Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Stor interesse for planarbeidet på Børnes Næringsområde.

28.08.2019
Klikk på bilete for full storleik
Anne Lise Næs er leiar for planarbeidet på Børnes.
 
Om lag 50 menneske møtte fram til ope møte om detaljregulering for Børnes Nærigsområde. Kvinnherad kommune var sterkt representert med verksemdleiar, planleggjar, prosjektleiar, eigedomsanvarleg og andre tilsette frå område samfunnsutvikling. Anne Lise Næs leia møte på ein trygg og tillitsfull måte.Turid Verdal og Terje Vikestrand frå konsulentfirma ABO hadde innleiing og svara på spørsmål. Alle skal høyrast med innspel og merknader.
 
Klikk på bilete for full storleik
Arealet i dag med tildelte tomter.

Uskedalen.no har før skrive om planprosessen. Fase 1 er oppstart, varsling og invitasjon til å koma med innsspel før sjølve planarbeidet tek til. Eksisterande tomteeigarar, naboar, alle med naust og fritidseigedomar og eigarane av to bustadhus i område vert oppmoda om å senda merknader innan fristen 30. september. Seinare vert det høve til koma med fråsegner til planen. Uskedal utvikling var medarrangør og er med i referansegruppa.

Klikk på bilete for full storleik
Konsulentfirma ABO med tilsette på Stord og på Os har fått oppdraget med å utforma planen, i tett samarbeid med prosjektgruppa og alle involverte partar. F.v: Turid Verdal og Terje Vikestrand.

Frå drøftinga i kveld tek vi med nokre merkander:

  • Ragnvald Vaage frå Skogeigarlaget bad om at ein i planarbeidet måtte ta med areal for utviding av tømmerkaien. Kvinnherad har mykje skog som skal til sag eller ut av landet.
  • Frå grunneigar Ofelia Stensletten vart det spurt om ei evt. busslomme på hennar eigedom der det i dag er avtale om lagrinsplass for stillas. Dersom busslomma kjem, er det snakk om innløysing med økonomisk vederlag.
  • Liv Astrid Myhre hadde ordet som nabo til næringsområde,- om støy og støv frå knuseverket ved planering. Ho og fleire snakka varmt for å ta vare på og gjenskapa Klubben og leggja til rette for tilkomst med stiar og turvegar.
 
Klikk på bilete for full storleik
Roar Musland, Tore Musland og Svein Arne Eidsvik frå nokre av dei 13 tomteeigarane på Børnes i dag.
  • Marit Hjønnevåg driv næring på Børnes. Ho bad om at det vert teke omsyn til at det lenge har vore fiskematproduksjon på Børnes. Hjønnevåg bed om at gang og sykkelvegen til Steinsletto vert prioritert.
  • Roar og Tore Musland frå Musland Maskin driv næring på Børnes. Dei ynskjer å få tilgang til meir areal. Roar Musland spurde korleis det kunne ha seg at det no etter at tomtene er kjøpte, vert stillt krav til og lagt føringar for bruken.
  • Ove Myhre synte til Mørkevågen med 12 bruksnummer. Berre ein av nausteigarane har eigen parkeringsplass. Det er med andre ord trong for parkeringsareal og framføring av vatn og straum til alle med naust eller nausttomter i Mørkevågen.
  • Bjørn Inge Gjerde ynskjer ikkje innløysing av det huset han nyleg har kjøpt i område. Litt støy og evt. støv er ikkje noko problem for han.
  • Svein Arne Eidsvik frå Eidsvik Eigedom representerte alle tomteeigarane på Børnes i dag. Tomteeigarane ville ha eige møte med kommunen. Han informerte om at Eidsvik Eigedom vil planera sitt areal på to ulike koter, 2,5 til 3 meter og 8 til 9 meter. Dessutan skal deira areal ryddast og forskjønnast.
  • Svanhill Haugland ynskjer parkering og betre tilgang til deira hus i svingen. Dessutan har dei nausttomt i Mørkevågen.
  • Geir Inge Myklebust er nabo og ynskjer plankrav til dette med støy på natta.
  • Kristian Helgesen, folkehelsekoordinator og idrettskonsulent, ville vita meir om friluftsinteressene i område. Han bad om innspel til dette med Klubben.
  • Frank Søllesvik eig tre tomter oppe ved fylkesvegen. Tomtene er byggemeldt og bruken er ikkje til sjenanse for nokon.
 
Naboane til Børnes var godt representert og var aktive i drøftingane. F.v: Wenche Stensletten Nummedal, Knut Stensletten, Inger Anne Leite, Liv Astrid Myhre og Ove Magne Myhre.

Alle synspunkta vart loggført og teke med i referatet frå møte. Detaljreguleringsplanen er venta å vera ferdig og vedteken våren 2020.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var stor interesse og godt frammøte til det opne møte i går kveld i Helgheim.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
09.07.2020
31,1 varmegrader målt 19. juni i år.
Det vart målt 31,1 plussgrader 19. juni kl. 00.00 i Korsneset i år. Det er den høgaste temperaturen så langt denne sommaren. Av dei som er med og leverer verdata til Grenda, var det berre Sæbøvik og Valen som hadde høgare temperatur, nemleg 31,9  og 31,2 gr. - begge målt 26. juni.

kb
09.07.2020
Fleire laksar på rundt 9 kilo.
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no.Denne finn de ved å klikka inn på Uskedal elveigarlag i venstre kolonne her på sida. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 9 kg.  Bjørn Tønnesen fekk dan på Øvre Feet.  Runar Myklebust er hakk i hæl med ein laks på 8,9 kg. Nytt namn pe elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
Siste Nyhende
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
07.07.2020
Drenering og nye massar før asfaltering.
Det er utført eit stort og omfattande arbeid ved Kunsgrasbanen dei siste veke. Musland Maskin har hatt fleire maskinar i arbeid med masseuskifting, drenering og planering før asfaltering i slutten av denne veka. Det er mellom anna midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjer det mogeleg å ferdigstilla ein ny del av prosjektet Gull av Grus. Løyvinga var på kr. 500.000,-
07.07.2020
Kjenner nokon til denne båten?
Frå tid til anna dukkar det opp ukjende båtar på båtplassene i hamna til Uskedal båtlag.  No har båten på biletet lege i hamna ei tid utan at båtlagstyret har kjennskap til eigaren.  Dei bed difor dei som har kjennskap til båten om å ta kontakt snarast.  Viss ikkje det gjev resultat, seier båtlagsstyret at dei vil ta kontakt med politiet for å undersøkja om dei kan hjelpa til med ei løysing.
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS