Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Gjenvalg av styret, men ny leiar.

17.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Kristian O. Bringedal skal leia Friluftslaget saman med denne gjengen det kommande året. Vidare f.v: Trond Johannes Myklebust, Tormod Myklebust, Einar Gjertsen, Ove Myhre, Jofrid Eik og Audun Eik.
 
Heile styret med varafolk vart attvalde, men det vart leiarskifte då Uskedal friluftslag hadde årsmøte i møtelokala på Stemneplassen måndag kveld. Ove Magne Myhre som har vore leiar i ei årrekkje takka for seg, og vart avløyst av ein annan friluftslagsveteran, Kristian Bringedal, i leiarvervet.  Myhre held fram som styremedlem.
 
Frammøtet var betre enn på fleire år, og 7 av dei 10 medlemslaga stilte med utsendingar til årsmøtet.  Ove Magne Myhre var ordstyrar, og skrivar Kristian Bringedal la fram årsmeldinga som mellom anna fortalde at det hadde vore utført utsiktsrydding og vegetasjonspleie ved hjelp av midlar til utsiktsrydding løyvt gjennom landbrukskontoret.  Uskedal elveeigarlag og Uskedal utvikling stod bak søknaden om desse midlane saman med Friluftslaget.  Arbeidet vart utført med arbeidskraft gjennom Kvinnherad avløysarlag medan risdungen vart køyrt vekk på dugnad av Uskedal bondelag. Styret og medlemmer i Dugnadsgruppa deltok i dette arbeidet.
 
Den årvisse forsommarkonserten vart utsett til august, og på grunn av veret måtte den flyttast til båtlagsstova i båthamna.  Der opptredde Mari Bjelland og Rustne Menn i tillegg til musikklaget. Det vart svært vellukka.
 
 
Det var vanleg vårdugnad før 17.mai, og elles har styret sytt for plenslåing og nødvendig vedlikehald.  Det vart søkt Sparebank1 stiftinga om tilskot til turvegar opp til Skårhaug, men laget fekk dessverre avslag.
 
Rekneskapet fortel at laget treng alle inntekter det kan få. I tillegg til tidlegare nemnde tilskot(17.660,36) er gåver/støttemedlemskap(7.600,-) og inntektene frå konserten i båthamna(8.160,-) beste inntektskjeldene.  Årsmøtet var samde om at det måtte sendast ut oppfordring til bygdefolket om å bidra med støttemedlemsskap, og senda ut påminning til medlemslaga om å betala medlemskontigenten.
 
Lokala er ypperleg eigna til møte, og dei vert i tillegg leigt ut til bursdagar og andre selskap og slutta lag.  Det er også nystemt piano i lokalet.  Leiga er svært rimeleg, 300 kr pr. gong eller 1200 kr for eit år.  I tillegg er det utleige av bord, stolar og høgtalaranlegg.
 
Lokala treng heilt nødvendig opprustning på grunn av fukt. Det er henta inn kostnadsoverslag, og styret skal søkja tilskot/gåve for å få gjennomført dette.
 
Den årvisse sommarkonserten er i år sett til torsdag 11.juni.  Det vert dugnad før 17.mai.  Dato for denne og andre tiltak vert sett på det første styremøtet i midten av mars.
 
Valget for 2020 gav dette utfallet:
Kristian O. Bringedal (leiar)
Jofrid Eik, Ove Myhre, Audun Eik og Einar Gjertsen (styremedlemmer)
Trond Johannes Myklebust og Tormod Myklebust (varafolk)
Ståle Eik og Hans Reidar Kjærland (revisorar)
 
 
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
08.04.2020
Open kyrkja 1. påskedag kl. 19.30 - kl. 21.00.
Det vert open kyrkja i Uskedalen 1. påskedag frå kl. 19.30. Det høve til å ta turen til kyrkja for ei stille stund, lystenning, litt musikk og evt. salmesong. Open kyrkje skal meldast inn til Bispen i Bjørgvin med dokumnetasjon for smittehindrande tiltak. Medlemer frå soknerådet vil vera med.

kb
08.04.2020
Kollisjonsskada bil parkert i sentrum.
Ein kollisjonsskada bil er parkert på vegkanten ved leileghetsbygget til Sunnhordland Eiendom as. Vi kjenner ikkje til denne hendinga på noverande tidspunkt. Det er heller ikkje skrive noko på Vest politidistrikt si side.

kb
08.04.2020
Ingen kultur- og idrettsarrangement i tida fram til 15. juni.
I tida fram til 15. juni er det forbod mot kultur- og idrettsarrangement. Ny vurdering vert gjort kring 1. mai om kva som vil skje med festivalar og andre arrangement resten av sommaren.

kb
07.04.2020
Nytt selskap registrert i mars månad.
Det er registrert eit nytt selskap i Uskedalen i mars månad. Det er Techvel Stensletten med innehavar Kenneth Nilsen Stensletten. Selskapet er eit enkeltmannsføretak med føremålet: Reperasjonar av maskinar.

kb
05.04.2020
Trafikkulukke i Lio i Herøysundet.
Kring kl. 18.00 i dag, sundag 5. april, køyrde ein bil i autovernet ved det gamle huset som ligg tett ved vegen i Lio i Herøysundet. Naudetatane kom raskt til plassen og har avslutta sitt arbeid. Bilførar er teken med til legevakt for blodprøve etter mistanke om ruskøyring. Det er Vest Politidfistrikt som melder dette på sin logg.

kb
04.04.2020
Kø for å kjøpa poteter i dag.
Det var til tider kø i dag ved Ola Korsvik sin potetbil. Mange trufaste kundar ville sikra seg gode poteter, egg, agurk, gulrot, norske tomater, eple m.m. Opningstida var frå kl. 08.00 og alt kl. 08.30 strøymde kundane på. Alle hugsa på avstanden på 1 - 2 meter.

kb
03.04.2020
30 handlenett selde på ein dag.
Alt den fyrste dagen er det selde 30 stk. handlenett. Sjå innlegg med bilete. Det er med andre ord 70 handlenett igjen. Ver rask om du vil sikra det eit lokalt produkt, designa av Monika Hansen, busett i Uskedalen. Monika driv Mokka Design. Handlenettet vert seld på SPAR Uskedalen. Pris: kr. 200,-

Uskedal Utvikling
02.04.2020
Øystein Skjæveland - varaplass til styret i Noregs Mållag.
Dersom Landsmøte i Noregs Mållag støttar innstillinga frå valnemnda, vert Øystein Skjæveland varamedlem i styret 2020 - 2022. Skjæveland bur i Herøysundet, driv eit småbruk og er mannen bak den lokalproduserte isen frå Isrosa. Han er utdanna journalist og naturvitar og har vore og er styremedlem i Kvinnherad Mållag.

kb
02.04.2020
Kjøper gardsbruk på Eik.
Astrid Kristoffersen Berli og Bjørnar Kristoffersen Berli kjøper gardsbruk 133/3 på Eik. Seljar er Else Marie Eik og Nils Bjarne Eik. Kjøpesummen er 3,3 mill. kr.

kb
01.04.2020
Vegarbeid ved gangfelt
I samband med etablering av intensivbelysning i gangfeltet ved skulen, blir det i kveld og natt gravearbeid i område. Det skal gravast grøft over fylkesvegen. Vegen vert delvis stengt. Arbeidet tek til om lag kl. 19.

hoø
Siste Nyhende
09.04.2020
Ver merksame på hjort og rådyr langs Fylkesvegen - køyr forsiktig.
Ei rådyrgeit vart påkøyrt ved Kleivadalssvingen onsdag morgon. Klara Bakke i Kvinnherad Ettersøkslag presierer at det er mykje dyr langs Fylkesvegen i Uskedalen og at ein må vera merksame på faren for påkøyring. Statistikken syner at det vert påkøyrt om lag like mange av kvart slag, rådyr og hjort, i Kvinnherad.
08.04.2020
Gå på bamsejakt i påsken - eit kreativt tiltak i Uskedalen.
I desse koronatider dukkar det opp mange positive og kreative tiltak. Nokre stader i landet set dei ut ein eller fleire bamsar i eit/ fleire vindauga i kveld. Så skal foreldra med born gå på bamsejakt og telja kor mange bamsar dei ser rundt omkring i Uskedalen. Ideen kjem frå Mosjøen og tiltaket vert iverksett frå i kveld, onsdag før Skjærtorsdag.
08.04.2020
Kunstgrasbanen opnar, men framleis med restriksjonar.
Banemeister og leiar i Uskedal Idrettslag, Christoffer Fossli, melder frå om at Kunstgrasbanen er open for bruk. Det er ein føresetnad at alle rettar seg etter tilrådingane frå Norges Fotballforbund. Informasjon og bruksreglar vert gjord kjend ved oppslag i område.
08.04.2020
Elins Matgleder i Uskedalen - ope i dag, onsdag, og på påskeafta.
I dag, onsdag i påskeveka, og på påskeafta er det ope på Elins Matgleder i Uskedalen i tidsperioden kl. 10 til kl. 16. Elin skriv på Facebooksida si at ho har eit variert vareutval som til dømes grovbrød, loff, surdeigsbrød. kveitestenger, boller, kaker og mykje meir. Du kan tinga Take away pizza frå Uskedalen i dag.
07.04.2020
Intensivbelysning i gangfeltet ved busslomma.
Som ein del av trafikksikringa i Uskedalen er det montert intensivbelysning i gangfeltet ved busslomma i sentrum. Lyset var i bruk frå i går kveld. måndag 6. april. Frå før er det same gjort i vegkrysset i Korsneset og langs vegen ved Ospelunden. All montasje er gjort av BKK med Hans Ordin Østebø som prosjektansvarleg.
06.04.2020
Påskehandel på SPAR med tilbod om varekøyring og henting av varer.
SPAR Uskedalen er klar for påsken. Det er rikeleg med varer. Ferskvaredisken bugnar av gode og smakfulle rettar. SPAR lagar til varer på bestilling. Kundane kan melda frå på telefon 534 86 137 eller senda e-post: spar.uskedalen@spar.no


Opningstida i påsken er: Måndag - onsdag: kl. 06 - 22. Påskeafta: kl. 08 - 16.
06.04.2020
To av sju medlemer i Ungdomsrådet kjem frå Uskedalen.
Hanna Tvilde ( 18 år ) og Nikolai Strüter Vågen ( 14 år ) er valde inn som faste medlemer i Ungdomsrådet 2020 - 2022. Valet vart gjort av Kommunestyret i møte sist torsdag. Det var 12 kandidatar. Ungdomsrådet har 7 faste medlemer og fem varamedlemer. Ungdomsrådet har sin eigen sekreter som skal stå for opplæring og tilrettelegging. Budsjettet er på kr. 50.000,-
06.04.2020
Alle seksjonane i leileghetsbygget er utleigd.
Alle dei seks seksjonane i leileghetsbygget Uskedalsvegen 510 - 512, også kalla Mollobygget, er utleigd og vert brukte. Frå oktober 2018 til ut heile 2019 var bygget utleigd til Consolvo i samband med utbygginga på Hydro, Husnes. Ein seksjon har heile tida vore til disposisjon for eigaren Sunnhordland Eigedom as.
04.04.2020
Påskehelsing frå leiaren i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg.
Uskedal Utvikling vil med dette ynskja alle GOD PÅSKE. No har Coronaviruset prega dagane og vekene. Det har vore ei spesiell tid for alle. Dette er noko vi har merka på ulike måtar.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Byggeriet
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS