Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lite konkret om Uskedalen i partiprogramma.

04.09.2019
Klikk på bilete for full storleik
Det er lite skrive om aktuelle og konkrete tiltak i partiprogramma frå Uskedalen.
 
Ved gjennomgang av partiprogramma finn vi mest ikkje noko om Uskedalen. Det næraste vi kjem er Høgre som skriv under overskrifta Levande bygder at partiet vil utvikla Uskedalen, Sæbøvik og Gjermundshamn som gode lokalsenter gjennom den såkalla Sentrumspakken. Venstre skriv i sitt detaljprogram at ein vil utvikla Uskedalen til eit senter for klatresport.
 

Eit partiprogram vil alltid vera generelt der tiltak også i Uskedalen er pakka inn i tema som til dømes næringsiv, arbeidsplassar, helse og omsorg, samferdsle, kultur og skule/oppvekst.

 

Miljøpartiet brukar ikkje pengar på papirprogram og utsending i posten. 1. kandidaten, Jostein Saghaug, fortel til Uskedalen.no at partiet har mange tiltak som meir eller mindre handlar om Uskedalen. Det gjeld mellom anna tiltak for funksjonshemma med Hagatunet som modell. Miljøpartiet vil stimulera til lokal matproduksjon slik det vert gjort på Friheim Gardsmat.

 

Ikkje noko parti har Gang- og sykkelveg Uskedal bru - Steinsletto med i sine trykte program. Av viktige saker for Framstegspartiet er Gang- og sykkelveg i Herøysundet, Dimmelsvik og Sunde med,- ikkje Uskedalen.

 

Det undrar oss at det ikkje er meir fokus på trafikksikringstiltak langs Fylkesveg 48 mot Steinsletto og Herøysundet. Så langt vi kjenner til er heller ikkje Gang- og sykkelveg til Steinsletto med i Kvinnheradpakken.

 

Av andre saker nemner vi:

 
  • Næringsuvikling med tilrettelagde næringsområde. Ingen skriv eit ord om Børnes Næringsområde der det no vert utarbeidd detaljreguleringsplan.
  • Bufellesskap for eldre - seniortun. Ikkje eit ord om at Uskedalen har regulert areal til føremålet i sentrum og at private utbyggjarar er klar for utbygging.
  • Friluftsliv med skilting og parkering. Mange parti skriv om turvegar, merka stiar og folkehelse. Ingen parti skjønar eller nemner Uskedalen og Ulvanoso med klatring og dermed trongen for infrastruktur med skilting og parkering. ( Les innlegget til Thor Inge Døssland i Grenda og Kvinnheringen: Lat fleire få glede av den vakre naturen vår ).
  • Landbruket er ei vekstnæring i Uskedalen. Nokre parti skriv at ein vil stimulera til nydyrking og oppretthalda tilskota i landbruket.
  • Elvekultivering er viktig i Uskedalen. Venstre og Miljøpartiet vil sikra den lokale aure- og laksebestanden.

Alle partia seier nei til vindkraft i kvinnhersfjella. Uskedalen er, som alle veit, med i Nasjonal ramme for vindkraftutbygging.

 

Dersom nokre av partia, etter å ha lese dette, har merknader eller kommentarar, er redaksjonen takksam om de sender oss nokre ord om konkrete tiltak for Uskedalen i neste valperiode. Bruk denne adressa: uskedalen.no@gmail.com

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
09.07.2020
31,1 varmegrader målt 19. juni i år.
Det vart målt 31,1 plussgrader 19. juni kl. 00.00 i Korsneset i år. Det er den høgaste temperaturen så langt denne sommaren. Av dei som er med og leverer verdata til Grenda, var det berre Sæbøvik og Valen som hadde høgare temperatur, nemleg 31,9  og 31,2 gr. - begge målt 26. juni.

kb
09.07.2020
Fleire laksar på rundt 9 kilo.
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no.Denne finn de ved å klikka inn på Uskedal elveigarlag i venstre kolonne her på sida. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 9 kg.  Bjørn Tønnesen fekk dan på Øvre Feet.  Runar Myklebust er hakk i hæl med ein laks på 8,9 kg. Nytt namn pe elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
Siste Nyhende
09.07.2020
Vart takka for 35 års teneste i Uskedal Vassverk.
Terje Myklebust vart på årsmøte i Uskedal Vassverk 25. juni takka for lang og tru teneste. Han kom med i styret alt i 1986 og møtte på det fyrste styremøte 6. august. Myklebust har etter den tid skrive mest alle møtereferat og brev som er produserte i laget. Uskedalen.no har snakka med Terje om tida i Vassverket, om utvikling og endringar frå 1980 talet til i dag.
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
07.07.2020
Drenering og nye massar før asfaltering.
Det er utført eit stort og omfattande arbeid ved Kunsgrasbanen dei siste veke. Musland Maskin har hatt fleire maskinar i arbeid med masseuskifting, drenering og planering før asfaltering i slutten av denne veka. Det er mellom anna midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjer det mogeleg å ferdigstilla ein ny del av prosjektet Gull av Grus. Løyvinga var på kr. 500.000,-
07.07.2020
Kjenner nokon til denne båten?
Frå tid til anna dukkar det opp ukjende båtar på båtplassene i hamna til Uskedal båtlag.  No har båten på biletet lege i hamna ei tid utan at båtlagstyret har kjennskap til eigaren.  Dei bed difor dei som har kjennskap til båten om å ta kontakt snarast.  Viss ikkje det gjev resultat, seier båtlagsstyret at dei vil ta kontakt med politiet for å undersøkja om dei kan hjelpa til med ei løysing.
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS