Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

To diamantbrudlaup vart markerte i går, 1. august.

02.08.2019
Klikk på bilete for full storleik
Brureparet Margit og Bjørgulv Eik, 1. august 1959, fotografert på Syne på Rød.
 
For 60 år sidan, 1. august 1959, var det to brudlaup i Uskedalen, eit i Bedehuset og eit i Helgheim. Brurepara var Hildur ( f. Haugland ) og Olav Fjose og Margit ( f. Nerhus ) og Bjørgullv Eik. Uskedal kyrkje var plassen for vigsel, kl. 14 og kl. 15. Nokre av gjestene var i begge brudlaupa og måtte gå imellom. Av desse var Sigrun og Trygve A. Haugland. I går vart begge desse hendingane markerte med inviterte gjester, i Sundal i Mauranger og i Stavanger.
 

Olav Fjose frå Voss var misjonær i Norsk Luthersk Misjonssamband og saman med kona Hildur var dei på oppdrag i ulike land. Ei tid budde dei på Haugland i Uskedalen. Margit og Bjørgulv Eik har budd og drive gardsbruk på Eik. På brudlaupsdagen i går hadde brurepara kontakt på telefon.

 

Det var eit stort løft å feira store brudlaup for 60 år sidan. Til Margit og Bjørgulv var det invitert 150 gjester. Det var dekka til middag oppe i salen i Helgheim. Gjestene sat tett. Med smalare bord på bukkar og langbenker let dette seg gjera. Menyen var blomkålsuppe, oksesteik og sviskekompott. Stuten vart slakta på Eik av slaktar Holmedal saman med Sigvald Eik.

 
Klikk på bilete for full storleik
Margit og Bjørgulv 60 år etter det store brudlaupet i Uskedalen 1. august 1959.

På kjøkken var Marta Olsen frå Skansen, Alette Guddal frå Fet og Anna Sundal frå Mauranger. Bror til Bjørgulv, Sigvald, var kjømeister. Den kjende spelemannen og Sivlekjennaren, Per Berge frå Voss, var spelemann. Til dansen hadde han med ein Hansen frå Odda.

 

Seinare på dagen og kvelden vart det rydda til dans oppe i salen. All kaffi og nattmat var i kjellaren. Margit stod krunebrur. Jacobine Haugland ( Bino ) pynta brura. Ho var sjølvsagt invitert i brudlaupet og bilete syner at ho sat sentralt til bords saman med foreldra til brudgommen. Bjørgulv står fram i lånt bunad. Artig er det i vita at sokkane og skorne var lånt av Torstein N. Bjørke på Voss, far til Nils Bjørke, no stordtingsrepresentant og medlem i Presidentskapet.

 

Dei mannlege gjestenen gjekk for det meste i dress. Kvinnene hadde bunad. Av desse finn vi fleire med skaut, mellom anna Bino og Agnes Eik.

 

Brudlaup var og er ei stor hending. Sist helg var det stort brudlaup på Dønhaug. Denne helga er det to brudlaup med brur eller budgomm frå Uskedalen, eit i Triohuset på Husnes og eit på Voss. Uskedalen.no ynskjer brurepara, vertsskapet og gjestene lukka til.

 
 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Brurebilete frå 1959 v/ Krokås/ Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Diamantbrudlaupet vart markert på Hardanger Fjord Logde i Sundal.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.01.2020
Meld frå om årsmøte.
Det er tid for årsmøte i lag og organisasjonar. Melding om årsmøte er viktig informasjon. Send oss ei melding og vi legg det ut som ei kunngjering.

Red.
16.01.2020
Jørn Øyrehagen Sunde fører Aarebrot tradisjonen vidare.
Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde skal i helga halda Aarebrotførelesinga 2020, 1000 års rettshistorie på 200 minutt, i Aulaen på UiB. Til liks med Frank Aarebrot er Øyrehagen Sunde ein levande og engasjert formidlar. På 200 minutt skal Jørn dra linene frå mellomalderen i Bergen til dagens NAV skandale og riksrettssaka mot Donald Trump.

kb
16.01.2020
Årsmøte i Uskedal Friluftslag, måndag 17. februar.
Dette er ei kunngjering om at Uskedal Friluftslag har sitt årsmøte måndag 17. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. Medlemslaga har møterett med to utsendingar kvar. Leiar, to styrmedlemer og varamedlemer står på val. Bondelaget er valnemnd.

kb
15.01.2020
Ny runde med søknader til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
Søknader om gåver til allmennyttige føremål opnar tysdag 4. februar. Søknadstida er fram til tysdag 3. mars. Alle søkjer elektronisk. Meir informasjon på Facebook og på stiftinga si heimeside.

kb
14.01.2020
Opplæring i aktivitetskalenderen Friskus.
Onsdag 22. januar kl. 17.00 vert det skipa til infokveld og opplæring i friskus.com, på Rådhuset i Rosendal. Friskus er ein digital aktivitetskalender som gjer den enkelt å delta i og organisera frivillig arbeid. Alle må ha med eigen datamaskin. Meir informasjon finn du på kommunen sin heimeside.


kb
12.01.2020
PIONER 10 fots jolle funnen og sikra på Rød.
Torsdag i denne veka vart ein 10 fots PIONER funnen og dregen på land på Rød. Båten ligg på Helge Rød sin eigedom. Eigar kan sjå og henta båten der. Siste: Eigar har meldt seg.

kb
12.01.2020
Saka om brannstasjonen engasjerer.
Redaksjonen har moteke fleire kommentarar og merknader til saka om det som kan føra til nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen. VI føl opp saka med å få fram ulike synspunkt. Dersom du har merknader, skriv kort og send til uskedalen.no@gmail.com

Red.
11.01.2020
Innsamlinga til Ukraina held fram.
Innsamlinga til Ukraina i regi av Tro - Håp - Kjærlighet stiftelsen held fram. Ring 971 47 851 for avtale om levering. Minst kr. 50,- pr. sekk som dekker felleskostnader.

kb
10.01.2020
Frøydis Gjuvsland - søkjar til rådgjevarstilling oppvekst.
Frøydis Gjuvsland ( 45 ) frå Uskedalen er ein av 11 søkjarar til stillinga som rådgjevar for oppvekstsektoren i 100 % stilling. Frøydis er utdanna lærar og har arbeidet sitt innan oppvekst i dag.

kb
10.01.2020
Stabile medlemstal i kyrkja i Kvinnherad.
Kyrkjekontoret melder at medlemstalet i Den norske Kyrkja i Kvinnherad er stabilt. 25 personar melde seg ut, 4 personar melde seg inn. Med mange kyrkjer i Kvinnherad, vil ein ikkje gå ut med tal for kvar sokn. Difor kjenner vi ikkje tala for Uskedalen.

kb
Siste Nyhende
17.01.2020
Ny garasje er snart på plass etter brannen.
Natt til 1. nyårsdag vart garasjen til Affi Eidsvik totalskadd i brann. Veka etter er tomta rydda. To veker etter vert det reist ny garasje på tomta. Snakk om tempo der alt går som smurt. Uskedalen.no var på plassen i går og fekk snakka med eigaren og snikrane frå Byggefirma Kjell Høyland.
16.01.2020
Tor Erik Eide er tildelt Forsvarsmedaljen.
Tor Erik Eide ( 45 år )  frå Uskedalen er i dag tildelt Forsvarsmedaljen. Markeringa var på Haakonsvern i Bergen og sjefen for Sjøforsvaret, admiral Nils Andreas Stensønes, stod for sjølve overrekkinga. Eit av kreteria for å bli tildelt Forsvarsmedaljen er minst 25 års teneste i Forsvaret. Tor Erik Eide gjekk inn i Forsvaret som 18 åring og har sidan vore i Kongens klede.
16.01.2020
To stormfloer på 24 timar, men ikkje rekord.
Ekstremveret Didrik vart oppgradert med raudt varsel i Sunnhordland. Vasstanden var 70 til 80 centimeter over det normale i går, onsdag. Dermed vart det ikkje rekord. På natta var lite vind, på dagen berre bris styrke. Så langt vi kjenner til er det ikkje gjort skade på bygg eller på andre installasjonar i strandsona.
15.01.2020
Nye veglys og trafikksikring i Korsneset.
Det vert montert nye veglys langs Fylkesvegen ved byggefelta Korsneset og Ospelunden. Tiltaket er ein del av arbeidet med betre trafikksikring.
15.01.2020
Stort engasjement i brannstasjonssaka.
Brannsjefen i Kvinnhead kommune går for altenativ 2/3 til framtidig brannvernorganisering. Framlegget inneber at ein held på tre stasjonar, Husnes, Rosendal og Ølve, og tre såkalla framskotne einingar, Varaldsøy, Åkra og Halsnøy. Brannstasjonen i Uskedalen vert med dette framlegget nedlagd. Uskedalen.no har dei siste dagane motteke innlegg som bed om ei meir fagleg grunngjeving for nedlegging. Særleg dette med responstid er viktig å få fram.
14.01.2020
Uskedal Båtlag med opprop om å sjekka fortøyningane.

Ekstremveret Didrik vil slå til i natt med pålandsvind og vasstand 100 cm over den høgden du finn i tidevasstabellen. Uskedal Båtlag bed alle med båt i Båthamna sjå til at fortøyningane er gode. Alle må stramma opp slik at båten ikkje ligg og slår mot kai og uteliggjar.
14.01.2020
Vindturbinar i Uskedalsfjella ?

Regjeringa sine ungdomsparti stod fram i media med ynskje om vindkraftutbygging. Dette vart gjort trass i at Regjeringa har skrota og lagt bort samla Rammeplan for vindkraft i 13 aktuelle område. Eit av områda omfatta store deler av fjella i Kvinnherad, Sunnhordland og Haugalandet. Vidar Haugland skriv dette innlegget på Uskedalen.no:
13.01.2020
Oransje varsel for høg vasstand.
Det er varsla svært høg vasstand dei to neste dagane. Det vert rekna som oransje varsel. Då er situasjonen alvorleg. Difor må alle sjå etter om det er lause gjenstandar i strandsona. Det same gjeld for det som ikkje er fastbunde i naust og sjøhus. For dei som har båt på sjø, bør sjå etter om fortøyningane er gode. Høg flo kan gå opp mot ein meter over det som er vanleg.
12.01.2020
Uskedal Eigedom med planar om 9 bueiningar på Stølen.
Uskedal Eigedom  har godkjend reguleringsplan for bygging av bustader på Stølen, sentralt i Uskedalen. Arealet må reknast som indrefileten i Uskedalen med gangavstand til alle sentrale funksjonar som butikk, båthamn, skule/barnehage, badestrand, buss og kulturelle møteplassar. Les meir kva utbyggar skriv om dette prosjektet:
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS