthun (45) frå Valen tilsett som ny kyrkjeverje.Torstein kom til Kvinnherad i 2003, då han tok til som kapellan i Husnes og Holmedal sokn. I 2008 vart han tilsett som personalrådgjevar i Kvinnherad kommune og seinare vart han leiar for seksjon løn og personal på rådhuset.
29.09.2020
Dag Helland om Koronaviruset i Senioruniversitetet.
Kva er meir naturleg som tema i desse tider enn å snakka og om virus? Difor er dette temaet valt for førelesinga på Kvinnherad senioruniversitet 8. oktober i Rosendal. Førelesaren vert Dag E. Helland som har arbeidd med ulike virusaspekt sidan 1970. Dag Helland har feriehus i Beinavikjo i Uskedalen. Han fiskar og restaurerer eldre robåtar på fritida.
29.09.2020
Stor aktivitet ved NorTekstil, vaskeriet på Valen.
Det er stor aktivitet på Nor Tekstil sin avdeling ved Valen sjukehus. Driftssjef Roy Arne Jensen frå Uskedalen fortel til Uskedalen.no at i denne veka vert eksisterande tørketunell skifta ut med ny. Eininga er på heile 8 meter og veg 6,5 tonn. Investeringa vert gjort som del av ei større oppgradering som går over fleire år.
27.09.2020
Tilbygg og lettare tilkomst til lagshytta Fjelly.
Arbeidet med tilbygg til lagshytta Fjelly er godt synleg. Ramma, reiseverket og taket er på plass. Bordkledning og golv er det neste. Tilbygget skal brukast til lagring av ved og anna naudsynt utstyr. Stien frå Hauglandsfjellet og ned til Mannsvatn er lagt litt om og utbetra på det våtaste plassane. Dugnadsgruppa og hyttestyre har stått for arbeidet.
26.09.2020
Busstreiken er eit faktum - ingen ruter gjennom Uskedalen.
Frå kl. 06.00 i dag er busstreiken eit faktum. Ingen bussar i ordinær trafikk vert å sjå i Uskedalen. Det gjeld all busstrafikk, også skulerutene. Krava til sjåførane går på løn, arbeidstid og sikkerhet. I Skyss sitt rutehefte les vi at Uskedalen har 11 avgangar i kvar retning måndag til fredag. I tillegg kjem skuleskyssen til og frå Steinsletto, Rød og Musland.
25.09.2020
Gapahuken på Flåtene er klar til bruk.
Dugnadsgruppa med Pål Haugland som leiar er i innspurten på arbeidet med gapahuken på Flåtene i Eikedalen. Berre noko lite står att. Det er lagt ned eit stort arbeid, nøye gjennomtenkt i materialval, utføring og plassering. Arbeidet med gapahuken på Klepp på Hauglandsfjellet er i full gang.
24.09.2020
Reguleringsplan - fyrste steget fram mot eit ferdig prosjekt.
Det er varsla oppstart av arbeidet med reguleringsplan for eit utvida aktivitetshus med klatrehall. Uskedal Idrettslag ved Klatregruppa inviterte til eit to timars informasjonsmøte, organisert som som stand, i går. Alt kl. 19.00 var naboar og andre intereresserte møtte fram for å få vita meir om innhaldet og prosessen. Det er rekna fire steg i sjølve prosjekteringa. Fase ein er reguleringsplan.
23.09.2020
Skonnerten IDEAL av Kristiansund i Storsund i dag.
Det var ei staseleg skute som i 15 tida i dag, onsdag 23, september, kom inn Storsund på sin seglas til Rosendal. IDEAL er kopi av skonnerten ROSENHEIM, bygd på Skaaluren Skibsbyggeri 1910. Det vart bygd fire farty av denne typen tidleg på 1900 talet. Originale teikningar frå perioden 1903 - 1910 er lagt til grunn, men bygginga er tilpassa dagens krav til styrke og passasjersertifikat.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS