Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Rebusløypa erstattar barneleikane på 17. mai.

11.05.2020
Klikk på bilete for full storleik
Edel Karin Lægland i 17. mai komiteen syner fram Revolverkanona på Sanden, starten på Rebusløypa på Nasjonaldagen.
 
Frå kl. 09.00 til kl. 19.00 på 17. mai kan du vera med på rebusløype med start ved Revolverkanona på Sanden og mål på Stemneplassen. Løypa går i sentrum, over Dønhaug, over brua ved Dønhaughølen, ned til Kapteinsgarden på Fet, over Skulebrua med endemål på Stemneplassen. Her legg du svararket i ein boks og det er sjølvforsyning av is til alle borna.
 

Edel Karin Lægland er sentral i arbeidet med ei alternativ 17. mai feiring. Medlemer frå Styringsgruppa og 17. komiteen har ein gong i veka hatt møte på Teams. Målet har vore å skapa eit program som sameinar nokre tradisjonar med ei fornying og tilpassing i koronatider.

 

Rebusløypa har 11 postar. På kvar post er det informasjon om historiske hendingar og bygg i Uskedalen. På kvar post er det forma eit spørsmål som ein quiz. Svaret vert skrive på eit svarark. Kartet og svararket er vedlegg i 17. mai programmet. Sidan sal av programmet er den einaste inntektskjelda, ynskjer komiteen at flest mogeleg kjøper programmet. Om ikkje skal det vera ei løysing at kartet og svararket vert lagt på nett og at kvar familie skriv ut sjølve før start.

 
Med 11 postar er endestasjonen Stemneplassen, med sjølvforsyning i døra av is til borna.

Start og spørsmål 1 er ved Revolverkanona. Seinare er det info og spørsmål mellom anna ved Bautasteinen, Helgheim, Brekketoppen, Gardsbarnehagen og Kapteinsgarden. Alle postane er godt synlege på vegg og ingen treng ta på postane. Rebusløypa går heile dagen, dette fordi ein ikkje ynskjer samanstimling av folk.

 

Dei som har levert og lagt svararket i boksen på Stemneplassen innan kl. 19.00, er med i trekkinga av fenalår. Vinnarane vert kunngjorde på Uskedalen.no. Alle vert kontakta personleg.

 
 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Her er skissen over rebusløypa med start pø Sanden og mål opå Stemneplassen.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
05.06.2020
Båtlaget opnar Servicebygget.
Uskedal Båtlag opnar Servicebygget etter at det har vore koronastengd. Det er informasjon til alle båtgjester som brukar båthuset. Det er reinhald kvar dag frå kl. 13.00 til kl. 14.00. Alle må syta for god hygiene og elles fylgja sentrale føringar for smittevern. Handibac står klar til bruk.

Uskedal Båtlag
04.06.2020
Kommunal drift av Kalkdoseraren - sak i F.skapet i dag.
Etter forhandlingar med Fylkeskommunen er det no klart for kommunal drift av Kalkdoseraren på Haugland i Uskedalen. Avtalen skal godkjennast av Fomannsskapet i møte, som er i dag, torsdag 4. juni.

kb
03.06.2020
17. mai: Alle vinnarane har meldt seg.
Alle vinnarane frå 17. mai lotteriet har meldt seg. Dermed er alle gevinstane leverte til dei rette personane.

kb
30.05.2020
Thaivogna open i dag, pinseafta, og 2. pinsedag.
Thaivogna er open i dag, pinseafta, laurdag 30. mai og måndag, 2. pinsedag. Stengd i morgon 1. pinsedag grunna arrangement.

kb
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
Siste Nyhende
06.06.2020
Veidekke asfalterte to bruer på ein og same dag.
På fredag i denne veka vart både Døssland Bru og Eikebrua asfaltert. Fresing, planering og klargjering vart gjort i dagane etter 2. pinsedag. MESTA er entreprenøren. Sjølve asfalteringa var det Veidekke som stod for. Det meste av maskinarbeidet er utført av Haugland Maskin. Alt arbeid med forsterking, fundament og rekkverk/ føringskantar var i store trekk gjort for fleire veker sida. Kjølig ver er årsaka til at asfalteringa vart utsett.
05.06.2020
Unge musikarar krydra gåveutdelinga til Sparebankstiftinga.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad inviterte til den andre gåveutdelinga for vårhalvåret i dag på Husnes. Heile 1,2 millionar kroner vart fordelt på 17 ulike lag. Av dei finn vi to frå Uskedalen: Uskedal Idrettslag og Uskedal Skulemusikk. Det var representantar frå begge laga tilstades på utdelinga, og fem unge musikarar frå Uskedalen sytte også for ei flott musikalsk ramme rundt gåvedrysset.
05.06.2020
Svanepar med sju ungar på Stølavikjo.

Ved badestranda på Stølavikjo møter du på eit svanepar med heile sju ungar. Hoa ligg og passar på flokken. Ho markerer plassen med eit fres, men er elles roleg og lite trugande. Hannen ligg ute i vatnet og bryr seg lite. Av to svanesortar, som ruger i Noreg, er dette ei knoppsvane.
04.06.2020
Ny Viking-kontrakt for Harald Nilsen Tangen.
Viking-talentet Harald Nilsen Tangen kan sjå tilbake på ein svært god treningsvinter og ei sesongoppkjøring med mykje speletid og scoringar før koronaen sette ein stoppar også for elitefotballen.  No nærmar det seg start på elitefotballen, og Harald har nett signert ein ny 3-årskontrakt.  Dermed har han kontrakt med klubben ut 2022-sesongen.
04.06.2020
Hus og fritidseigedomar selde i Uskedalen den siste tida.
Det er etter tilhøva god omsetnad på hytter og hus i Uskedalen. Ei hytte og ein fritidseigedom på Skorpo er seld i vår og nyleg er det seld to hus i sentrum. Uskedalen er på mange måtar ei attraktiv bygd i Kvinnherad, ytterst i Hardangerfjorden og fint plassert i høve til regionane Hardanger og Sunnhordland. Mange ynskjer å bu sentralt med kort veg til butikk, skule, barnehage og andre sentrumsfunksjonar.
03.06.2020
Skulemusikk i medvind ønskjer fleire aspirantar.
Uskedal skulemusikk er i god medvind, og etter eit generasjonskifte for eitt år sidan, har dei i løpet av året dobla medlemstalet.  No er dei 14 svært glade musikantar, og dei håpar å få fleire med på laget.  Korpset er så heldige at dei kan gå mot ein ny sesong med dyktige Tor Skeie Olsen som dirigent, og ikkje nok med det!  Dei får dette året også to flinke, kjekke, unge instruktørar som tidlegare har spelt i korpset!
02.06.2020
Elvefiske kan ta til i veke 26, ei veke seinare enn i 2019.
Uskedalselva opnar truleg for fiske i veke 26, kring 23. juni. Det er ei veke seinare enn i 2019. Opninga har samanheng med omorganisering av Elveeigarlaget frå å vera eit lag med begrensa ansvar til å bli eit Samvirkeføretak. Omorganiseringa har vore tema i laget i fleire år. Det er eit krav frå Brønnøysundregisteret. No vert det gjort og alt det formelle skal vera på plass innan nokre veker.
02.06.2020
Skjortefodno i Eikedalen ligg til langt ut i juni månad.
Snøen kom seint i år og den markerte og tydlege Skjortefodno i Eikedalen let venta på seg, men frå februar har fodno vore på plass. Dersom Skjortefodno var stor, sa dei gamle på Eik: Ho er dryge Skjortefodno i år. Det varme veret den siste veka med stor snøsmelting har ført til at fennene rundt Uskedalen minkar dag for dag.
31.05.2020
Samarbeid om bubilplassering har skapt god PR for bygda.
Det går mot ei rekordheld når det gjeld gjester i båthamner og camping i Uskedalen. Vi kan knapt minnast at det har vore så mange tilreisande. Stor pågang av gjester i bubil gjorde at Uskedal Båtlag opna opp for å bruka grøntarealet ved servicebygget til parkering. Dette vart gjort for å avhjelpa Rabben Camping og dermed finna plass til så mange som mogeleg. Parkeringsplassen ved Vertshuset vart også brukt.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS