Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Flink ungdom sel VG og tener sine eigne pengar.

19.03.2019
Klikk på bilete for full storleik
Fredrik Simensen Haugland og Oliver Enes sel og leverer VG på døra i helgane.
 
Oliver Enes og Fredrik Simensen Haugland, begge snart 14 år, ligg ikkje på latsida i helgane. Dei ynskjer å spara og tena sine eigne pengar. Det vert gjort slik at Fredrik sel VG på laurdagane, Oliver på sundagane. Det er lausal og avisa vert levert på døra til dei som melder frå. Restopplaget vert selde til dei ein går på døra til. Oliver har alt vore aktiv ei tid. Fredrik fekk innsyn i jobben sist sundag. Han reknar med å vera klar innan kort tid.
 

Oliver har vald å starta med 20 aviser. Han hentar avispakken i sentrum kvar sundag i ni tida. Han leverer og sel avisa på døra til faste kundar, men og til dei som ynskjer sundags VG der og då. Oliver må rekna 2 - 3 timar på jobben.

 

Fredrik vil gjera det same på laurdagane. Han må fyrst søkja og vera godkjend av distribusjonsorganet til VG. Når det er gjort vil han som Oliver byrja med 20 aviser. Så vil tida syna om avistalet må aukast.

 

For kvar selde avis tener gutane kr. 11,- Dersom dei sel meir enn 14 aviser, er det ein bonus på kr. 50,- Kunden kan betala kontant eller med Vipps. Salsområde har til no vore sentrum og i Korsnes, men det kan utvidast.

 

Oliver og Fredrik er med dette eit føredøme for andre på same alder. Dersom ein vil og har pågangsmot, er det mogeleg å gjera noko nyttig og på den måten tena sine eigne pengar.

 

Dersom du ynskjer VG på døra i helgene, ta kontakt:

 

Laurdas VG: Fredrik Simensen Haugland - mobil: 983 05 109


Sundags VG: Oliver Enes - mobil: 400 58 372



Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.02.2020
Magne Huglen er tilbake i politikken.
Magne Huglen går inn som vararepresentant på Ap si liste i Kommunestyret. Bakgrunnen er at Tor Thorsen har søkt og fått fritak frå politiske verv. Vibeke Fredheim går inn på fast plass og Huglen vert varamedlem. Magne Huglen har før vore fast medlem i ein periode. Dessutan var han leiar i utvalet for Oppvekst og kultur.

kb
20.02.2020
Thaivogna opnar i morgon, fredag 21. februar, kl. 14.00.
Thaivogna Poon Tip`s Thai opnar for sesongen i morgon fredag 21. februar kl. 14.00. Opningstidene er: Fredag - sundag kl. 14 - 20. For tingingar: Ring 970 68 597.

kb

19.02.2020
Til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt og i område rundt Mannsvatnet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.

Tverrelva Kraftverk AS

18.02.2020
Vanskar med RiksTV i Uskedalen.
Mange er utan TV signal andre dagen på rad. Det gjeld dei som har RiksTV. Årsaka er straumbrot grunna lynnedslag. Sendaren på Skårhaug er ute av drift. Reparatør er sett på saka med feilretting. Dei som har SmartBox kopla til nettet, kan visst nok sjå TV.

kb
18.02.2020
Mållaget skriv fråsegn til Skyss på rim.
Kvinnherad mållag skriv fråsegn til Skyss på rim. Fråsegna handlar om bruken av ordet Snøggbåt eller Hurtigbåt. Slutten på fråsegna lyder slik:
Kjære Skyss, som driv med slikt - ver no grei og gløgg: Lat båten gå når båten skal og lat han vera snøgg !

kb
17.02.2020
Brannvernet sikra tak på naust i Uskedalen.
110 sentralen melder kl. 16.35 på Twitter at Branntropp Uskedalen rykte ut for å sikra tak på naust. Det er BT som skriv dette i ein notis. Redaksjonen har ikkje meir å leggja til på noverande tidspunkt.

kb
17.02.2020
Meld inn endringar etter årsmøta.
Uskedal utvikling har eit tilbod på nettsida til lag og organisasjonar med informasjon om aktivitetar, styre, nemnder, utleige og medlemsskap. Meld inn endringar etter årsmøta for på den måten å få fram oppdatert og korrekt informasjon. Send til uskedalen.no@gmail.com

Red.

17.02.2020
Hugs årsmøte i Friluftslaget i kveld, måndag kl. 19.30.
Dette er ei påminning om årsmøte på Stemneplassen. Kvart medlemslag bør vera representert med sine to utsendingar. Møte tek til kl. 19.30.

Styret
17.02.2020
Hardangerfjordekspressen brukte Uskedalen som hamn i dag.
Med kuling frå sørvest og tung sjø valde Rødneruta sin båt Hardangerfjordekspressen å bruka Uskedalen som hamn mellom ruteavgangane i dag. Kl. 14.00 gjekk snøggbåten inn Storsund til Rosendal for avgang i ettermiddagsruta til Bergen. På Facebook vert det meldt at ruta sløyfer Os i dag på grunn av mykje vind og høg vasstand.

kb
16.02.2020
Harald scora igjen!
Harald Nilsen Tangen har gjort det godt i sesongoppkjøringa til Viking.  I kampen mot Jerv i dag teikna han seg igjen på scoringslista.  Ungguten scora 2-1 målet etter 36 minutt i ein kamp som Viking vann 3-2.  Johnny Furdal og Yldren Ibrahimaj scora dei andre Vikingmåla i ein kamp der Harald Nilsen Tangen var ein av fire spelarar som spela heile kampen.

tid
Siste Nyhende
20.02.2020
Representantar frå Uskedalen valde inn i politiske utval.
Etter vedtak i Kommunestyret i kveld vert det ikkje samanslåing av Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Jostein Saghaug fekk fast politisk plass i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Magne Huglen fekk fast plass i Eldrerådet. Møyfrid Kristoffersen vart varamedlem i Eldrerådet.
20.02.2020
THK innsamling til Ukraina med stopp i Uskedalen, 9 mars.
Måndag 9. mars kjem THK – trailaren til Kvinnherad. På vårparten er det tradisjon med innsamling til Ukraina i bygdene her.Traileren har stopp i Rosendal, Uskedalen og Husnes. I over eit år har vi samla inn sekker og utstyr på lageret i Uskedalen. Dette er eit tilbod for folk som ryddar, eller har ting dei vil gje til Ukraina, og som vil ha det ut av huset.
20.02.2020
FAU takkar alle for gevinstar og god støtte.
No har vi endeleg landa etter Basaren vår på søndag. Fyrst vil vi nytta høvet til å takka: Tusen takk til alle bedrifter og privatpersonar som bidrog med gevinster til både loddbok og åresalg, vi måtte ein fantastisk givarglede. Tusen takk til Arvid Nes i Rosendal Turnlag for god hjelp. Tusen takk til alle som baka herlege kaker.Tusen takk til alle som kom på basar, kjøpte lodd og årer
19.02.2020
Høyrde mora sin vakre, gamle song i nytt arrangement.
Engel Stensletten, fødd på julaftan 1896 med jentenamnet Eik, var kjend for å vera flink å skriva.  Ho etterlet seg mange fine dikt og songar. På slutten av 1940-talet skreiv ho ein vakker song, Eikedalen.  Dei siste tiåra har den vore lite brukt då melodien har vore ukjend.  Siste året har den fått ein renesanse.  Øvinga i musikklaget tirsdag var i så måte ein merkedag.  Då vart songen framført med song og korpsarrangement for nær familie etter Engel Stensletten.
19.02.2020
Miniworkshop - Bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, 7. og 8. mars.
Det vert mini workshop med bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, helga 7. og 8.mars med instruktør Tor Arne Håve og Hale Tasli. Programmet legg mellom anna vekt på enkle grep og øvingar for å få tilgang til meir ro, vitalitet og ei sterkare sjølvkjensle.
18.02.2020
Papir- og plastavfall på ville vegar.
Redaksjonen har i dag motteke meldingar om papir og plast som er på ville vegar. I vind med kuling styrke ramlar bosdunkane over ende og papir bles med vinden. Dersom ikkje plast i sekker er festa til papirdunken, kjem dei ofte på avvegar. Dette var godt synleg i dag, tysdag 18. februar, på hentedagen.
18.02.2020
Gjenvalg av styret, men ny leiar.
Heile styret med varafolk vart attvalde, men det vart leiarskifte då Uskedal friluftslag hadde årsmøte i møtelokala på Stemneplassen måndag kveld. Ove Magne Myhre som har vore leiar i ei årrekkje takka for seg, og vart avløyst av ein annan friluftslagsveteran, Kristian Bringedal, i leiarvervet.  Myhre held fram som styremedlem.
17.02.2020
Pubkveld på Dønhaug med Tore Nordahl-Pedersen, fredag 21. februar.
Kom og høyr Pederen med bassen på Dønhaug, fredag 21. februar frå kl. 20.00. Det vert tradisjonell pubkveld i eit koseleg miljø med fyr på grua. Pederen med bassen er Tore Nordahl-Pedersen frå Os, men no busett i Uskedalen. Repetoaret er henta frå generen country og blues, frå Jonnhy Cash til J J Cale, poplåtar frå 1970 talet.
16.02.2020
Nokre bilistar køyrer på raudt ved lysreguleringa på Eikebrua.
Naboar og andre har registrert at nokre bilistar ikkje tek omsyn til lysreguleringa ved Eikebrua. Ved fleire høve vert det køyrt på raudt signal. Det er eit lovbrot på vegtafikklova som medfører ei bot på kr. 6.800,-. Lovbrotet skjer mest på natta, men også i den tida på dagen då det ikkje er arbeid på brua.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS