Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kvinnherad Vekst er tilbake til ordinær drift med vanlege opningstider.

26.05.2020
Klikk på bilete for full storleik
Kvinnherad Vekstbedrift, avd. Trelast er tilbake til ordinær drift. Det siste er import av ved frå Litauen.
 
Kvinnherad Vekstbedrift er tilbake til ordinær drift og med opningstider slik det er kunngjord på skilt og på heimesida deira. Opningstida på avdeling for trelast er: Kvardagar frå kl. 08.00 til kl. 16.00. Laurdagar: kl. 09.00 til kl. 14.00. Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast i Beinavikjo er godt skilta frå Fylkesvegen og vidare fram til lageret deira i Beinavikjo. På sikt vert alt arbeid knytta til verkstad, ved, betong og trelast samla på Vikjo. Vask og kantine vert verande i noverande lokale.
 

Dei ulike arbeidsgruppene på Kvinnherad Vekstbedrift er tilbake på arbeid. Produksjonen går ikkje for fullt, men det har samanheng med redusert drift hos nokre av kundane. Det gjeld særleg på vask der nokre av oppdragsgjevaren ikkje er tilbake i full drift i ei koronatid.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kvinnherad Vekstbedrift har nyleg kjøpt bil for catering og levering av mat. Kokk og arbeidsleiar for kantine/tekstil, Ann Mari Vågen syner fram den nye bilen.

Levering på jobbfrukt ligg også under tala slik det var på topp, men ein merkar alt no ein oppgang og nye kundar kjem til. Verksemda har fått ny bil for catering og levering av mat. Meir av den maten, som vert seld på Retro, vert produsert i Uskedalen og levert til Husnes kvar dag. Cateringbilen skal berre brukast til mat. Ein større bil vert brukt til transport av kle for vask, møblar og andre gjenstandar til og frå Retro.

 

Kvinnherad Vekst har motteke fem vogntoglass med ved, 5000 sekk i 40 liter sekker. Det er import frå Litauen med bjørkeved av høg kvalitet. Veden vert lagra på Beinavikjo og køyrd ut til kundar etter bestilling. Dette vert gjort i ein periode då det er mindre tilgang på ved i strongar frå bønder. Mild vinter og mindre vedhogst gjer at Kvinnherad Vekst ikkje har fått inn det råstoffet ein treng for å halda kundane med ved.

 

Meir om Kvinnherad Vekstbedrift og framdrifta med å flytta og samla fleire tenester på Beinavikjo kjem i eige innlegg seinare.

 
 
 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
God skilting syner vegen til Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
01.10.2020
Hummarfiske er opna.
Hummarfiske opna i dag, torsdag 1. oktober, kl. 08.00. Uskedalen.no har registrert at ein av dei ivrige hummarfiskarane i Uskedalen var klar til avgang frå kaien sin med teiner kl. 07.30.

kb
01.10.2020
Busstreiken er over - ruter frå kl. 12.00.
Busstreiken er over. Partane kom fram til semje tidleg torsdag morgon. Bussane er, så langt det let seg gjera, i rute frå kl. 12.00. Der gjeld også skuleskyssen.

kb
30.09.2020
Torstein Aarthun er tilsett som kyrkjeverje i Kvinnherad.
Torstein Aarthun ( 45 år ) er tilsett som nytt kyrkjeverje i Kvinnherad etter Erlingur Nielsson. Erlingur sa opp stillinga av helsemessige årsaker. Aarthun har teologisk utdanning og har vore prest i Husnes Prestegjeld. I mange år har han vore personalkonsulent i Kvinnherad kommune.

kb
29.09.2020
Rosa barneparaply funnen i kyrkja.
I våpenhuset i kyrka ligg det alltid litt kle og paraplyar. Soknerådet har særleg merka seg ein liten barneparaply, truleg frå konfirmasjonssundagen, rosa i fargen med påskrifta Dreams in Bloom. Vi reknar med eigaren saknar paraplyen sin. Kontakt redaksjonen i Uskedalen.no. Mobil: 915 31 487.

kb
29.09.2020
Sau står i skardet mellom Ulvanoso og Englafjell.
Var en tur til fjells i går og observerte sau ved Vestredalsvatnet i posisjon
N 59˚52.3012´, Ø 5˚53.7022´. Fint om Dere kan videreformidle informasjon.

mvh
Steinar Størkson
Skeisheia 11
5217 Hagavik
Tel 95406147
28.09.2020
Vil du vera med i Gjestebod for ny kulturminneplan.
Gjestebod er ei arbeidsform som vert brukt for å koma med innspel til kommunale planar. No gjeld det Kulturminneplan for Kvinnherad kommune. Ei gruppe på 4 - 6 personar jobbar nokre timar og finn fram til nokre prioriterte kulturminne i Uskedalen med tanke på vern og formidling. Samlinga er torsdag 1. oktober. Meld frå til underteikna. Anten e-post: kristian.bringedal@gmail.com eller mobil: 915 31 487.

kb
27.09.2020
Berga turgåar i Ulvanoso med helikopter
Ein person på tur til Ulvanoso i Kvinnherad måtte bergast ned av redningshelikopter kring klokka 18 søndag kveld. Skadeomfanget er uklart, men hovudredningssentralen i Sør-Noreg opplyser at ingenting indikerer at vedkomande er alvorleg skadd. Det er NRK Hordaland som melder dette.

kb
26.09.2020
Saknar du katten din - kontakt Karianne Foss på øvre Fet.
Ein ukjend, ung og svart katt er teken hand om på øvre Fet. Saknar du katten din, ta kontakt med Karianne N. Foss på mobil 454.29.558.

Siste: Eigaren har meldt seg og er svært glad og takksam for at Karianne tok ansvar for katten. Alle er nøgde.

kb
25.09.2020
Har du salmeynskje - kom på Salmekveld onsdag 14. oktober kl. 18.00.
Soknerådet saman med kantor Eva Megyesi skipar til ny salmekveld onsdag 14. oktober kl. 18.00. Dersom du har salmeynskje, meld frå til Kristian Bringedal på e-posten: kristian.bringedal@gmail.com. Eller mobil: 915 31 487. Kyrkjekoret Nordsaang og kvartetten ÆRE syng. Eva Megyesi på orgel og klaver.

kb
24.09.2020
Fylkesmannen stadfestar vedtak om avslag i vegsak på Flatholm.
Karl Otto Gravdal klaga på vedtak i Forvaltningsutvalet i møte 11.03.20, sak 2020/21, om å sei nei i søknad om dispensasjon frå LNF krava for å laga tilkomstveg til fritidsbustad på Flatholm, gbnr.123/109. Fylkesmannen stadfestar vedtaket i Kvinnherad kommune, og seier med dette nei til søknad om dispensasjon. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på. 

kb
Siste Nyhende
01.10.2020
Zjakk Frisørsalong aukar bemanninga og har ledig kapasitet.
Zjakk Frisørsalong legg ned på Valen og samlar sine tenester i Uskedalen. På same tid er Heidi Camilla Pedersen tilbake i frisørfaget. Bemanninga er auka og salongen har med dette meir kapasitet. Dei andre frisørane på Zjakk er Ann-Christin Huke og Siv Jorunn Arnfinsen.
30.09.2020
Nytt kyrkjeverje tilsett i Kvinnherad kommune.
Det kom fem søkjarar til stillinga som ny kyrkjeverje i Kvinnherad. På møte i Kvinnherad kyrkjelege fellesråd tirsdag 29. september vart Torstein Aarthun (45) frå Valen tilsett som ny kyrkjeverje.Torstein kom til Kvinnherad i 2003, då han tok til som kapellan i Husnes og Holmedal sokn. I 2008 vart han tilsett som personalrådgjevar i Kvinnherad kommune og seinare vart han leiar for seksjon løn og personal på rådhuset.
29.09.2020
Dag Helland om Koronaviruset i Senioruniversitetet.
Kva er meir naturleg som tema i desse tider enn å snakka og om virus? Difor er dette temaet valt for førelesinga på Kvinnherad senioruniversitet 8. oktober i Rosendal. Førelesaren vert Dag E. Helland som har arbeidd med ulike virusaspekt sidan 1970. Dag Helland har feriehus i Beinavikjo i Uskedalen. Han fiskar og restaurerer eldre robåtar på fritida.
29.09.2020
Stor aktivitet ved NorTekstil, vaskeriet på Valen.
Det er stor aktivitet på Nor Tekstil sin avdeling ved Valen sjukehus. Driftssjef Roy Arne Jensen frå Uskedalen fortel til Uskedalen.no at i denne veka vert eksisterande tørketunell skifta ut med ny. Eininga er på heile 8 meter og veg 6,5 tonn. Investeringa vert gjort som del av ei større oppgradering som går over fleire år.
27.09.2020
Tilbygg og lettare tilkomst til lagshytta Fjelly.
Arbeidet med tilbygg til lagshytta Fjelly er godt synleg. Ramma, reiseverket og taket er på plass. Bordkledning og golv er det neste. Tilbygget skal brukast til lagring av ved og anna naudsynt utstyr. Stien frå Hauglandsfjellet og ned til Mannsvatn er lagt litt om og utbetra på det våtaste plassane. Dugnadsgruppa og hyttestyre har stått for arbeidet.
26.09.2020
Busstreiken er eit faktum - ingen ruter gjennom Uskedalen.
Frå kl. 06.00 i dag er busstreiken eit faktum. Ingen bussar i ordinær trafikk vert å sjå i Uskedalen. Det gjeld all busstrafikk, også skulerutene. Krava til sjåførane går på løn, arbeidstid og sikkerhet. I Skyss sitt rutehefte les vi at Uskedalen har 11 avgangar i kvar retning måndag til fredag. I tillegg kjem skuleskyssen til og frå Steinsletto, Rød og Musland.
25.09.2020
Gapahuken på Flåtene er klar til bruk.
Dugnadsgruppa med Pål Haugland som leiar er i innspurten på arbeidet med gapahuken på Flåtene i Eikedalen. Berre noko lite står att. Det er lagt ned eit stort arbeid, nøye gjennomtenkt i materialval, utføring og plassering. Arbeidet med gapahuken på Klepp på Hauglandsfjellet er i full gang.
24.09.2020
Reguleringsplan - fyrste steget fram mot eit ferdig prosjekt.
Det er varsla oppstart av arbeidet med reguleringsplan for eit utvida aktivitetshus med klatrehall. Uskedal Idrettslag ved Klatregruppa inviterte til eit to timars informasjonsmøte, organisert som som stand, i går. Alt kl. 19.00 var naboar og andre intereresserte møtte fram for å få vita meir om innhaldet og prosessen. Det er rekna fire steg i sjølve prosjekteringa. Fase ein er reguleringsplan.
23.09.2020
Skonnerten IDEAL av Kristiansund i Storsund i dag.
Det var ei staseleg skute som i 15 tida i dag, onsdag 23, september, kom inn Storsund på sin seglas til Rosendal. IDEAL er kopi av skonnerten ROSENHEIM, bygd på Skaaluren Skibsbyggeri 1910. Det vart bygd fire farty av denne typen tidleg på 1900 talet. Originale teikningar frå perioden 1903 - 1910 er lagt til grunn, men bygginga er tilpassa dagens krav til styrke og passasjersertifikat.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS