Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Sommarkonsert i Uskedal kyrkje, tysdag 11. juni kl. 19.

09.06.2019
Klikk på bilete for full storleik
Velkomne til Sommarkonsert i Uskedal kyrkje tysdag 11. juni kl. 19.
 
Uskedal kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Kvinnherad med sommarkonsertar i regi av kantor Eva Megyesi. Konserten er lagt til tysdag 11. juni kl. 19. Eva Megyesi og Pawel Cabala er hovudaktørane på instrumenta orgel og piano. Atle Fredheim og borna Maia og Nanna Sofie vert med. Det same vert song- og musikkgruppa Rustne Menn.
 

Eva Megyesi spela piano frå ho var fem år gamal. Seinare vart det orgel. Alt i 1985 var ho på plass i calvinistkyrkja i Arad som organist. Etter ferdig utdanning på The Music Academy i 1995 var ho piano- og orgellærar i tillegg til å halda konsertar i ulike land i Europa. Frå 2012 har ho mellom anna vore tilsett som kantor, kordirigent og musikklærar i Odda og i Kvinnherad.

 

Pawel Cabala er komponist, kantor og pianist. Han kom til Noreg i år 2000 og har vore tilsett i kyrkja i Odda. Ekteparet Eva og Pawel står ofte fram med konsertar i lag, slik det også vert i Uskedal kyrkje på tysdag.

 

Alle er velkomne til ein fin og stemningsfull sommarkonsert i kyrkja kl. 19.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Frå plakaten

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.09.2019
Klart for idrettsmerketaking.
Mandag 23. september og mandag 30. september vert det idrettsmerketaking på Heio. Frammøtet begge dagar er kl.18, og dei ansvarlege håpar mange vil møta opp også i år.

tid
17.09.2019
Hobbydag på Singing Tweens i morgon kl. 17.
Onsdag 18. september kl. 17 vert det Hobbydag i koret Singing Tweens. Samlinga er på Bedehuset. Nye og tidlegare songarar er velkomne til å vera med.

Nelly
17.09.2019
Ros til konfirmantane og soknepresten.
- I helga var eg på eit kjempekjekt jubileumstreff for konfirmantar i Uskedalen.  Det vart avslutta med gudsteneste og festmiddag.  I gudstenesta vart årets konfirmantkull presentert. Det var verkeleg kjekt å følgja med på kor fint dei sat på dei 3 fremste benkene, og kor flott dei deltok i song og litturgi i gudstenesta. Ros også til sokneprest Reidar Ådnanes som registrerte dette og gav dei flotte ungdommane velfortent ros. Elles er det alltid kjekt å høyra Ådnanes både i tale og flott song, rosar ein av konfirmantjubilantane.

tid
15.09.2019
Mindre skriving på uskedalen.no i denne veka.
Sidan redaktøren er noko indisponibel og redusert i denne veka, vert det mindre skriving på nettsida. Dei som har innlegg eller viktige meldingar/ notisar, send til uskedalen.no@gmail.com .

Red.
15.09.2019
Liten plastbåt rek i land på Stølavikjo.
Ein liten lys - grå plastbåt ( gummibåt ) rek opp i fjæra ved Målanaustet i Stølavikjo i dag. Båten er sikra og dregen på land. Eigar kan henta båten der.

kb
13.09.2019
Det nye soknerådet i Uskedalen.
Desse er valde inn på fast plass i det nye soknerådet i Uskedalen: Sigmund Myklebust, Eli Roseth Eik, Kristian Bringedal og Liv Sæbø Eik. Varamedlemer: Hallgeir Snilstveit, Arne Møller, Einar Gjertsen, Kåre M. Rød og Frode Seim. Soknerådet vel sjølv leiar, nestleiar, skrivar og kasserar.

kb
13.09.2019
Musikklaget med klart NEI til vindmøller.
Uskedal musikklag har sendt høyringssvar der medlemmene seier eit klart nei til vindmøller i Kvinnherad.  Dei håpar også at mange andre lag gjer det same.  Lagslivet er eit viktig bidrag til at Kvinnherad er ein god plass å bu, og kan naturleg nok ikkje godta at den vakre naturen, som det viktige bidraget til god livskvalitet, vert rasert!  Vi kjenner også til at fleire av medlemmene sender eigne høyringssvar i tillegg.

tid
11.09.2019
Tjuvjakt på hjort på Haugland.
Ei sak om det som kan vera tjuvjakt på hjort i Uskedalen, er meldt til Politiet. Det vart høyrt skot natt til laurdag og funne spor. Uskedalen.no avventar tilbakemelding frå Lensmannskontoret før det vert skrive meir.

kb
10.09.2019
SELSTAD søkjer etter produksjonsmedarbeidar.
SELSTAD, Uskedalen, har trong for meir personell. Det vert søkt etter produksjonsmedarbeidar til serviceanlegget på Eidsvik i Uskedalen. Søknadsfrist: 19. september. For meir informasjon: Kontakt driftsleiar Egil Pile.

kb
10.09.2019
Jostein Saghaug er inne for Miljøpartiet.
Den endelege lista er enno ikkje lagt ut, men så langt vi kjenner til, er Jostein Saghaug frå Uskedalen inne med fast plass i det nye Kommunestyret, Stadfesta liste kjem innan kort tid.

kb
Siste Nyhende
18.09.2019
Etterlyser originalfoto til dette motivet på DS CLUPEA.
Johanne Ø. Tvedten frå Sunnhordland Museum spør om nokon i Uskedalen kan ha originalen til dette bilete. Ho skriv og redigerer Sunnhordland Årbok og ynskjer å bruka bilete i ein artikkel. Mannen i uniform er stuert Svein Myklebust frå Uskedalen. Dessutan var nokre av mannskapet på fabrikkskipet DS CLUPEA frå Uskedalen.
17.09.2019
Uskedal Idrettslag toppar Grasrotlista.
Ni lag og organisasjonar i Uskedalen er ein del av Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Bakgrunnen er at deler av tippemidlane går til frivillig arbeid. Kravet er at den som tippar, har registrert kva lag ein ynskjer løyvinga skal gå til. Organiasjonen må vera registret i Frivilligregiseret. Heile 145 lag i Kvinnherad får utbetalt midlar frå Grasrotandelen. Av desse er 9 lag frå Uskedalen.
15.09.2019
Konfirmantane 2020 vart presentert i kyrkja.
Dei nye konfirmantane vart presentert i kyrkja i går, sundag 15. september. Talet er 14 og Reidar Ådnanes vert presten deira fram til han sluttar og går av med pensjon i desember. På eit møte med konfirmantane og foreldra deira etter gudstenesta i går vart det orientert om konfirmasjonsførebuinga og evt. kva som vil skje i tida etter jul og fram til konfirmasjonen i mai månad.
15.09.2019
Ei minnerik helg for konfirmantjubilantane.
To minnerike dagar for konfirmantjubilanten er over. No er det to år til Soknerådet på nytt inviterer dei som vart konfirmerte for 50, 60, 70 og 80 år sidan, forenkla sagt. Sidan samlinga er 2. kvart år, vert det dobbelt opp av årsklassar. Den eldste konfirmanten i år var 80 års jubilanten, Kari Hermansen.
14.09.2019
Store og kreative tankar om eit klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen.
Prosjektgruppa for Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen inviterte til ope møte torsdag i denne veka. Frammøte var godt og det kom fram kreative tankar om kven som er brukargruppa, om innhaldet, om plassering og ikkje minst om utsjånad og estetisk uttrykk slik bygget ligg samlokalisert med skulen i sentrum og tett i strandsona. Representantar frå kommune, fylkeskommune og SpareBank 1- stiftinga, Kvinnherad var med på møte. 
13.09.2019
Konfirmantjubileum og konfirmantpresentasjon.
I helga er alt klart for konfirmantjubileum og presentasjon av dei nye konfirmantane i Uskedal Sokn. Konfirmantjubileet vert gjennomført 2. kvart år der ein dennne gongen inviterer og samlar kulla frå 1948 og 1949, 1958 og 1959 og 1968 og 1969. Dette utgjer 70-, 60- og 50 års jubilantane. Eit av kulla samlast alt i kveld til uformelt samvære på Stemneplassen.
12.09.2019
Frå Uskedalen til vindkraftdemonstrasjon ved Stortinget.
Den tverrpolitiske markeringa mot vindkraft på land i Oslo sist helg samla over 1000 demonstrantar frå heile landet. I ei gruppe frå Kvinnherad på 20 personar var Uskedalen på plass med Marie Døssland, Astrid Døssland og Mona Vetrhus. Det var ei roleg og verdig markering med talar, appellar og kunstnarlege innslag.
11.09.2019
Haustprogrammet for Senioruniversitetet er klart.
Kvinnherad Senioruniversitet med Kjell Borge Olsen som leiar har møteprogrammet for hausten klart. Alt i morgon, torsdag 12. september kl. 11, skal Ivar Baste snakka om Biologisk mangfald - ei alvorleg tid for naturen. Møte er i Rosendal samfunnshus. Senioruniversitetet har alle sine styremøte i Uskedalen. Audun Eik og Kristian Bringedal er varamedlemer i styret og møte fast på alle styremøte.
10.09.2019
Ønskjer innspel på kva tilbygget til Aktivitetshuset skal innehalda.
Torsdag arrangerer prosjektgruppa som arbeider med utvidinga av Aktivitetshuset folkemøte kl.16.30 om ettermiddagen.  I tillegg til det store klatretårnet og det utvida styrketreningsrommet ønskjer gruppa at huset skal gje eit godt og breidt tilbod til ulike interessegrupper.  Derfor håpar dei at mange tar turen til møtet for å koma med sine innspel og behov når arkitektane frå Lala er på besøk.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS