Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kora i Kvinnherad treng rekruttering ved eit ungdomskor.

15.11.2019
Klikk på bilete for full storleik
Maria Malmsten er songprdagog og har arbeid med fleire ungdomskor.
 
Røysterett for Alle har fremja ein sak som går på rekruttering og fornying av kora i Kvinnherad. Styret og den musikalske leiaren, Maria Malmsten, skriv om bakgrunnen i pressemeldinga og er konkret på ei løysing. Dette er ei sak som gjeld alle kora i Kvinnherad og kva ein kan gjera for å snu ein trend der medlemsalderen er høg. Maria er klar for denne oppgåva. Ho er songpedagog og har lang erfaring frå arbeid med barne- og ungdomskor.
 

Song som fag i grunnskulen er teke ut av undervisningsplanen - noko som har uroa mange når det gjeld kva dette kan leia til når det gjeld vedlikehald av songinteressa hjå den oppveksande slekta.Trenden i korlivet på bygdene er stort sett at snittalderen i kora har vorte høgare og høgare med åra. Ein kan frykta at denne trenden vil verta sterkare med mindre vekt på song og songglede i skulen.

  

Styret i Røysterett for Alle har vorte kontakta direkte og indirekte frå interesserte foreldre med spørsmål om me kunne tenkja oss å få i stand eit ungdomskor/aspirantkor. Me har ikkje ressursar til å driva noko slikt i tillegg til koret me driv.  Kan henda ville eit slikt tiltak kunna gje ein kveik der interessa ser ut til å vera dalande. Etter kontakt med to andre kor er dei er samde i at eit slikt initiativ kunne verta positivt for rekruttering blant dei yngre. Kulturskulen er og kontakta om desse tankane.
 
Signalet derifrå er at dei ser positivt på eit slikt tiltak, og kan leiga ut dirigent. Dersom initiativtakarane har ynskje om ein særskilt dirigent, let dette seg ordna - med atterhald om at den ynskte dirigenten er viljug til å ta på seg jobben. 
 

Det må strekast under at ungdomskoret ikkje er tenkt som eit aspirantkor for Røysterett for Alle, men må sjåast på som eit kor av ungdomar som kan verta eit grunnlag for rekruttering for alle kora iKvinnherad.
 
Røysterett for Alle kan berre tilby øvingslokale (Helgheim i Uskedalen torsdag ettermiddag – til 18.30) og dirigent Maria Malmsten. 
 
Gabriellas Sång frå filmen Så som i Himmelen, med musikk av Stefan Nilsson vil sikkert vera ein del av repetoaret i eit ungdomskor.

Det kan nemnast at Maria Malmsten er tilsett i Kulturskulen, og også ho har vorte kontakta direkte av foreldre med spørsmål om ungdomskor.  Ho ser svært positivt på ei slik utfordring. 

Ungdomskoret må ha eige styre samansett av dei føresette, og det er dei som må leggja opp korleis dei vil ha saker og ting (namn på koret, ambisjonar, vedtekter osb.).
 
 
Styret i Røysterett for Alle ynskjer å kunna hjelpa til med de me har av kunnskap om lagsdrift, og er opne for samarbeidsprosjekt og liknande.
 
Meir informasjon kan ein få ved å kontakta styret i Røysterett for Alle ved leiar, Lars Henrik Skogtun på mobil 909 78 851.
 
 

 
Tekst: Svein Rimestad 

Foto: Pressefoto 

Nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
11.07.2020
Søndagskafe på Elins Matgleder, Uskedalen, i morgon 12. juli.
Det vert Søndagskafe i morgon, 12. juli, frå kl. 10 til kl. 16. Nysteikte bollar, minipizza, suppa m.m. Silobutikkane med mange vakre gåver er opne. Legg sundagsturen innom Elins Matgleder.

kb
11.07.2020
Nye føretak i Uskedalen i juni.
Det er registrert fire nye føretak i Uskedalen i juni månad. 1. Uskedalselva Forvaltning SA med føremål om organisering og drift av fiske i vassdrag. 2. Enes Holding v/ Geir Enes - investeringar i andre selskap. 3. Vårstøl Permakultur v/ Wermund Vetrhus - enkeltmannsføretak. 4. Byggmeister Monsen AS v/ Ole Vidar Monsen - oppføring av bygg.

kb
09.07.2020
31,1 varmegrader målt 19. juni i år.
Det vart målt 31,1 plussgrader 19. juni kl. 00.00 i Korsneset i år. Det er den høgaste temperaturen så langt denne sommaren. Av dei som er med og leverer verdata til Grenda, var det berre Sæbøvik og Valen som hadde høgare temperatur, nemleg 31,9  og 31,2 gr. - begge målt 26. juni.

kb
09.07.2020
Fleire laksar på rundt 9 kilo.
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no.Denne finn de ved å klikka inn på Uskedal elveigarlag i venstre kolonne her på sida. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 9 kg.  Bjørn Tønnesen fekk dan på Øvre Feet.  Runar Myklebust er hakk i hæl med ein laks på 8,9 kg. Nytt namn pe elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
Siste Nyhende
14.07.2020
Renoveringa på Stemneplassen er i gang.
I går starta arbeidet med renovering av betongplata og møterommet på Stemneplassen. Taket vart demontert og isolasjonen over himlinga vart fjerna. De vart gjort for å sjå kva som kan vera årsaka til fukt og lekkasje. Eit kommunalt investeringstilskot på kr. 90.000,- ligg til grunn og gjer det mogeleg å renovera møterommet.
13.07.2020
Båtkonvoi frå Rennesøy - 5 farty og 2o gjester.
Ei slekts- og venegruppe på 20 personar frå Rennesøy kom til Uskedalen laurdag i førre veke i 5 farty. Nokre av båtane var av den sjeldne slaget, alt frå redningsskøyta frå 1956 til farty med 40 HK semindiesel oppfyring. Nokre av båtgjestene har vore i Uskedalen før. No kom dei til Uskedalen via Kulleseidkanalen, Fjelberg og Husnes. Avreise er i dag, måndag 13. juli.
13.07.2020
Starta 3-dagars rotur frå Uskedalen.
Onsdag i denne veka la to færingar og ein seksering frå land i Uskedalen og dermed starta turen for det som vert kalla Rogruppa etterdønningen. Turen var organisert av Terje Skorpen. Terje er kjend frå fartyvernet og restaurering av trebåtar, mellom anna frå arbeidet saman med Ole Kristoffer Vågen på Skorpo.
12.07.2020
Uskedalen - den fyrste bygda med nye vegnummerskilt.
Med bakgrunn i kommune-og regionsreforma skal vegane få nye og unike vegnummer. I Kvinnherad er Uskedalen, saman med Sundal, fyrst ute med nye nummer. Fylkesveg 48 er delvis omskilta til Fylkesveg 500. Skiltarbeidet var rekna å vera ferdig i 2020, men det held ikkje. Overgangen til Vestland fylke gjer at ein også må finna pengar til nye skilt. 
11.07.2020
Takvøla på Kapteinsgården - freda offiserbustad frå 1700 talet.
Norgeshus Kjell Høyland AS har arbeidet med å skifta taket på Kapteinsgården på Nedre Fet i Uskedalen. Det gjeld alt takarbeid på nordvest sida av den freda embetsmannsbustaden frå 1775. Bjørn Arve Lunde er bygningsvernkonsulent på Sunnhordland Museum og er ansvarleg for søknader og tilsyn med byggmeisteren sitt arbeid.
10.07.2020
Parkslirekne - ei plagsam plante med stor spreiing.
Parkslirekne er den nye plagsame planten i Uskedalen. Representant frå Fylkesmannen miljøvernavdeling saman med Tore Eik frå Landbrukskontoret var på synfaring langs elva på Døssland for å sjå omfanget og koma med tilråding om korleis ein kan hindra spreiing. Parkslirekne er ein 4 årig staude, innført frå aust Asia som ein prydplante på 1850 talet. Spreiinga er aggressiv.
09.07.2020
Vart takka for 35 års teneste i Uskedal Vassverk.
Terje Myklebust vart på årsmøte i Uskedal Vassverk 25. juni takka for lang og tru teneste. Han kom med i styret alt i 1986 og møtte på det fyrste styremøte 6. august. Myklebust har etter den tid skrive mest alle møtereferat og brev som er produserte i laget. Uskedalen.no har snakka med Terje om tida i Vassverket, om utvikling og endringar frå 1980 talet til i dag.
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS