Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Stort engasjement i brannstasjonssaka.

12.01.2020
Klikk på bilete for full storleik
Branntropp Uskedalen er sentralt plassert i sentrum.
 
Brannsjefen i Kvinnhead kommune går for altenativ 2/3 til framtidig brannvernorganisering. Framlegget inneber at ein held på tre stasjonar, Husnes, Rosendal og Ølve, og tre såkalla framskotne einingar, Varaldsøy, Åkra og Halsnøy. Brannstasjonen i Uskedalen vert med dette framlegget nedlagd. Uskedalen.no har dei siste dagane motteke innlegg som bed om ei meir fagleg grunngjeving for nedlegging. Særleg dette med responstid er viktig å få fram.
 

Lars Martin Feet  

Brannstasjon i Uskedalen bør vera sjølvsagt både i dag og i framtida. 
 
Uskedalen er ei levande bygd med skule, barnehagar og næringsliv i nesten alle kategoriar, eldre- og omsorgsboligar, leilighetsbygg og nye og eldre byggjefelt. Vi har mange gardsbruk i Uskedalen, både store og små i og utanfor sentrum, med mjølkeproduksjon, kjøttfe og sauehald.
 
Fleire brannar i Uskedalen den siste tida har synt behovet for god beredskap med rask responstid ( Arkivfoto ).
Kansje burde vi også engasjert innbyggjarane i Herøysund og fått deira synspunkt.
At det vert lengre responstid før brannvesenet er framme på staden det gjeld, er sjølvsagt om stasjonane i Rosendal og på Husnes skal erstatta Uskedalen Brannstasjon.
 
Kva skjer med brann mannskapa.?  Dei klarer ikkje koma seg tidsnok verken til Husnes eller Rosendal for å rykkja ut derifra.
 
Jostein Saghaug legg i sine vurderingar vekt på god beredskap i høve til brann, klima og spesielle hendingar ( Arkivfoto frå brannen på Padlane 2017 )
Er vi tenlige med å spara 800.000,- i året på å leggje ned stasjonen i Uskedalen,og dei andre som tydeligvis er planlagt nedlagde? Brannmannskapa sin lokalkunnskap internt i Uskedalen fell også bort. Eg tenkjer her på kjennskap til adresser/næring/industri/muligheter for vasshenting etc. 
 
Det vert synt til En studie av påvirkninger på brannvesenets responstid v/
Joakim Pedersen Master i Økonomi og Administrasjon, September 2015   . Handelshøgskolen UIT.
 
Faktorene som avgjør hvilke krav det skal være til innsatstiden er definert av den omliggende bebyggelsen og antall beboere innenfor et geografisk område. I følge Forskrift om organisering av brannvesen (2002) skal tettbebyggelse med særlig fare for brannspredning, eller særskilte brannobjekter som sykehus, sykehjem, konsentrert næringsdrift o.l. ikke ha en responstid over 10 minutter.

Her defineres tettbebyggelse som et område hvor det er minst 200 beboere, og avstanden mellom husene ikke overstiger 50 meter. Loven uttrykker eksplisitt at tall fra statistisk sentralbyrå er grunnlaget for tettstedenes størrelse. I tettsteder for øvrig skal responstiden ikke overstige 20 minutter. Utenfor tettsteder skal det sikres fullstendig dekning, og innsatstiden bør ikke overstige 30 minutter 
 
I Veiledning til forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen er det utdypet hva som legges i ulike begreper. Dette er gjort slik at det skal eksistere en minste standard for hva som inngår i særskilte brannobjekter og tettbebygd strøk. Her finnes det definisjoner som angir at eksempelvis en husklynge større enn 800m2 utenfor et tettsted, regnes som en tettbebyggelse og skal ikke overstige 10 minutter innsatstid. Kjøpesenter med areal større enn 4000m2 , sykehus og næringsparker med store økonomiske faller innenfor definisjonen konsentrert næringsdrift, og skal ikke ha en responstid over 10 minutter (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, 2002).
 
Veilederen utdyper også at det kan gis dispensasjon fra innsatstidskravet ved økt bemanning ved institusjoner og andre forebyggende tiltak. Likevel presiserer innledende paragrafer at kommuner selv er ansvarlig for utførelse av risiko og sårbarhetsanalyser, for å avdekke forhold som ikke ivaretas av forskriftenes minstekrav. Kommunen er ansvarlig for å dimensjonere brannvesenet etter sin egen risiko og sårbarhetsanalyse, men ikke under det lovens minstekrav angir. 
 
  

Bengt Ole Myklebust 

Det er vel slik at dei fleste brannfolka i bygda har sitt daglege arbeid i Rosendal eller Husnes så utrykkingstida ville ikkje blitt kortare om stasjonen vart lagt ned utan at det var fast personell der eller at samtlege brannfolk var heima i Uskedalen på heltid.

 

Det var vel berre tidspunktet på nyttårsafta som gjorde at det blei kort utrykningstid siden alle var i bygda. Det er litt falsk trygghet med den ubemanna stasjonen i bygda. Eg vil helst ha ein døgbemanna stasjon.

 
 

Frode Sæbø

Eg forstår at alternativ 2 er tilrådd, og at den er innanfor krava til minimum responstid. I klår tekst betyr dette at ein går for maks inntjening, då med ei responstid som er såvidt innanfor minimumskrava. 

I mitt yrkesliv i nordsjøen med virke i kontrollrom og i beredskapsrom, var noko av det me trena mest på det som me kalla  Dei gylne 5 minutta. Dette er tida då ein situasjon er meldt og fram til beredskapsorganisajon og brannvern er etablert.

All historie viser at utfallet av ein brann eller ulykke ofte er avhengig av kva som skjer i desse første minuttane, då dei, som er på vakt aleine, må løysa oppgavene og oftast lukkast med tiltak, nettop fordi dei er raskt på staden. Altså rask respons. Å velja ei løysing med lengst mogeleg responstid er omtrent det same som å satsa på ettersløkkjing.

Ein brannstasjon i Uskedalen vil med sin sentrale geografiske plassering sikra rask respons til eit svært stort område. Det er faktisk lov å vera bedre enn dei dårlegaste.


Atle Hauge
Jeg mener at det må være feil i sårbarhets analysen til Kvinnherad kommune. Krav til responstid må da være 10 minutter i sentrum av Uskedalen. Her er sitat fra en master oppgave Brannvesenets responstid når sekundene virkelig teller ved Joakim Pedersen Handelshøyskolen.
 
Forskrift om organisering av brannvesen (2002) skal tettbebyggelse med særlig fare for brannspredning, eller særskilte brannobjekter som sykehus, sykehjem, konsentrert næringsdrift o.l. ikke ha en responstid over 10 minutter.

Her defineres tettbebyggelse som et område hvor det er minst 200 beboere, og avstanden mellom husene ikke overstiger 50 meter. Loven uttrykker eksplisitt at tall fra statistisk sentralbyrå er grunnlaget for tettstedenes størrelse. I tettsteder for øvrig skal responstiden ikke overstige 20 minutter. Utenfor tettsteder skal det sikres fullstendig dekning, og innsatstiden bør ikke overstige 30 minutter.
 
Er dette noe Uskedalen Utvikling kan følge opp? Dette bør vi få stoppet. Alternativ må vi ta dette med fylket og overprøve Kvinnherad kommune. 
 

Det hadde vert interresant å få et svar fra kommune, om hva de legger til grunn vedrørende responstid. Dersom det er korrekt at kravet er 10 minutt, så klarer ikke hverken Husnes of Rosendal dekke Uskedalen og Herøysund. Ihht SSB har Uskedalen 2 tettsteder, Dønhaug er ca 451 og Korsnes 313 mennesker. Dersom en ulykke/ brann får større konsekvenser og det viser ser at Kommunen ikke overholdt kravene, så er de vel også økonomisk ansvarlig.

 
 
Kjetil Hauge

Korleis kan brannsjef Ljosdal garantere tryggleiken til innbyggarane når det blir reduksjon av mannskap og antal brannstasjoner. Og kva responstid har dei lagd til grunn for nedleggelse ? Det ser og ut til at det vert brukt nokre regnestykke som ikkje held mål. Her må regnestykket bli lagd fram for offentlegheten. Og kva krav er det Arbeidstilsynet har for brannstasjonen i Uskedalen ?

 
 

Jostein Saghaug (Miljøpartiet) - medlem i Komite for plan, teknikk og miljø 

Saghaug legg vekt på auka bedredskap i høve til klima og særlege hendingar. Beredskap og førebygging er prioriterte oppgåver for Miljøpartiet. Difor vil han halda på branntroppen i Uskedalen, som årleg kan syna til meir enn 10 utrykningar. Det er ikkje sagt kva tid det vert fremja sak for politisk behandling, men det vert truleg i mars/aprilmøte.


 
 
Tekst: Ulike bidragsytar
Foto/nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen fredag 28.02.
Det blir kveldskøyring i Fjellhaugen skisenter i morgon (fredag 28/2) kl 1700-2100. 

tid
27.02.2020
Møte i stadnamngruppa i dag, Uskedal skule kl. 17.00.
Stadnamngruppa i Kvinnherad Sogelag held fram arbeidet med å retta namn på kart. Ei rekkje ressurspersonar frå ulike bygder er innkalla til nytt møte i dag torsdag 27. februar kl. 17.00 i Uskedal skule. Med på møte vert Peder Gammeltoft frå Universitetet i Bergen, Anita Lykkja og Johan Feet frå Kvinnherad kommune.

kb
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 18. mars kl. 19.00.
Årsmøte i Uskedal Utvikling er onsdag 18. mars kl. 19.00 i Gamleskulen. Leiar, to styremedlemer og tre varamedlemer står på val. To styremedlemer står ikkje på val. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og melding om drifta av nettsida Uskedalen.no. og Gamleskulen.

kb
25.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen i morgon, 26.02.20.
Det er nydelege forhold i Fjellhaugen skisenter, og skitrekket vert ope for kveldskjøring onsdag kl. 17.30 - 21.

tid
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars, straks etter gudstenesta.
Det vert årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars kl. 12, straks etter gudstenesta. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og ein plan for gudstenester og andre aktivitetar i 2020. Møte er ope for alle medlemer i Den norske kyrkja. På sjølve gudstenesta er Arne Nataas liturg. Organist er kantor Eva Megyesi. Offergåva går til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

kb 
25.02.2020
Harald Nilsen Tangen på G19 landslaget.
Harald Nilsen Tangen er tatt ut til landslagssamling med G19 landslaget.  Det er første gong det Uskedals-ætta fotballtalentet er tatt ut på G19, men han har tidlegare hatt heile 31 landskampar for yngre fotballandslag.  Harald har hatt ei svært god sesongoppkjøring med klubben sin Viking.  Han har spelt mykje og scora fleire mål.  Meir om bakgrunnen hans kan de lesa HER.

tid
24.02.2020
Neste allsong på Kafe Tiaren vert tysdag 3. mars.
Dette er ei melding frå Rustne Menn om at allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke, til tysdag 3.mars kl. 12.00. Vi ser fram til lysare tider med vårsongar. Velkomne.

kb
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
Siste Nyhende
27.02.2020
2019 - eit godt år for Lio Sag & Treforedling AS
Lio Sag & Treforedling med dagleg leiar, Rune Myklebust frå Uskedalen, kan syna til eit godt driftsår i 2019. Dotter hans, Kristine Heimvik, er avdelingsleiar på Husnes og begge er godt nøgde med omsetnaden og drifta. Plasseringa på Husnes er god. Verksemda er godt synleg frå Fylkesvegen og med endå betre skilting, skal det vera lett å finna Byggtorget.
26.02.2020
Ver merksam på opne vatn og utrygg is på fjellet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma mellom og under.

26.02.2020
FLOR frå Voss inviterer til Kvinnekveld på Dønhaug, i kveld kl. 19.30.
FLOR saman med Landbrukskontoret i Kvinnherad inviterer til Kvinnekveld i Dønhaugkjedlaren i kveld, onsdag 26. februar, kl. 19.30. FLOR frå Voss lagar arbeidskle for kvinner. Dagleg leiar er Kristin Lemme. Ho er bonde og driv verksemda FLOR.
25.02.2020
Hugs søknadsfristen til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad deler ut gåver til ålmennyttige føremål vår og haust. Søknadsfristen for vårtildelinga er tysdag 3. mars 2020. Ferdig skriven søknad med vedlegg må vera stiftinga i hende innan utgangen av tysdagen. Fleire gode prosjekt frå Uskedalen er sidan oppstaten tildelt gåver.
24.02.2020
Morgonstund i Uskedalen.
Marius Mathisen, son av tidlegare redaktør Ola Matti Mathisen, er ein svært dyktig slagverkar, og han har opp gjennom åra spela med ulike band, og med svært mange kjende og dyktige musikarar.  Han har reist svært mykje, men favorittstaden hans når han skal slappa av er utvilsamt Skansen på Neset her i Uskedalen.  No har han sendt oss ein vakker video med musikk til som stadfestar dette.
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS