Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Den populære adventskalendaren er i salg.

01.11.2019
Klikk på bilete for full storleik
Den populære adventskalendaren er i salg. Sjå den i fullformat lengre nede.
 
Vi kan trygt utropa skulemusikken sin adventskalendar som den mest populære førjulskalendaren i Uskedalen. I år kjem den for 7. året på rad.  Etter at den vart lansert i 2013, har den kvart år vore like populær, og den har sikra spenning og god julestemning i mange heimar.  Vi har inntrykk at at den er noko alle må ha medan dei ventar på jula.  Den er også viktigaste og stødigaste inntekstiltaket til skulemusikken.
 
Klikk på bilete for full storleik
Når vi kjøper kalendaren støttar vi denne flotte gjengen i skulemusikken.
 
 
Også i år er kan Uskedal skulemusikk lokka med mange flotte gevinstar på adventskalendaren sin.  Vi legg merke til at det i år er spesielt mange flotte heimestrikka gevisnstar i tillegg til mange fine og kjekke premiar som dei har fått frå gode støttespelarar i næringslivet,  Vi legg merke til både heimestrikka herregensar, dokke med strikkekle, EU-kontroll, John Deer trøtraktor og bålpanne i tillegg til mange gåvekort og anna gjeve av ulike støttespelarar.
 
Styret fortel at prisen er den same som alle dei 6 føregåande åra; - 100 kr pr. kalendar. Trekningane vert gort kjent kvar dag frå 1.desember på i notisspalta her på uskedalen.no, og akkurat som dei siste åra kan dei heldige henta gevinstane på Auto 88 AS på Brekketoppen.
 
Salget av kalendaren starta for få dagar sidan, og salget vil føregå frå 30.oktober til 30.november.  Den er i salg hos Gros Blomster, og i tillegg vil dei unge, flinke musikantane koma rundt på husa og selja.  Kalendaren kan også kjøpast ved å kontakta Monica Hermann, mobil 906 35 493, eller Haldis Aakra, mobil 
970 43 869. Dei som ønskjer det, kan betala med Vipps nr.133432. 
 
-Bygdefolket pleier alltid å støtta godt opp om skulemusikken, og det håpar vi dei gjer denne gongen og.  Kalendarsalget er svært viktig for drifta av korpset, uttalar styret og legg til at dei er svært takksame for alle dei flotte gevinstane dei har fått. Dei rettar også ei stor takk Kvinnherad Vekst AS for trykking av kalendaren, til Auto 88 AS som står for utdeling av gevinstar og til Gros Blomster som hjelper til med salget.
-Vi er svært takksame for den fine måten vi alltid vert tatt i mot på når vi bed om støtte, avsluttar styrerepresentantane.
 
Mykje spenning og mange flotte gevinstar.
 
 
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Uskedal skulemusikk
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.11.2019
Nabomerknad til byggesøknad i Halsabrotet.
Nabomerknad til søknad om å byggja hus og garasje i Halsabrotet gjer at Forvaltningskomiteen utsette saka til ein har vore på synfaring. Kommunedirektøren ville gje løyve som omsøkt utan å ta omsyn til merknader frå naboane. Merkandene går på utsikt og innsyn. No vert det synfaring før vedtak i komiteen.

kb
18.11.2019
Forvatningskomiteen sa ja til advokatkontor for 2. gong.
Forvaltningskomiteen hadde saka om advokatkotor på Døssland oppe for 2. gong, etter at Fylkesmannen rådde frå å gje løyve. Eit samrøystes utval sa ja til utbygging slik Kommunedirektøren tilrådde.

kb
17.11.2019
Møteveke i Uskedal Bedehus.
Det vert møteveke i Uskedal Bedehus frå onsdag 20. til sundag 24. november, bortsett frå laurdag. Då er det ikkje møte. Talar er misjonær Sverre Hovda. Møtetid: Kvardagar kl. 19. Sundag: kl. 11. Song og musikk. Gåve til misjonen. Alle er velkomne.

Arr: Misjonssambandet
17.11.2019
Fest for frivillige på Kafe Tiaren.
Onsdag i denne veka vert det Frivilligfest for alle som hjelper til på Kafe Tiaren. Kafe Tiaren er ein sentral kulturell og sosial møteplass i Uskedalen med brukarar både frå bygda og frå andre bygder. Tilbodet er ope og i drift kvar tysdag heile året. Alle har motteke personleg invitasjon og det er påmelding til Berit H. Døssland på mobil: 913 07 384.

Kafe Tiaren
15.11.2019
Julebakst på Elins Matgleder i dag, fredag 15. november.
Det er høve til å få kjøpt brune pinnar på Elins Matgleder, Uskedalen og Rosendal, i dag fredag 15. november.

kb
14.11.2019
Alle aktørane er klar for julekonserten 15. desember.
Arbeidet med innslaga på julekonserten i kyrkja sundag 15. desember er i boks. Av kor/korps og enkeltaktørar vert desse med på konserten: Røysterett for Alle, Leif Inge Heimvik, GLIMRAH, kantor Eva Megyesi,  Uskedal musikklag og Uskedal skulemusikk. Gjester er borna Artur Zimin og Avrora Zimina. I tilegg kjem tre salmar.

kb
13.11.2019
FAU på skulen planlegg basar i februar 2020.
FAU på Uskedal skule vil laga til basar i februar månad. Utvalet spør om nokon vil laga gevinstar og premiear. Det kan vera noko frå strikking, sying eller frå sløyden. Ta kontakt med Isabell Stensletten på mobil 480 58 703.

FAU
13.11.2019
Ubemanna julebutikk i Skålagato.
Elins Matgleder melder på si Facebookside at det vert ubemanna Julabutikk og Cafe Hylleblomen i Skålagato i Rosendal. Det vert gjort slik døra er ulåst, kunden går inn og handlar det ein ynskjer for så å betala på Restaurant Fiolen. Det er ikkje ofte vi høyrer om ulåste butikklokale slik Elin Enes gjer det.

kb
12.11.2019
Bygdarock i Helgheim laurdag 30. november.
Det vert Bygdarock i Uskedalen laurdag 30. november. Sløyden Rock står for musikken og det er ein viss fare for at det kan bli både allsong og dans. Sal av hotdogs og drikke. Billettar kan du kjøpa på SPAR, Uskedalen. Alder: 18 år. Inngang: kr. 200,-.

kb
12.11.2019
Lars Haugland - ny leiar i Uskedal Bondelag.
Lars Haugland vart på årsmøte 31. oktober vald til ny leiar i Uskedal Bondelag. Med seg i styret har han: Ingvill E. Myklebust, Marita Kjærland, Kjell Arne Myklebust og Runar Myklebust. Meir informasjon om Bondelaget og landbruksnæringa kjem som eige innlegg.

kb
Siste Nyhende
19.11.2019
Ikkje topplag på vegen til Fjellandsbø i denne omgang.
Det kjem ikkje topplag på vegen frå Friheim til Fjellandsbø i denne omgang. Det stadfestar Per Inge Naterstad i Kvinnherad kommune. Så lenge det ikkje bur nokon fast på Fjellandsbø vert vegen sett i stand med eit forsterkingslag, grøftereins og utskifting av nokre stikkrenner. Forsterkingslaget er frest asfalt frå arbeidet med Opsongersvegen og som har vore mellomlagra på Børneset.
18.11.2019
Skulefrukost med sunn og god mat.
Ein gong i halvåret lagar Elevrådet på Uskedal skule til måltid for alle elevane. Elevrådet ynskjer å utvida ordninga til to gonger i semesteret. Elevrådet tel tilsaman 14 medlemer og Hilde Bringedal er elevrådskontakt. Uskedal Helselag støttar skulefrukosten med kr. 20,- pr. elev.
17.11.2019
Motbakkeløp til Ådnaklett for 30 år sidan.
På Grenda si framside for 30 år sidan kan vi lesa om motbakkeløp til Ådnaklett. Tormod Myklebust minnest løpet. Han var sjølv med i det Grenda kallar styrkeprøven med start på Uskedal skule og mål i enden av den nylaga skogsvegen frå Myklebust til Ådnaklett. Knut Olav Myklebust ( 9 år den gongen ) var også med. Margun Eik ( Uskedal IL ) vann kvinneklassen.
16.11.2019
Uskedalen er med i nasjonal drikkevasstudie.
Folkehelseinstituttet har invitert personar frå heile landet til å delta i ei spørjegransking om samanhengen mellom drikkevatn og magesjuke. Truleg har mellom 10 og 15 personar i Uskedalen takka ja til å vera  med i dette forskingsprosjektet. Ein gong i månaden svarar deltakarane på eit elektronisk spørjeskjema på E-post. Spørjegranskinga går over 12 månader.
15.11.2019
Røysterett for Alle med heile tre julekonsertar.
Røysterett for Alle går inn i ei travel førjulestid med heile tre julekonsertar i tre bygder, Husnes, Uskedalen og Ølve. På Husnes er Frode Kaldestad med på piano. I Uskedalen er Irene Simonsen akkompagnatør. Konserten inneheld 15 songinnslag. Av desse er nokre nye og har ikkje vore framført før. Koret vil mellom anna framføra Jeg synger julekvad, etter eit opphavleg tysk arrangement.


14.11.2019
Kongens medalje til turleiaren og fjellmannen Kåre Eik.
Den 14. oktober kom det melding frå Slottet om at H.M. Kongen hadde tildelt Kåre Eik frå Rosendal/Seimsfoss Kongens fortjenestemedalje. Bak søknaden om å tildela fortjenestemedaljen til Kåre Eik stod: Rosendal Turnlag – Turgruppa, Rosendal Turnlag – Hovudlaget, Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag. Utdelinga vart markert på Rådhuset i denne veka.

12.11.2019
Minnerik 87 års-markering for heilfrelst Viking-supportar!
Mandag fylte nestoren i Uskedal musikklag, Bjørgulv Eik, 87 år.  Tirsdag var det som vanleg øving i bandet, og då vart sjølvsagt åremålet markert.  Bjørgulv som er særdeles sportsinteressert, har vore ivrig tilhengar av fotbalklubben Viking i tett på 70 år.  At klubben set pris på dette, viste dei tydeleg på markeringa tirsdag.  Dei sette ein ekstra spiss på kvelden, ikkje berre for jubilanten, men også for resten av bandmedlemmene.
12.11.2019
Nedgang i elevtalet kan føra til overgang til Malmanger skule.

I framlegg til Budsjett 2020 og Økonomiplan fram til 2023 rår Koummunedirektøren til at elevane ved Uskedal skule, saman med Omvikdalen skule,  vert overført til Malmanger skule i 2023. Bakgrunnen er ein dramatisk nedgang i elevtalet frå 102 elevar i 2019 til  68 elevar i 2024. Ein føresetnad er ferdigstilling av nye Malmanger skule.
11.11.2019
Klargjering av nye lys til Julagrano.
Når den staselege julegrana i Uskedalen vert tend for 57. gang den 1.desember kl.16, vil den vera pynta med flunkande nye lys.  Dette er blitt mogeleg etter ei flott pengegåve frå Sparebankstiftinga Kvinnherad på 70.000 kroner og ein solid dugnadsinnsats frå eldsjeler i Uskedal musikklag.  Det er musikklagsmedlemmer som i alle år har stått for pynting og vedlikehald.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS