Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

To årsverk og fem års arbeid ligg bak praktboka Kvinnheradsbunaden.

08.11.2019
Klikk på bilete for full storleik
Sentrale personar bak boka Kvinnheradsbunaden - ei kulturhistorisk reise. F.v: Bjarne Øymyr, Grethe Brundtland, Ingunn Eikeland, Inger Berge Eik, Åslaug Snilstveit, Kari Fedt Haugsbakk, Esther Falk og Lars Børge Sæberg.
 

Det var uvanlag godt frammøte til Omvikdalen Bygdekvinnelag si boklansering i Biblioteket i går kveld. Boka Kvinnheradsbunaden er ei kulturhistorisk reise og eit praktverk som dokumenterer den lokale klesdrakta frå folkedrakt til bunad. Boknemnda kan syna til to årsverk og fem års arbeid frå tanken kom opp til ferdig bok.
 

Inspirasjonen kom frå Magnhild Guddal Soldal si hovudoppgåve om kvinnhersbunaden frå 1962. Seinare har det kome til ulike registreringar, særoppgåver, samarbeid med museum og private ressurspersonar, alt til god nytte i arbeidet med dokumentasjon og det å få fram kunnskap om ein bunad med mange variasjonar og stort mangfald.

 

For mange i Uskedalen vil boka vera interessann. Saima Kristine Lomheim Døssland er fotomodell. Ho står mellom anna fram med kvithua og forkleet sydd i dobbel uttrekkssaum. På eit av bileta har Saima på laskatrøya.

 
Klikk på bilete for full storleik
Saima Kristine Lomheim Døssland frå Uskedalen ( t.v ) er ein av mange fotomodellar. Her er ho saman med konfirmantane i boka.

Av informantar frå Uskedalen finn vi Marit Langballe, Gudrun Døssland og Jørn Øyrehagen Sunde. Gullsmed Atle Fredheim si avstøyping av klebersteinsform, funnen frå dyrking på Døssland, er omtalt i boka. Av denne forma vert det i dag laga bundadssylv som spenne og bunads- og halsknappar. Klebersteinen i originalform er i samlinga på Bygdetunet Rød.

 

Frå den historiske delen finn vi bilete av familien Martha J. Myklebust og Hans H. Døssland då dei utvandra til Amerika i 1872, jentene i bygdedrakt med blåhua og mennene i dress.

 

Boka Kvinnheradbunaden er meir enn i praktbok. Bak i boka på heile 40 sider finn vi mønsterdel til bunadsliv, trøya, laskatrøya. blåhua, kvithua, forkle, underskjørt, vest til gut og herre, lokabrok, skjorte og mykje meir. Det er innføring i korleis ein lagar sokkaband, strikkehua og bunadssokkar.

 

Teksten er skriven av Kari Fedt Haugsbakk. Åslaug Snilstveit er formgjevar. Med seg på foto har ho mannen Bjarne Øymyr. I tillegg til desse er Grethe Brundtland, Inger Berge Eik, Marita Handegard, Esther Falk, Ingrunn Eikeland og Else Miljeteig med i boknemnda. Boka er komen ut på Kapabel Forlag.

 
 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

Foto frå boka: Bjarne Øymyr

 
Klikk på bilete for full storleik
I den finaste stasen før avreise til Amerika i 1872. Familien Martha J. Myklebust og Hans H. Døssland
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.01.2020
Jazzkveld på Dønhaug i mars.
Kvinnherad Jazzklubb legg ein av sine vårkonsertar til Dønhaugkjedlaren, med den kjende danske saksofonisten Christina Dahl og hennar gruppe på tre musikantar. Det er i mars månad. Meir informasjon frå Jazzklubben kjem seinare.

kb
23.01.2020
Rune Kjærland er søkjar til GIS stilling i kommunen.
Rune Kjærland ( 24 ) er ein av ti søkjarar til stillinga som GIS ansvarleg i Kvinnherad kommune. Stillinga høyrer til drikkevassforsyning og avløpsanlegg. Rune er i dag oppmålingsingeniør i Luster kommune.

kb
22.01.2020
Eigarskifte på Rabben Feriesenter.
Det er gjennomført eigarskifte på Rabben Feriesenter i Uskedalen. Ny eigar er Tove Myklebust Heggøy, dotter til den tidlegare eigaren, Steinar Myklebust. Dagleg leiar vert mannen hennar, Magne L. Heggøy. Med dette vedtaket er drifta sikra og noverande og nye kundar kan sjå fram til gode feriedagar i Uskedalen. Uskedalen.no føl opp denne saka med innlegg og bilete seinare.

kb
22.01.2020
Kvinnhead Sau og Geit har årsmøte i Uskedalen, torsdag 23. januar.
Årsmøte i Kvinnherad Sau og Geit er lagt til Uskedalen, Gamleskulen, torsdag 23. januar kl. 19.00. Bjarne Berge frå Herøysundet er leiar i laget. I tillegg til vanlegge årsmøtesaker vert det faglege drøftingar og servering.

kb
22.01.2020
Ikkje søkjar til prestestillinga i Uskedalen.
Innan fristen er det likevel ikkje søkjar til soknepreststillinga i Uskedalen. Det var heller ikkje søkjar til stillinga i Husnes Prestegjeld. Det er prosten i Sunnhordland som fortel dette til Kvinnheringen. Vikarprestane Pål Dale og Arne Nataas vil hjelpa til for å halda tenesta oppe.

kb
22.01.2020
FAU sel lodd og skal ha basar 16. februar.
FAU på skulen skal ha basar sundag 16. februar kl. 16.30. Loddsalet fram til basaren er i gang. Medlemer frå FAU vil to laurdagar framover vera på SPAR med lodda sine.

kb
21.01.2020
Årsmøte i Kvinnherad mållag, tysdag 11. februar.
Årsmøte i Kvinnherad mållag har dei siste åra vore i Uskedalen. Årsmøte 2020 er lagt til tysdag 11. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert Målblomen tildelt ei verksemd som over tid har synt positiv vilje til å bruka nynorsk internt og ut til brukarane. Kvinnherad Breiband fekk Målblomen 2019.

kb
20.01.2020
Kyrkjekoret Nordsaang syng på Nyttårskonsert i kveld.
Nyttårskonserten er i Valen kyrkje i kveld, måndag 20. januar, kl. 19.00. Kyrkjekoret Nordsaang deltek med to songar. Det vert i tillegg korpsmuikk, solosong, duett, fløyte, saxofon og orgel. Alle er velkomne.

kb
17.01.2020
Meld frå om årsmøte.
Det er tid for årsmøte i lag og organisasjonar. Melding om årsmøte er viktig informasjon. Send oss ei melding og vi legg det ut som ei kunngjering.

Red.
16.01.2020
Jørn Øyrehagen Sunde fører Aarebrot tradisjonen vidare.
Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde skal i helga halda Aarebrotførelesinga 2020, 1000 års rettshistorie på 200 minutt, i Aulaen på UiB. Til liks med Frank Aarebrot er Øyrehagen Sunde ein levande og engasjert formidlar. På 200 minutt skal Jørn dra linene frå mellomalderen i Bergen til dagens NAV skandale og riksrettssaka mot Donald Trump.

kb
Siste Nyhende
24.01.2020
For lite venteskur i busslomma ved skulen.
I Torleif J.Hellesøy si ordførartid, på 1990 talet, vart busslomma ved skulen og barnehagen bygd. Straks etter kom venteskur i betong. No er venteskuret for lite, særleg på den tida skulebussen kjem frå dalen i 08 tida på morgonen og det er overgang til ungdomsskulebussen mot Rosendal. Dei fleste står ute. I vind og dårleg ver vert elevane våte på kort tid før ein kjem seg på plass på neste buss.
23.01.2020
Endra plangrense for detaljregulering Børnes næringsområde.
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar kommunen med dette utviding av plangrense for detaljregulering for Børnes næringsområde, 134/34 m.fl., PlanID 20190006. Varsel om oppstart er tidlegare kunngjort i Kvinnheringen 28.6.2019, og partar er tidlegare varsla i eige brev. Nytt varsel er no sendt på avgrensa høyring til råka grunneigarar, Fylkesmannen i Vestland og Vestland fylkeskommune som fylkesvegmynde.
23.01.2020
Idrettslaget med Grasrotandel på over kr. 100.000,-
Uskedal Idrettslag toppar lista for lag og organisasjonar i Uskedalen som er tildelt tilskot frå Grasrotandelen. Heile kr. 101.576,- er overført laget sin konto. Samla grasrotandel til 9 uskedalslag er rundt kr. 190.000,-. Det er ein merkbar auke frå 2018. Den neste på lista er Uskedal skulemusikk med ei overføring på knappe kr. 40.000,-
23.01.2020
Ekstra overløp skal hindra vasskade i Beinavikjo.
Kvinnherad kommune har ferdigstilt arbeidet med å etablera eit ekstra overløp frå ein kum i Beinavikjo. Bakgrunnen for denne etableringa er for å få sikra overløpet i periodar med høg springflo. Dette betyr at i vanleg drift vil røyret ikkje vera i bruk, men berre vera som ei ekstra sikring. Det er einingsleiar for Vatn og avløp, Egil Eide, som fortel dette til Uskedalen.no

22.01.2020
Strålande innsats av unge langrennsløparar.
8 unge langrennsløparar frå Uskedal idrettslag deltok i helga i det tradisjonsrike Røldalsrennet. Saman sytte dei for ein super laginnsats, og fleire av dei kunne klatra opp på sigerspallen etter flotte løp der dei konkurrerte med løparar frå Rogaland, Vestland og Vestfold og Telemark fylke.
22.01.2020
Uskedalen bør ha status som ei framskoten eining i Kvinnherad brann og redning.
Jan Fausk er utflytta kvinnhering og har yrkesbakgrunn både frå politiet og brannvern. Han har til no engasjert seg mykje i saka om ny brannstasjonsstruktur i Kvinnherad. Brannsjefen går inn for modell 3 med tre brannstasjonar i Rosendal, Ølve og Husnes. I tilegg kjem tre framskotne einingar i Åkra, Halsnøy og Varaldsøy. Jan Fausk vil også ha med Uskedalen som ei framskoten eining. Les kva Fausk skriv:
21.01.2020
Stord Airshow på Stord Lufthamn, laurdag 13. juni.
Stord lufthamn markerer 35 års jubileum med å arrangera Stord Airshow 2020, laurdag 13. juni. I den anledning er det med stor glede me no kan annonsera at det Latviske oppvisningsteamet «The Baltic Bees» kjem til Stord Airshow 2020. Jan Morten Myklebust frå Uskedalen er lufthamnsjef på Sørstokken.
21.01.2020
Det går mot kommunal drift og eigarskap av Kalkdoseraren.
Staten ved Fylkesmannen vil at Kvinnherad kommune skal overta drift og eigarskap av kalkdoseraren i Uskedalsvassdraget. Anbjørn Høivik i Kvinnherad kommunen stadfestar at det er drøftingar på gang og at ein legg opp til nytt driftsopplegg i februar månad. Før det må det fremjast sak for politisk behandling.
20.01.2020
Mållaget går nye vegar i si profilering.
Kvinnherad mållag med fast møteplass i Uskedalen går nye vegar i si profilering. Det siste er at raudrussen kan tinga seg strykemerke med nynorske slagord. Det kan gjerast så enkelt at russen skriv namnet sitt på mållaget si Facebookside. Mållaget tingar strykemerka og dekkar kostnaden.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS