Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Skulemusikk i medvind ønskjer fleire aspirantar.

03.06.2020
Klikk på bilete for full storleik
Denne supre gjengen ønskjer å bli fleire.(Koronabilde med avstand.)
 
Uskedal skulemusikk er i god medvind, og etter eit generasjonskifte for eitt år sidan, har dei i løpet av året dobla medlemstalet.  No er dei 14 svært glade musikantar, og dei håpar å få fleire med på laget.  Korpset er så heldige at dei kan gå mot ein ny sesong med dyktige Tor Skeie Olsen som dirigent, og ikkje nok med det!  Dei får dette året også to flinke, kjekke, unge instruktørar som tidlegare har spelt i korpset!
 
Klikk på bilete for full storleik
Det musikalske opplegget i skulemusikken er sikra med denne knallgjengen, Camilla M. Ripel(f.v.), Tor Skeie Olsen og Hanna Tvilde.
 
 
Det er Camilla Myklebust Ripel og Hanna Tvilde som er tilbake i korpset som dei slutta i etter mange kjekke og gode år for eit år sidan. Camilla var siste åra principle-kornettist før ho for eit år sidan reiste til USA som utvekslingsstudent. Året i USA nytta ho godt også i musikalsk samanheng, og spelte heile tida i eit storkorps til ho måtte koma heim att på grunn av koronaen. Hanna Tvilde avslørte seg også som eit musikalsk talent. Første tida trakterte ho althornet betre enn dei aller fleste jamaldringar, men då korpset trong slagverkar, gjekk ho over i rytmeseksjonen. På kort tid lærte ho seg å traktera trommesettet, hovudsakleg ved hjelp av instruksjonsfilmar på youtube, på ein måte som imponerte alle som kjenner til denne vanskelege kunsten. Ikkje rart at dirigenten og styret i skulemusikken jublar over at dei har fått desse to kjekke og talentfulle ungdomane tilbake på laget!! Saman med dirigent Tor Skeie Olsen vert dei ein super trio som kan ta korpset og aspirantopplæringa vidare. Dette blir nok kjekt å delta i, og for oss andre å føgja med på!
 
Det noverande styret arbeider også særs godt. Dei viser stort engasjement, kreativitet og flott innsikt i korpsarbeid. Dei miksar det sosiale inn i den musikalske aktiviteten, og får dermed ei flott utvikling. Sjølv korona-krisa stoppa ikkje denne dyktige gjengen. Medan mange andre korps kutta ut aktiviteten, har dei tilpassa aktiviteten og halde hjula i gang. Først hadde dei digitale øvingar, før dei siste månaden har øvd i strandstova i båthamna. På 17.mai spelte dei på ein måte som imponerte og gledde publikum stort. Då var også årets aspirantar med. Desto meir imponerande.
 
Styret ønskjer altså fleire aspirantar frå hausten. Dei held fram med eiga aspirantopplæring på same måte som den som var så vellukka sist sesong.
 
- Me ynskjer fleire musikantar i bygda vår. Kvifor spela i korps ? JO! Du får læra å spela eit instrument. Alle får vere med på sitt nivå, og me presterer saman. Ved å spele i korps får ungane oppleva eit fellesskap på tvers av kjønn og aldersgrupper og ikkje minst å ha det kjekt saman! heiter det mellom anna i ein uttale frå styret. 
 
Og det gode tilbodet er i tillegg snilt med lommeboka, for styret melder vidare:
-Kontigenten i skulemusikken er kr 500.- for eit år, og då får du opplæring, lån av instrument og ikkje minst vere del av eit positivt fellesskap. Er du interessert, ta kontakt med Monica Hermann på mobnr: 906 35 493 eller Haldis Åkra på mobnr: 970 43 869.
 
Dei som velger å begynna i korps, får ein hobby som dei vil ha glede av heile livet.  Det er veterangjengen i musikklaget eit godt eksempel på.  Der er det musikarar som har spelt på meir enn 70 nasjonaldagar.  Og dei syns framleis at hobbyen er minst like kjekk!  I tillegg er det alltid korps som tar mot med glede når ein flyttar heimanfrå, og ein er sikra nye venner.  
Derfor legg eg til:  Viss korpsungdommar skal flytte til Bergen, må dei sei frå.  Eg er blitt kontakta av gode korps som står klar og ventar med opne armar!
 
 
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Haldis Aakra
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
Fangsresultata vert registrerte på Elveguiden.no
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no. Det er tilgang for alle som er registrerte som brukarar ved å lasta ned ein app. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 8 kg. Nytt namn på elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
Siste Nyhende
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
07.07.2020
Drenering og nye massar før asfaltering.
Det er utført eit stort og omfattande arbeid ved Kunsgrasbanen dei siste veke. Musland Maskin har hatt fleire maskinar i arbeid med masseuskifting, drenering og planering før asfaltering i slutten av denne veka. Det er mellom anna midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjer det mogeleg å ferdigstilla ein ny del av prosjektet Gull av Grus. Løyvinga var på kr. 500.000,-
07.07.2020
Kjenner nokon til denne båten?
Frå tid til anna dukkar det opp ukjende båtar på båtplassene i hamna til Uskedal båtlag.  No har båten på biletet lege i hamna ei tid utan at båtlagstyret har kjennskap til eigaren.  Dei bed difor dei som har kjennskap til båten om å ta kontakt snarast.  Viss ikkje det gjev resultat, seier båtlagsstyret at dei vil ta kontakt med politiet for å undersøkja om dei kan hjelpa til med ei løysing.
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS