Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Krimforfattar Gunnar Staalesen kjem til Uskedalen 4. oktober.

20.08.2019
Klikk på bilete for full storleik
Krimforfattar Gunnar Staalesen kjem til Uskedalen fredag 4. oktober.
 

Krimforfattarane Gunnar Staalesen og Lasse Gallefoss

og  jazzgruppa BlueMen vil gje oss intens krimlitteratur og fengande musikk i Uskedalen 4.okt. frå kl.21. Gamal møter ung når krimforfattarane Gunnar Staalesen og Lasse Gallefoss møter kvarandre i Uskedalen til samtale og opplesing denne fredagen. 

 

 
Gunnar Staalesen har i 2019 femtiårsjubileum som forfattar, og det er fantastisk at han tek noko av jubileumsfeiringa i Dønhaugkjellaren. Staalesen står fram som nestor i norsk kriminallitteratur, og gav ut Rygg i rand, to i spann, sin første kriminalroman, i 1975. 
 
Lasse Gallefos,kjend frå fleire NRK seriar, vil presentera eige forfattarskap.

Gallefoss står i første rad mellom dei unge og lovande forfattarane og  debuterte i 2018 med den kritikarroste krimromanen Krigernes fred. 
  

Gunnar Staalesen er godt kjent for mange som forfattar og dramatikar. Han vart fødd i Bergen i 1947 og i ein alder av 22 år gav han ut sin første roman, Uskyldstider (1969). Staalesen er i første rekke kjend som kriminalforfattar og som far til Varg Veum.  
 

Dei 22 bøkene om den karismatiske privatdetektiven, frå Bukken til havresekken i 1977 til Utenfor er hundene i 2018, er utgitt på 22 språk, mellom anna i Frankrike, England, Tyskland, Kina, Brasil og dei andre nordiske landa. Tolv av bøkene er filmatisert, - med skodespelaren Trond Espen Seim i hovudrolla som Varg.  
 

Meir enn nokon annan vert Staalesen rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk kriminallitteratur. Han har i tillegg eit stort forfattarskap bak seg for scena, seinest med musikalen Hellemyrsfolket (2014) i samarbeid med komponisten Julian Berntzen. 
 

Lasse Gallefoss står bak fleire seriar for NRK-Fjernsynet, mellom anna den prisbelønte Flukt frå 2017 og Uro frå 2019, begge med Leo Aikic som hovudperson og forteljar.  
 

Forfattarane vil presentere eigne forfattarskap og kvarandre gjennom samtale, - Staalesen med hovudvekt på den lange serien om Varg Veum, Gallefoss tek utgangspunktet i bakgrunnen for boka si, om situasjonen der hemmelege agentar under krig plutseleg skal leve i fred, - og begge vil lese sentrale avsnitt frå bøkene sine.  
 

BlueMen er samansett av 5 musikarar, Stig Klette (gitar), Per Bråtun (bass), Ole Bjarte Røssland (trommer), Tore Hartvig Christensen (munnspel) og Josè Zaragoza (trompet), og dei rammer inn kvelden med musikalsk introduksjon og jazzinspirert solo- og gruppespel utover kvelden.  

 
 

Det vert høve til å kjøpe bøker frå begge forfattarane og få dei signerte på Dønhaug.
 
 

Ein billett kostar kr. 300,-
 

Dei som ønskjer å førehandstinga billettar til ein kriminell kveld på Dønhaug, kan ringja 97040153 (Magne Huglen) eller 48891464 (Vidar Haugland), eller kjøpe på Spar Uskedalen, Kvinnherad Libris på Husnes eller Rosendal Bokhandel .
 
 
Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.09.2019
SpareBank 1-stiftinga med gåver til ålmennyttige føremål.
Søknadsfristen for tildeling av gåver til ålmennyttige føremål, hausten 2019, frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er 15. oktober. Mange gode tiltak har motteke midlar frå Kvinnheradstiftinga. Prosjekt, som før har fått avslag, kan søkja på nytt.

kb
18.09.2019
Godt billettsal til Jazz og Krim på Dønhaug, fredag 4. oktober.
Det er berre 20 billettar att til jazzkvelden fredag 4. oktober i Dønhaugkjedlaren. I Uskedalen er det nokre få billettar på SPAR, litt fleire på Kvinnherad Libris, Husnes, og på Rosendal Bokhandel. Det er venta at alle billettane vert selde.

kb
17.09.2019
Klart for idrettsmerketaking.
Mandag 23. september og mandag 30. september vert det idrettsmerketaking på Heio. Frammøtet begge dagar er kl.18, og dei ansvarlege håpar mange vil møta opp også i år.

tid
17.09.2019
Hobbydag på Singing Tweens i morgon kl. 17.
Onsdag 18. september kl. 17 vert det Hobbydag i koret Singing Tweens. Samlinga er på Bedehuset. Nye og tidlegare songarar er velkomne til å vera med.

Nelly
17.09.2019
Ros til konfirmantane og soknepresten.
- I helga var eg på eit kjempekjekt jubileumstreff for konfirmantar i Uskedalen.  Det vart avslutta med gudsteneste og festmiddag.  I gudstenesta vart årets konfirmantkull presentert. Det var verkeleg kjekt å følgja med på kor fint dei sat på dei 3 fremste benkene, og kor flott dei deltok i song og litturgi i gudstenesta. Ros også til sokneprest Reidar Ådnanes som registrerte dette og gav dei flotte ungdommane velfortent ros. Elles er det alltid kjekt å høyra Ådnanes både i tale og flott song, rosar ein av konfirmantjubilantane.

tid
15.09.2019
Mindre skriving på uskedalen.no i denne veka.
Sidan redaktøren er noko indisponibel og redusert i denne veka, vert det mindre skriving på nettsida. Dei som har innlegg eller viktige meldingar/ notisar, send til uskedalen.no@gmail.com .

Red.
15.09.2019
Liten plastbåt rek i land på Stølavikjo.
Ein liten lys - grå plastbåt ( gummibåt ) rek opp i fjæra ved Målanaustet i Stølavikjo i dag. Båten er sikra og dregen på land. Eigar kan henta båten der.

kb
13.09.2019
Det nye soknerådet i Uskedalen.
Desse er valde inn på fast plass i det nye soknerådet i Uskedalen: Sigmund Myklebust, Eli Roseth Eik, Kristian Bringedal og Liv Sæbø Eik. Varamedlemer: Hallgeir Snilstveit, Arne Møller, Einar Gjertsen, Kåre M. Rød og Frode Seim. Soknerådet vel sjølv leiar, nestleiar, skrivar og kasserar.

kb
13.09.2019
Musikklaget med klart NEI til vindmøller.
Uskedal musikklag har sendt høyringssvar der medlemmene seier eit klart nei til vindmøller i Kvinnherad.  Dei håpar også at mange andre lag gjer det same.  Lagslivet er eit viktig bidrag til at Kvinnherad er ein god plass å bu, og kan naturleg nok ikkje godta at den vakre naturen, som det viktige bidraget til god livskvalitet, vert rasert!  Vi kjenner også til at fleire av medlemmene sender eigne høyringssvar i tillegg.

tid
11.09.2019
Tjuvjakt på hjort på Haugland.
Ei sak om det som kan vera tjuvjakt på hjort i Uskedalen, er meldt til Politiet. Det vart høyrt skot natt til laurdag og funne spor. Uskedalen.no avventar tilbakemelding frå Lensmannskontoret før det vert skrive meir.

kb
Siste Nyhende
20.09.2019
Sykelistar frå mange land med fast stopp i Uskedalen.

Syklelistar frå mange land har vore eit fast innslag i Uskedalen i sommar. Mest kvar tysdag i 11 tida kjem sykkelturistane innom Kafe Tiaren før turen går vidare på sør til ferja på Utåker. Det er reiseoperatøren Discowery Norway som sel og marknadsfører desse turane. Uskedalen.no har møtt fleire grupper i sommar, no sist to ektepar frå Melbourne i Australia.
19.09.2019
Klart for påmelding til haustfesten i ungdomslaget.

Den tradisjonsrike haustfesten i ungdomslaget vert i år skipa i Helgheim laurdag 19. oktober. Malen er slik det har vore dei siste fem åra, med program, mat og dans. Det vert lagt ut 100 billettar for gjester og frivillige på festen. Haustfesten vert definert som ein dugnadsfest der aktørar, som vert med på heile festen, og komitemedlemer også melder seg på og må betala halv inngangsbillett.
18.09.2019
Etterlyser originalfoto til dette motivet på DS CLUPEA.
Johanne Ø. Tvedten frå Sunnhordland Museum spør om nokon i Uskedalen kan ha originalen til dette bilete. Ho skriv og redigerer Sunnhordland Årbok og ynskjer å bruka bilete i ein artikkel. Mannen i uniform er stuert Svein Myklebust frå Uskedalen. Dessutan var nokre av mannskapet på fabrikkskipet DS CLUPEA frå Uskedalen.
17.09.2019
Uskedal Idrettslag toppar Grasrotlista.
Ni lag og organisasjonar i Uskedalen er ein del av Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Bakgrunnen er at deler av tippemidlane går til frivillig arbeid. Kravet er at den som tippar, har registrert kva lag ein ynskjer løyvinga skal gå til. Organiasjonen må vera registret i Frivilligregiseret. Heile 145 lag i Kvinnherad får utbetalt midlar frå Grasrotandelen. Av desse er 9 lag frå Uskedalen.
15.09.2019
Konfirmantane 2020 vart presentert i kyrkja.
Dei nye konfirmantane vart presentert i kyrkja i går, sundag 15. september. Talet er 14 og Reidar Ådnanes vert presten deira fram til han sluttar og går av med pensjon i desember. På eit møte med konfirmantane og foreldra deira etter gudstenesta i går vart det orientert om konfirmasjonsførebuinga og evt. kva som vil skje i tida etter jul og fram til konfirmasjonen i mai månad.
15.09.2019
Ei minnerik helg for konfirmantjubilantane.
To minnerike dagar for konfirmantjubilanten er over. No er det to år til Soknerådet på nytt inviterer dei som vart konfirmerte for 50, 60, 70 og 80 år sidan, forenkla sagt. Sidan samlinga er 2. kvart år, vert det dobbelt opp av årsklassar. Den eldste konfirmanten i år var 80 års jubilanten, Kari Hermansen.
14.09.2019
Store og kreative tankar om eit klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen.
Prosjektgruppa for Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen inviterte til ope møte torsdag i denne veka. Frammøte var godt og det kom fram kreative tankar om kven som er brukargruppa, om innhaldet, om plassering og ikkje minst om utsjånad og estetisk uttrykk slik bygget ligg samlokalisert med skulen i sentrum og tett i strandsona. Representantar frå kommune, fylkeskommune og SpareBank 1- stiftinga, Kvinnherad var med på møte. 
13.09.2019
Konfirmantjubileum og konfirmantpresentasjon.
I helga er alt klart for konfirmantjubileum og presentasjon av dei nye konfirmantane i Uskedal Sokn. Konfirmantjubileet vert gjennomført 2. kvart år der ein dennne gongen inviterer og samlar kulla frå 1948 og 1949, 1958 og 1959 og 1968 og 1969. Dette utgjer 70-, 60- og 50 års jubilantane. Eit av kulla samlast alt i kveld til uformelt samvære på Stemneplassen.
12.09.2019
Frå Uskedalen til vindkraftdemonstrasjon ved Stortinget.
Den tverrpolitiske markeringa mot vindkraft på land i Oslo sist helg samla over 1000 demonstrantar frå heile landet. I ei gruppe frå Kvinnherad på 20 personar var Uskedalen på plass med Marie Døssland, Astrid Døssland og Mona Vetrhus. Det var ei roleg og verdig markering med talar, appellar og kunstnarlege innslag.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS