Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Medlem i Eldrerådet, Magne Huglen, bed eldre ta kontakt.

27.03.2020
Klikk på bilete for full storleik
Magne Huglen, medlem i Eldrerådet, bed eldre ta kontakt.
 
Medlem i eldrerådet, Magne Huglen, fortel at han ikkje har blitt kontakta av folk som treng spesiell hjelp i pandemi-situasjonen, og at han håpar at ingen eldre brenn inne med spørsmål. Framleis er ikkje det nye styret i eldrerådet valt, men på Kvinnherad kommune sine heimesider er det sett ein digital møtedato for eldrerådet i starten av april.  
 
 

Det er fem faste medlemer og like mange vararepresentantar. 

Magne Huglen oppmodar no dei eldre i kommunen til å ta kontakt med han, eller nokre av dei andre medlemene i eldrerådet, dersom det er noko ein lurar på angåande den pågåande situasjonen, eller andre innspel ein vil ha formidla til kommunen. 

– Vi skal vera eit talerøyr og rådførande organ for dei eldre, og vi håpar ikkje at det er nokon som brenn inne med noko no, seier han over telefonen. 

 

Risikogruppa

Både alderen og den nyleg avslutta kreft-benhandlinga gjer at Huglen sjølv, i dobbel forstand, er ein del av risikogruppa.

– Eg har snakka med fleire som har sete seg sjølv i heimekarantene eller isolasjon. Det var igrunn planen min også, fortel Huglen.

Eldrerådmedlemen har intrykk av at dei eldre tar situasjonen med fatning, og er flinke til å ta forholdsreglar.

 

– Dei har vore gjennom eit langt liv, og alle eg har snakka med er flinke til å beskytta seg, forklarar han, som samstundes håpar at dei eldre no får den informasjonen dei treng. 

 

– Eg ser sjølv at det kan vera vanskeleg å følgja med på, og forstå rettningslinjer ein får frå øvre hald. No er mange av dei eldre allereie på nett, men eg håpar at resten også får viktig informasjon. 

 

Han oppmodar nok ein gong eldre med spørsmål om den pågåande virus-situasjonen, eller berre generelle innspel, om å ta kontakt.

 

– Det er som sagt dei vi er her for, avsluttar den ferske eldrerådmedlemen.

 
 

Tekst: Frå kommunen si heimeside

Foto: Grenda

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
30.05.2020
Thaivogna open i dag, pinseafta, og 2. pinsedag.
Thaivogna er open i dag, pinseafta, laurdag 30. mai og måndag, 2. pinsedag. Stengd i morgon 1. pinsedag grunna arrangement.

kb
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
22.05.2020
MF MATRE er tilbake i Uskedalen.
MF MATRE er tilbake i Uskedalen etter tur til Skånevik og testing på alle dei tre ferjekaiane. Det har nokre dagar vore prøvetur og opplæring på det faste mannskapet som til vanleg er på ferja  Utåker - Matre - Skånevik.

kb
21.05.2020
Minner om Heilagdagsfreden.
Ein lesar minner oss på det som er skrive i Norsk lov om Heilagdagsfreden. I dag på Kristi Himmelfartsdag har det vore mange bensindrivne hagemaskinar å høyra, frå fritidsbustader og frå fastbuande. Det har vore mykje lyd frå kl. 09.00 og utover dagen.

kb
21.05.2020
Nilsen Tangen har fått tilbod om ny kontrakt.
Harald Nilsen Tangen(19), barnebarnet til Hjørdis og Harald på Sanden, har fått tilbod om ny kontroakt med elitedivisjonsklubben Viking.  Trenar Bjarne Berntsen er svært interessert i å ha ungguten med vidare.  Trenaren uttalar til Stavanger Aftenblad at Harald har vore kjempepositiv, han har vore svært god i heile vinter og han tar ein heilt annan plass no.  Harald ønskjer på si side å utvikla seg i Viking, han er tolmodig og håpar på tilbod frå utlandet om 5 år.  Dermed skulle det liggja godt an til at dei blir samde om kontraktforlenging. 

tid
Siste Nyhende
31.05.2020
Samarbeid om bubilplassering har skapt god PR for bygda.
Det går mot ei rekordheld når det gjeld gjester i båthamner og camping i Uskedalen. Vi kan knapt minnast at det har vore så mange tilreisande. Stor pågang av gjester i bubil gjorde at Uskedal Båtlag opna opp for å bruka grøntarealet ved servicebygget til parkering. Dette vart gjort for å avhjelpa Rabben Camping og dermed finna plass til så mange som mogeleg. Parkeringsplassen ved Vertshuset vart også brukt.
30.05.2020
30.000 til flott dugnadsprosjekt.
For eit par år sidan vart det etablert ei dugnadsgruppe etter initiativ frå Pål Haugland.  Gruppa har hatt fast møtetid om torsdagane, og har hatt mange prosjekt til nytte for Uskedalen.  Fredag ettermiddag vart dei tildelt 30.000 kroner frå Sparebankstiftinga Kvinnherad til eit prosjekt som vil bli til stor glede for turgåarar; - gapahuk på Flåtene.
30.05.2020
Startar opp med gudstenester etter koronastenging.
Vi har vore gjennom ei spesiell tid der alle gudstenester i kyrkjene har vore avlyst. Kyrkja har stått saman med resten av samfunnet i den store dugnaden for å avgrensa smitte av korona. Når vi no på nytt kan invitera til gudsteneste, må vi gjera vårt til at det kan skje på ein trygg måte. I Uskedal kyrkje er benkene merka for å halda på ein meters avstand.
30.05.2020
Solskinsmusikk ved Spar!
Det har vore ei strålande pinstiafta, og det passa då svært godt at veteranane i Uskedal musikklag brukte litt av dagen til å spreie glede med glade blåsetonar ved Spar Uskedalen. Musikken samla godt med tilhøyrarar som ved applaus og tilbakemeldingar viste at dei sette pris på den uformelle konserten på ni nummer.
29.05.2020
SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad med tildeling til 7 prosjekt i Uskedalen
Det vart i dag tildelt midlar frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad til heile sju prosjekt i Uskedalen. Fem av tildelingane går til ulike tiltak i Uskedal Idrettslag. I tillegg er det løyvd midlar til Uskedal Musikklag ( nye instrument ) og Uskedal Utvikling - dugnadsgruppa. På samkoma i dag på Husnes var 10 prosjekt av totalt 38 plukka ut for overrekking av gåvebrev. Dei 27 andre mottek brev med informasjon om overføring av midlane. 
28.05.2020
Leigetakarane er tilbake i reiret sitt i takstigen hos Birger Myklebust.
Måsen er på plassen sin i same reiret slik det har vore dei siste åra. Birger Myklebust eig og bur i huset og det same skjer kvart år om lag på same tida. Det er ein fiskemåse, eit par der hannen og hoa byter på å ruga. Hekketida er frå 24 til 28 dagar og ungane er flygeferdige på 4 - 5 dagar. Birger snakkar med måsen kvar dag, noko som gjer at den ikkje er aggressiv og pågåande. Det er med andre ord eit godt forhold mellom eigar og leigar.
27.05.2020
Hugs at det er generell bandtvang på hund i Kvinnherad.
Lause hundar og manglande respekt for Hundeloven § 6, bandtvang, er ein gjengangar av ei sak på uskedalen.no. No gjeld det lause hundar på elvekanten der det for tida er stokkender med ungar, særleg i område elvosen, Djupehølen og på begge sider av elva på Leite og i Holmane. I utmarka er hjortekalvinga i gang. Det er alt kome storfe på beite, til dømes i område der ein går tur i skogsvegen på Haugland. Lov om hundehald  (Hundeloven) er presis og klar på kva omsyn og plikter hundeeigar har i høve til ålmugen, andre dyr og menneske.
27.05.2020
Har nokon kjennskap til Andreas Christian Wernøe frå krigsåra.
Motstandsmannen Andreas Christian Wernøe var i Kvinnherad i 1943, truleg også i Uskedalen. Artikkelen Menneske, tiden og tanken er skriven i Uskedalen 28. oktober 1943, eit halvt år før han omkom. Han vart arrestert april 1944 og sat på Gestapohuset  i Bergen. For å ikkje røpa viktig informasjon om etterretningstenesta og motstadnsorganisasjonen kasta han seg ut frå eit vindauga i stor høgde og døydde av skadene. Han er gravlagd på Møllendal kyrkjegard, Bergen.
26.05.2020
Klatre- og fjellsportsamling i Uskedalen, 12. - 14. juni
Det vert klatre- og fjellsportsamling  i Uskedalen 12. til 14. juni. Samlinga er for  klatrarar og dei som vil utforska fjella i område til fots. På heimesida til Bergen og Hordaland Turleg les vi at Uskedalen i Kvinnherad byr på alt frå korte til lange, alt frå lette til vanskelege klatreruter på bombefast granitt. Helga vert brukt til å utforska fjellveggene i vakre omgivnader.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS