Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Korps i medvind sesongavslutta med tur til Låganåso og strandkonsert.

18.06.2020
Klikk på bilete for full storleik
Forrige onsdag hadde korpset ein kjekk tur til Låganåso.
 
Det var eit korps i god medvind som avslutta sesongen då Uskedal skulemusikk hadde konsert for foreldre, søsken og andre inviterte i strandstova i båthamna onsdag ettermiddag.  Etter ein trang start i fjor haust har medlemstalet blitt meir enn dobla gjennom sesongen, og musikarane gav dei frammøtte ei herleg musikkstund saman med dirigenten Tor Skeie Olsen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Korpset under den flotte konserten i Strandstova.
 
 
Då alder gjorde at det vart naturleg avgang då trufaste, dyktige musikarar gjennom mange år slutta etter forrige sesong, vart det eit brutalt generasjonskifte.  Dirigenten saman med eit driftig styre sette i gang tiltak, mellom anna eiga aspirantopplæring.  Dette har vore særs vellukka, medlemstalet er meir enn dobla frå 6 til 14, og denne aspirantordninga vil halda fram til hausten.  Til no har 3 aspirantar meldt seg, men styret er interessert i fleire.  Dei som har lyst til å vere med, kan kontakta Monica Hermann (906 35 493) eller Haldis Aakra (970 43 869).
 
Korpset har hatt ei kjekk avslutning på sesongen.  Forrige onsdag var dei på tur til Låganåso.  På veg oppover frå kalkestasjonen var det lagt ut 16 postar med artige musikkquiz-oppgåver med premiering.  På toppen kosa dei seg med godt å ete og drikke, og i tillegg var det ulike aktivitetar i det nydelege veret.  Kanskje var det første gongen den populære leiken 'Bom 50' vart leika på Låganåso?  Gøy var det i alle fall!!!
 
Denne onsdagen var det klart for strandkonsert. Det var imponerande å få vera til stades under programmet som var øvd inn etter 17.mai.  Det høyrdest verkeleg at det hadde vore jobba godt gjennom sesongen.  Heilt avgjerande for at dei kunne ha konserten, var det nok at korpset ikkje stoppa opp, men heldt det gåande med digitale øvingar under den verste korona-perioden.
 
Vi fekk høyre både fellesnummer og solistnummer.  Korpset sette an tonen med eit stykke som heiter 'Oats and Beans' før dei fulgte opp med ein flott versjon av velkjende 'Fader Jakob'.  Deretter var det klart for ei solistavdeling.  Imponerande framføringar!  Utruleg kjekt å høyra dei to førsteklassingane Margrete F. Feet og Anna Hermann Fossli framføra med slik sikkerhet og flott tone i krevjande messinginstrument.  Anna(kornett) spelte 'Puff the magic dragon' medan Margrete framførte 'Kom og hør på hornmusikk'.
 
Vi fekk også høyra ein skikkeleg tubasolo då Iver Hermann Fossli framførte tema frå Flåklypa.  Skikkeleg god trøkk i den guten, og samtidig imponerte det underteikna at han spela på det store, tunge instrumentet sitt medan han bevega seg framover på scenen.  Flott, Iver!!!
 
Ei perle i konserten var det då ein kvintett beståande av Signe Karine Koløy (kornett) og søskena Anna, Ebba (begge kornett), Ola (trombone) og Iver Hermann Fossli (tuba) framførte eit arrangement av 'Alle fugler' denne usedvanleg vakre sommarettermiddagen i båthamna.  Stemningsfullt!
Som avslutning på konserten framførte korpset 'Rattata' med trøkk og presisjon, ja, på ein måte som gjer at vi verkeleg gler oss til å høyra dei neste sesong.
 
Etter at styret hadde takka den populære og dyktige dirigenten Tor Skeie Olsen med blomar, var det klart for is, bading og ferie.  Men viss eg kjenner dei ivrige musikarane rett, trur eg ikkje dei vil gje instrumenta heilt ferie!
 
 
Nydeleg framføring av Alle fugler
 
Margrete F. Feet bomma ikkje på ein einaste tone. Imponerande førsteklassing.
 
Anna Hermann Fossli med nydeleg tone og sikkert spel. Imponerande førsteklassing.
 
Iver Hermann Fossli tok oss med til Flåklypa i ei flott framføring.
 
Grovmessing og slagverk.
 
Finmessingen.
 
Det er god ballanse i korpset med fin fordeling på instrumentgruppene.
 
Flinke musikantar!
 
 
 
 
 
 
 
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland
 
Fjellfoto: Haldis Aakra.
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
Fangsresultata vert registrerte på Elveguiden.no
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no. Det er tilgang for alle som er registrerte som brukarar ved å lasta ned ein app. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 8 kg. Nytt namn på elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
Siste Nyhende
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
07.07.2020
Drenering og nye massar før asfaltering.
Det er utført eit stort og omfattande arbeid ved Kunsgrasbanen dei siste veke. Musland Maskin har hatt fleire maskinar i arbeid med masseuskifting, drenering og planering før asfaltering i slutten av denne veka. Det er mellom anna midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjer det mogeleg å ferdigstilla ein ny del av prosjektet Gull av Grus. Løyvinga var på kr. 500.000,-
07.07.2020
Kjenner nokon til denne båten?
Frå tid til anna dukkar det opp ukjende båtar på båtplassene i hamna til Uskedal båtlag.  No har båten på biletet lege i hamna ei tid utan at båtlagstyret har kjennskap til eigaren.  Dei bed difor dei som har kjennskap til båten om å ta kontakt snarast.  Viss ikkje det gjev resultat, seier båtlagsstyret at dei vil ta kontakt med politiet for å undersøkja om dei kan hjelpa til med ei løysing.
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS