Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Informasjon om 17. mai - TV sendingar, rebusen, kortesjen og smittevern.

14.05.2020
Klikk på bilete for full storleik
8. mai var dagen for filming og delvis gjennomføring av nokre av programpostane. Bilete syner filming av talen for dagen.
 
Nokre har spurt om meir informasjon om årets 17. mai, praktisk og innhaldsmessig. Her kjem slik informasjon om TV sendingane, rebusen, kortesjen og om smittevern. Det ligg mykje arbeid bak ei gjennomføring av 17. mai slik det er i år. Uskedalen peikar seg ut med eit stort og gjennomtenkt program.
 
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal Musikklag er på plass med minneprogrammet ved Bautasteinen.
1. Digitalt innhald i Kvinnheringen.
  • Det vil bli lagt ut ein artikkel om 17. Mai-feiringa i Uskedalen om formiddagen 17. Mai. 
  • I artikkelen ligg det ein video av programmet, som ein må klikka på for å få spelt av. Det er mulig å koble ein PC til fjernsynet om ein ynskjer å sjå det der. Enten ved bruk av ledning(HDMI), AppleTv, Cromecast eller liknande. Nyare fjernsyn har også nettlesar integrert.
  • Det er fint om nokon kan hjelpa eldre med å få logga seg inn, slik at alle har ein mulighet til å få sjå dette om dei vil. Artikkelen og videoen vil væra open og tilgjengelig for alle, uavhengig av abonnement.
2. Rebusen: 
  • Husk å kjøpa program seinast på laurdag, slik at ein kan delta på rebusen. Svararket og kart ligg inne i programmet. Programmet er også einaste inntektskilde for 17. Mai komiteen i år. Det er flotte premier, og det er is til alle ungane som gjennomfører.
3. Smittevern:
  • Arrangøren er ansvarleg for at det er lister over alle som deltar på arrangement, og at det er maksimalt 50 publikum på kvart arrangement. 
  • Det er viktig at dei som skal delta sender sms til Knut Olav Myklebust, med navn over alle som kjem fra kvar familie. Det er enno nokon som ikke har gjort dette. Dette gjeld både Stemneplassen og ved Bautasteinen.
  • Dei som er inviterte er:
    • Ved Bautasteinen: Foreldre og søsken til 5. klassen.
    • På Stemneplassen: Foreldre og søsken til dei som spelar i skulemusikken, og til talerane.
    • På dei ulike arrangementa må det være minst to meter avstand mellom kvar familie.
4. Kortesjen:
  • Det er flott om folk trekkjer ut til veien og observerer kortesjen når den kjører forbi. Husk å ha minst to meter avstand mellom kvar familie. Kjøreruta blir fra Børnes klokka 14, opp Døsslandssido, ned Kjerlandssido, gjennom sentrum og forbi Korsnes. Kortesjen løyser seg opp sjølv etter å ha passert Rød.
5. Takk til alle som har hjelpt til så langt. I år er det mange som får dobbel 17. Mai feiring, ved at dei allerede har teke del i innspeling av programmet på 17. Mai. Også stor takk til Uskedalen.no, for hjelpa med å nå ut med nødvendig info i år som det er så mykje unormalt.


Tekst: Knut Olav Myklebust
Foto/nett: Kristian Bringedal 
Klikk på bilete for full storleik
Skulemusikken har fått oppdraget med musikk og nasjonalsong på Stemneplassen.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
05.06.2020
Båtlaget opnar Servicebygget.
Uskedal Båtlag opnar Servicebygget etter at det har vore koronastengd. Det er informasjon til alle båtgjester som brukar båthuset. Det er reinhald kvar dag frå kl. 13.00 til kl. 14.00. Alle må syta for god hygiene og elles fylgja sentrale føringar for smittevern. Handibac står klar til bruk.

Uskedal Båtlag
04.06.2020
Kommunal drift av Kalkdoseraren - sak i F.skapet i dag.
Etter forhandlingar med Fylkeskommunen er det no klart for kommunal drift av Kalkdoseraren på Haugland i Uskedalen. Avtalen skal godkjennast av Fomannsskapet i møte, som er i dag, torsdag 4. juni.

kb
03.06.2020
17. mai: Alle vinnarane har meldt seg.
Alle vinnarane frå 17. mai lotteriet har meldt seg. Dermed er alle gevinstane leverte til dei rette personane.

kb
30.05.2020
Thaivogna open i dag, pinseafta, og 2. pinsedag.
Thaivogna er open i dag, pinseafta, laurdag 30. mai og måndag, 2. pinsedag. Stengd i morgon 1. pinsedag grunna arrangement.

kb
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
Siste Nyhende
06.06.2020
Veidekke asfalterte to bruer på ein og same dag.
På fredag i denne veka vart både Døssland Bru og Eikebrua asfaltert. Fresing, planering og klargjering vart gjort i dagane etter 2. pinsedag. MESTA er entreprenøren. Sjølve asfalteringa var det Veidekke som stod for. Det meste av maskinarbeidet er utført av Haugland Maskin. Alt arbeid med forsterking, fundament og rekkverk/ føringskantar var i store trekk gjort for fleire veker sida. Kjølig ver er årsaka til at asfalteringa vart utsett.
05.06.2020
Unge musikarar krydra gåveutdelinga til Sparebankstiftinga.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad inviterte til den andre gåveutdelinga for vårhalvåret i dag på Husnes. Heile 1,2 millionar kroner vart fordelt på 17 ulike lag. Av dei finn vi to frå Uskedalen: Uskedal Idrettslag og Uskedal Skulemusikk. Det var representantar frå begge laga tilstades på utdelinga, og fem unge musikarar frå Uskedalen sytte også for ei flott musikalsk ramme rundt gåvedrysset.
05.06.2020
Svanepar med sju ungar på Stølavikjo.

Ved badestranda på Stølavikjo møter du på eit svanepar med heile sju ungar. Hoa ligg og passar på flokken. Ho markerer plassen med eit fres, men er elles roleg og lite trugande. Hannen ligg ute i vatnet og bryr seg lite. Av to svanesortar, som ruger i Noreg, er dette ei knoppsvane.
04.06.2020
Ny Viking-kontrakt for Harald Nilsen Tangen.
Viking-talentet Harald Nilsen Tangen kan sjå tilbake på ein svært god treningsvinter og ei sesongoppkjøring med mykje speletid og scoringar før koronaen sette ein stoppar også for elitefotballen.  No nærmar det seg start på elitefotballen, og Harald har nett signert ein ny 3-årskontrakt.  Dermed har han kontrakt med klubben ut 2022-sesongen.
04.06.2020
Hus og fritidseigedomar selde i Uskedalen den siste tida.
Det er etter tilhøva god omsetnad på hytter og hus i Uskedalen. Ei hytte og ein fritidseigedom på Skorpo er seld i vår og nyleg er det seld to hus i sentrum. Uskedalen er på mange måtar ei attraktiv bygd i Kvinnherad, ytterst i Hardangerfjorden og fint plassert i høve til regionane Hardanger og Sunnhordland. Mange ynskjer å bu sentralt med kort veg til butikk, skule, barnehage og andre sentrumsfunksjonar.
03.06.2020
Skulemusikk i medvind ønskjer fleire aspirantar.
Uskedal skulemusikk er i god medvind, og etter eit generasjonskifte for eitt år sidan, har dei i løpet av året dobla medlemstalet.  No er dei 14 svært glade musikantar, og dei håpar å få fleire med på laget.  Korpset er så heldige at dei kan gå mot ein ny sesong med dyktige Tor Skeie Olsen som dirigent, og ikkje nok med det!  Dei får dette året også to flinke, kjekke, unge instruktørar som tidlegare har spelt i korpset!
02.06.2020
Elvefiske kan ta til i veke 26, ei veke seinare enn i 2019.
Uskedalselva opnar truleg for fiske i veke 26, kring 23. juni. Det er ei veke seinare enn i 2019. Opninga har samanheng med omorganisering av Elveeigarlaget frå å vera eit lag med begrensa ansvar til å bli eit Samvirkeføretak. Omorganiseringa har vore tema i laget i fleire år. Det er eit krav frå Brønnøysundregisteret. No vert det gjort og alt det formelle skal vera på plass innan nokre veker.
02.06.2020
Skjortefodno i Eikedalen ligg til langt ut i juni månad.
Snøen kom seint i år og den markerte og tydlege Skjortefodno i Eikedalen let venta på seg, men frå februar har fodno vore på plass. Dersom Skjortefodno var stor, sa dei gamle på Eik: Ho er dryge Skjortefodno i år. Det varme veret den siste veka med stor snøsmelting har ført til at fennene rundt Uskedalen minkar dag for dag.
31.05.2020
Samarbeid om bubilplassering har skapt god PR for bygda.
Det går mot ei rekordheld når det gjeld gjester i båthamner og camping i Uskedalen. Vi kan knapt minnast at det har vore så mange tilreisande. Stor pågang av gjester i bubil gjorde at Uskedal Båtlag opna opp for å bruka grøntarealet ved servicebygget til parkering. Dette vart gjort for å avhjelpa Rabben Camping og dermed finna plass til så mange som mogeleg. Parkeringsplassen ved Vertshuset vart også brukt.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS