Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.

05.07.2020
Klikk på bilete for full storleik
To av dei unge vertane, Helene(t.v.) og Saima framfor den flotte nye uteplassen som heilt sikkert blir populær.
 
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
 
Magne L. Heggøy fortel at han ganske tidleg i vår annonserte etter arbeidskraft i sesongen på facebook, og han fekk veldig god respons.  Etter ein intervjurunde vart Saima Kristine L. Døssland, Selma Ovidia G. Tarberg, Helene Myklebust og Emma M. Ripel tilsett.  Førstnemnde fyller 17 år i år, medan dei tre andre er årsklassen under.
 
Klikk på bilete for full storleik
Reine og fine toalett og dusjanlegg er viktig. Det syt Emma og resten av vertskapet for.
 
 
Jentene er alt godt i gang med sesongen, og Magne L. Heggøy er svært fornøgd med det gjengen har vist til no.
- Eg har vore veldig godt fornøgd med ungdommane eg har hatt tidlegare, og desse følgjer flott opp i same sporet.  Eg hadde ikkje klart meg utan dei, for sjølv er eg i 100% stilling ved sjukehuset på Stord fram til midten av juli, bekriv han kor viktige jentene er for drifta av feriesenteret.
 
Jentene er på si side svært glade for at dei har kome gjennom nålauget og har fått denne jobben.  
- Dette er ein veldig kjekk og variert jobb der vi får treffa mange kjekke folk, og vi er kjempeheldige, for det er ikkje mange feriejobbar for oss som er så unge, seier Saima og legg til at dei allereie har jobba ein god del.  Etter at det vart opna opp etter koronaen har dei hatt nokre helger med veldig mykje besøk, og elles har det vore jamnt tilsig etter at skuleferien starta.
 
Ho fortel vidare at arbeidsdagane er todelte med ei føremiddagsøkt og ei ettermiddag-/kveldsøkt, og så er det pause mellom.  Det varierer om dei jobbar ei av øktene eller begge, og eg forstår at dei har veldig ordna arbeidstid med oppsett 'skiftsplan'.
 
Selma O. og Saima K. i resepsjonen. Den er open storparten av dagen.
 
 
 
Arbeidsoppgåvene er som sagt varierte.  Dei betjener resepesjonen og tar mot og yter nødvendig hjelp til gjestene.  Derifrå ordnar dei også servering av kaffi, kaker og litt anna til dei som ønskjer det i den nye utestova. Dei reknar med at den nye uteplassen blir veldig populær.  Det ser dei allereie teikn til.
- Elles har vi jo viktige oppgåver som vask og klargjering av hytter til nye gjester, og så er det sjølvsagt viktig at toalett og dusjanlegget heile tida er reint.  Det må gjerast til faste tider, fortel dei vidare og legg til at dei også må fortelja om gode tilbod både i naturen og elles som gjestene bør nytta seg av når dei besøker eit så fint område.  Mange gjester ønskjer også å leiga båt.
I tilknytning til resepsjonen har dei også butikk med flotte husflidprodukt som mange er interessert i.
 
No står fellesferien for døra, og dei ventar mykje besøk. Det vert nok travelt, men kjekt, tenkjer jentene som synes denne jobben er ein fin måte å oppleve ei side av ferielivet på nært hald.  Og campingeigar Magne Lorents Heggøy håpar at han får behalda dei flinke, unge jentene i fleire sesongar.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
07.08.2020
Haustplan for Uskedal Bedehusforsamling.
Uskedal Bedehusforsamling har lagt ut alle møta for hausten 2020. Her er datoane for møta i august: 9. og 23.  September: 6. og 20. Oktober: 4. og 18. November: 1., 15. og 29. Alle møta tek til kl. 11.00. Sundag 13. desember kl. 16: Vi syng jula inn. Fredag 25. des: 1. juledagsmøte. Alle er velkomne til møta på Bedehuset.

kb
07.08.2020
Stengd inntil vidare for elvefiske frå sundag 9. august.
Det er lite vatn i elva. Det er grunnen til at det vert stengd for fiske frå sundag 9. august kl. 18.00 og inntil det vert nok vatn for opning igjen. Melding kjem på heimesida og på Uskedalen.no.

Styret
07.08.2020
Thaivogna opnar i dag, fredag 7. august.
Thaivogna har vore stengd i to veker. I dag, fredag 7. august, er mattilbodet på plass og er ope etter vanlege opningstider.

kb
05.08.2020
Tomtegropa i Halsabrotet er sikra.
Det er utført arbeid med å sikra byggetomter i Halsabrotet. Arbeidet er sluttført og skrenten ned til tomtegrop er sikra med gjerde mot vegen som går inn i byggefeltet. Arbeidet er solid utført med netting og støypte fundament for stolpane.

kb
05.08.2020
Gunslingerkonserten 4. sept. på Dønhaug er utseld.
Konserten og dansen med gruppa Gunslingers fredag 4. sept. er utseld. Alle dei 200 billettane er kjøpt og betalt. Koronarestriksjonane gjer at ingen får gå ut og inn under arrangementet. Porten vil vera open ein time, frå kl. 21 til kl. 22. Det kan bli endring dersom FHI legg inn nye føringar for slike arrangement. Det er Magne Huglen som melder dette i dag. Meir info om sjølve gjennomføringa kjem seinare.

kb
04.08.2020
Friluftskonsert på Stemneplassen om ei veke, tysdag 11. august.
Med atterhald om brukande ver inviterer Uskedal Friluftslag til friluftskonsert på Stemneplassen neste tysdag, 11. august kl. 18.00. Uskedal Musikklag og Rustne Menn vert med. I ei koronatid vil arrangøren finna ei løysing på det som alltid har vore eit artig lotteri. Vedlotteriet går sin gang med trekning 1. september. Friluftslaget sin Vipps er: 605565

kb
03.08.2020
Mayesha Samiha ynskjer jobb.
Mayesha Samiha (30 år) bur på Eik og har jobba som reinhaldar i  Båtlaget sitt sanitærbygg i sommar. Om to veker vert arbeidet avslutta for sesongen. No er ho ledig for nye oppdrag. Det kan vera reinhald, rydding, matlaging, butikk m.m. Mayesha kjem frå Bangladesh. Ho snakkar litt norsk. Skal gå på norsk på Vaksenopplæringa. Ho har tidlegare studert ved universitetet i Oslo. Interesserte kan kontakta henne på mobil: 466 60 972.

kb
30.07.2020
DNT Ung med tur til Englafjell laurdag 1. august.
DNT Ung Kvinnherad skipar til tur til Englafjell f.k. laurdag 1. august. Toppen på Englafjell ligg 1200 moh. Her er flott utsikt frå Haugalandet i sør til kommuane nord for Bergen.  Likeins ser ein langt ut i Nordsjøen og ikkje minst mot Folgefonna og Hardangerfjorden. Kle deg etter veret. Ta med rikeleg med niste. Meir info på Kvinnherad Turlag si heimeside. Siste: Turen vart avlyst p.g.a for lita påmelding.

kb
29.07.2020
Familien Eskil Moen sitt hus totalskadd i brannen på Husnes.
Det var familien Eskil Moen sitt hus som brann på Husnes tysdag i denne veka. Eskil budde ei tid på Ljosnes i Uskedalen. Han er mellom kjend frå engasjementet sitt som folkevald i Kvinnherad kommunestyre for Framstegpartiet. Det er Kvinnheringen som skriv dette på si nettavis.

kb
28.07.2020
Røykdykkarane frå Uskedalen fekk oppgåva med å ta ut pytonslangane.
TV 2 si nyhetssending i kveld vil truleg ha innslag frå brannen på Husnes i går. Det er kjend at to røykdykkarar frå branntroppen i Uskedalen fekk oppgåva med å ta ut pytonslangane frå kjellaren i huset. Innslaget på TV 2 vil handla om dette oppdraget. Meir info kjem på Uskedalen.no

kb
Siste Nyhende
07.08.2020
Kvinnherad Vekst er tilbake til ordinær drift med vanlege opningstider.
Kvinnherad Vekstbedrift er tilbake til ordinær drift og med opningstider slik det er kunngjord på skilt og på heimesida deira. Opningstida på avdeling for trelast er: Kvardagar frå kl. 08.00 til kl. 16.00. Laurdagar: kl. 09.00 til kl. 13.00. Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast i Beinavikjo er godt skilta frå Fylkesvegen og vidare fram til lageret deira i Beinavikjo. På sikt vert alt arbeid knytta til verkstad, ved, betong og trelast samla på Vikjo. Vask og kantine vert verande i noverande lokale.
06.08.2020
SeaDream Yacht Club innstiller cruisetrafikken inntil vidare.
Cruisetrafikken med SEADREAM 1 og SEADREAM 2 vert innstillt inntil vidar. Årsaka er at ein dansk passasjer på cruise i perioden 21. juli til 2. august testa positivt på koronasmitte. Det var nok til at Folkehelseinstituttet bestemte at ingen får gå i land på kystcruisa i Noreg. Dermed var det ingen SEADREAM skip å sjå i Storsund i dag, 6. august.
06.08.2020
To kroner i pant er betre enn smertefulle dyrelidingar.
Det er klart for håslåtten og store areal er klar for hausting langs fylkes- og kommunevegane i Uskedalen. Kvart år er det eit problem med flasker og boksar, som er kasta ut i graset frå forbipasserande bilistar i Uskedalen. Dette er ei sterk oppmoding frå landbruksnæringa om å ikkje kasta pant i graset.
05.08.2020
Har nokon informasjon/ bilete av kuttaren FIX
Frå tid til anna dukkar det opp spørsmål om farty heimehøyrande i Uskedalen og som vart brukt i råstoffarten. Så langt vi kjenner til er MK HAUSTEN seld. Eit anna farty er MK FIX i Sigurd Arnesen si eige i perioden 1926 - 1935 og som no står på ein slipp på Tertnes i Bergen. FIX fekk seinare namnet TUNES, eigd av Gunnar Reigstad på Halsnøy, og  gjekk i farktefarten fram til 1982. Ein med interesse for fartyvern etterspør om det kan finnast bilete frå tida i Uskedalen.
03.08.2020
50 år sidan det har vore mjølkekyr på Leite.
Det er 50 år sidan Emma og Johannes Kjærland hadde mjølkekyr på Leite. No er 14 kyr på plass i båsane sine i det som var eit redskapshus, ei mellombels løysing i påvente av at flor laga til for lausdrift med robot er klar på Kjærland. Det er Hans Reidar Kjærland som investerer stort i landbruket for å gjera alt meir effektivt og rasjonelt ut frå dagens krav til dyrevelferd og drift.
03.08.2020
Gong- og sykkelveg til Steinsletto må stå øvst på prioriteringslista.
Det må vera eit folkekrav at gong- og sykkelvegen frå Uskedal Bru til Steinsletto vert prioriert som nr. 1 på lista av trafikksikringstiltak i Kommunedelplan samferdsle i Kvinnherad. Ein viktig del av planen er tiltak for gåande og syklande. Torkel Stensletten er engasjert. Han har fritidshus på Steinsletto og bur deler av året i Uskedalen. Han har merka seg alt som er skrive om trafikksikring, fartsgrenser og skilting den siste tida. Mest kritisk er det på strekninga frå sentrum til Teigen ( Steinsletto ). Les kva Torkel Stensletten skriv:
02.08.2020
Varm middag levert frå Dill, også i Uskedalen.
Dill Catering på Halsnøy tek til med levering av varm middag i område Uskedalen - Rosendal. Oppstart vert i haust med utkøyring to gonger i veka. Det er porsjonspaking for kjøleskåp dei andre dagane. Komlemiddagen er som vanleg på torsdagen, men det er meny tilpassa kunden sitt behov. Dagleg leiar, Siv Anita Brovold, fortel til Uskedalen.no at det no er ei kartlegging av interessa. Starten kan bli i september månad.
31.07.2020
Leppefiske opna 17. juli i år.
Frå 17. juli er det opna opp for leppefiske langs kysten. To lag driv leppefiske i Uskedalen. Jostein Legland er ein av dei. Bergnebb, grønegylt og berggylte er tre av seks artar som går under samleomgrepet leppefisk. Det vert også kalla reinsefiske mot lus i oppdretsanlegga. Dei to, som driv leppefiske i Uskedalen, leverer til Eide Fjordbruk.
30.07.2020
Eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice.
Det er eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice. Ronny Kroka er ny dagleg leiar. Med seg ute i arbeid har han Geir Vimme. Den formelle overtakinga var 1. oktober 2019. Tidlegare eigar var Arvid Hjelmeland. Lager og kontor er på Børnes Industriområde. Det er god tilgang på arbeid, alt frå hytter, boligar til serviceoppdrag. Kroka har også godkjenninga, som skal til, for å ta industrirøyrlegging.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS