Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Viktig informasjon om nye vassavgifter frå Uskedal Vassverk.

21.07.2019
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal Vassverk sender i desse dagar ut informasjon og ny prisliste for vassavgifta i åra framover.
 
Det foreligg ny prisliste frå Uskedal Vassverk. Overgangen til ei meir differensiert vassavgift vert gjort med bakgrunn i vedtak på årsmøte 8. mai 2019. Den gamle prislista inneheld prisgrupper som ikkje dekkar dagens behov. Informasjon og ny prisliste vert sendt pr. post til alle abonnentane i desse dagar. Les kva styret skriv:
 

Vi har etter samråd med kommunen innført ei prisgruppe 100 for bustader under 80 m2, og leilegheiter under 80 m2. I denne gruppa finn ein også utleigeleilegheit i eigen bustad, kårhus, fritidshus, hytter, naust, hytttenaust og vasspost ute. 
 

I prisgruppe 200 kjem alle bustader over 81 m2, også leilegheiter over 81 m2.
 
Bilete syner dagens vassbehandlingsanlegg i Eikeelva.

Det er verd å merka seg at abonnentar i gruppe 100 og 200, som har naust eller utleigekontor, har fått ei eiga gruppe 300 for naustet eller utleigekontoret.

  

Som ein ser, så vil nokon få lågare avgift medan andre vil få ein auke. Som dokumentasjon for om bustaden er under 80 m2, så må vi be om å få tilsendt teikningar eller oppmåling utført av kommunen i samband med innføring av eigedomskatt. Når det gjeld om huset vert definert som fritidshus, så må matrikkelen til eigedommen leggjast til grunn. Her står det kva husværet er registrert som.
Den enkelte abonnent må sjølv undersøkja dette før dei tek kontakt med vassverket, så skal vi retta opp fakturaen som no er sendt ut.
 

Når det gjeld arealet bygningen skal reknast ut etter, så nyttar ein bruksareal – BRA . Dette er innvendig areal frå innsida av yttervegg. Areal der takhøgda er lågare enn 1.9 meter vert ikkje rekna med.

  

Dette kan synast noko omstendelig, men vassverket har ikkje denne informasjonen. Vi bed derfor om at den enkelte abonnent tek kontakt, så skal vi få dette retta opp, dersom det er feil fakturabeløp.
 
Vi har retta dei abonnentar vi kjenner til og som alt har vore i kontakt med oss. Det er heilt sikkert også andre som skal endrast til gruppe 100.

  

Under Kartverket og Se eiendom på nettet, finn den enkelte opplysningar om sin eigedom.

  

Vassverket ynskjer også å få til eit betre varslingssystem når vi f. eks. har leidningsbrot. Vi tek sikte på å få på plass ei varsling med sms i framtida. Vi treng difor di hjelp til å få registrert det mobilnummeret som det skal varslast til.
 

Likeeins vil vi få til ei utsending av faktura med e-post frå neste år av. Her treng vi også di hjelp til å få registrert ei e-postadresse på det enkelte abonnement.
 

Har du spørsmål om korleis du skal gå fram for å finna ut om ditt abonnement er i riktig prisgruppe, kontakt Hans Reidar Kjærland på tlf 997 01 819 eller e-post
hr.kjaer@online.no
 
Når det gjeld mobilnummer og e-postadresse, så kan den sendast til Terje Myklebust på sms til tlf. 958 75 543 eller e-post
temyk@online.no
.
 

 
 

Tekst: Uskedal Vassverk                                                                                
Foto: Hans Reidar Kjærland/ Kristian Bringedal
Nett: Kristian Bringedal
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Høgdebassenget og vassbehandlingsanlegget ligg på Sørestølen på Eik.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.01.2020
Meld frå om årsmøte.
Det er tid for årsmøte i lag og organisasjonar. Melding om årsmøte er viktig informasjon. Send oss ei melding og vi legg det ut som ei kunngjering.

Red.
16.01.2020
Jørn Øyrehagen Sunde fører Aarebrot tradisjonen vidare.
Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde skal i helga halda Aarebrotførelesinga 2020, 1000 års rettshistorie på 200 minutt, i Aulaen på UiB. Til liks med Frank Aarebrot er Øyrehagen Sunde ein levande og engasjert formidlar. På 200 minutt skal Jørn dra linene frå mellomalderen i Bergen til dagens NAV skandale og riksrettssaka mot Donald Trump.

kb
16.01.2020
Årsmøte i Uskedal Friluftslag, måndag 17. februar.
Dette er ei kunngjering om at Uskedal Friluftslag har sitt årsmøte måndag 17. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. Medlemslaga har møterett med to utsendingar kvar. Leiar, to styrmedlemer og varamedlemer står på val. Bondelaget er valnemnd.

kb
15.01.2020
Ny runde med søknader til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
Søknader om gåver til allmennyttige føremål opnar tysdag 4. februar. Søknadstida er fram til tysdag 3. mars. Alle søkjer elektronisk. Meir informasjon på Facebook og på stiftinga si heimeside.

kb
14.01.2020
Opplæring i aktivitetskalenderen Friskus.
Onsdag 22. januar kl. 17.00 vert det skipa til infokveld og opplæring i friskus.com, på Rådhuset i Rosendal. Friskus er ein digital aktivitetskalender som gjer den enkelt å delta i og organisera frivillig arbeid. Alle må ha med eigen datamaskin. Meir informasjon finn du på kommunen sin heimeside.


kb
12.01.2020
PIONER 10 fots jolle funnen og sikra på Rød.
Torsdag i denne veka vart ein 10 fots PIONER funnen og dregen på land på Rød. Båten ligg på Helge Rød sin eigedom. Eigar kan sjå og henta båten der. Siste: Eigar har meldt seg.

kb
12.01.2020
Saka om brannstasjonen engasjerer.
Redaksjonen har moteke fleire kommentarar og merknader til saka om det som kan føra til nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen. VI føl opp saka med å få fram ulike synspunkt. Dersom du har merknader, skriv kort og send til uskedalen.no@gmail.com

Red.
11.01.2020
Innsamlinga til Ukraina held fram.
Innsamlinga til Ukraina i regi av Tro - Håp - Kjærlighet stiftelsen held fram. Ring 971 47 851 for avtale om levering. Minst kr. 50,- pr. sekk som dekker felleskostnader.

kb
10.01.2020
Frøydis Gjuvsland - søkjar til rådgjevarstilling oppvekst.
Frøydis Gjuvsland ( 45 ) frå Uskedalen er ein av 11 søkjarar til stillinga som rådgjevar for oppvekstsektoren i 100 % stilling. Frøydis er utdanna lærar og har arbeidet sitt innan oppvekst i dag.

kb
10.01.2020
Stabile medlemstal i kyrkja i Kvinnherad.
Kyrkjekontoret melder at medlemstalet i Den norske Kyrkja i Kvinnherad er stabilt. 25 personar melde seg ut, 4 personar melde seg inn. Med mange kyrkjer i Kvinnherad, vil ein ikkje gå ut med tal for kvar sokn. Difor kjenner vi ikkje tala for Uskedalen.

kb
Siste Nyhende
17.01.2020
Ny garasje er snart på plass etter brannen.
Natt til 1. nyårsdag vart garasjen til Affi Eidsvik totalskadd i brann. Veka etter er tomta rydda. To veker etter vert det reist ny garasje på tomta. Snakk om tempo der alt går som smurt. Uskedalen.no var på plassen i går og fekk snakka med eigaren og snikrane frå Byggefirma Kjell Høyland.
16.01.2020
Tor Erik Eide er tildelt Forsvarsmedaljen.
Tor Erik Eide ( 45 år )  frå Uskedalen er i dag tildelt Forsvarsmedaljen. Markeringa var på Haakonsvern i Bergen og sjefen for Sjøforsvaret, admiral Nils Andreas Stensønes, stod for sjølve overrekkinga. Eit av kreteria for å bli tildelt Forsvarsmedaljen er minst 25 års teneste i Forsvaret. Tor Erik Eide gjekk inn i Forsvaret som 18 åring og har sidan vore i Kongens klede.
16.01.2020
To stormfloer på 24 timar, men ikkje rekord.
Ekstremveret Didrik vart oppgradert med raudt varsel i Sunnhordland. Vasstanden var 70 til 80 centimeter over det normale i går, onsdag. Dermed vart det ikkje rekord. På natta var lite vind, på dagen berre bris styrke. Så langt vi kjenner til er det ikkje gjort skade på bygg eller på andre installasjonar i strandsona.
15.01.2020
Nye veglys og trafikksikring i Korsneset.
Det vert montert nye veglys langs Fylkesvegen ved byggefelta Korsneset og Ospelunden. Tiltaket er ein del av arbeidet med betre trafikksikring.
15.01.2020
Stort engasjement i brannstasjonssaka.
Brannsjefen i Kvinnhead kommune går for altenativ 2/3 til framtidig brannvernorganisering. Framlegget inneber at ein held på tre stasjonar, Husnes, Rosendal og Ølve, og tre såkalla framskotne einingar, Varaldsøy, Åkra og Halsnøy. Brannstasjonen i Uskedalen vert med dette framlegget nedlagd. Uskedalen.no har dei siste dagane motteke innlegg som bed om ei meir fagleg grunngjeving for nedlegging. Særleg dette med responstid er viktig å få fram.
14.01.2020
Uskedal Båtlag med opprop om å sjekka fortøyningane.

Ekstremveret Didrik vil slå til i natt med pålandsvind og vasstand 100 cm over den høgden du finn i tidevasstabellen. Uskedal Båtlag bed alle med båt i Båthamna sjå til at fortøyningane er gode. Alle må stramma opp slik at båten ikkje ligg og slår mot kai og uteliggjar.
14.01.2020
Vindturbinar i Uskedalsfjella ?

Regjeringa sine ungdomsparti stod fram i media med ynskje om vindkraftutbygging. Dette vart gjort trass i at Regjeringa har skrota og lagt bort samla Rammeplan for vindkraft i 13 aktuelle område. Eit av områda omfatta store deler av fjella i Kvinnherad, Sunnhordland og Haugalandet. Vidar Haugland skriv dette innlegget på Uskedalen.no:
13.01.2020
Oransje varsel for høg vasstand.
Det er varsla svært høg vasstand dei to neste dagane. Det vert rekna som oransje varsel. Då er situasjonen alvorleg. Difor må alle sjå etter om det er lause gjenstandar i strandsona. Det same gjeld for det som ikkje er fastbunde i naust og sjøhus. For dei som har båt på sjø, bør sjå etter om fortøyningane er gode. Høg flo kan gå opp mot ein meter over det som er vanleg.
12.01.2020
Uskedal Eigedom med planar om 9 bueiningar på Stølen.
Uskedal Eigedom  har godkjend reguleringsplan for bygging av bustader på Stølen, sentralt i Uskedalen. Arealet må reknast som indrefileten i Uskedalen med gangavstand til alle sentrale funksjonar som butikk, båthamn, skule/barnehage, badestrand, buss og kulturelle møteplassar. Les meir kva utbyggar skriv om dette prosjektet:
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS