Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Unge musikarar krydra gåveutdelinga til Sparebankstiftinga.

05.06.2020
Klikk på bilete for full storleik
Medlemer og styremedlemer i Uskedal Skulemusikk og Uskedal Idrettslag mottek gåver frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
 
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad inviterte til den andre gåveutdelinga for vårhalvåret i dag på Husnes. Heile 1,2 millionar kroner vart fordelt på 17 ulike lag. Av dei finn vi to frå Uskedalen: Uskedal Idrettslag og Uskedal Skulemusikk. Det var representantar frå begge laga tilstades på utdelinga, og fem unge musikarar frå Uskedalen sytte også for ei flott musikalsk ramme rundt gåvedrysset.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott vårmusikk: f.v. Ola, Iver, Ebba, Anna og Signe Karine
 
Då skulemusikken fekk gladtelefonen om at det vanka gåve til dei, kom det også på tale at dei kunne bidra med musikk. Å samla heile korpset på det korte varselet var ikkje mogeleg, men flott musikk vart det.  
Fem musikarar frå korpset stilte opp, og kva kunne då passa betre enn vårsongen 'Alle fugler'.  Dei fem er alle elevar i kulturskulen og hadde lært denne songen der.   Det var Anna Hermann Fossli, Ebba Hermann Fossli og Signe Karine Koløy på kornettar, Ola Hermann Fossli på trombone og Iver Hermann Fossli på tuba. 
Tre av dei, Ola, Ebba og Signe Karine, spela på instrument som vart kjøpt inn etter forrige gåve skulemusikken fekk frå Sparebankstiftinga.  Dei to andre instrumenta er frå tidlegare gåver. Dei raude jakkene som fleire av musikarane hadde på seg, er også det. Dette er tydelege bevis på kor viktige Sparebankstiftinga sine tildelingar er for lagstilbodet i kommunen.
 
Bakgrunnen for denne utdelinga er at laga har tapt inntekter i koronaperioden.  Dette understreka styreleiaren i Sparebankstiftinga, Svein Arne Eidsvik, i innleiinga si under utdelinga som også i dag føregjekk i Husnesparken.  Han sa vidare at pengane skulle brukast til å oppretthalda den gode og viktige aktiviteten i laga. Han meinte kvart lagsstyre visste best korleis desse pengane kunne koma til nytte.  Det vart delt ut 800.000 kr i slik 'koronastøtte'.  I tillegg var det ei gåve som skilde seg ut; - 400.000 kr til ferdiggjering av opprustninga av Strand Ulv-hallen.
 
-Det er sjølvsagt mange andre lag som kunne fått støtte, men vi har plukka ut dykk denne gongen for å styrkja økonomien dykkar, sa styreleiaren også til dei frammøtte.
 
Dette var altså ei utdeling der det ikkje var sendt inn søknad til ulike prosjekt.  Det var styret i Sparebankstiftinga som hadde valt ut laga som fekk denne støtta utan nokon form for søknad.
  • Uskedal Idrettslag vart tildelt kr. 75.000,- .
  • Uskedal Skulemusikk vart tildelt kr. 25.000,-.
 
- Hjelpe meg så heldige vi er, uttalar Monica Hermann i styret i Uskedal skulemusikk og tenkjer på kor viktig støtta frå Sparebankstiftinga er for å oppretthalda eit godt aktivitetstilbod for born og unge.
 
Idrettsorganisasjonar og skulekorps i andre bygder fekk tilsvarande stønader.  Med dette er det løyvd midlar til ni ulike tiltak/prosjekt i Uskedalen frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad denne våren. Det er venta ny søknadsrunde og tildeling til hausten.
 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal/Thor Inge Døssland

Foto: Marius Nissestad - Grenda/Monica Hermann

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
22.06.2020
Byggeløyve på våningshus med carport, 125/7 - Haugland.
Lina Marie og Tor Håkon Haugland har motteke byggeløyve på våningshus med carprot på 125/7 på Haugland. Ansvarleg søkjar er Norgeshus AS. Byggfirma er Kjell Høyland AS. INTO Røyr har alt røyrarbeidet. Alle formelle godkjenningar er på plass. Arbeidet kan ta til straks.

kb
21.06.2020
Namnet på ny sokneprest vert kunngjord på tysdag.
Det er søkjar til prestestillinga i Uskedalen. Namnet vert kunngjord på tysdag i denne veka. Uskedalen har vore utan eigen sokneprest i tida etter at Lina Håland slutta. Vikarprest og andre sokneprestar har fungert i stillinga. Etter at Reidar Ådnanes slutta, har Kjersti Brakestad Boge vore prest i Uskedalen.

kb
21.06.2020
Indremisjonssamskipnaden med live sending frå Uskedalen i dag.
Indremisjonssamskipnaden ( IMS ) har stopp med live sending på Facebook ved Uskedal Bedehus i dag med ulike aktivitetar i det dei kallar Kjør igjøno basar. Seinare i dag er det stopp på Halsnøy. Dei som ynskjer å kjøpa lodd, kan bruka VIPPS: 102696. Mange fine premiar.

kb
21.06.2020
Marknadsføringsmidlar til fornying av uskedalen.no.
Saka om tildeling av marknadsføringsmidlar 2020 er no vedteken i F. skapet. Uskedal Utvikling vart etter søknad tildelt kr. 25.000,- som skal nyttast til oppgradering av nettsida Uskedalen.no til ny nettløysing. Det vart søkt om kr. 100.000,- til fleire profileringstiltak. Før saka vart utsett tilrådde K.direktøren på eit tilskot på kr. 50.000,- Endeleg løyving vart kr. 25.000,-.

kb
Siste Nyhende
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
03.07.2020
Mange vil bu i Ospelunden.
Det verkar som om interressa for Ospelunden byggjefelt berre aukar.  Det er lett å forstå, for etter kvart som nye deler av byggjefeltet vert tilrettelagt, vert det meir og meir tydeleg kor vanvittig flott utsikt det er.  Ein ser i alle retningar, både innover og utover, og ein har utsikt langt uti leia over dei flotte øyane.  Det forklarar nok den store interessa og aktiviteten.
02.07.2020
Kosa seg med slektstreff på Rabben Feriesenter.
Då eg var nedom Rabben Feriesenter onsdag føremiddag, sat ein fornøgd gjeng og kosa seg skikkeleg med frukosten på den nye flotte uteplassen som campingeigar Magne Heggøy har laga i tilknytning til servicebygget.  Smila sat laust hos den trivelege gjengen av slekt og venner frå Gol og Voss som møttest og nytte gode feriedagar i lag.
01.07.2020
Brødrene Musland byggjer storhall i Børnes.
Frå brørne Tore og Roar Musland etablerte entreprenørverksemda Brødrene Musland Maskin for 15 år sidan, har firma utvikla seg til eit solid og høgt repektert entreprenørselskap i dag.  Jamt og trutt har maskinpark blitt fornya og utvida, og siste store investeringa i selskapet er ein stor lager- og garasjehall som no vert bygt på arealet deira i Børnes industriområde.
29.06.2020
To systerskip gjennom Storsund i dag.
To eller fleire prikk like skip vert kalla systerskip. SEADREAM 1 og SEADREAM 2, bygde i 1984 og 1985 i Finland, går på kystcruise denne sommaren og begge skipa er i Rosendal i dag. Skipa kom frå Oslo via Skagen i Danmark og fyrste destinasjon i Noreg er Rosendal. Cruiseskipa tilhøyrer reiarlaget SeaDream Yacht Club ved Atle Brynestad som eigar.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS