Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Peder Sjo Slettebø held ikkje fram som ordførar etter valet i september.

06.06.2019
Klikk på bilete for full storleik
Peder Sjo Slettebø tek ikkje attval og held difor ikkje fram som ordførar etter valet i september.
 
Det vart i kveld på Formannsskapsmøte gjord kjend at Peder Sjo Slettebø ikkje er Høgre sin ordførarkanidat likevel og at han med dette ikkje held fram som ordførar etter valet i september. Det var ei uventa avgjer for alle, ei sjokkmelding i det politiske miljøet og ut mot veljarane. Kva gjer Høgre no etter at lista er innlevert og godkjend. Gunn Mari Moberg frå Uskedalen har vore leiar i nominasjonsnemnda. Sjå hennar kommentar under.
 

Peder Sjo Slettebø skriv på Facebook no i kveld at han gjer dette etter mykje motstand og personleg kritikk i det politiske miljøet. Han har i nokre saker vorte hardt kritisert for motiv, framgangsmåte og handlingar.Nokre har stilt spørsmål med kva verkemeidlar som er nytta. Nokre har gått så langt at ein har trekt i tvil hans demokratiske sinnelag.

 

Han skriv vidare at etter alt som har skjedd den siste tida, så er hans integritet trekt i tvil. Dette kan han ikkje leva med av omsyn til partiet Høgre, sine nærmaste og han sjølv. Med dette som bakgrunn ynskjer han ikkje å halda fram som ordførar, om valresultatet og forhandlingane hadde vorte slik i september.

 

Tidlegare komunestyrerepresentant for Høgre, Gunn Mari Moberg, fortel til Uskedalen.no at det er trist at Peder ikkje tek attval. Han har vore ein god ordførar for kommunen. Peder Sjo Slettebø har gode kontaktar inn mot regjeringa. Han brenn for Kvinnherad, er ein dyktig politikar og ikkje minst godt likt av folket.

 

Peder Sjo Slettebø har ved fleire høve hatt politiske oppdrag i Uskedalen. Uskedal utvikling har ved fleire høve hatt møte og drøftingar med ordføraren om aktuelle spørsmål som går på bygdeutvikling og tiltak i bygda. Han heldt 17.-mai-talen her i bygda i 2017, og han var talar på haustfesten i Uskedalen i 2018 ( Sjå bilete ). Likeins var han med på opninga av prosjektet Gull av grus.

 

Under ein av temakveldane med Jørn Øyrehagen Sunde i Uskedal kyrkje i 2017 gledde han publikum både med verbale og musikalske innslag. Han er også ein framifrå organist.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
03.06.2020
17. mai: Alle vinnarane har meldt seg.
Alle vinnarane frå 17. mai lotteriet har meldt seg. Dermed er alle gevinstane leverte til dei rette personane.

kb
30.05.2020
Thaivogna open i dag, pinseafta, og 2. pinsedag.
Thaivogna er open i dag, pinseafta, laurdag 30. mai og måndag, 2. pinsedag. Stengd i morgon 1. pinsedag grunna arrangement.

kb
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
22.05.2020
MF MATRE er tilbake i Uskedalen.
MF MATRE er tilbake i Uskedalen etter tur til Skånevik og testing på alle dei tre ferjekaiane. Det har nokre dagar vore prøvetur og opplæring på det faste mannskapet som til vanleg er på ferja  Utåker - Matre - Skånevik.

kb
21.05.2020
Minner om Heilagdagsfreden.
Ein lesar minner oss på det som er skrive i Norsk lov om Heilagdagsfreden. I dag på Kristi Himmelfartsdag har det vore mange bensindrivne hagemaskinar å høyra, frå fritidsbustader og frå fastbuande. Det har vore mykje lyd frå kl. 09.00 og utover dagen.

kb
Siste Nyhende
03.06.2020
Skulemusikk i medvind ønskjer fleire aspirantar.
Uskedal skulemusikk er i god medvind, og etter eit generasjonskifte for eitt år sidan, har dei i løpet av året dobla medlemstalet.  No er dei 14 svært glade musikantar, og dei håpar å få fleire med på laget.  Korpset er så heldige at dei kan gå mot ein ny sesong med dyktige Tor Skeie Olsen som dirigent, og ikkje nok med det!  Dei får dette året også to flinke, kjekke, unge instruktørar som tidlegare har spelt i korpset!
02.06.2020
Elvefiske kan ta til i veke 26, ei veke seinare enn i 2019.
Uskedalselva opnar truleg for fiske i veke 26, kring 23. juni. Det er ei veke seinare enn i 2019. Opninga har samanheng med omorganisering av Elveeigarlaget frå å vera eit lag med begrensa ansvar til å bli eit Samvirkeføretak. Omorganiseringa har vore tema i laget i fleire år. Det er eit krav frå Brønnøysundregisteret. No vert det gjort og alt det formelle skal vera på plass innan nokre veker.
02.06.2020
Skjortefodno i Eikedalen ligg til langt ut i juni månad.
Snøen kom seint i år og den markerte og tydlege Skjortefodno i Eikedalen let venta på seg, men frå februar har fodno vore på plass. Dersom Skjortefodno var stor, sa dei gamle på Eik: Ho er dryge Skjortefodno i år. Det varme veret den siste veka med stor snøsmelting har ført til at fennene rundt Uskedalen minkar dag for dag.
31.05.2020
Samarbeid om bubilplassering har skapt god PR for bygda.
Det går mot ei rekordheld når det gjeld gjester i båthamner og camping i Uskedalen. Vi kan knapt minnast at det har vore så mange tilreisande. Stor pågang av gjester i bubil gjorde at Uskedal Båtlag opna opp for å bruka grøntarealet ved servicebygget til parkering. Dette vart gjort for å avhjelpa Rabben Camping og dermed finna plass til så mange som mogeleg. Parkeringsplassen ved Vertshuset vart også brukt.
30.05.2020
30.000 til flott dugnadsprosjekt.
For eit par år sidan vart det etablert ei dugnadsgruppe etter initiativ frå Pål Haugland.  Gruppa har hatt fast møtetid om torsdagane, og har hatt mange prosjekt til nytte for Uskedalen.  Fredag ettermiddag vart dei tildelt 30.000 kroner frå Sparebankstiftinga Kvinnherad til eit prosjekt som vil bli til stor glede for turgåarar; - gapahuk på Flåtene.
30.05.2020
Startar opp med gudstenester etter koronastenging.
Vi har vore gjennom ei spesiell tid der alle gudstenester i kyrkjene har vore avlyst. Kyrkja har stått saman med resten av samfunnet i den store dugnaden for å avgrensa smitte av korona. Når vi no på nytt kan invitera til gudsteneste, må vi gjera vårt til at det kan skje på ein trygg måte. I Uskedal kyrkje er benkene merka for å halda på ein meters avstand.
30.05.2020
Solskinsmusikk ved Spar!
Det har vore ei strålande pinstiafta, og det passa då svært godt at veteranane i Uskedal musikklag brukte litt av dagen til å spreie glede med glade blåsetonar ved Spar Uskedalen. Musikken samla godt med tilhøyrarar som ved applaus og tilbakemeldingar viste at dei sette pris på den uformelle konserten på ni nummer.
29.05.2020
SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad med tildeling til 7 prosjekt i Uskedalen
Det vart i dag tildelt midlar frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad til heile sju prosjekt i Uskedalen. Fem av tildelingane går til ulike tiltak i Uskedal Idrettslag. I tillegg er det løyvd midlar til Uskedal Musikklag ( nye instrument ) og Uskedal Utvikling - dugnadsgruppa. På samkoma i dag på Husnes var 10 prosjekt av totalt 38 plukka ut for overrekking av gåvebrev. Dei 27 andre mottek brev med informasjon om overføring av midlane. 
28.05.2020
Leigetakarane er tilbake i reiret sitt i takstigen hos Birger Myklebust.
Måsen er på plassen sin i same reiret slik det har vore dei siste åra. Birger Myklebust eig og bur i huset og det same skjer kvart år om lag på same tida. Det er ein fiskemåse, eit par der hannen og hoa byter på å ruga. Hekketida er frå 24 til 28 dagar og ungane er flygeferdige på 4 - 5 dagar. Birger snakkar med måsen kvar dag, noko som gjer at den ikkje er aggressiv og pågåande. Det er med andre ord eit godt forhold mellom eigar og leigar.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS