Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

God start i Norway Cup.

29.07.2019
Klikk på bilete for full storleik
Norway Cup-spelarar klare for avreise frå Uskedalen.
 
I går var første kampdag i Norway Cup, det vart ein god start for dei lokale laga.  Etter det vi kan sjå vart det siger til alle laga frå Uskedal unntatt eitt.  Sjå: https://norwaycup.no/informasjon/kampoppsett-norway-cup-2019/ . G14 opna med ein imponerande 6-0 siger, og frå Bjørn Olav Tveit som trenar laget saman med Stig Berge-Soldal, har vi fått rapporten nedanfor.  Vi håpar på fleire kamprapportar og bilde frå Oslo den komande veka.
 
Gutane på Rosendal/Uskedal G14 spelte sin første kamp i årets Norway cup på søndag. Motstandar var Grüner frå Oslo som spelar i 1. divisjon, og kampen føregjekk på ei glovarm Ekebergsletta. I 32 dirrande varmegrader var både gutane og trenarane spente på korleis varmen ville påverke innsatsen, og heile føremiddagen gjekk med til å innta store mengder væske og elles forbruke minst mogleg energi. 
 
Gutane frå Rosendal/Uskedal tok tidleg styringa på kampen. Med høgare balltempo, betre teknikk og knallhard defensiv innsats, hadde Rosendal/Uskedal god kontroll på opninga, men utan ballen ville i mål. Først halvvegs i første omgang klarte Gaute Lyngnes Tungesvik å overliste motstandaren si målvakt, og etter dette festa Rosendal/Uskedal eit endå hardare grep om kampen. Til pause var stillinga 4-0 etter mål av Alex Capoeiro, Vebjørn Hjelmeland og Magnus Haugse. 
 
I andre omgang kom det inn 5 nye spelarar, og Rosendal/Uskedal heldt oppe det store overtaket. Med hurtige kombinasjonar og giftige avslutningar, sytte spelarane for at Grüner sin målvakt fekk ein travel dag på jobben. Spesielt må nemnast kanonkula frå Jonas Hansen som han fyrte av etter å ha finta ein Grüner-forsvarar opp på tribuna, diverre trefte ballen stolperota bak ein sjanselaus keeper. Stanga dirrar truleg endå etter det harde skotet. 
 
Etter 2 nye mål av laget sin spanske toppskårar, Alex, enda kampen med siger 6-0 til gutane frå Rosendal/Uskedal. 
 
Godt begynt er halvt fullendt, og laget har fått ein god start på årets cup-eventyr. Mandag ventar tøffare motstand når Nittedal står på andre banehalvdelen. Før den tid skal det badast i Lutvann og køyrast endå fleire rundar i berg-og-dalbana på Ekeberg. 
 
Tekst: Bjørn Olav Tveit, trenar G14
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal
Nett: Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.08.2019
Elva stengd for fiske frå i dag, kl. 18.
Elveeigarlaget melder at grunna lite vatn er elva stengd for fiske frå i dag, sundag 25. august, kl. 18 og fram til ny melding kjem.

kb
24.08.2019
Humlepungen Bryggjarlag på studietur til Warszawa.
Humlepungen Bryggjarlag er denne helga på studietur til den polske hovudstaden, Warszawa. Det er mellom anna lagt opp til guida sykkeltur, byvandring og opphald på bryggeri i byen. Polen er kjend for godt øl og landet har stor eksport internasjonalt.

kb
23.08.2019
Thaivogna er stengd denne helga.
Thaivogna med matsal er ikkje open denne helga. Eigaren melder at grunnen er sjukdom.

kb
23.08.2019
Terje Bakke er med i NM i bogeskyting
Terje Bakke frå Uskedalen, medlem og leiar i Kvinnherad Bogeskyttarklubb, er ein av 11 deltakarar frå Kvinnherad som er med i NM i såkalla 3D bogeskyting. Meisterskapet går på heimebane i Tveitedalen. Det skal skytast på blink og på postar i terrenget.Terje Bakke er truleg den fyrste frå Uskedalen som nokon gong har hevda seg i landstoppen i bogeskyting.

kb
21.08.2019
Røysterett for Alle startar øvingane i denne veka.
Røysterett for Alle tek til med haustsemesteret i denne veka. Torsdag er fast øvingsdag. Alle er velkomne, men koret treng særleg mannsstemmer. Maria Malmsten er musikalsk leiar. Meir informasjon kan de få ved å kontakta Svein Rimestad på mobil: 91 10 98 68.

kb
21.08.2019
Haustmøte i Uskedal Bedehus 23. - 25. august.
Talar er Ove Sandvik. Det vert song og musikk ved Alf Magnus Tysse m.fl.
Fredag kl.19.00: Møte
Laurdag kl.17.00: Familiemøte og kl.19.00 Møte
Søndag kl.11.00: Avslutnngsmøte
GÅVE TIL MISJONEN.
Det vert kaffi m.m.og søndag vert det servert middag etter møtet.
VEL MØTT FRÅ BYGDENE!

Arr.: Misjonssambandet
20.08.2019
Helselaget si styrketrening startar måndag 2. september.
Styrketrening for vaksne i regi av Uskedal Helslelag tek til måndag 2. september kl. 11 i Gamleskulen. Kom og ver med. Ingen er for ung og ingen er for gamal. Programmet legg mellom anna vekt på styrke- og balansetrening. Treningstida tek om lag ein time.

kb
19.08.2019
Friluftskonserten vert flytta til Strandstovo i Båthamna.
Friluftskonserten, tysdag 20. august, er grunna dårleg ver flytta frå Stemneplassen til Strandstovo i Båthamna. Frammøte med leikar og aktivitetar kl. 18.30. Programmet med Uskedal Musikklag, Rustne Menn og gjest Mari Bjelland tek til kl. 19. Det vert loddsal med inntekt til drifta av Uskedal Friluftslag. Gratis kaffi og kake. Alle er velkomne under tak i Strandstovo.

kb
19.08.2019
Eg byggjer meg eit båt på Bøkkerverkstaden.
Onsdag, torsdag og fredag i denne veka kjem Sunnhordland Museum til Bøkkerverkstaden med undervisningsopplegget Eg byggjer meg ein båt. Progammet er for 6. klassane i kommunen. Elevane lærer mellom anna å byggja ein liten færing, som eit byggesett.

kb
18.08.2019
Hugs fristen for påmelding til Konfirmantjubileum.
Soknerådet minner om fristen 20 august for å melda seg på til Konfirmantjubileum helga 14. og 15. september. To årsklassar til kvart av desse jubilantkulla er inviterte: 70 års jubilantar, 60 års jubilantar og 50 års jubilantar. Skriftleg invitasjon er sendt til alle. Påmelding til Svanhill Haugland på telefon: 90 63 67 56 eller E-post: svanhillhaugland@icloud.com

Soknerådet
Siste Nyhende
25.08.2019
Skulemusikken ønskjer fleire musikarar og fleire til å hjelpa til.
Uskedal skulemusikk har dei siste åra hatt ein stødig og god ungdomsgjeng blant musikarane, men før denne sesongen er dei slutta i korpset, og dermed er talet på musikarar heilt nede i 7.  Styret har derfor sett i gang tiltak for å rekruttera nye musikarar. Med få musikarar vert og foreldregruppa lita. Derfor håpar dei andre bygdefolk vil hjelpa til med drifta, m.a. strikka til adventskalendaren.
24.08.2019
Søsken med gull og sølv i U-20 NM.
Søskena Håkon(18) og Vår(16) Eik Litland er to av Norges aller største talent i kastøvelsar i friidrett.  Begge har hevda seg svært godt mot dei beste norske ungdommane denne sesongen. Mor deira er Kjellaug Eik Litland, og dermed vert dei to talentfulle ungdommane barnebarna til Liv og Audun Eik.
23.08.2019
På seglas gjennom Storsund til Skutefest i Rosendal.
Den store skutefesten er i gang.. Over 20 påmelde skuter er på veg frå sør, nord og vest med destinasjon Rosendal. Motorkuttar STRANDLANDET ( ex RIND ) har alt passert Uskedalen og fleire vil gå Storsund i ettermiddag og kveld. Uskedalen.no sin maritime fotograf, Øystein Enæs, er klar med fotoapparatet og vi vil presentera nokre utvalde farty.
23.08.2019
Bøkkerfestivalen - Uskedalen sitt svar på Kaldestadfestivalen.
Festivalomgrepet er i endring frå å vera ei større kulturhending over fleire dagar til å vera ei musikalsk oppleving med fleire artistar gjennomført på ein dag og ofte i eit mindre format med eit avgrensa publikumstal. Det er slik Bøkkerfestivalen står fram etter ei vellukka helg på Rød. Tilbakemeldingane er gode og arrangørane Kjell Einar Thorkildsen og Hallvard Rød vil snart stå fram og sei om festivalen held fram til neste år.
21.08.2019
Strandstovo - ny samlings- og kulturarena i Uskedalen.
Uskedal Båtlag sitt nye båtlagshus kan brukast til meir enn berre å vera ein samlingsplass for båtlagsmedlemer og båtgjester. Det fekk alle oppleva på Uskedal Friluftslag sitt årlege arrangement tysdag kveld, lagt til Strandstovo fordi det var usikkert med veret. 50 menneske var samla og då var det i tillegg plass til Uskedal Musikklag, Rustne Menn og gjesteartisten Mari Bjelland. Ute på plassen var det hesteskokasting og putekrig.
20.08.2019
Krimforfattar Gunnar Staalesen kjem til Uskedalen 4. oktober.

Krimforfattarane Gunnar Staalesen og Lasse Gallefoss

og  jazzgruppa BlueMen vil gje oss intens krimlitteratur og fengande musikk i Uskedalen 4.okt. frå kl.21. Gamal møter ung når krimforfattarane Gunnar Staalesen og Lasse Gallefoss møter kvarandre i Uskedalen til samtale og opplesing denne fredagen. 

20.08.2019
Kom og høyr Mari Bjelland i Strandstovo i kveld kl. 19.
Friluftskonserten, som til vanleg er på Stemneplassen, er grunna veret flytta til Strandstovo i Båthamna. Der sit alle under tak. Dagens gjest, Mari Bjelland frå Sunde, har bestefar, Årstein Eik, frå Kjærland i Uskedalen. Mari er 16 år og vann Festidalen sitt Lambasleppet i år. Mari var oså med på årets UKM. Ho syng og spelar gitar og er for tida elev på musikklina ved Stord Vidaregåande skule.
19.08.2019
Nye Haugen-historiar
Minnene om dokter Haugen vandrar vidare. I dag har vi publisert fem nye historiar på nettsida om han.
19.08.2019
Har du drøymt om hytte i strandkanten ?
Dersom du nokon gong har tenkt at det ville vore fint med hytte i sjøkanten, ja, då har du sjansen no. Fritidseigedom med adresse Uskedalsvegen 710 ligg ute for sal gjennom EiendomsMegler 1. Det er faktisk visning alt i dag, måndag 19. august kl. 17.00. Eigendomen er eit av fleire salsobjekt som er selde på Tveitane i Padlaporsen den siste tida.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS