Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Endeleg vart det skirenn!!

06.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Flotte forhold og ein idyllisk kveld i Fjellhaugen.
 
Vergudane har slett ikkje vore på skientusiastane si side denne vinteren.  Regnet og mildveret har gjort det umogeleg å arrangera skirenn, og dermed har dei første lokale renna på terminlista blitt avlyst.  Tysdag kveld var det endeleg klart for renn, og då kunne det skje i nydeleg vinterver med flotte løypeforhold.  Skigruppa i Uskedal IL var arrangør.
 
Klikk på bilete for full storleik
I dei flotte løypene var det full fart frå start.

 
Kvelden og natta i førevegen kom det 20-30 cm med nysnø, og etter framifrå jobb med løypeprepareringa av Olav Gunnar Hjelmeland, var det nær ideelle forhold for rennet.  I tillegg var det vel den finaste vinterkvelden til no i år.  Ramma var dermed perfekt, og det fortente verkeleg dei driftige arrangørane som heiv seg rundt og inviterte til renn då dei såg at verutsiktene kunne gi ein mulighet for renn.
 
Mangeårig eldsjel i langrennsmiljøet i Kvinnherad, Knut Johannes Ripel, kan fortelja at ein må tilbake til 2013 for å finna ein sesong då første rennet har blitt arrangert så seint på vinteren.  Då vart det første av fire renn arrangert 17.februar.
 
Rennet var gjekk i fri teknikk med løypelengder frå 830 meter til 5 km, og det vart ei kjekk oppleving for deltakarane som kom frå Rosendal, Omvikdalen og Ternen i tillegg til arrangørklubben.  Rundt 40 deltok med tidtaking.  I tillegg kom dei som var med i barneskirenn og trimklasse.  Alle fekk seg ein fin kveld i skianlegget i Fjellhaugen.
 
Arrangørane kom flott frå arrangementet og fekk ros for det.  Mellom anna skreiv Øyvind Utne på Facebook: 'Godt gjennomført renn av Uskedalen IL. Ein fin gjeng med vaksne og barn som dreg lasset ilag. Utan Uskedalen hadde det vore tynt i rekkene. Så vi andre må stå på for å bli lika gode.' 
Ein velfortent og raus ros som og fortel om det gode samarbeidet og samhaldet mellom dei som driv denne aktiviteten i dei ulike laga her i kommunen.  Dei dreg lasset i lag for at tilbodet skal bli best mogeleg.
 
Vi får håpa at det vert fleire velluka renn i lokalmiljøet denne vinteren.  Kvinnheradsløparane han som kjent gjort det svært godt når dei har vore ute og representert denne sesongen.
 
Meir om rennet og resultatliste finn de på UIL si heimeside.
 
 
Foto: Privat
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.02.2020
Møte i stadnamngruppa i dag, Uskedal skule kl. 17.00.
Stadnamngruppa i Kvinnherad Sogelag held fram arbeidet med å retta namn på kart. Ei rekkje ressurspersonar frå ulike bygder er innkalla til nytt møte i dag torsdag 27. februar kl. 17.00 i Uskedal skule. Med på møte vert Peder Gammeltoft frå Universitetet i Bergen, Anita Lykkja og Johan Feet frå Kvinnherad kommune.

kb
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 18. mars kl. 19.00.
Årsmøte i Uskedal Utvikling er onsdag 18. mars kl. 19.00 i Gamleskulen. Leiar, to styremedlemer og tre varamedlemer står på val. To styremedlemer står ikkje på val. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og melding om drifta av nettsida Uskedalen.no. og Gamleskulen.

kb
25.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen i morgon, 26.02.20.
Det er nydelege forhold i Fjellhaugen skisenter, og skitrekket vert ope for kveldskjøring onsdag kl. 17.30 - 21.

tid
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars, straks etter gudstenesta.
Det vert årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars kl. 12, straks etter gudstenesta. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og ein plan for gudstenester og andre aktivitetar i 2020. Møte er ope for alle medlemer i Den norske kyrkja. På sjølve gudstenesta er Arne Nataas liturg. Organist er kantor Eva Megyesi. Offergåva går til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

kb 
25.02.2020
Harald Nilsen Tangen på G19 landslaget.
Harald Nilsen Tangen er tatt ut til landslagssamling med G19 landslaget.  Det er første gong det Uskedals-ætta fotballtalentet er tatt ut på G19, men han har tidlegare hatt heile 31 landskampar for yngre fotballandslag.  Harald har hatt ei svært god sesongoppkjøring med klubben sin Viking.  Han har spelt mykje og scora fleire mål.  Meir om bakgrunnen hans kan de lesa HER.

tid
24.02.2020
Neste allsong på Kafe Tiaren vert tysdag 3. mars.
Dette er ei melding frå Rustne Menn om at allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke, til tysdag 3.mars kl. 12.00. Vi ser fram til lysare tider med vårsongar. Velkomne.

kb
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
22.02.2020
Tomtegrop i Halsabrotet skal sikrast.
Ei tomtegrop på 122/8 i Halsabrotet skal sikrast, slik det går fram av brev frå seksjon forvaltning i Kvinnherad kommune til eigar. Arbeidet skal gjerast innan 1. mars 2020. Det skal setjast opp eit permanent gjerde for å hindra fall eller utforkøyring i bratt skrent ned til byggetomter.

kb
Siste Nyhende
27.02.2020
2019 - eit godt år for Lio Sag & Treforedling AS
Lio Sag & Treforedling med dagleg leiar, Rune Myklebust frå Uskedalen, kan syna til eit godt driftsår i 2019. Dotter hans, Kristine Heimvik, er avdelingsleiar på Husnes og begge er godt nøgde med omsetnaden og drifta. Plasseringa på Husnes er god. Verksemda er godt synleg frå Fylkesvegen og med endå betre skilting, skal det vera lett å finna Byggtorget.
26.02.2020
Ver merksam på opne vatn og utrygg is på fjellet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma mellom og under.

26.02.2020
FLOR frå Voss inviterer til Kvinnekveld på Dønhaug, i kveld kl. 19.30.
FLOR saman med Landbrukskontoret i Kvinnherad inviterer til Kvinnekveld i Dønhaugkjedlaren i kveld, onsdag 26. februar, kl. 19.30. FLOR frå Voss lagar arbeidskle for kvinner. Dagleg leiar er Kristin Lemme. Ho er bonde og driv verksemda FLOR.
25.02.2020
Hugs søknadsfristen til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad deler ut gåver til ålmennyttige føremål vår og haust. Søknadsfristen for vårtildelinga er tysdag 3. mars 2020. Ferdig skriven søknad med vedlegg må vera stiftinga i hende innan utgangen av tysdagen. Fleire gode prosjekt frå Uskedalen er sidan oppstaten tildelt gåver.
24.02.2020
Morgonstund i Uskedalen.
Marius Mathisen, son av tidlegare redaktør Ola Matti Mathisen, er ein svært dyktig slagverkar, og han har opp gjennom åra spela med ulike band, og med svært mange kjende og dyktige musikarar.  Han har reist svært mykje, men favorittstaden hans når han skal slappa av er utvilsamt Skansen på Neset her i Uskedalen.  No har han sendt oss ein vakker video med musikk til som stadfestar dette.
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS