Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ope møte om detaljregulering for Børnes Næringsområde.

27.08.2019
Klikk på bilete for full storleik
Planarealet vert truleg alt på nedsida av Fylkesveg 48. Mørkevågen er medrekna i planområde. ( Arkivfoto )
 
Uskedalen.no har før skrive om oppstart av detaljregulering for Børnes Næringsområde 134/34 med fleire. Varsla oppstart er gjort i medhald av Plan og bygningslova. I morgon, onsdag 28. august kl. 18.00, er det ope møte i Helgheim ( Merk: Flytta til Helgheim grunna samanfallande møte i Gamleskulen ).
 

Med dette arbeidet vert eksisterande reguleringsplan frå 1978 oppheva. Planen er gamal og held ikkje dagens standard. Målet med planarbeidet er å leggja til rett for dagens- og framtidig næringsetablering. Det er per i dag 13 tometeeigarar med næringsdrift på Børnes

 

Ny plan skal sikra god infrastruktur i det vel 228 dekar store område som omfattar heile Børnes. Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

 

Prosjektgruppa vert med på møte. Frå kommunen  er det: Kjartan Thoresen (prosjektleiar), Jarle Fossheim, Per Inge Naterstad, Synneve Seim og Anne-Lise Næs.

 
 

Alle er velkomne til ope møte om detaljregulering for Børnes Næringsområde onsdag 28. august kl. 18 i Helgheimskjellaren.

 
 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
05.03.2021
Endring på treningstida i Hallen på onsdagar.
Det er ei endring på treningstida i Hallen på onsdagar. Rett tid skal vera kl. 18.00, ikkje kl. 20.00 slik det var skrive i den samla notisen. Hugs: kl. 18.00.

kb


05.03.2021
Geilo 14 er seld.
Sentrumsnære hus er attraktive. Geilo 14, bygd i 1956 og seinare renovert, er seld. Huset er teikna av Tor H. Myklebust og ligg vakkert til med utsikt mot Stølavikjo, Storsund, sentrum og Eikelandet. Med dette er det seld både hus og leilegheter i sentrum det siste halve året.

kb
04.03.2021
Trim og trening startar opp i Hallen.
Det vert oppstart av treningane i Hallen att. Vi starter neste veke, mandag 8. mars.
Mandag kl 20: Crossmix. Onsdag kl 18 ( endra frå kl. 20 ).: Puls/styrke. Torsdag kl 19.30: Kettlbell. Det vert max 10 stk på kvar trening. Påmelding på førehand. Hugs: Fyrstemann til mølla. Vi held 2 meter avstand, har med eigne matter og utstyr, sprit står ved inngangen og ha gjerne munnbind på når du kjem og når du går. Treningane vert lagt ut på Facebook dagen før for påmelding. Om nokon har lyst å vera med som vikar eller ha trening ein fast dag, er du hjerteleg velkomen. Ta kontakt med Janne på telefon 95824652. Gleder oss stort til å koma i gong att. Dametrimmen med leiar Astrid Haugland avventar oppstart.

Julie og Janne
04.03.2021
Årsmøte i Uskedal Båtlag torsdag 11. mars kl. 18.00 i Helgheim
Det vert årsmøte i Uskedal Båtlag torsdag 11. mars kl. 18.00 i Helgheim ( kjellaren ). Grunna smittevern bed styret om påmelding innan 6. mars, anten til Hans Gustav Mussland ( 906 45 530 ) eller Jan Henrik Hansen ( 922 92 792 ). Innkomne saker til årsmøte må vera styret i hende innan 01.03.

Styret
03.03.2021
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag onsdag 10. mars kl. 19.30.
Årsmøte i Ungdomslaget vert onsdag 10. mars kl. 19.30 i Helgheim. I tillegg til vanlege årsmøtsaker vert det lagt opp til ei drøfting om aktuelle prosjekt og søknader. Ungdomslaget treng medlemer som kan ta på seg styreverv og andre ansvarsoppgåver.

Styret
03.03.2021
Fasteaksjonen 2021 - både digitalt og som dør til dør innsamling.
Onsdag 10. mars er dagen for årets fasteaksjon i Uskedalen. Konfirmantane saman med prest og soknerådet gjennomfører innsamlinga frå kl. 15. Tema er: Gje eit liv med vatn. Midlane går til menneske i naud og som treng tilgang på reint vatn, hygiene og gode samitære løysingar. Meir informasjon kjem som innlegg.

Soknerådet
01.03.2021
Namnet vert Vertshuset Perla.
Etter at Elin og Geir Enes kjøpte Vertshuset i hamnemiljøet i Uskedalen har det pågått eit omfattande renoveringsarbeid, utført med stor eigeninnsats av alle i familien. Elin Enes gjer no kjend at namnet på selskapslokale vert Vertshuset Perla. Elins Matgleder kjem tilbake med informasjon om ferdigstilling og opninga.

kb
01.03.2021
SELSTAD kjøper aksjemajoriteten i W & J Knox i Skottland.
Det er i dag kunngjord at SELSTAD med firmaadresse Måløy kjøper aksjemajoriteten i verksemda W & J Knox frå Skottland. Verksemda leverer mellom anna utstyr og service til akvakulturnæringa. Med dette oppkjøpet er SELSTAD på topp fem lista i verda for levering av maritimt utstyr innan sitt fagfelt. SELSTAD har ein av sine mange lokasjonar på kysten plassert i Uskedalen. Det er Måløy24 som melder dette i dag.

kb
01.03.2021
Børnesplanen - sak i Plan, teknikk- og miljøutvalet i morgon, tysdag 2. mars.
Godkjenning, 2. gongs behandling av Detaljregulering for Børnes Næringsområde er sak i Plan, teknikk- og miljøutvalet i morgon, tysdag 2. mars. Om saka vert utsett, slik eit referanseutval bed om, er opp til utvalet. Etter behandling i fagutvalet skal saka vidare til Kommunestyret.

kb
01.03.2021
Søknadsfristen for Kulturprisen 2021 er 15. mars.
Levekårsutvalet kan kvart år dela ut Kulturprisen. Søknadsfristen er 15. mars. Prisen, er ein dråpe i krystall, vert tildelt ein person eller organisasjon som over lengre tid har gjort eit stort frivillig arbeid for kulturlivet i Kvinnherad.

kb
Siste Nyhende
04.03.2021
Lærte ungdom å byggja og overnatta i iglo, på Geilo.
Tore Nordahl-Pedersen frå Uskedalen har i denne veka vore på Geilo for å læra tre ungdomsskuleelevar frå Os å byggja iglo for å så overnatta i den. Tore har lang erfaring med iglobygging. Han bygde sin fyrste iglo for 40 år sidan. Under OL på Lillehammer i 1994 hadde han familien med og budde i iglo den tida leikane varte. No vil han overlevera kunnskapen til nye generasjonar. 
03.03.2021
17. mai i Uskedalen 2021- melding frå Styringsgruppa.
Som alle veit er vi stadig i ein uavklara situasjon med omsyn til korona pandemien. I 2020 vart det gjennomført ei vellukka alternativ feiring i tråd med nasjonale retningslinjer, kor både elevar, musikklag og talarar fekk bidra, i tillegg til at bygda var pynta. Vaksinering pågår, men vi ser at det vil ta tid før vi kjem tilbake til normalen. Korleis situasjonen vil vera i mai er per no vanskeleg å seia, men vi forventar ikkje at Nasjonaldagen kan gjennomførast på same måte som før pandemien braut ut.
03.03.2021
Covid-19 er tema på møte i Senioruniversitetet, torsdag 11. mars.
Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til ope møte på Husnes 11. mars. Senioruniversitetet har fått Henriette Christie Ertsås frå Forskning Til Folket til å fortelja om covid-19, vaksinering og vaksineskepsis. Ertsås har doktorgrad i kreftforskning og hovedfag i virologi, forutan ein master i drama, noko som gjer at ho er godt eigna til å formidla avansert naturvitenskap til folket.
02.03.2021
Idrettspedagog Anders Bakke Berntsen hadde Tordis Myklebust som sitt idol.
I november i fjor starta Anders Bakke Berntsen si eiga coaching verksemd, fyrst tenkt som ein hobby på kveldstid. Stor interesse og gode tilbakemeldingar har auka motivasjonen til å gjera noko meiningsfullt for andre. Difor er Anders no 100 %  engasjert som fysisk og mental coach. Mindre kjend er det at det store førebilete hans frå barndom og oppveksten i Uskedalen er Tordis Myklebust, den spreke dama frå Holmen som gjekk sine daglege turar i fjellet.
02.03.2021
Tek naustområde i Mørkevågen ut av planen - inntil vidare.
I innstillinga frå kommunedirektøren om detaljregulering for Børnes Næringsområde tek ein naustområde i Mørkevågen ut av planen. Årsaka skal vera habilitetstilhøve ettersom ein i administrasjonen har ein privat relasjon til ein av nausteigarane. Difor er planframlegget justert. Naustområde vert fremja som eiga sak ved eit seinare høve. Planforslaget er sak i Plan, teknikk- og miljøutvalet i dag, tysdag 2. mars.
28.02.2021
Kva vil årsmeldinga fortelja om lagsdrifta i eit koronaår.
Det er årsmøtetid. Uskedal Idrettslag , det største laget i bygda, har kalla inn til årsmøte 24. mars kl. 20 i Gamleskulen. I 2019 hadde idrettslaget 271 medlemer. Det var ein liten nedgang frå året før. 2020 er på mange måtar eit annleis år for lag og organisasjonar. Årsmeldinga vil syna om Covid-19 og restriksjonane har ført til ei endra lagsdrift, ikkje minst om medlemstalet held seg over 250.
27.02.2021
Litt av ei kattehistorie - kom tilbake til eigar etter å ha vore sakna i tre år.
Ein hokatt har vore sakna ei veke. Eigar bur i Beinavikjo. Katten er ID merka. Dersom nokon ser eller veit kor katten er, ta kontakt med Janne Hjelmeland på mobil: 958 24 652. Denne teksten vart lagt ut som notis på uskedalen.no 29. mai 2018. Snart tre år etter er katten funnen og på plass i huset der eigar bur i dag. 
25.02.2021
Dønhaug Gardsbarnehage kjem best ut i foreldreundersøking.
Dønhaug Gardsbarnehage i Uskedalen skårar best på foreldreundersøking i Kvinnherad. Av maks 5 poeng kjem dei ut med heile 4,9 på tilfredshet. Uskedal Barnehage skårar 4,5 på same kategori. Det er det same som snittet for Kvinnherad og for heile landet. Det er Utdanningsdirektoratet som legg fram desse resultata. Undersøkinga gjeld for 2020.
25.02.2021
Seks grunneigarar går saman om tømmeruttak i Kleivadalen.
Det føreligg plan for tømmeruttak i område Halsatoppen - Kleivadalen - Ospelunden. Seks grunneigarar går saman om prosjektet. Det er snakk uttak av om lag 5000 kubikk, både til skur og til slip. Avtalen er gjort med Nortømmer. Lokal entreprenør er Hjelmeland Hogst og service frå Omvikdalen. Arbeidet er tenkt gjennomført i den turraste tida, før eller etter sommarferien.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS