Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice.

30.07.2020
Klikk på bilete for full storleik
Ronny Kroka ( t.v ) er ny dagleg leiar i Uskedal Røyr & Multiservice, her saman med Geir Vimme som er tilsett i firma.
 
Det er eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice. Ronny Kroka er ny dagleg leiar. Med seg ute i arbeid har han Geir Vimme. Den formelle overtakinga var 1. oktober 2019. Tidlegare eigar var Arvid Hjelmeland. Lager og kontor er på Børnes Industriområde. Det er god tilgang på arbeid, alt frå hytter, boligar til serviceoppdrag. Kroka har også godkjenninga, som skal til, for å ta industrirøyrlegging.
 

Dei nye eigarane i Uskedal Røyr & Multiservice er:

 
  • Ronny Kroka: 50 %
  • Oddbjørn Kroka: 25 %
  • Thomas Eide: 25 %
 
Ronny Kroka og Geir Vimme hadde arbeidet med ferdigstilling av handikaptoalettet i Gamleskulen.

Firma tek alle typar oppdrag innan røyrfaget. Det gjeld total renovering av bad, men også service, trykktesting, filminspeksjon og arbeid med avløpet.

 

Uskedal Røyr & Multiservice har alt røyrarbeidet i Ospelunden i Uskedalen. Ein ny to mannsbustad er nett ferdigstillt. Om ein månad startar arbeidet på neste tomannsbustad. Elles tek firma oppdrag i heile Kvinnherad og i nabokommunen Ullensvang. 

 

Ein god plass dei siste åra har vore Sand i Ryfylke med mykje arbeid i nye hyttefelt.

 
 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Koret syner firmanamn, firmaadresse, organisasjonsnummer, mobiltelefonar og e-post adresse.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
26.11.2020
Koronakafe og trim for vaksne vert stengt på ubestemt tid.
Eit samla styre i Uskedal helselag har avgjort at kafe og trim vert stengt på ubestemt tid pga. smittesituasjonen.

Styret
26.11.2020
Mange kjøper skulemusikken sin adventskalendar digitalt både rundt om i landet og i verda ellse.
Skulemusikken har hatt svært god respons etter oppslaget vårt om at adventskalendaren deira kan kjøpast digitalt.  Kjøparane som har sikra seg den kjekke og populære kalendaren kjem frå både inn- og utland.  Interesserte kan framleis melda frå til Monica Hermann(906 35 493) eller Haldis Aakra(970 43 869) innan 29.november.  Betaling kan så skje med vipps eller anna avtala måte.  Deretter tar dei bilde av kalendaren med nummer og sender til kjøpar samtidig som dei arkiverer orginalkalendaren.  Gevinstoverlevering vert seinare avtala med vinnarane. Kalendaren er viktigaste inntekskjelda til korpset og kostar 100 kroner.

tid


25.11.2020
Ordføraren bed om innspel til Skyss sine ruter.
Kommunen skal kvart år koma med uttale til eksisterande ruter og kva forbetringar ein kan gjera for evt. endringar. Det gjeld Skyss sine ruter for buss, ferjer og snøggbåtar. Ordføraren er takksam for innspel og gode framlegg. Send til post@kvinnherad.kommune.no

kb
24.11.2020
Reguleringsplan Uskedalen klatresenter i 2021 ?
Ved rullering av K. plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv ( handlingsprogram ) er reguleringsplan Uskedalen Klatresenter ført opp på investeringslista i 2021. Planen har vore handsama i Levekårsutvalet og skal vidare til Formannsskap og Kommunestyret. Aktivitetshuset del 2, klatretårn m.m. er med i langsiktig del, ikkje prioritert.

kb
23.11.2020
Lysa på Julegrana vert tende fredag kl. 17.00.
Medlemer i Uskedal Musikklag gjer klart for å montera julelysa på Grano. Arbeidet vert gjort torsdag i denne veka. Fredag kl. 17.00 vert lysa tende. Musikklaget spelar, men elles legg ein opp til ei redusert markering.

kb
23.11.2020
BKK på plass i dag og reparerer defekte vegljos.
BKK er i Uskedalen i dag, måndag 23. november, og reparerer defekte vegljos. Armaturet i sentrum ved busstoppet og Zjakk Frisør frå 1970 talet vart skifta ut med nytt. Ljosa på vegen ned til Beinavikjo er også reparerte.

kb
21.11.2020
Styrketrening og kafeen tek til att i neste veke.
Det er svært gledeleg at kommuneoverlegen tillet både trening måndag 23. og kafé tysdag 24. for bygdefolk. Det er sjølvsagt at alle må vera friske, halda avstand og bruka handspriten som er på plass i Gamleskulen.

Eli Roseth Eik
21.11.2020
Straumbrot i natt mellom kl. 24 og 01.
I natt kring midtnatt var det eit straumbrot i Uskedalen, for dei som bur på Steinsletto og inn til Sekundærstasjonen. Område gjekk frå Langot til Uskedalen. Uskedalen.no kjenner ikkje åraka til at straumen fall ut.

kb
21.11.2020
Kraftige vindkast natt til i dag, laurdag 21. november.
Det er målt vindkast på 31,7 m/sek. i Halsabrotet natt til i dag. I 2019 vart det målt heile 34,7 m/sek. på same plassen.

kb
20.11.2020
Skulen takkar Sparebank 1 SR-Bank.
Uskedalen skule ønskjer å takka Sparebank 1 SR-Bank for sponsing av refleksvestar til alle elevane i 5.-, 6.- og 7.klassen. Vi håpar dei vert brukte kvar einaste dag, både til og frå skulen, og elles på fritida.

Rektor
Siste Nyhende
26.11.2020
Lundheim - 100 år gamalt hus i sentrum klar for riving.
Det vert i denne veka klargjort for riving av huset der Anders Bringedal dreiv Lundheim Landhandleri med start i 1919. Huset er eit av fleire trehus frå tida før 1940 som har sett sitt preg på Uskedalen. Desse husa med forretningar i fyrste høgda ligg på begge sider av hovudvegen mellom Uskedal bru og nedkøyrsla til Myklebust kai. I same husrekkja ligg Lærarbustaden, bakar Hansen sitt hus, skomakar Bjelland sitt hus og Helgheim frå 1934. Vi må også ta med huset til Dagny og Olav Haugland.
25.11.2020
Plakat- og informasjonsvegg i Båthamna med levegg og overbygg.
Det er stending forbetringar i Uskedal Båtlag sin hamn. Det siste er levegg og tak over det som er plassen for plakatar og informasjon. Arbeidet er gjort på dugnad av Joachim Ekeland, snikkar i Lio Sag og Treforedling. Materialkostnader er dekka av Båtlaget. 
24.11.2020
Adventskalendar med fantastiske gevinstar kan også kjøpast digitalt!
Aldri har den populære adventskalendaren til skulemusikken hatt ei flottare gevinstliste!  Likevel har koronaen gitt nokre utfordringar når det gjeld salet.  Det er ikkje alle som er klar over at dei kan kjøpa kalendaren og få den tilsendt digitalt.  Dermed kan spenningen i førjulstida sikrast om ein bur på Fjelberg, i Oslo eller USA.  På same tid støttar ein opp om den viktigaste inntektskjelda til skulemusikken i ei utfordrande tid.
24.11.2020
Elins Matgleder startar nettbutikk - dei fyrste pakkane gjekk ut i går.
Elins Matgleder startar nettbutikk. Nettbutikken var operativ laurdag før helga. Alt i går, måndag 23. november, vart dei fire fyrste ordrane pakka og sende til kunden pr. post. Konseptet vert utvikla litt etter kvart. Til no kan Elin mellom anna tilby lokale produkt som saft, syltetøy, delikatesse til ost, kjeks og konfekt. Gåveartiklar frå silobutikkane kan også koma på salslista.
23.11.2020
Julelysa er på plass i god tid før adventstida tek til.
Mange har funne fram og monert julelysa, ei til to veke før det som er vanleg. Julelys og dekorasjon skaper stemning og er mentalt viktig i ei elles myrk tid. Til og med Bent Høie, helseministeren, oppmoda alle om å få julelysa på plass. Det kan letta kvardagen for mange i ei koronatid. Den nye trenden i år er hjarte, særleg etter at ein entreprenør monterte hjarteforma utelys på Sunnfjord hotell i Førde.
22.11.2020
Uskedalen vert definert som eit nærsenter i K.planen.
Uskedalen er saman med 14 andre bygder definerte som Nærsenter i samfunnsdelen i den nye Kommuneplanen. Det er eit framlegg frå planleggjarane i eit dokument som no vert sendt ut på høyring. Husnes er regionsenter. Rosendal er kommunesenter. Hatlestrand og Sæbøvik er lokalsenter. Uskedalen er nærsenter. 19 bygder vert med dette delte inn i ulik typar senter med ulike funksjonar.
19.11.2020
Lovnad om inntil 7,5 millionar kr. til opprustning av Børneskaien.
Landbruksdirektoratet kjem med lovnad om løyving på inntil 7,6 millionar kr. til opprustning av Børnes Tømmerkai. Dette utgjer 80 % av finansieringsplanen.Total kosntad er estimert til 10 mill. kr. Arbeidet omfattar oppgradering, forsterking og utdjuping. Det er søre Kvinnherad Skogeigarlag saman med Kvinnherad kommune som eig og driftar tømmerkaien.
19.11.2020
Feilsortering fører til at dunken ikkje vert tømd.
SIM har klare føringar for boshenting og kjeldesortering. Uskdalen.no har før skrive om problemet med feilsortering og at dunken står att utan å verta tømt. I sterk vind, slik det var i går, ligg dunken flat på bakken og bos kjem på avvegar. Dette er særleg eit problem i dei høve kunden ventar med å ta dunken tilbake til huset sitt. Ein er særleg nøyen med å sjå til at biodunken vert brukt slik det er førskrive.
18.11.2020
Uskedal Helselag i digitalt møte med Statsministeren.
Uskedal Helelag saman med tre andre organisasjonar frå Vestland og Rogaland fylke var i går i digitalt møte med Statsminister Erna Solberg. Eli Roseth Eik, leiar i helselaget, sat i si stove og hadde direkte kontakt og drøftingar med Erna.Tema var tiltak for eldre og andre sårbare grupper i ei koronatid. Frå Uskedalen vart særleg Koronakafeen med støtte frå DAM stiftinga framheva, eit tilbod i Gamleskulen kvar tysdag frå kl. 11 til kl. 14.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Røyr og Multiservice
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS