Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

600 tusen til opprusting av garderobeanlegg på Heio.

10.04.2019
Klikk på bilete for full storleik
Hilde Tungesvik Myklebust og Helene Huse Bjørnebøle tok mot fantastiske 600 tusen til idrettslaget.
 
Uskedal idrettslag fekk den neststørste einskildgåva under Sparebankstiftinga sitt vårgåvedryss i Kulturhuset Husnes onsdag kveld.  Dei mottok nydelege 600.000 kroner til opprustning av garderobeanlegget på Heio.  Fleire andre Uskedalslag fekk også flotte gåver, og felles for mange av gåvene er at dei vil vere til glede for innbyggjarar i heile kommunen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Fornøgde mottakarar frå musikklaget og Røysterett, f.v., Knut Steinsletten, Lars Myklebust, Svein Rimestad, Lars Henrik Skogtun og Bjørgulv Eik.

Det var tilsaman 14 søknader med adresse Uskedalen, og 4 av desse mottok gåver.  No er det slik at fleire andre lag med sterk tilknytning til Uskedalen mottok gåver.  Uskedal musikklag nådde opp med to søknader.  Til nytt lysutstyr på julegrana vart dei tildelt 70.000 kr og til innkjøp av utstyr til lydopptak og avspeling fekk dei 15.000 kr.  Blandakoret 'Røysterett for alle' fekk 35.000 kr til lyd- og lysutstyr.  Festidalen fekk to tildelingar, -  Andrea Albrethson tok mot 50.000 til Lambasleppet som i år vert arrangert under Omstock-festivalen på Husnes og Una Kolle tok mot 150.000 kr til vidare utvikling av utstyrspoolen som kjem alle arrangørar i Kvinnherad til gode.  Også fleire av dei andre gåvene kjem mange kvinnheringar til gode.  Røysterett har jo medlemmer frå heile kommunen og julegrana er i høgste grad til glede for alle kvinnheringar.

 
Og det stoppa ikkje med det.  Kvinnherad turlag vart tildelt 50.000 kr til ungdomssatsinga si, vi veit at mange Uskedalsungdommar er aktive i turlaget sine aktivitetar og vil ha stor glede av desse.  Ænes og Mauranger bygdalag fekk tildelt 20.000 kr til årets Folgefonna Opp, og dei fortalde i takkehelsinga si at årets utgåve av det populære motbakkeløpet som vert arrangert for 8. gong i august, vert eitt av 5 løp i årets Norges Cup.  Dermed kjem heile Norgeseliten til Mauranger, og dei fortalde at dei derfor hadde fått hjelp av Uskedal idrettslag til arrangementet.
 

 

 
Klikk på bilete for full storleik
Una Kolle takka frå Festidalen.
I mange av takkehelsingane vart den store verdien som gåvene frå Sparebankstiftinga har, understreka.  Det er opplagt rett.  Denne gongen vart det tildelt gåver for om lag 7,5 millonar kroner til 65 lag, 50 frå Kvinnherad, 10 frå Stord og 5 frå Odda.  Til no har stiftinga delt ut 72 millionar til gode tiltak.
Innimellom gåveutdelingane kunne gjestene kosa seg med rundstykke, rikeleg med gode kaker, kaffi og brus.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.09.2019
Godt billettsal til Jazz og Krim på Dønhaug, fredag 4. oktober.
Det er berre 20 billettar att til jazzkvelden fredag 4. oktober i Dønhaugkjedlaren. I Uskedalen er det nokre få billettar på SPAR, litt fleire på Kvinnherad Libris, Husnes, og på Rosendal Bokhandel. Det er venta at alle billettane vert selde.

kb
17.09.2019
Klart for idrettsmerketaking.
Mandag 23. september og mandag 30. september vert det idrettsmerketaking på Heio. Frammøtet begge dagar er kl.18, og dei ansvarlege håpar mange vil møta opp også i år.

tid
17.09.2019
Hobbydag på Singing Tweens i morgon kl. 17.
Onsdag 18. september kl. 17 vert det Hobbydag i koret Singing Tweens. Samlinga er på Bedehuset. Nye og tidlegare songarar er velkomne til å vera med.

Nelly
17.09.2019
Ros til konfirmantane og soknepresten.
- I helga var eg på eit kjempekjekt jubileumstreff for konfirmantar i Uskedalen.  Det vart avslutta med gudsteneste og festmiddag.  I gudstenesta vart årets konfirmantkull presentert. Det var verkeleg kjekt å følgja med på kor fint dei sat på dei 3 fremste benkene, og kor flott dei deltok i song og litturgi i gudstenesta. Ros også til sokneprest Reidar Ådnanes som registrerte dette og gav dei flotte ungdommane velfortent ros. Elles er det alltid kjekt å høyra Ådnanes både i tale og flott song, rosar ein av konfirmantjubilantane.

tid
15.09.2019
Mindre skriving på uskedalen.no i denne veka.
Sidan redaktøren er noko indisponibel og redusert i denne veka, vert det mindre skriving på nettsida. Dei som har innlegg eller viktige meldingar/ notisar, send til uskedalen.no@gmail.com .

Red.
15.09.2019
Liten plastbåt rek i land på Stølavikjo.
Ein liten lys - grå plastbåt ( gummibåt ) rek opp i fjæra ved Målanaustet i Stølavikjo i dag. Båten er sikra og dregen på land. Eigar kan henta båten der.

kb
13.09.2019
Det nye soknerådet i Uskedalen.
Desse er valde inn på fast plass i det nye soknerådet i Uskedalen: Sigmund Myklebust, Eli Roseth Eik, Kristian Bringedal og Liv Sæbø Eik. Varamedlemer: Hallgeir Snilstveit, Arne Møller, Einar Gjertsen, Kåre M. Rød og Frode Seim. Soknerådet vel sjølv leiar, nestleiar, skrivar og kasserar.

kb
13.09.2019
Musikklaget med klart NEI til vindmøller.
Uskedal musikklag har sendt høyringssvar der medlemmene seier eit klart nei til vindmøller i Kvinnherad.  Dei håpar også at mange andre lag gjer det same.  Lagslivet er eit viktig bidrag til at Kvinnherad er ein god plass å bu, og kan naturleg nok ikkje godta at den vakre naturen, som det viktige bidraget til god livskvalitet, vert rasert!  Vi kjenner også til at fleire av medlemmene sender eigne høyringssvar i tillegg.

tid
11.09.2019
Tjuvjakt på hjort på Haugland.
Ei sak om det som kan vera tjuvjakt på hjort i Uskedalen, er meldt til Politiet. Det vart høyrt skot natt til laurdag og funne spor. Uskedalen.no avventar tilbakemelding frå Lensmannskontoret før det vert skrive meir.

kb
10.09.2019
SELSTAD søkjer etter produksjonsmedarbeidar.
SELSTAD, Uskedalen, har trong for meir personell. Det vert søkt etter produksjonsmedarbeidar til serviceanlegget på Eidsvik i Uskedalen. Søknadsfrist: 19. september. For meir informasjon: Kontakt driftsleiar Egil Pile.

kb
Siste Nyhende
18.09.2019
Etterlyser originalfoto til dette motivet på DS CLUPEA.
Johanne Ø. Tvedten frå Sunnhordland Museum spør om nokon i Uskedalen kan ha originalen til dette bilete. Ho skriv og redigerer Sunnhordland Årbok og ynskjer å bruka bilete i ein artikkel. Mannen i uniform er stuert Svein Myklebust frå Uskedalen. Dessutan var nokre av mannskapet på fabrikkskipet DS CLUPEA frå Uskedalen.
17.09.2019
Uskedal Idrettslag toppar Grasrotlista.
Ni lag og organisasjonar i Uskedalen er ein del av Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Bakgrunnen er at deler av tippemidlane går til frivillig arbeid. Kravet er at den som tippar, har registrert kva lag ein ynskjer løyvinga skal gå til. Organiasjonen må vera registret i Frivilligregiseret. Heile 145 lag i Kvinnherad får utbetalt midlar frå Grasrotandelen. Av desse er 9 lag frå Uskedalen.
15.09.2019
Konfirmantane 2020 vart presentert i kyrkja.
Dei nye konfirmantane vart presentert i kyrkja i går, sundag 15. september. Talet er 14 og Reidar Ådnanes vert presten deira fram til han sluttar og går av med pensjon i desember. På eit møte med konfirmantane og foreldra deira etter gudstenesta i går vart det orientert om konfirmasjonsførebuinga og evt. kva som vil skje i tida etter jul og fram til konfirmasjonen i mai månad.
15.09.2019
Ei minnerik helg for konfirmantjubilantane.
To minnerike dagar for konfirmantjubilanten er over. No er det to år til Soknerådet på nytt inviterer dei som vart konfirmerte for 50, 60, 70 og 80 år sidan, forenkla sagt. Sidan samlinga er 2. kvart år, vert det dobbelt opp av årsklassar. Den eldste konfirmanten i år var 80 års jubilanten, Kari Hermansen.
14.09.2019
Store og kreative tankar om eit klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen.
Prosjektgruppa for Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen inviterte til ope møte torsdag i denne veka. Frammøte var godt og det kom fram kreative tankar om kven som er brukargruppa, om innhaldet, om plassering og ikkje minst om utsjånad og estetisk uttrykk slik bygget ligg samlokalisert med skulen i sentrum og tett i strandsona. Representantar frå kommune, fylkeskommune og SpareBank 1- stiftinga, Kvinnherad var med på møte. 
13.09.2019
Konfirmantjubileum og konfirmantpresentasjon.
I helga er alt klart for konfirmantjubileum og presentasjon av dei nye konfirmantane i Uskedal Sokn. Konfirmantjubileet vert gjennomført 2. kvart år der ein dennne gongen inviterer og samlar kulla frå 1948 og 1949, 1958 og 1959 og 1968 og 1969. Dette utgjer 70-, 60- og 50 års jubilantane. Eit av kulla samlast alt i kveld til uformelt samvære på Stemneplassen.
12.09.2019
Frå Uskedalen til vindkraftdemonstrasjon ved Stortinget.
Den tverrpolitiske markeringa mot vindkraft på land i Oslo sist helg samla over 1000 demonstrantar frå heile landet. I ei gruppe frå Kvinnherad på 20 personar var Uskedalen på plass med Marie Døssland, Astrid Døssland og Mona Vetrhus. Det var ei roleg og verdig markering med talar, appellar og kunstnarlege innslag.
11.09.2019
Haustprogrammet for Senioruniversitetet er klart.
Kvinnherad Senioruniversitet med Kjell Borge Olsen som leiar har møteprogrammet for hausten klart. Alt i morgon, torsdag 12. september kl. 11, skal Ivar Baste snakka om Biologisk mangfald - ei alvorleg tid for naturen. Møte er i Rosendal samfunnshus. Senioruniversitetet har alle sine styremøte i Uskedalen. Audun Eik og Kristian Bringedal er varamedlemer i styret og møte fast på alle styremøte.
10.09.2019
Ønskjer innspel på kva tilbygget til Aktivitetshuset skal innehalda.
Torsdag arrangerer prosjektgruppa som arbeider med utvidinga av Aktivitetshuset folkemøte kl.16.30 om ettermiddagen.  I tillegg til det store klatretårnet og det utvida styrketreningsrommet ønskjer gruppa at huset skal gje eit godt og breidt tilbod til ulike interessegrupper.  Derfor håpar dei at mange tar turen til møtet for å koma med sine innspel og behov når arkitektane frå Lala er på besøk.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS