Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Sogelagsmedlemer møtest til årsmøte i Uskedalen.

25.04.2019
Klikk på bilete for full storleik
Audun Eik er styremedlem i Kvinnherad Sogelag og har hatt ansvaret med å førebu årsmøte i Gamleskulen i morgon, laurdag 27. april.
 
Kvinnherad Sogelag har i helga lagt årsmøte 2019 til Uskedalen, laurdag 27. april kl. 13 i Gamleskulen. Audun Eik frå Uskedalen er styrmedlem. Anny Nygård Mehl har vore leiar dei siste åra. Etter årsmøte og lunsj vert det informasjon om verksemda Hjønnevåg og tur til Vonheim og Haugland skulemuseum.
 

Kvinnherad Sogelag har medlemer frå heile kommunen.  Det er venta eit frammøte på over 50 medlemer til årsmøte i morgon.

 

Kvinnherad Sogelag er utgjevar av sogeskriftet Kvinnhersminne. Det kjem ut kvart andre år. Tema i 2017 var Islandsfiske, brudlaupstradisjonar og det å vera i utanriksteneste.  Kvinnhersminne 2019 vil handla om lokalhistorisk arbeid i skulen. Lars Jostein Rørvik er skriftstyrar. Heile styre er skriftstyre.

 

På årsmøte i Kvinnherad Sogelag er det vanleg at det vert lagt inn ei kulturhistorisk vandring i den bygda årsmøte er. I Uskedalen vil ein ha fokus på fiskematprodusenten Hjønnevåg og deira arbeid i Uskedalen som går over tre generasjonar, frå starten i 1948 og til i dag.

 

På Haugland vil ein få fram historia til forsamlingshuset Vonheim, som før var ungdomshuset Helgheim. Her vil ein gjenskapa eit lagsmøte slik det var i eit frilynd ungdomslag på 1930 talet. Krinsskulen på Haugland er i dag kommunalt skulemuseum. Ein skuledag i gamle dagar nedkorta til 45 minuttar står på programmet.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
I Vonheim ( tidlegare Helgheim ) vil ein gjenskapa eit lagsmøte slik det var i ungdomslaga på 1930 talet. .
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
22.05.2020
MF MATRE er tilbake i Uskedalen.
MF MATRE er tilbake i Uskedalen etter tur til Skånevik og testing på alle dei tre ferjekaiane. Det har nokre dagar vore prøvetur og opplæring på det faste mannskapet som til vanleg er på ferja  Utåker - Matre - Skånevik.

kb
21.05.2020
Minner om Heilagdagsfreden.
Ein lesar minner oss på det som er skrive i Norsk lov om Heilagdagsfreden. I dag på Kristi Himmelfartsdag har det vore mange bensindrivne hagemaskinar å høyra, frå fritidsbustader og frå fastbuande. Det har vore mykje lyd frå kl. 09.00 og utover dagen.

kb
21.05.2020
Nilsen Tangen har fått tilbod om ny kontrakt.
Harald Nilsen Tangen(19), barnebarnet til Hjørdis og Harald på Sanden, har fått tilbod om ny kontroakt med elitedivisjonsklubben Viking.  Trenar Bjarne Berntsen er svært interessert i å ha ungguten med vidare.  Trenaren uttalar til Stavanger Aftenblad at Harald har vore kjempepositiv, han har vore svært god i heile vinter og han tar ein heilt annan plass no.  Harald ønskjer på si side å utvikla seg i Viking, han er tolmodig og håpar på tilbod frå utlandet om 5 år.  Dermed skulle det liggja godt an til at dei blir samde om kontraktforlenging. 

tid
18.05.2020
Høyr den gode 17.mai-talen og andre deler av programmet for dagen!
På kvinnheringen.no finn de ein video med deler av 17.mai-programmet i Uskedalen. Der kan de høyra korpsmusikk med både skulemusikken og den eldre garde, høyra flinke 5.klassingar lesa diktet til Olaf Agnar Gausvik ved Bautasteinen og ikkje minst høyra den gode talen for dagen.  Det var dei tre 18-åringane Thea Soltveit Taranger, Hanna Tvilde og Viljar Simonnes Tveit som heldt talen som var særs god både i framføring og innhald.  Sjå videoen HER.

tid
Siste Nyhende
29.05.2020
SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad med tildeling til 7 prosjekt i Uskedalen
Det vart i dag tildelt midlar frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad til heile sju prosjekt i Uskedalen. Fem av tildelingane går til ulike tiltak i Uskedal Idrettslag. I tillegg er det løyvd midlar til Uskedal Musikklag ( nye instrument ) og Uskedal Utvikling - dugnadsgruppa. På samkoma i dag på Husnes var 10 prosjekt av totalt 38 plukka ut for overrekking av gåvebrev. Dei 27 andre mottek brev med informasjon om overføring av midlane. 
28.05.2020
Leigetakarane er tilbake i reiret sitt i takstigen hos Birger Myklebust.
Måsen er på plassen sin i same reiret slik det har vore dei siste åra. Birger Myklebust eig og bur i huset og det same skjer kvart år om lag på same tida. Det er ein fiskemåse, eit par der hannen og hoa byter på å ruga. Hekketida er frå 24 til 28 dagar og ungane er flygeferdige på 4 - 5 dagar. Birger snakkar med måsen kvar dag, noko som gjer at den ikkje er aggressiv og pågåande. Det er med andre ord eit godt forhold mellom eigar og leigar.
27.05.2020
Hugs at det er generell bandtvang på hund i Kvinnherad.
Lause hundar og manglande respekt for Hundeloven § 6, bandtvang, er ein gjengangar av ei sak på uskedalen.no. No gjeld det lause hundar på elvekanten der det for tida er stokkender med ungar, særleg i område elvosen, Djupehølen og på begge sider av elva på Leite og i Holmane. I utmarka er hjortekalvinga i gang. Det er alt kome storfe på beite, til dømes i område der ein går tur i skogsvegen på Haugland. Lov om hundehald  (Hundeloven) er presis og klar på kva omsyn og plikter hundeeigar har i høve til ålmugen, andre dyr og menneske.
27.05.2020
Har nokon kjennskap til Andreas Christian Wernøe frå krigsåra.
Motstandsmannen Andreas Christian Wernøe var i Kvinnherad i 1943, truleg også i Uskedalen. Artikkelen Menneske, tiden og tanken er skriven i Uskedalen 28. oktober 1943, eit halvt år før han omkom. Han vart arrestert april 1944 og sat på Gestapohuset  i Bergen. For å ikkje røpa viktig informasjon om etterretningstenesta og motstadnsorganisasjonen kasta han seg ut frå eit vindauga i stor høgde og døydde av skadene. Han er gravlagd på Møllendal kyrkjegard, Bergen.
26.05.2020
Klatre- og fjellsportsamling i Uskedalen, 12. - 14. juni
Det vert klatre- og fjellsportsamling  i Uskedalen 12. til 14. juni. Samlinga er for  klatrarar og dei som vil utforska fjella i område til fots. På heimesida til Bergen og Hordaland Turleg les vi at Uskedalen i Kvinnherad byr på alt frå korte til lange, alt frå lette til vanskelege klatreruter på bombefast granitt. Helga vert brukt til å utforska fjellveggene i vakre omgivnader.
25.05.2020
Næringssjefen oppmodar bygdelaga senda søknad om marknadsføringsmidlar.
Næringssjefen i Kvinnherad, Grethe Solheim, oppmodar bygdelag og utviklingsselskap om å senda søknad på marknadsføringsmidlar. Av eit budsjett på kr. 500.000,- er det alt løyvd kr. 250.000,-. Uskedalen burde vera klar for søknad med bakgrunn i mange gode profileringstiltak som går på kultur- og naturbaserte prosjekt.
24.05.2020
Mykje nedbør og stor snøsmelting.
Snøsmelting med store elvar i Englafjell og Ulvanoso tok til for alvor i denne veka. I natt var det i tillegg mykje nedbør. I neste veke er det rekna temperaturar kring 15 varmegrader. I Pinsehelga kan temperaturen koma opp i over 20 pluss grader.
23.05.2020
Film i trusopplæringsprogrammet innspelt i Uskedalen.
Ein film med bakgrunn i Noah`s Ark er innspelt i Uskedalen og er tenkt for dei yngste borna i trusopplæringa. Filminga er gjort i kyrkja og på Stølavikjo i stranda nedom Uskedal skule. Filmen vart spelt inn på tysdag og onsdag i denne veka, og vart lagt ut på kyrkja si nettside og Facebook-side i går , fredag 22. mai.
22.05.2020
Audun Ljosnes frå Uskedalen med heimelaga betongsprutebil.
Audun Ljosnes kjem frå Kvednavikjo i Uskedalen. No bur han i Sørvågen i Moskenes ( Lofoten ) og driv med beongsprøyting. Ikkje nok me det. Han har konstruert og fått laga sin eigen bil for sprøyting av betong i tunnelar. Han har hatt oppdraget med sprøyting av mange tunnelar i heile landet, mellom anna i Stryn og på Saltfjellet.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS