Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Rodde og segla same ruta som Svalbard minutt for minutt.

02.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Jan Helge Pile frå Uskedalen saman med tre vener rodde og segla Spitsbergen rundt i 1992. F.v: Øystein Huglen, Jan Helge Pile, Hans Martin Riseth og Erik Kristoffersen.
 
Jan Helge Pile saman med tre medstudentar frå NTH rodde og segla Svalbard rundt i 1992. Rett skal vera rett: Som MS SPITSBERGEN var turen Spitsbergen rundt, ikkje rundt Nord Austlandet og Egdeøya. Med to færingar, ein Oselvar og ein Nordfjordbåt, rodde og segla dei den 1200 km lange turen på 45 dagar. 2/3 deler av distansen var roing, 1/3 var segling. Nokre plassar drog dei båtane på isen.
 

Målet med turen var å vera dei fyrste som tok seg rundt Spitsbergen utan motorkraft. Året før hadde to engelskmenn rett nok gjort det same, men dei fekk Kystvakta til å leggja ut depot. Jan Helge Pile og laget hans hadde med all proviant og utstyr, pakka i vasstette dunkar. Med løyve frå Sysselsmannen la dei ut frå Longyearbyen 1. juli og rodde Forlandssundet mot Ny Ålesund. MS SPITSBERGEN kunne ikkje gå dette sundet grunna for lita djupne.

 

Med på turen forutan Jan Helge var Øystein Huglen ( Stord ), Hans Martin Riseth ( Husnes ) og Erik Kristoffersen ( Arendal ). Ein femte person valde å hoppa av i Ny Ålesund for retur til Longyearbyen.

 
Jan Helge Pile syner kartet med alle posisjonar. Lengst nord var på 80 grader.

Jan Helge Pile jobba i cruisefarten på den tid og fekk ikkje avløysing før nett før turen starta. Dei andre utrusta båtane og dreiv med prøvesegling i Sunnhordland ved Huglo. Robåtane vart frakta til Longyearbyen med lasteskip. Båtane var leigd inn, Oselvaren kom frå Moss, Nordfjordbåten frå Austevoll.

 

Turen er nøyaktig dokumentert med loggbok og fotografi. Jan Helge Pile har ved fleire høve stått fram med førelesing om Svalbard og turen i 1992. Dei fyrste ti dagane var det god sikt og stille ver. Verre var det lengre nord og på seglasen på sør gjennom Hinlopenstredet. Innspurten i med naudhamn i Bellsundet var også krevjande. Her var det mykje is, tidevasstraumar og særleg ein gong med såkalla ståande bylgjer. Isbjørnen kom tett på og var til tider plagsam. Med snublepluss, signalpenner og rifle av mausertypen, gjekk det godt, men det var nære på nokre gonger. Dei var innom Isfjord Radio og fekk omvisning. Det same fekk dei i Ny Ålesund..

 

Rolaget til Pile budde for det meste i telt, men dei var også innom fangsthytter og Sysselmannen sine hytter. I Magdalenefjorden var dei inne på den same stranda som vart brukt i programmet Svalbard minutt for minutt. Medan dei campa der, kom eit cruiseskip og la seg til. Turistane filma og snakka med roarane frå Sunnhordland. Dei vart attraksjonen den dagen og fekk vera med ombord på lunsj og i baren. Ved avgang frå skipet fekk dei med ein sekk med nybakte brød frå skipets bakeri.

 

Det var ein minnerik tur i møte med fangstmenn og vaktmenn som budde åleine og som var sugne på kontakt og prating. Naturen, fugle- og dyrelivet må berre opplevast.

 

Jan Helge Pile er i dag leiar og ansvarleg for marineteknisk divisjon i Color Line.

 

Uskedalen.no held fram å leggja ut innlegg om dei som er eller har vore på Svalbard i kortare eller lengre periodar. Vi er framleis takksame for tips med namn og kva som var oppdraget.




Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Jan Helge Pile/ Kristian Bringedal

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen fredag 28.02.
Det blir kveldskøyring i Fjellhaugen skisenter i morgon (fredag 28/2) kl 1700-2100. 

tid
27.02.2020
Møte i stadnamngruppa i dag, Uskedal skule kl. 17.00.
Stadnamngruppa i Kvinnherad Sogelag held fram arbeidet med å retta namn på kart. Ei rekkje ressurspersonar frå ulike bygder er innkalla til nytt møte i dag torsdag 27. februar kl. 17.00 i Uskedal skule. Med på møte vert Peder Gammeltoft frå Universitetet i Bergen, Anita Lykkja og Johan Feet frå Kvinnherad kommune.

kb
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 18. mars kl. 19.00.
Årsmøte i Uskedal Utvikling er onsdag 18. mars kl. 19.00 i Gamleskulen. Leiar, to styremedlemer og tre varamedlemer står på val. To styremedlemer står ikkje på val. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og melding om drifta av nettsida Uskedalen.no. og Gamleskulen.

kb
25.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen i morgon, 26.02.20.
Det er nydelege forhold i Fjellhaugen skisenter, og skitrekket vert ope for kveldskjøring onsdag kl. 17.30 - 21.

tid
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars, straks etter gudstenesta.
Det vert årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars kl. 12, straks etter gudstenesta. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og ein plan for gudstenester og andre aktivitetar i 2020. Møte er ope for alle medlemer i Den norske kyrkja. På sjølve gudstenesta er Arne Nataas liturg. Organist er kantor Eva Megyesi. Offergåva går til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

kb 
25.02.2020
Harald Nilsen Tangen på G19 landslaget.
Harald Nilsen Tangen er tatt ut til landslagssamling med G19 landslaget.  Det er første gong det Uskedals-ætta fotballtalentet er tatt ut på G19, men han har tidlegare hatt heile 31 landskampar for yngre fotballandslag.  Harald har hatt ei svært god sesongoppkjøring med klubben sin Viking.  Han har spelt mykje og scora fleire mål.  Meir om bakgrunnen hans kan de lesa HER.

tid
24.02.2020
Neste allsong på Kafe Tiaren vert tysdag 3. mars.
Dette er ei melding frå Rustne Menn om at allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke, til tysdag 3.mars kl. 12.00. Vi ser fram til lysare tider med vårsongar. Velkomne.

kb
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
Siste Nyhende
27.02.2020
2019 - eit godt år for Lio Sag & Treforedling AS
Lio Sag & Treforedling med dagleg leiar, Rune Myklebust frå Uskedalen, kan syna til eit godt driftsår i 2019. Dotter hans, Kristine Heimvik, er avdelingsleiar på Husnes og begge er godt nøgde med omsetnaden og drifta. Plasseringa på Husnes er god. Verksemda er godt synleg frå Fylkesvegen og med endå betre skilting, skal det vera lett å finna Byggtorget.
26.02.2020
Ver merksam på opne vatn og utrygg is på fjellet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma mellom og under.

26.02.2020
FLOR frå Voss inviterer til Kvinnekveld på Dønhaug, i kveld kl. 19.30.
FLOR saman med Landbrukskontoret i Kvinnherad inviterer til Kvinnekveld i Dønhaugkjedlaren i kveld, onsdag 26. februar, kl. 19.30. FLOR frå Voss lagar arbeidskle for kvinner. Dagleg leiar er Kristin Lemme. Ho er bonde og driv verksemda FLOR.
25.02.2020
Hugs søknadsfristen til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad deler ut gåver til ålmennyttige føremål vår og haust. Søknadsfristen for vårtildelinga er tysdag 3. mars 2020. Ferdig skriven søknad med vedlegg må vera stiftinga i hende innan utgangen av tysdagen. Fleire gode prosjekt frå Uskedalen er sidan oppstaten tildelt gåver.
24.02.2020
Morgonstund i Uskedalen.
Marius Mathisen, son av tidlegare redaktør Ola Matti Mathisen, er ein svært dyktig slagverkar, og han har opp gjennom åra spela med ulike band, og med svært mange kjende og dyktige musikarar.  Han har reist svært mykje, men favorittstaden hans når han skal slappa av er utvilsamt Skansen på Neset her i Uskedalen.  No har han sendt oss ein vakker video med musikk til som stadfestar dette.
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS