Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Bygde veg og kortbaneflyplass i Svea på Svalbard.

10.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Jarleiv Eikeland var maskinkøyrar på anlegget i Svea. Her syner han fram bilete frå den tida.
 
Jarleiv Eikeland og Einar Tysdal frå Uskedalen var i Svea 1974 for entreprenørfirma G. Røssland på Husnes. Harald Opdal frå Tysnes og Nils Gunnar Markhus var også med. Dei budde i Uskedalen nokre år på den tida. Eikeland var med det eine året, Tysdal var oppe nokre sesongar til. Arbeidet i Svea var vegbygging frå lageret ved tunnelen fram til ny utskipingskai. Dessutan laga dei ein mindre demning og la ut massar til ein kortbaneflyplass.
 
Klikk på bilete for full storleik
Lastebilsjåfør Einar Tysdal var på Svalbard fleire sesongar på 1970 talet.

Jarleiv minnest godt tida på Svalbard, frå juni til oktober månad. Turen opp gjekk med fly til Tromsø via Fornebu og Bardufoss og vidare med hurtigruta til Longyearbyen. Så var det 8 timars båttur til Svea med sysselmannen sitt farty NORDSYSSEL. Returen gjekk med fly frå den nye flyplassen, som rett nok offiselt vart opna av Kong Olav 2. september 1975. Han hugsar godt heimreisa. Flyet måtte gjera vendereise to gonger grunna dårleg ver. Røssland sine arbeidarar låg på ein benk på flyplassen og var klar for avreise på kort tid.

 
Klikk på bilete for full storleik
Svea ligg inst i Van Mijenfjorden. Gruva vart nedlagt nokre år etter år 2000.

Arbeidarane budde i brakke i Svea. Store Norske hadde kokk og stod for forpleining. Dei gjekk 12 timars skift dag og natt, bortsett frå laurdagen. Då gjekk dei frå kl. 06 til kl. 18. Jarleiv Eikeland var maskinkøyrar. Einar Tysdal var lastebilsjåfør.

Alt utstyret vart frakta med to båtar frå Bogsnes på Husnes til Svea. Det var to bulldosarar, to gravemaskinar, to hjullastarar og mykje anna utstyr. Fem lastebilar vart leigde inn, ein hadde Røssland sjølv.

 

Håkon Røssland fortel til Uskedalen.no at G. Røssland hadde arbeid på Svalbard i perioden 1975 til 1978, bortsett frå 1976. I 1976 var det stor usikkerhet på Svalbard. Det hadde samanheng med skipsreiar Hilmar Reksten, som var inne med aksjar i drifta, og som fekk vanskar økonomisk.

 

Etter arbeidet var ferdig i Svea, fekk Røssland mykje arbeid i Longyearbyen, mellom anna med fundamentet til kolkraftverket, hamnelageret, veg fram til innslaget i Gruve 7 og andre oppdrag for å betra infrastrukturen i byen. Håkon stakk sjølv vegen fram til gruve 7.

 

Den 2 - 3 km lange vegen i Svea fram til ny utskipingskai var for å kunna ta større skip, opp til 20 000 dwt. Svea var i drift fram i mange år etter den store investeringa. Det var god drift og god produksjon av reint kol til marknaden i Europa. I dag er det berre drift i Gruve 7 og delvis i Barentsburg.

 

Anita Tysdal, dotter til Einar, minnest godt tida faren var på Svalbard. Mor hennar, Alfhild, fekk tur til Svalbard for å besøka mannen. Magnhild Eikeland minnest godt at ved heimreisa spanderte Gunnar Røssland reise og hotell i Bergen på alle ektemakane. Alle stod klar på Flesland då flyet landa.

 

Totalt hadde G. Røssland 30 mann i arbeid på Svalbard. Det vart ein stor kontrakt.

 

Ja, det var tider det !

 
 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Jarleiv syner foto då dei matar isbjørnen frå handa, tett ved brakka.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.02.2020
Møte i stadnamngruppa i dag, Uskedal skule kl. 17.00.
Stadnamngruppa i Kvinnherad Sogelag held fram arbeidet med å retta namn på kart. Ei rekkje ressurspersonar frå ulike bygder er innkalla til nytt møte i dag torsdag 27. februar kl. 17.00 i Uskedal skule. Med på møte vert Peder Gammeltoft frå Universitetet i Bergen, Anita Lykkja og Johan Feet frå Kvinnherad kommune.

kb
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 18. mars kl. 19.00.
Årsmøte i Uskedal Utvikling er onsdag 18. mars kl. 19.00 i Gamleskulen. Leiar, to styremedlemer og tre varamedlemer står på val. To styremedlemer står ikkje på val. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og melding om drifta av nettsida Uskedalen.no. og Gamleskulen.

kb
25.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen i morgon, 26.02.20.
Det er nydelege forhold i Fjellhaugen skisenter, og skitrekket vert ope for kveldskjøring onsdag kl. 17.30 - 21.

tid
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars, straks etter gudstenesta.
Det vert årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars kl. 12, straks etter gudstenesta. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og ein plan for gudstenester og andre aktivitetar i 2020. Møte er ope for alle medlemer i Den norske kyrkja. På sjølve gudstenesta er Arne Nataas liturg. Organist er kantor Eva Megyesi. Offergåva går til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

kb 
25.02.2020
Harald Nilsen Tangen på G19 landslaget.
Harald Nilsen Tangen er tatt ut til landslagssamling med G19 landslaget.  Det er første gong det Uskedals-ætta fotballtalentet er tatt ut på G19, men han har tidlegare hatt heile 31 landskampar for yngre fotballandslag.  Harald har hatt ei svært god sesongoppkjøring med klubben sin Viking.  Han har spelt mykje og scora fleire mål.  Meir om bakgrunnen hans kan de lesa HER.

tid
24.02.2020
Neste allsong på Kafe Tiaren vert tysdag 3. mars.
Dette er ei melding frå Rustne Menn om at allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke, til tysdag 3.mars kl. 12.00. Vi ser fram til lysare tider med vårsongar. Velkomne.

kb
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
22.02.2020
Tomtegrop i Halsabrotet skal sikrast.
Ei tomtegrop på 122/8 i Halsabrotet skal sikrast, slik det går fram av brev frå seksjon forvaltning i Kvinnherad kommune til eigar. Arbeidet skal gjerast innan 1. mars 2020. Det skal setjast opp eit permanent gjerde for å hindra fall eller utforkøyring i bratt skrent ned til byggetomter.

kb
Siste Nyhende
27.02.2020
2019 - eit godt år for Lio Sag & Treforedling AS
Lio Sag & Treforedling med dagleg leiar, Rune Myklebust frå Uskedalen, kan syna til eit godt driftsår i 2019. Dotter hans, Kristine Heimvik, er avdelingsleiar på Husnes og begge er godt nøgde med omsetnaden og drifta. Plasseringa på Husnes er god. Verksemda er godt synleg frå Fylkesvegen og med endå betre skilting, skal det vera lett å finna Byggtorget.
26.02.2020
Ver merksam på opne vatn og utrygg is på fjellet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma mellom og under.

26.02.2020
FLOR frå Voss inviterer til Kvinnekveld på Dønhaug, i kveld kl. 19.30.
FLOR saman med Landbrukskontoret i Kvinnherad inviterer til Kvinnekveld i Dønhaugkjedlaren i kveld, onsdag 26. februar, kl. 19.30. FLOR frå Voss lagar arbeidskle for kvinner. Dagleg leiar er Kristin Lemme. Ho er bonde og driv verksemda FLOR.
25.02.2020
Hugs søknadsfristen til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad deler ut gåver til ålmennyttige føremål vår og haust. Søknadsfristen for vårtildelinga er tysdag 3. mars 2020. Ferdig skriven søknad med vedlegg må vera stiftinga i hende innan utgangen av tysdagen. Fleire gode prosjekt frå Uskedalen er sidan oppstaten tildelt gåver.
24.02.2020
Morgonstund i Uskedalen.
Marius Mathisen, son av tidlegare redaktør Ola Matti Mathisen, er ein svært dyktig slagverkar, og han har opp gjennom åra spela med ulike band, og med svært mange kjende og dyktige musikarar.  Han har reist svært mykje, men favorittstaden hans når han skal slappa av er utvilsamt Skansen på Neset her i Uskedalen.  No har han sendt oss ein vakker video med musikk til som stadfestar dette.
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS