Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

- Kjekt å vera frivillig!

04.07.2019
Klikk på bilete for full storleik
Stano, Katarina, Benjawan og Toka kosar seg med god musikk i nydeleg ver på den flotte konsertarenaen på Dønhaug fredagskvelden.
 
Blant dei mange frivillige som er så viktige for Festidalen, er det kvart år nokre som har flytta hit frå andre land. Eksempel på dette er Dorota Wojcik, opphaveleg frå Polen, som dei siste åra er blitt ein viktig ressurs med god oversikt over oppgåver i samband med oppbygging og rydding av arenaen på Dønhaug.  Eit anna eksempel er Bush Zaki frå Egypt som vi kvart av dei siste åra, har møtt som smilande grillmeister.
 
Det har vore frivillige frå mange land.  Eg nemner berre Eritrea, Brasil, Tyskland, Sveits, Kongo, England og Litauen som eg kjem på i farten.  Nokre vert der eit år, medan andre kjem att år etter år.  
 
Etter det eg kjenner til var det første gong det var frivillige frå Syria og Slovakia i år. Eg tok derfor ein liten prat med dei to ungdommane Katarina Uherek frå Slovakia og Toka Massalmah frå Syria.
 
Dei to har vore klassevenninner ved Eining for integrering og opplæring på Husnes der dei har lært seg norsk på svært så godt nivå på kort tid.  Toka har vore 1 1/2 år i Norge medan det framleis er litt tid til det er 1 år sidan Katarina kom hit.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Toka og Katarina er klar for vakt saman med Reanate Koløy frå Korsnes og Hilde Røssland frå Husnes.
 
 
 
Det var Katarina som melde seg som frivillig til Festidalen først.  Deretter sa ho dette til klassevennina samstundes som ho fortalde det ho visste om arrangementet.  Dermed fekk også Toka lyst til å delta i dugnaden og melde seg på.
 
Toka fortel at ho aldri har vore på ein liknande festival, og det var veldig nytt for henne.
- Men eigentleg var det ein veldig god opplevelse, og eg lærte mange nye ting faktisk, fortel jenta som fekk oppleva norsk festivalkultur for første gong, og dermed fekk kjennskap til fest- og folkeliv her i landet.  Ho legg til at ho synes det var veldig kjekt å sjå folk dansa og høyra på musikk.
 
Svært kjekt syntes ho det var, at ho fekk mulighet til å snakka med nye folk og bli litt kjend med nokre.  Toka var områdevakt på laurdag, og då var ho på post saman med Katarina.  Dei veksla mellom vakt ved inngangen og ved scenen, og gjorde ein svært god jobb.  Innimellom hadde dei pausar i frivilligteltet der dei kunne få seg mat og prata med andre frivillige.
 
Sjølv om Katarina var oppsett som vakt laurdag, gjorde ho i tillegg ein stor jobb under opparbeidinga av området på Dønhaug før festivalen.
- Stano, mannen min, er snikkar, og derfor var han frivillig i gruppa som skulle byggja opp festivalområdet.  I staden for å berre sitja heime, vart eg med han på dugnad helga før Festidalen og litt utover i veka.  Eg hjelpte til med å setja opp telta og gjorde forskjellige andre oppgåver.  Det var sååå kjekt og sosialt!  Eg fekk snakka med nye folk, og det likar eg veldig godt.  Når eg hadde fri frå jobben, venta eg berre på at mannen min skulle komma heim slik at vi kunne gå på dugnad.  Stano og likte veldig godt å vera med som frivillig, fortel Katarina entusiastisk og verkar oppriktig takknemleg for at ho fekk vera med på dette.
 
- Det er ikkje mange frå Slovakia her i kommunen.  Eg hadde berre høyrt om ei dame, og på frivilligsamlinga på torsdag møtte eg jammen henne.  Det var kjempekjekt, og så bur vi berre nokre hundre meter frå kvarandre.  
På den frivilligsamlinga hadde ikkje Toka høve til å vera med.  Då jobba nemlig den flinke ungdommen ettermiddagskift som ferievikar innan pleie og omsorg.
 
Fredagskvelden var alle dei tre frivillige gjester på Festidalen.  Som takk for innsatsen hadde dei gratis inngang då. Dei kosa seg saman med Benjawan frå Thailand, klassevenninne av Toka og Katarina. Ho hadde ikkje anledning til å vera frivillig i år sidan ho har ei lita jente, men ho kunne fortelja at mannen hennar skulle vera vakt på laurdagen.
 
Å vera frivillig på Festivalen, gjev ein mykje tilbake.  Å vera ein brikke i dette fellesskapet, har stor verdi.  Eg synes dette utsagnet frå Katarina då eg møtte ho mandag, fortel det godt:
- Eg hadde så lyst å reisa ut og vera med å rydda på søndag, men eg sa til mannen min at eg måtte sova litt.
Ho skulle nemleg vera klar for nattskift på Hydro Husnes der ho starta i fast jobb for om lag ein månad sidan.
 
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
12.11.2019
Bygdarock i Helgheim laurdag 30. november.
Det vert Bygdarock i Uskedalen laurdag 30. november. Sløyden Rock står for musikken og det er ein viss fare for at det kan bli både allsong og dans. Sal av hotdogs og drikke. Billettar kan du kjøpa på SPAR, Uskedalen. Alder: 18 år. Inngang: kr. 200,-.

kb
12.11.2019
Lars Haugland - ny leiar i Uskedal Bondelag.
Lars Haugland vart på årsmøte 31. oktober vald til ny leiar i Uskedal Bondelag. Med seg i styret har han: Ingvill E. Myklebust, Marita Kjærland, Kjell Arne Myklebust og Runar Myklebust. Meir informasjon om Bondelaget og landbruksnæringa kjem som eige innlegg.

kb
12.11.2019
Takvøle er naudsynt på Uskedal kyrkje.
I framlegg til kommunal økonomiplan vert det skrive at det trengst omfattande takvøle på Uskedal kyrkje. Skiferhellene er lause fordi lekter og sutak er i dårleg stand. Det er forresten same problemet som på Eid kyrkje på Halsnøy

kb
11.11.2019
Gåveutdeling frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad.
Onsdag 20. november er lag og organisasjonar på nytt inviterte til gåveutdeleing frå SpareBank1-stifitnga Kvinnherad i Kulturhuset Husnes. Samla søknadssum denne gongen er på heile 30 mill. kr. Innan fristen kom det inn 182 søknader. Vi er kjende med at det vert løyvd midlar til prosjekt i Uskedalen, men også at det er avslag på nokre søknader.

kb
11.11.2019
Meld inn kandidatar til Eldrerådet.
Innan fristen 24. november kan lag og organisasjonar melda inn kandidatar til Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Aktuelle namn kan sendast til post@kvinnherad.kommune.no

kb
10.11.2019
Investeringsmidlar til Uskedalen klatre- og aktivitetssenter.
Ved rullering av K.delplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2020 - 2023 har Levekårskomiteen gjort vedtak om at det vert løyvd kr. 400.000,- i investeringsmildar til Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen. Løyvinga gjeld for 2020. Løyvinga krev endeleg vedtak i Formannsskapet og Kommunestyret.

kb
10.11.2019
Jonny Lygre medlem i skule- og barnehageutval.
Jonny Lygre vart i Levekårsutvalet vald som kommunal medlem i Samarbeidsutvalet og Skulemiljøutvalet for Uskedal skule og Uskedal Barnehage. Valet gjeld valperioden på fire år.

kb
08.11.2019
Juelgrantenning sundag 1. desember.
Det vert julegrantenning sundag 1. desember med Uskedal Musikklag og andre innslag. Det er Lysmesse i kyrkja den same dagen. Difor vert det arbeidd med ei samordning og tider som ikkje kolliderer.

kb
07.11.2019
Minnelund ved kyrkja i Uskedalen.
I framlegg til investeringsbudsjett for 2020 og 2021 er det sett av midlar til minnelundar ved fleire kyrkjer i Kvinnherad. Uskedal kyrkje er ei av desse. På sikt skal det koma minnelund ved alle kyrkjene. Det vert gjort fordi fleire ynskjer kremering og nedsetjing av urne i staden for kistegrav. Denne meldinga er henta frå Grenda.

kb
06.11.2019
To på 100 år og var med på allsongen på Dill.
Rustne Menn fekk ei sjeldan oppleving på Dill i går, tysdag 5. november. Ei kjapp dame på 100 år kom med rullatoren sin og var med på allsongen. Ikkje nok med det. Den eine mannen i forsamlinga fortalde at han var 100 år om nokre veker. Mannen song godt og fann fram til rett song i bunken av ark, utan hjelp.

kb
Siste Nyhende
12.11.2019
Nedgang i elevtalet kan føra til overgang til Malmanger skule.

I framlegg til Budsjett 2020 og Økonomiplan fram til 2023 rår Koummunedirektøren til at elevane ved Uskedal skule, saman med Omvikdalen skule,  vert overført til Malmanger skule i 2023. Bakgrunnen er ein dramatisk nedgang i elevtalet frå 102 elevar i 2019 til  68 elevar i 2024. Ein føresetnad er ferdigstilling av nye Malmanger skule.
11.11.2019
Klargjering av nye lys til Julagrano.
Når den staselege julegrana i Uskedalen vert tend for 57. gang den 1.desember kl.16, vil den vera pynta med flunkande nye lys.  Dette er blitt mogeleg etter ei flott pengegåve frå Sparebankstiftinga Kvinnherad på 70.000 kroner og ein solid dugnadsinnsats frå eldsjeler i Uskedal musikklag.  Det er musikklagsmedlemmer som i alle år har stått for pynting og vedlikehald.
11.11.2019
Ny 2 mannsbustad i Ospelunden er klar for innflytting
Ein ny 2 mannsbustad over to plan er klar for ferdigstilling i desse dagar. Den eine leilegheten er alt innflytta. Den andre skal vera ferdig i god tid før jul. Tomten til den neste 2 mannsbustaden er skoten ut og vert planert. Betongarbeidet startar i denne veka. Br. Musland har arbeidet med graving, sprenging, muring og planering. Kjell Inge Rørvik og Rune Enæs i Elite Snekkerservice har alt trearbeid. Røyr: Uskedal Røyr og Multiservice. Elektro: Kvinnherad Elektro.
10.11.2019
Nasjonal ølbok med eige kapittel om Humlepungen Ølbryggjarlag.
Robert Smth-Hald si ølbok på forlaget Cappelen Damm sel godt. Boka er i trykken med sitt 3. opplag. Boka kan kjøpast i bokhandelen på Husnes og i Rosendal. Robert Smith-Hald har drive med brygging i heile sitt yrkesaktive liv. Kontakten med Uskedalen tok til for over 10 år sidan. Eit oppdrag for Festidalen på Vertshuset førte til ein varig venskap med Anne Berit og Magne Huglen. Etter det vart det speling på Dønhaug og kontakt med det lokale bryggjarlaget.
09.11.2019
Kvalitet og god kontakt med kunden er viktig for eit godt eplesal.
Kvalitet og personleg kontakt med kunden er avgjerande for god omsetnad av eple frå Steinsletto. Bjørnar Gjerde Eik er enno ein gong godt nøgd med eplehaustinga. Heile fem tonn eple av ulike sortar er komne i hus. Mykje er alt seld. Det er rett nok før sortering. Ikkje alt er salsvare, men volumet er om lag det same som i 2018.
08.11.2019
To årsverk og fem års arbeid ligg bak praktboka Kvinnheradsbunaden.

Det var uvanlag godt frammøte til Omvikdalen Bygdekvinnelag si boklansering i Biblioteket i går kveld. Boka Kvinnheradsbunaden er ei kulturhistorisk reise og eit praktverk som dokumenterer den lokale klesdrakta frå folkedrakt til bunad. Boknemnda kan syna til to årsverk og fem års arbeid frå tanken kom opp til ferdig bok.
07.11.2019
Kvinnherad kommune tek vedlikehaldet på vegen til Fjellandsbø.
Det har lenge vore tvil om Kvinnherad kommune sitt ansvar for tilsyn og vedlikehald på vegen frå Friheim til Fjellandsbø. No er den 1,8 km lange traseen avretta og grusa. Grøftene på begge sider er reinska. Massane er mellom anna frest oljegrus frå arbeidet med Opsongersvegen på Husnes.
06.11.2019
Allehelgensdag med musikk, song, dåp og tende lys.
Allehelgensdag eller Helgemesse, som det vart kalla før, er lagt til fyrste sundagen i november. Då er det gudstenste der ein minnest dei som døydde det siste året. Det vert gjort ved at namna vart lesne og lys tende i globen, for tilsaman 8 personar. Gudstenesta sist sundag var elles fylt av musikk, song og dåp. Dåpsbarnet med foreldra Margrethe Sæle og Stefan Hauge fekk namnet Madelen.
05.11.2019
Boklansering og pubkveld på Dønhaug, laurdag 9. november.
Laurdag 9. november  kjem låtskrivaren, multikunstnaren, forfattaren, øldesigner og bryggjaren Robert Smith-Hald  til Dønhaugkjedlaren. Det vert lansering av den nye boka hans Godt ØL. Heile dagen vil ha tema ølbrygging ettersom Humlepungen Bryggjarlag vil ha bryggjardag på laurdag.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS