Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Minnerik 87 års-markering for heilfrelst Viking-supportar!

12.11.2019
Klikk på bilete for full storleik
Viking gjorde stor stas på Bjørgulv Eik etter at han har vore supportaren deira i nesten 70 år.
 
Mandag fylte nestoren i Uskedal musikklag, Bjørgulv Eik, 87 år.  Tirsdag var det som vanleg øving i bandet, og då vart sjølvsagt åremålet markert.  Bjørgulv som er særdeles sportsinteressert, har vore ivrig tilhengar av fotbalklubben Viking i tett på 70 år.  At klubben set pris på dette, viste dei tydeleg på markeringa tirsdag.  Dei sette ein ekstra spiss på kvelden, ikkje berre for jubilanten, men også for resten av bandmedlemmene.
 
Klikk på bilete for full storleik
Bjarne Berntsen hadde ei flott personleg gratulasjonshelsing til Bjørgulv. Her framført via storskjerm.
Etter ei tre kvarters øvingsøkt samla bandmeldlemmene seg i eit klasserom.  Som seg hør og bør opna bandets benjamin, Thor Inge Døssland, denne delen med å helsa og gratulera Bjørgulv med vel overstått 87 årsdag.  Til slutt gav han ordet vidare til andre som ville bera fram helsingar, og då dukka tidlegare Idol-vinnar og no marknadssjef i Viking, Kjartan Salvesen, opp på storskjermen.  Han bar fram gratulasjonshelsing til 87-åringen og avslutta med å invitera han til storkampen mot Rosenborg 24. november.

-Vi har veldig lyst, alle oss i Viking, å invitera deg til storkamp mot Rosenborg 24.november. Der har me lyst til at du skal få sitta godt og se at Viking slår trønderane.  Så viss du vil, så komme du på kampen og til slutt vil eg sei, gratulere med den store dagen, Bjørgulv.

 
 
 
Lars Myklebust overrekkjer Vikingdrakt nr.87 til 87-åringen.
Og det stoppa ikkje med det.  Like etter dukka dagleg leiar i Viking Fotball, Eirik Henningsen, opp på skjermen med si helsing.  Deretter kom kjente Viking-fjes på rekkje og rad med sine personlege gratulasjonshelsingar til den spreke 87-åringen. Dei gamle storspelarane, Svein Fjælberg og Thomas Pereira, sistnemnde med heile 428 A-lagskampar for klubben, hadde gode ord til Bjørgulv før helsingssekvensen vart avslutta av hovudtrenar Bjarne Berntsen og kaptein Zlatko Tripic.  Ut frå det dei sa, var det tydeleg at dei alle kjende til denne store lagsmannen og Viking-supportaren.
 
 
 
 
Per Myklebust, Svein A. Sunde og Leif Matre syns Bjørgulv kler Vikingdrakta veldig godt.
Etter dette var det klart for endå meir!  Lars Myklebust overrekte ei Viking-drakt med autografar.  Sjølvsagt var namnet trygt plassert på ryggen, og dei hadde funne det naturleg å gje han spelar nummer 87.  Om overraskinga hadde brakt Bjørgulv til taushet først, kom no hans breiaste smil fram!
- Eg hadde veldig lyst å reisa til cupfinalen i Oslo, og var faktisk inne på tanken, men no vert dette ein kjempeerstatning, kommenterte mellom anna den trufaste supportaren.
 
Bjørgulv sitt kjærleiksforhold til Viking starta i 1950.  18 år gammal gjekk han då på Sunnhordland folkehøgskule, og han var då ein særs talentfull keeper.  Ein Vikingtrenar kom til Halsnøy og hadde nokre treningar med laget der.  Bjørgulv fekk vera med på desse.  Dermed vart det gjort! Etter det har han som kanskje er den mest sportsinteresserte i musikklaget, vore heilfrelst Viking-tilhengar.
 
Uskedelingen Lars Johan Myklebust jobbar no i Viking medan faren, Lars, er trombonist i musikklaget.  Dei to har vore heilt sentrale for å få til denne flotte markeringa for heidersmannen.  Det vart også ei særdeles kjekk stund for resten av musikkgjengen.  Vi er veldig takknemlege overfor Viking som fulgte opp idèen på ein så fantastisk måte.  
 
Heia Viking!!
 
Tekst, nett og foto: Thor Inge Døssland
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
14.08.2020
Maria Malmsten - også dirigent for Husnes Blandakor.
Maria Malmsten vert frå sesongstart dirigent og musikalsk leiar for Husnes Blandakor. Ho held fram med den same oppgåva i Røysterett for Alle, noko ho har gjort frå hausten 2006. Oppstarten i uskedalskoret vert kunngjort etter eit styremøte i neste veke.

kb
13.08.2020
Ny produksjon av handelnett og turkoppar.
Det går unna på handlenetta og turkoppane, designa og produsert av Monica Hansen. No er det tinga 50 stk. nye handlenett og 120 stk. turkoppar. Handlenettet har namnet Uskedalen og eit hjarta. Turkoppane har namna på fjelltoppane i Uskedalen. Dei lokale produkta vert selde på SPAR.

kb
13.08.2020
Sommarkonsert i kyrkja, måndag 17. august kl. 19.00.
Det vert Sommarkonsert med kantor Eva Megyesi og song- og musikkgruppa Rustne Menn i Uskedal kyrkje måndag 17. august kl. 19.00. Kantoren står for orgeltonar, jazz, swing og elles mykje fin musikk. Rustne Menn framfører tonar til både kjende og eigne omsette tekstar. Alle er velkomne i kyrkja på fyrstkomande måndag.

kb
12.08.2020
Bil utfor vegen tysdag kveld.
Naudetatane rykte ut til ei bilulukke i går kveld kring kl. 22.30. Det var utførkøyring. Den kvinnlege føraren i 40 åra vart ikkje skada. Alkotest synte utslag. Saka ligg på nettsida til Kvinnherignen og er open for alle.

kb
09.08.2020
Informasjon om skulestarten.
Velkommen til nytt skuleår! Det vert skulestart for alle elevane ved Uskedalen skule måndag 17.august frå kl. 08.20. Elevane, som skal starta i 1.klasse, møter kl. 09.00. Ved skulen vår startar det 11 elevar i 1.klassen dette året, og vi vil vera 95 elevar ved skulen totalt.

Rektor
07.08.2020
Haustplan for Uskedal Bedehusforsamling.
Uskedal Bedehusforsamling har lagt ut alle møta for hausten 2020. Her er datoane for møta i august: 9. og 23.  September: 6. og 20. Oktober: 4. og 18. November: 1., 15. og 29. Alle møta tek til kl. 11.00. Sundag 13. desember kl. 16: Vi syng jula inn. Fredag 25. des: 1. juledagsmøte. Alle er velkomne til møta på Bedehuset.

kb
07.08.2020
Stengd inntil vidare for elvefiske frå sundag 9. august.
Det er lite vatn i elva. Det er grunnen til at det vert stengd for fiske frå sundag 9. august kl. 18.00 og inntil det vert nok vatn for opning igjen. Melding kjem på heimesida og på Uskedalen.no.

Styret
07.08.2020
Thaivogna opnar i dag, fredag 7. august.
Thaivogna har vore stengd i to veker. I dag, fredag 7. august, er mattilbodet på plass og er ope etter vanlege opningstider.

kb
05.08.2020
Tomtegropa i Halsabrotet er sikra.
Det er utført arbeid med å sikra byggetomter i Halsabrotet. Arbeidet er sluttført og skrenten ned til tomtegrop er sikra med gjerde mot vegen som går inn i byggefeltet. Arbeidet er solid utført med netting og støypte fundament for stolpane.

kb
05.08.2020
Gunslingerkonserten 4. sept. på Dønhaug er utseld.
Konserten og dansen med gruppa Gunslingers fredag 4. sept. er utseld. Alle dei 200 billettane er kjøpt og betalt. Koronarestriksjonane gjer at ingen får gå ut og inn under arrangementet. Porten vil vera open ein time, frå kl. 21 til kl. 22. Det kan bli endring dersom FHI legg inn nye føringar for slike arrangement. Det er Magne Huglen som melder dette i dag. Meir info om sjølve gjennomføringa kjem seinare.

kb
Siste Nyhende
14.08.2020
Nytt skuleår og nytt læreplanverk.
Skulane startar måndag 17. august. I Uskedalen møter 11 elevar i 1. klasse og totalt er elevtalet 95. Det er ein nedgang frå året før. Det samla elevtalet i Kvinnherad er 1568. Av desse er det 137 elevar som går i 1. klasse. Rosendal ungdomsskule har i år 142 elevar mot 158 året før. Av desse kjem 43 elevar frå Uskedalen som på kvart årssteg er fordelte på to klassar.
13.08.2020
Norskekysten på langs med Jan H. Sunde som reiseleiar på MS SUNNHORDLAND.
Jan H. Sunde i RunWay - Norway ligg ikkje på latsida. 20. august er han ferdig med sommarjobben sin som resepsjonist på Olden Fjordhotel. Same dagen går han om bord i hurtigruteskipet MS FINNMARKEN som reiseleiar for norske gjester på turen Bergen - Kirkenes - Bergen. Ikkje nok med det. Deretter vert det ein tur til med hurtigruta før han er klar for turen med MS SUNNHORDLAND frå Tromsø til Bergen/Leirvik i tidsperioden 20. - 25. september.
12.08.2020
Stemningsfull konsert i kveldssola på Stemneplassen.
Eit femitals menneske fann vegen til Stemneplassen i kveld for å vera med på friluftskonsert på det vakre friområde sentralt i Uskedalen. Arrangøren Uskedal Friluftslag er godt nøgd med frammøte i det fine og til tider svært varme veret. Konsertaktørane Uskedal Musikklag og Rustne Menn gjennomførte sine program etter oppsett plan og etter det vi kunne registrera, likte publikum repetoaret til begge gruppene.
10.08.2020
Nye elevtoalett står klar til skuleestart.
Kvinnherad kommune har renovert elevtoaletta på Uskedal skule i sommar. Dei gamle var slitne og lite tilpassa dagens krav til hygiene og personleg komfort. Kvinnherad Bygg har hatt jobben med fornyinga. Alt røyrarbeid er gjort av Husnes Røyr. Elektro: Teknisk Bureau. Sektorleiar i Kvinnherad kommune, Knut Bjørvik, har hatt tilsynet med arbeidet.
10.08.2020
Friluftskonsert med Musikklaget og Rustne Menn på Stemneplassen.
I morgon, tysdag 11. august kl. 18.00 vert det skipa til ein uformell og publikumsvenleg konsert på Stemneplassen. Uskedal Musikklag og Rustne Menn står for programmet. I tillegg vert det leikar og vedlotteri. I det fine veret kan det bli ei gild stund for fastbuande og tilreisande gjester.
08.08.2020
Singing Tweens og Småbarnstreffet er klar for oppstart.
Alt klart for ein ny sesong for songgruppa Singing Tweens. Samlingane er på Uskedal Bedehus. Singing Tweens er for born, som likar å syngja, frå 1. klasse og oppover.  Samlingane vert gjennomførte med bakgrunn i Covid 19 og smittevernreglane.
07.08.2020
Kvinnherad Vekst er tilbake til ordinær drift med vanlege opningstider.
Kvinnherad Vekstbedrift er tilbake til ordinær drift og med opningstider slik det er kunngjord på skilt og på heimesida deira. Opningstida på avdeling for trelast er: Kvardagar frå kl. 08.00 til kl. 16.00. Laurdagar: kl. 09.00 til kl. 14.00. Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast i Beinavikjo er godt skilta frå Fylkesvegen og vidare fram til lageret deira i Beinavikjo. På sikt vert alt arbeid knytta til verkstad, ved, betong og trelast samla på Vikjo. Vask og kantine vert verande i noverande lokale.
06.08.2020
SeaDream Yacht Club innstiller cruisetrafikken inntil vidare.
Cruisetrafikken med SEADREAM 1 og SEADREAM 2 vert innstillt inntil vidar. Årsaka er at ein dansk passasjer på cruise i perioden 21. juli til 2. august testa positivt på koronasmitte. Det var nok til at Folkehelseinstituttet bestemte at ingen får gå i land på kystcruisa i Noreg. Dermed var det ingen SEADREAM skip å sjå i Storsund i dag, 6. august.
06.08.2020
To kroner i pant er betre enn smertefulle dyrelidingar.
Det er klart for håslåtten og store areal er klar for hausting langs fylkes- og kommunevegane i Uskedalen. Kvart år er det eit problem med flasker og boksar, som er kasta ut i graset frå forbipasserande bilistar i Uskedalen. Dette er ei sterk oppmoding frå landbruksnæringa om å ikkje kasta pant i graset.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS