Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kommuneplanarbeid og ny metode for medverknad.

05.09.2019
Klikk på bilete for full storleik
Lene Gjuvsland Skjelnes ( planleggjar ) og Kjartan Thoresen ( Avdelingsleiar for Samfunnsutvikling ) går nye vegar for å oppnå medverknad i kommuneplanarbeiet.
 
Gjestebod er ein metode med hensikt om å få innspel til kommuneplanen frå innbyggjarar som til vanleg ikkje deltek på tradisjonelle temamøte, og frå innbyggjarar som er spesielt oppteken av eit særskild tema. Det er fyrste gong gjestebod vert prøvd i Kvinnherad kommune, og me er glade for at fleire Kvinnheringar allereie har sagt seg villige til å stille som gjestebodsvertar. Det vil bli halde gjestebod i alle delar av kommunen og i mange ulike aldersgrupper. Det ligg an til å bli stor breidde innan både tema og gjester
 

Gjestebodet føregår slik at ein person tek på seg å invitera inntil 8 andre personar heim til seg for ei drøfting om ulike spørsmål og tema. Gjestebodet føregår utan kommunal deltaking. Avdeling for samfunnsutvikling har formulert spørsmål og problemstillingar med utgangspunkt i vedteke planprogram og på bakgrunn av aktuelle tema i Kvinnherad i åra som kjem.

 

Ein får også meir informasjon om gjennomføring samt ein kontaktperson dersom ein melder seg som aktuell gjestebodsvert. Det skal ikkje vera mykje planlegging om det å halda gjestebod, anna enn å setja av eit par timar til sjølve gjennomføringa og å invitera andre ein kjenner som ein kan diskutera problemstillingane med.

 
Merknader og innspel vert brukt som grunnlag i Kommuneplanen, samfunns- og arealdelen.

Dei gruppene me ynskjer å nå med denne metoden er:

  • Familiar med born under 18 år som bur i kommunen
  • Innbyggjarar over 60 år
  • Unge vaksne med tilknyting til Kvinnherad som bur ute av kommunen pga utdanning eller arbeid
  • Personar med ulike helseutfordringar  (fysisk eller psykisk helse)
 

I etterkant skal innspela frå gjestebodet sendast til ein av kontaktpersonane ved avdeling for samfunnsutvikling der dei til slutt vert samla i ein rapport som skal nyttast som kunnskapsgrunnlag i det vidare planarbeidet.

 

Planleggjar Lene Gjuvsland Skjelnes har avtale med ein gjestebodsvert i Uskedalen, men vil gjerne ha fleire med for å prøva ut denne metoden. Vi gjer merksam på at dette er ein av fleire metodar for å fremja medverknad. Alle har høve til å senda merknader og innspel til Kommuneplanen Kvinnherad 2015.


Ta kontakt på denne adressa: lene.gjuvsland.skjelnes@kvinnherad.kommune.no

 

  

Tekst: Pressemelding/ Kristian Bringedal

Foto: Anbjørn Høivik

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
05.06.2020
Båtlaget opnar Servicebygget.
Uskedal Båtlag opnar Servicebygget etter at det har vore koronastengd. Det er informasjon til alle båtgjester som brukar båthuset. Det er reinhald kvar dag frå kl. 13.00 til kl. 14.00. Alle må syta for god hygiene og elles fylgja sentrale føringar for smittevern. Handibac står klar til bruk.

Uskedal Båtlag
04.06.2020
Kommunal drift av Kalkdoseraren - sak i F.skapet i dag.
Etter forhandlingar med Fylkeskommunen er det no klart for kommunal drift av Kalkdoseraren på Haugland i Uskedalen. Avtalen skal godkjennast av Fomannsskapet i møte, som er i dag, torsdag 4. juni.

kb
03.06.2020
17. mai: Alle vinnarane har meldt seg.
Alle vinnarane frå 17. mai lotteriet har meldt seg. Dermed er alle gevinstane leverte til dei rette personane.

kb
30.05.2020
Thaivogna open i dag, pinseafta, og 2. pinsedag.
Thaivogna er open i dag, pinseafta, laurdag 30. mai og måndag, 2. pinsedag. Stengd i morgon 1. pinsedag grunna arrangement.

kb
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
Siste Nyhende
05.06.2020
Svanepar med sju ungar på Stølavikjo.

Ved badestranda på Stølavikjo møter du på eit svanepar med heile sju ungar. Hoa ligg og passar på flokken. Ho markerer plassen med eit fres, men er elles roleg og lite trugande. Hannen ligg ute i vatnet og bryr seg lite. Av to svanesortar, som ruger i Noreg, er dette ei knoppsvane.
04.06.2020
Ny Viking-kontrakt for Harald Nilsen Tangen.
Viking-talentet Harald Nilsen Tangen kan sjå tilbake på ein svært god treningsvinter og ei sesongoppkjøring med mykje speletid og scoringar før koronaen sette ein stoppar også for elitefotballen.  No nærmar det seg start på elitefotballen, og Harald har nett signert ein ny 3-årskontrakt.  Dermed har han kontrakt med klubben ut 2022-sesongen.
04.06.2020
Hus og fritidseigedomar selde i Uskedalen den siste tida.
Det er etter tilhøva god omsetnad på hytter og hus i Uskedalen. Ei hytte og ein fritidseigedom på Skorpo er seld i vår og nyleg er det seld to hus i sentrum. Uskedalen er på mange måtar ei attraktiv bygd i Kvinnherad, ytterst i Hardangerfjorden og fint plassert i høve til regionane Hardanger og Sunnhordland. Mange ynskjer å bu sentralt med kort veg til butikk, skule, barnehage og andre sentrumsfunksjonar.
03.06.2020
Skulemusikk i medvind ønskjer fleire aspirantar.
Uskedal skulemusikk er i god medvind, og etter eit generasjonskifte for eitt år sidan, har dei i løpet av året dobla medlemstalet.  No er dei 14 svært glade musikantar, og dei håpar å få fleire med på laget.  Korpset er så heldige at dei kan gå mot ein ny sesong med dyktige Tor Skeie Olsen som dirigent, og ikkje nok med det!  Dei får dette året også to flinke, kjekke, unge instruktørar som tidlegare har spelt i korpset!
02.06.2020
Elvefiske kan ta til i veke 26, ei veke seinare enn i 2019.
Uskedalselva opnar truleg for fiske i veke 26, kring 23. juni. Det er ei veke seinare enn i 2019. Opninga har samanheng med omorganisering av Elveeigarlaget frå å vera eit lag med begrensa ansvar til å bli eit Samvirkeføretak. Omorganiseringa har vore tema i laget i fleire år. Det er eit krav frå Brønnøysundregisteret. No vert det gjort og alt det formelle skal vera på plass innan nokre veker.
02.06.2020
Skjortefodno i Eikedalen ligg til langt ut i juni månad.
Snøen kom seint i år og den markerte og tydlege Skjortefodno i Eikedalen let venta på seg, men frå februar har fodno vore på plass. Dersom Skjortefodno var stor, sa dei gamle på Eik: Ho er dryge Skjortefodno i år. Det varme veret den siste veka med stor snøsmelting har ført til at fennene rundt Uskedalen minkar dag for dag.
31.05.2020
Samarbeid om bubilplassering har skapt god PR for bygda.
Det går mot ei rekordheld når det gjeld gjester i båthamner og camping i Uskedalen. Vi kan knapt minnast at det har vore så mange tilreisande. Stor pågang av gjester i bubil gjorde at Uskedal Båtlag opna opp for å bruka grøntarealet ved servicebygget til parkering. Dette vart gjort for å avhjelpa Rabben Camping og dermed finna plass til så mange som mogeleg. Parkeringsplassen ved Vertshuset vart også brukt.
30.05.2020
30.000 til flott dugnadsprosjekt.
For eit par år sidan vart det etablert ei dugnadsgruppe etter initiativ frå Pål Haugland.  Gruppa har hatt fast møtetid om torsdagane, og har hatt mange prosjekt til nytte for Uskedalen.  Fredag ettermiddag vart dei tildelt 30.000 kroner frå Sparebankstiftinga Kvinnherad til eit prosjekt som vil bli til stor glede for turgåarar; - gapahuk på Flåtene.
30.05.2020
Startar opp med gudstenester etter koronastenging.
Vi har vore gjennom ei spesiell tid der alle gudstenester i kyrkjene har vore avlyst. Kyrkja har stått saman med resten av samfunnet i den store dugnaden for å avgrensa smitte av korona. Når vi no på nytt kan invitera til gudsteneste, må vi gjera vårt til at det kan skje på ein trygg måte. I Uskedal kyrkje er benkene merka for å halda på ein meters avstand.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS