Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Store og kreative tankar om eit klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen.

14.09.2019
Klikk på bilete for full storleik
Iwan Thomson frå arktitekfirma LALA Tøyen har fått oppdraget med å laga ein mulighetstudie og eit skisseprosjekt.
 
Prosjektgruppa for Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen inviterte til ope møte torsdag i denne veka. Frammøte var godt og det kom fram kreative tankar om kven som er brukargruppa, om innhaldet, om plassering og ikkje minst om utsjånad og estetisk uttrykk slik bygget ligg samlokalisert med skulen i sentrum og tett i strandsona. Representantar frå kommune, fylkeskommune og SpareBank 1- stiftinga, Kvinnherad var med på møte. 
 

Før Iwan Thomson frå arkitektfirma LALA Tøyen orienterte om prosjektet så langt, hadde Kristian Helgesen, idrettskonsulent i Kvinnherad, ei innleiing om trendar og endringar i behov når det gjeld trening og fysisk aktivitet. Det er viktig å tenkja fleirbruk, det å fylla bygget med mange aktivitetar for ei variert brukargruppe. Eigenorganiserte aktivitetar er in for tida.

 

Bjørg Laursen frå Fylkeskommunen undestreka dette med behov og framtidig bruk. Jenter er ei svak brukargruppe. Berre 6 % av jenter i alderen 11 - 16 år er fysisk aktive. I nye prosjekt må det gjerast noko for å endra på dette.

 
Klikk på bilete for full storleik
Prosjektgruppa for Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen. F.v: Chris Fossli, Steinar Haugland, Vigdis Gammelsæther og Michael Røssland. Remi Stafsnes var ikkje med då bilete vart teke.

Etter ein anbodsrunde fekk LALA Tøyen oppdraget med å laga ein mulighetsstudie og seinare eit skisseprosjekt. Arbeidet skal leia fram mot eit forprosjekt. Ein mulighetsstudie skal sei noko om behovet, engasjement, aralbruk, plassering og kostnad. Den fyrste delen av dette arbeidet skal vera klar innan 2 veker. Lokal og regional medverknad er viktig. Ja, eit senter som dette bør faktisk tenkja nasjonalt med støtte frå Innovasjon Noreg.

 

Dei fire gruppene på møte fekk to oppgåver:

 
  1. Kva er behovet og kva brukargrupper skal inn i bygget ?
  2. Kva er identiteten til senteret og kva uttrykk/merkevare skal bygget gje ?

I drøftingane kom det fram mange og store tankar om eit klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen. Inspirasjonen og grunnlaget må gå ut frå landskapet med Ulvanoso og fjorden, og vidare eit rikt og variert friluftsliv og kulturelle aktivitetar i bygget. Ein innbydande resepsjon med kafe/mat vil vera viktig for å skapa ein inkluderande møteplass.

 
Klikk på bilete for full storleik
Både Kvinnherad kommune og Vestland Fylke var representert på møte. F.V: Kristian Helgesen, Bjørg Laursen og Anbjørn Høivik.
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Ei av fleire skisser som syner det nye senteret med mellom anna plassering av eit klatretårn.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.10.2019
Lina Håland tilbake med konsert, fredag 25. okt. i Husnes kyrkje.
Tidlegare sokneprest i Uskedalen, Lina Håland, er tilbake i Kvinnherad fredag 25. oktober for å halda konsert i Husnes kyrkje, i samsong med Jeanne Marie LaFrance. Marit Lindekleiv vert med på piano/orgel og Audun Tvedten spelar saksofon. Det er gratis inngang, men det er høve til å gje ei gåve til barneheimen Umbred Home i India.

kb
18.10.2019
Til alle som skal på haustfesten.
Ungdomslaget bed alle, som er påmeldt til haustfesten i morgon, laurdag 19. oktober, vera på plass i god tid for registrering og betaling. Programmet tek til nøyaktig kl. 19.00. Det vert taffelmusikk og song frå kl. 18.30. Alle billettane er selde og påmeldinga vert frå no definert som bindande. Velkomne til haustfest.

Haustfestkomiteen
17.10.2019
Familiegudsteneste med barnekor og utdeling av kyrkjebok.
Sundag 20. oktober kl. 17 vert det stor familiegudsteneste i Uskedal kyrkje. Med bakgrunn i trusopplæringsprogrammet vert det utdeling av kyrkjebok til 4-, 5- og 6 åringane. Singing Tweens, som er eit barne- og ungdomskor for 4. - 7. klasse, vert med på gudstenesta.

kb
16.10.2019
Søkjer ungdom til ein betalt jobb på haustfesten.
Dersom du er over 16 år og vil ta ein betalt jobb på haustfesten i ungdomslaget, så melder du frå til Rigmor Rasmussen ( 470 23 450 ). Arbeidsoppgåvene er å hjelpa til med servering, rydda matsalen, vaska opp og laga klart for kaffi og kakebord. Jobben er avgrensa til 2 - 3 timar laurdag kveld. Kan gjerne vera to jenter eller gutar i ei gruppe.

Ungdomslaget
15.10.2019
Kvinnherad 2050 - ope møte tysdag 22. oktober kl. 19
Uskedal Utvikling saman med Kvinnherad kommune skipar til ope møte i Gamleskulen, tysdag 22. oktober kl. 19. Tema er Kvinnherad 2050. Kom og ver med og gje innspel til samfunnsdelen og arealdelen i K.planen. Hildegunn Furdal frå Plankontoret vert med på møte. Meir informasjon kjem seinare.

Uskedal Utvikling
15.10.2019
Klara Døssland 102 år i dag.
Klara Døssland er 102 år i dag, tysdag 15. oktober. Alle med runde dagar og alle med ein alder over 100 år får namnet sitt i Grenda og i Bergens Tidende. I dag les vi om Klara i begge avisene. Uskedalen.no ynskjer Klara hjarteleg til lukka med dagen.

kb
12.10.2019
Berre 15 ledige billettar til haustfesten i ungdomslaget.
Det er uvanleg god påmelding til haustfesten i ungdomslaget neste laurdag. Ei veke før er det berre 15 ledige billettar. Alt ligg til rettes for ein kjempefest slik vi hugsar det frå glanstida i Uskedal Ungdomslag. Ver rask og send påmelding til Rigmor Rasmussen ( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
12.10.2019
Kom og ver med som bøsseberar på TV aksjonen.
Helene Bjørnebøle er rodeleiar i år også. Innsamlinga går mellom kl. 16 og kl. 18, sundag 20. oktober. Meld frå om du kan vera bøsseberar på mobil: 971 56 309. Det er trong for 15 bøsseberarar. Frammøteplassen for bøsseberarane er Uskedal skule.

kb
10.10.2019
THK stifitnga med innsamling til Ukraina.
THK-stiftinga hjelper fattige i Ukraina. Stiftinga har eige lager i Uskedalen
Vi samlar kontinuerleg inn brukte klede, sko, sportsutstyr, sengkle, tepper, gardiner, leiker m.m. Det er for tida stor trong for sko til born og vaksne. Ring tlf nr 97147851 for avtale om levering. Kr. 50.- pr sekk i transportstøtte. Les meir på: WWW.thk.no

Tormod Myklebust
10.10.2019
Er du interessert i tur til Bayern, sept. 2020.
Det er 12 ledige plassar til 7 dagars turen frå Haugesund til Bayern i Tyskland, september 2020. Turen går mellom anna til heimplassen til Siggi Klemm, som mange kjenner frå mange år med turgrupper frå Tyskland til Uskedalen. Dersom du vil vita meir om turen, kan du ta kontakt med Tove Høgemark eller møta henne i Uskedalen i helga. Mobilen hennar er: 996 19 340.

kb
Siste Nyhende
20.10.2019
102 år og var på haustfesten i ungdomslaget.
Haustfesten var historisk. I Uskedal Ungdomslag si 131 år lange soge har det aldri vore ein person på 102 år på ein fest, slik vi opplevde på laurdag. Klara Døssland, 102 år tysdag 15. oktober, melde seg på og kom saman med døtrene Astrid og Kirsten på haustfesten i Helgheim. Ikkje nok med at ho var på programmet og maten. Klara var like godt med på dansen fram mot midnatt.
18.10.2019
Treng bøsseberarar til TV aksjonen sundag 20. oktober.
Rodeleiar i Uskedalen, Helene Huse Bjørebøle, treng påmelding frå fleire bøsseberarar om ein skal makta i dekka heile bygda ved innsamlinga på sundag.  I verste fall er det område i Uskedalen som ikkje får besøk. Det er enno tid for å melda seg til Helene på mobil: 971 56 309
17.10.2019
Regjeringa skrotar Nasjonal ramme for vindkraft på land.
Det er i dag gjord kjend at Regjeringa legg bort planen Nasjonal ramme for vindkraft på land. Med bakgrunn i massiv motstand vel altså Regjeringa å skrota planen. I høyringsfasen kom det inn over 5000 fråsegner, mellom anna frå 56 kommunar. Heile 53 kommunar, av dei Kvinnherad, sa eit klart nei til vindkraftutbygging. Det er uklart kva konsekvensar dette vedtaket har. Truleg er det no fritt til å søkja om konsesjon i kvart einskild prosjekt.
17.10.2019
Mange ville høyra Dag Lindebjerg fortelja om farty og fiskeri.
Det var eit rekordstort frammøte på det siste møte i Senioruniversitetet. Langt over hundre studentar kom for å høyra Dag Lindebjerg fortelja om det yrkesaktive livet i NRK med dei mange programma frå Vesterhavsøyane og om kysten, farty, fiskeri og fangstmetodar i innlandet og i elvane. Dei siste fem åra har Dag Lindebjerg vore turleiar for grupper på reise til Shetland, Orkenøyane, Færøyane og Hebridene.
16.10.2019
Dugnadsgruppa merkjer og forbetrar stien ned til Fjelly.
Dugnadsgruppa med Pål Haugland som leiar er godt i gang med arbeidet denne hausten. Torsdagen er den faste dugnadsdagen og kvar gong møtest 5 - 8 personar til nyttig arbeid som kjem allmenheten til gode. Det siste oppdraget er forbetring av stien på Hauglandsfjellet, frå toppen og ned lia til Mannsvatnet og Fjelly.
15.10.2019
Gjestebod - ny arbeidsmetode i K.planarbeidet er prøvd i Uskedalen.
Ein ny metode for så skapa interesse og medverknad i arbeidet med ny kommuneplan vert prøvd ut i desse dagar. Tre gjestebod er gjennomført i Uskedalen, mellom dei eit familiegjestebod. Eit anna gjestebod med 2 kvinner og 4 menn i alderen 50 til 80 år var lagt til Beinavikjo. Svara gruppa kom fram til på konkrete oppgåver er sendt plangruppa i kommunen. Tilsaman er det lagt opp til om lag 50 gjestebod i Kvinnherad kommune.
14.10.2019
God song av vakre salmar.
Uskedal sokneråd har siste åra arrangert i alle fall ein salmekveld i halvåret, og kantor Eva Meyesi har vore primus motor for desse saman med Kristian O. Bringedal. Til salmekvelden mandag hadde dei valt ut salmar som omhandla Guds stordom, Guds skaparverk og Guds omsorg.  Dei hadde gjort eit svært godt utval, og mange av salmane var nye for mange av dei frammøtte.
14.10.2019
Fallsikring på murkantane til Trelastlageret i Beinavikjo.
Kvinnherad Vekstbedrift har starta arbeidet med tilrettelegging for delvis nye aktivitetar i Uskedal Trelastlager sine bygg og anlegg i Beinavikjo. Deler av sjølve trelastlageret vert mellom anna  gjort klar for snikkarverkstad og vedproduksjon. Ute vert alle murkantar sikra med gjerde for å hindra fallskade. Dette vert gjort både med tanke på brukarane og kundane.
13.10.2019
Frå Petter Dass til Edvard Hoem - Salmekveld i Uskedal kyrkje.
Det vert ny salmekveld i Uskedal kyrkje i morgon, måndag 14. oktober kl. 19. Salmekvelden vert skipa til i regi av Uskedal sokneråd i samarbeid med kantor Eva Megyesi og kyrkjekoret Nordsaang. Overskrifta er Frå Petter Dass til Edvard Hoem, utvalde salmar frå ein tidsperiode på over 300 år.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS