Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Seminar på Moster om Olav den Heilage som lovgjevar.

14.05.2019
Klikk på bilete for full storleik
Jørn Øyrehagen Sunde vil snakka om Olav den Heilage som lovgjevar på Moster 1. Pinsedag.
 
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har i haust arbeid med tema: Olav den Heilage som lovgjevar. Vi er særs takksame for at Øyrehagen Sunde har valt å presentere resultatet av sitt faglege arbeid på årets Mosterseminar, 1. Pinsedag, 9. juni kl. 13.30 i Amfisalen.
 

På veg til riksjubileum på Moster i 2024, er dei årlege seminara viktige for å gje ei best mogeleg fagleg forankring av jubileet. I tillegg til den faglege tyngda, er Jørn Øyrehagen Sunde kjend som ein glimrande formidlar. På seminaret vert det kulturelt program ved Øystein Lund Olafsen, den nye kantoren i Bremnes og Lykling og Vokalgruppa Kling.
 
I Landslova av 1274 vert det vist til Heilage Olavs lover som sjølve grunnlaget for norsk rett som Magnus Lagabøter bygde vidare på. Snorre Sturlason skriv i Olav den Heilages saga:
 
Han gjorde om lovene etter råd av de kyndigste menn, og tok ut og la til det han syntes trengtes. Kristenretten satte han med råd og hjelp fra biskop Grimkjell og de andre prestene. Han la all makt på å avskaffe hedenskap og gamle sedvaner, som han mente var imot kristendommen. Til slutt samtykket bøndene i dei lovene kongen sette. 
 

Her viser Snorre til det som i ettertid er kjent som kristenretten på Moster frå 1024.
Den var ei samling reglar for korleis ein kristen skulle leva, og korleis eit kristen samfunn skulle organiserast, som innleiar Den eldre Gulatingslova.  
 

Men det kan sjå ut som om Snorre meiner kristenretten berre var ein del av eit større lovarbeid. Kan det vera at Snorre har rett, og at Heilage Olavs lover var meir omfattande enn vi lenge har trudd ? Hadde Magnus Lagabøter rett i at han bygde vidare på ein lovgjevingstradisjon som vart etablert alt med helgenkongen?  
 

 
 

Tekst: Prosten i Sunnhordland 

Foto: Pressefoto 

Nett: Kristian Bringedal
 

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
12.12.2019
Utvida førjulsopning hos Gros Blomster.
Frå neste veke vert det utvida opningstid hos Gros Blomster.  Heile veka, også laurdag, vert opningstida kl. 9 - 18.  Søndag 22.12. er det ope frå kl. 14 - 18, veslejulaftan er opningstida kl. 9 - 18, medan det er ope frå kl. 9 til kl. 12 på julaftan.  Då eg var innom, var det vanvittig mykje fint i butikken, og produksjonen av fleire nydelege juledekorasjonar gjekk for fullt!

tid
12.12.2019
Ope møte i Senioruniversitetet i dag kl. 11.00.
Det er ope møte i Kvinnherad Senioruniversitet i dag, torsdag 12. desember, kl. 11 på Rosendal Fjordhotell. Førelesar er kunsthistorikar Gunnar Danbolt med tema Jula i kunsten. Uskedal musikklag spelar juletonar. 10 års jubileet vert markert. Tallerkenrett og kaffi. Inngang: kr. 150/100.

Styret
12.12.2019
Uskedal Bondelag 70 år i 2020.
På bondelagsmøte i går kveld i Gamleskulen vart det av leiar Lars Haugland informert om at Uskedal Bondelag er 70 år i 2020. Laget vart skipa 1. april 1950. Jubileet vert mellom anna markert med ein studietur til Jæren i mars månad.

kb
12.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 12.des. 2019
På Uskedal skulemusikk sin adventskalendar deler vi ut eit skrujernsett (verdi: 249,-), gjeve av Farge og interiør - Lio sag og treforedling til den haldige vinnaren som har nr. 391.  Eigar av nr. 282 får gavekort på 300,-kr, gjeve av Brødskreppa og kan handla godsaker for det der.  Gratulasjonar til begge!

Usm.
11.12.2019
Gul kajakk funnen og sikra på Korsneset.
Det er funnen ein gul kajakk på utsida av Korsneset. Kajakken med to svarte lokk er sikra og dregen på land i stranda ved Marit Røssland sitt hus. For meir informasjon: Ta kontakt med Leif Jarle Bergstø på mobil 995 20 870.

kb
11.12.2019
Julemøte i Uskedal Bondelag i kveld, i Gamleskulen.
I kveld, onsdag 11. desember, er det julemøte i Uskedal Bondelag med graut og program. Hans Reidar Kjærland skal ha innlegg om tida si som salssjef i Harding, tidlegare Bjørke Båtbyggeri i Rosendal.

kb
11.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 11.des. 2019
I dag kan vi glede eigar av kalendar med nr. 228 med gavekort på 250,- kr frå Brødr. Hjønnevåg AS, og den som har nr. 386 med strikkesett, lue og vottar.  Vi gratulerer!!

Usm.
10.12.2019
Tak rive av næringsbygg i Herøysundet.
Vest Politidistrikt melder at deler av eit tak på næringsbygg i Herøysundet er rive av i stormen. Ingen er skada. Naboane vert oppmoda om å halda seg inne.Brann og redning er på staden.

kb
10.12.2019
Vel 70.000 i aktivitetsmidlar til idrettslaget.
Kvinnherad idrettsråd har fordelt kr. 1.009.507,- i aktivitetsmidlar til idrettslaga i Kvinnherad for 2019.  Uskedal idrettslag er tildelt 71.054 kr av denne potten.  Til saman var det 17 lag som fekk midlar, og mest fekk naturleg nok IL Trio med 306.774 kr.  Deretter fulgte Kvinnherad Handballklubb med 153.253 kr og Rosendal turnlag med 144.395 kr.

tid
10.12.2019
Kan det bli solceller på kyrkjetaket ?
Taket på kyrkja i Uskedalen treng omfattande reperasjon. I budsjettet for 2020 er Eid kyrkje lagt inn med 1,5 millionar til takvøle. Etter Eid kjem Uskedalen. Marit Årthun ( KrF ) vil at ein skal vurdera å leggj solcellepanel på taket, slik det er gjort i Strand kyrkje på Tau. Kostnaden på Tau var 1,6 millionar. Det er Grenda som skriv dette.

kb
Siste Nyhende
12.12.2019
Pris til LAB Entreprenør med driftssjef frå Uskedalen.

LAB Entreprenør AS i Bergen vart i går kåra til den beste riggansvarlege bedrift i 2019 i Bergensområde. Driftssjef er Vegard Eik ( f. 1976 ) frå Uskedalen, no busett i Bergen. LAB Entreprenør med 200 tilsette har mange store byggeprosjekt i Bergen, mellom anna på Haukeland sjukehus. I grunngjevinga for prisen vert det sagt at LAB Entreprenør ein aktør som syner ansvar og tilbyr arbeidarane gode brakkeforhold.
11.12.2019
Bok frå krigsåret 1940 med skildring av kampane i Uskedalen og Herøysundet.
Boka Hordaland i krig er skriven av den unge lokalhistorikaren Vegard Toska. Boka har undertittelen Krigsåret 1940 sett frå den tyske sida. Aprildagane i Herøysundet og Uskedalen er omtalt på fleire sider, dag for dag frå 18. til 20. april. Aldri før har krigshendingane vorte presentert så detaljert i ei bok med bakgrunn i tyske dagbøker og kjelder.
10.12.2019
Humlepungen Bryggjarlag i magasin ut til 50 000 lesarar.
Hardangerfjordmagasinet med ansvarleg redaktør Sigurd Vikøren kjem ut to gonger i år i eit opplag på 50 000, Distribusjonen går til kommunane i Sunnhordland og Hardanger, i tillegg til ferjer, snøggbåtar, turistkontor, båthamner, bensinstasjonar og overnattingsplassar i regionen. I ein lengre artikkel om jul og mattradisjonar finn vi ei heilside med bilete og informasjon om Humlepungen Bryggjarlag frå Uskedalen.
09.12.2019
Knoppsvaner på Fjellandsbøvatn, også på vinterstid.
Dei siste åra har det dukka opp svaner på Fjellandsbøvatn på vinteren. Det er ikkje vanleg. Svanene aukar i talet, men ein kjenner ikkje nøyaktig til kvifor arealet deira vert utvida. I fjor vinter vart der observert knoppsvaner på Fjellandsbø i flokkar på to til seks. På det jevne er det seks svaner der gjennom vinteren.
08.12.2019
Helselaget held på tradisjonen med julepakkar og juleblom.
Julepakkane og juleblomane er klar for levering i denne veka. Det er Uskedal Helselag som held oppe ein lang tradisjon med å gje julepakkar til Valen sjukehus og juleblom til alle frå Uskedalen som bur på sjukheim og til alle heimebuande over 90 år. Talet julepakkar i år er 50 og 24 mottek juleblom med helsing.
07.12.2019
Kunstførelesing og korpsmusikk på julemøte i Senioruniversitetet.
Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til ope møte torsdag 12. desember kl. 11:00 på Rosendal Fjordhotell. Denne gongen er det kunsthistoriker Gunnar Danbolt som skal gje oss eit innblikk i kva jula har betydd for kunsten, og korleis dei same motiva har endra seg over tid. Det vert i forkant av førelesinga minikonsert med Uskedal Musikklag.
06.12.2019
Røysterettkonsert i regn og blest.
Og det regna! Og det bles! Riktig så hustre var det ute, og berre på den vesle turen frå bilen til kyrkjedøra vart eg våt, sjølv om eg gjekk i regnfrakk. Men inne? Her var det varmt og godt og koristane var kledde i raudt og svart, ei lun og god stemning. Me var altså i den vesle kyrkja i Uskedalen på konsert i går kveld, og det var Røysterett for Alle, bygda sitt eige kor, som gav oss den musikalske opplevinga - saman med to flinke småjenter som spelte julesongar på kornett.
06.12.2019
Frisk song å høyra frå Singing Tweens og Rosendal Barnekor.
Barnekora i Uskedalen og Rosendal var samla i Uskedal Bedehus onsdag kveld til førjulskonsert i regi av Uskedal Sundagsskule og Singing Tweens. Om ikkje talet medlemer er så høgt, så er songen desto betre. Frimodige barnerøyster med friske songar kan vera det beste vi høyrer av det som vert presentert av korsong i førjulstida. Begge kora har dyktige leiarar og kantor Eva Megyesi står for tonefylgje.
05.12.2019
Fotograf og filmskapar frå Uskedalen med høge mål.
Aleksander Rebaudo fekk i kveld overlevert Kvinnherad kulturstipend på kr. 50.000,- Aleksander takka for tildelinga og fortalde at midlane skal brukast til innkjøp av nytt filmutstyr .Han driv i dag sitt eige fima med namnet litenFilm.no og har alt produsert reklamefilmar, mellom anna for Telenor. Aleksander Rebaudo står for nyskaping og kreativitet og han vil at oppveksten og heimstaden Uskedalen skal vera eit grunnlag for vidare utvikling.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS