Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Feira brannstasjons-vedtaket med kake.

22.06.2020
Klikk på bilete for full storleik
Gaute Moberg(f.v.), Tor Øystein Myklebust, Kenneth Stensletten, Sindre Eidsvik, Stian Haugland og Kjell harald Tungesvik utgjer ein særs kompetent brantropp saman med Kristian Haugen og Roy Helge Døssland.
 
- Dette er ei gladsak som er så stor og viktig for bygda at det er vanskeleg å forstå.  Det står om liv og helse, vart det sagt blant gjestene då Uskedal Utvikling inviterte til feiring av kommunestyrevedtaket om at Uskedal brannstasjon skal bestå.  Saka om brannatsjonen har skapt svært stort engasjement i bygda, og gleda var svært stor då kommunstyret sist torsdag gjorde vedtak om at det framleis skal vera brannstasjon her i bygda.
 
Klikk på bilete for full storleik
Mandag vart kommunestyrevedtaket om at Uskedal branstasjon skal bestå feira med kake.
 
 
Det var Uskedal Utvikling som inviterte til feiring av det særs viktige vedtaket mandag kveld.  Dei tilsette ved Uskedal brannstasjon var sjølvsagt heidersgjestene, men lag, næringsdrivande og privatpersonar som hadde engasjert seg i den viktige saka, m.a. med lesarbrev, var også invitert.
 
Leiar i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg, ønskte vekommen og refererte til mange og ulike oppdrag dei tilsette ved brannstasjonen hadde hatt både her i bygda og i andre bygder dei seinare åra.  Ho sa at dette viste kor viktig det var at brannstasjonen no vert oppretthalden.
- Vi har ikkje lyst til å ha bruk for dåke, men vi vil aksolutt ha dåke for den tryggheten de gir, sa ho mellom anna før ho overlet ordet til kommunepolitikar Jostein Saghaug (MDG) som fortalde om den politiske prosessen i saka.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Varabrannmeister Gaute Moberg forsyner seg med eit velfortent kakestykke.
 
Deretter fekk brannmeister Tor Øystein Myklebust ordet.  Han takka for fine ord frå Gunn Mari og Jostein, og for det store og viktige engasjementet som mange i bygda hadde vist i saka. Han sa vidare at det er mange meiningar om korleis brannvern kan organiserast best.  Derfor var han spent då saka kom opp. Den gode støtta som det store bygdeengasjementet gav dei som jobba ved stasjonen, sette han veldig stor pris på.  Etter vedtaket vert det ei ny tid.  Uskedal brannstasjon vert oppgradert  etter dagens krav.  Han la til at Kvinnherad brann og redning har hatt ei flott utvikling dei seinare åra, og dette gir trygghet.
 
Han rosa også dagens branntropp som består av 8 unge deltidstilsette.  Dei er svært kompetente og positive, dei ofrar mykje fritid for ei lita godtgjerdsle, og er i tillegg godt skulerte. I den samanheng nemnde han at alle er røykdykkarar.  Dei har ei fast øving i månaden der to timar er betalt, resten er dugnad.  Det er svært godt frammøte både på øvingar og på utrykningar.  Som deltidsbrannvesen skal dei møte når dei har mulighet, og derfor er det viktig å oppretthalde talet på 8 tilsette. Det vert også ei rimeleg løysing.  Eit moment han også nemnde var at dei med si sentrale beliggenhet ofte bidrar ved utrykningar både innover og utover i kommunen.  Han sa også at dei no vert utkalla til forskjellige hjelpeoppdrag, ikkje berre brann.
 
Gunnar Myklebust som i mange år har jobba innan ambulansetenesta, har sett mange døme på dette, og han har engasjert seg sterkt i saka om brannvernstrukturen i kommunen. Han nemnde m.a. at ved  t.d. ein hjartestans i Uskedalen ville dei branntilsette kunna vera avgjerande for å redda liv.  
-Dei har kompetansen, og vil i dei fleste tilfelle vere framme ei god stund før ambulansepersonalet, sa Gunnar Myklebust.
Myklebust viste også til at vi no har ein ung, svært positiv og kompetent branntropp. I den samanheng nemnde han garasjebrannen nyttårsafta der 6 mann kjapt var operative på sjølvaste nyårskvelden. Det er imponerande, og førsteinnsatsen der fekk truleg stor betydning.
 
Klikk på bilete for full storleik
Nytilsett feiar og brannkonstabel Sindre Eidsvik og brannmeister Tor Øystein Myklebust.
Etter gode ord serverte så Uskedal Utvikling marsipankake, kaffi og twist.  Eit flott tiltak av Uskedal Utvikling, og ei viktig markering av at tryggheten med å ha brannstasjon i bygda lever vidare.
 
 
 
 
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
Fangsresultata vert registrerte på Elveguiden.no
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no. Det er tilgang for alle som er registrerte som brukarar ved å lasta ned ein app. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 8 kg. Nytt namn på elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
Siste Nyhende
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
07.07.2020
Drenering og nye massar før asfaltering.
Det er utført eit stort og omfattande arbeid ved Kunsgrasbanen dei siste veke. Musland Maskin har hatt fleire maskinar i arbeid med masseuskifting, drenering og planering før asfaltering i slutten av denne veka. Det er mellom anna midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjer det mogeleg å ferdigstilla ein ny del av prosjektet Gull av Grus. Løyvinga var på kr. 500.000,-
07.07.2020
Kjenner nokon til denne båten?
Frå tid til anna dukkar det opp ukjende båtar på båtplassene i hamna til Uskedal båtlag.  No har båten på biletet lege i hamna ei tid utan at båtlagstyret har kjennskap til eigaren.  Dei bed difor dei som har kjennskap til båten om å ta kontakt snarast.  Viss ikkje det gjev resultat, seier båtlagsstyret at dei vil ta kontakt med politiet for å undersøkja om dei kan hjelpa til med ei løysing.
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS