Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Myklebust-gard til sals.

26.02.2019
Klikk på bilete for full storleik
Myklebust-garden ligg særs fint og solrikt til. Reiskapshuset med leilighet til høgre og hovudhuset i bakgrunnen.
 
Olav Hjetland Bringedal og Ragnhild Bjørke har flytta til Voss der dei har overtatt og driv farsgarden hennar.  Dermed er no garden dei har drive på Myklebust dei seinare åra, lagt ut for sal.  Prisen er på rundt 7 mill., og i tillegg til gardsarealet er det også ein betydeleg bygningsmasse.
 
Klikk på bilete for full storleik
Særdeles flott og moderne driftsbygning vart teken i bruk for få år sidan.
 
Landbrukseigedommen er  totalt 48,5 daa dyrka mark, 31 daa innmarksbeite, 53 daa produktiv skog og 30 daa utmark.  På garden finn vi den mest moderne driftsbygningen for sauedrift i området.  Den er frå 2012, er på 390 kvm med plass til 220 vinterfora sauer og to stallboksar for hestar.
 
Hovudhuset på garden vart bygt i 1980, og har sidan vorte pussa opp.  Hovudetasjen vart totalrenovert i 2011, og det framstår som ein moderne einebustad.  Like ved huset er det garasje.  Det er også kårhus på garden.  Dette er frå 1914 og kan brukast til utleige.  Utleigemulighet er det også på leiligheta i det store reiskapshuset.  Denne leilegheta var ferdigstilt i 2013.  På garden er det i tillegg eit eldre eldhus.
 
Til eigedommen er det også nausttomt i Beinavikjo og partar(1/6) i to stølshus på Vatnastøl.
 
Det vert visning lørdag 16.mars kl.13-14.  Mange fine bilete, videoar og ytterlegare opplysningar om eigedommen finn de HER
 

For ordens skuld føyer vi til at sidan redaktøren er far til seljaren, har han ikkje skrive om denne saka.

 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
22.05.2019
HV øving frå 22. til 27. mai.
Det vert gjennom HV øving i perioden 22. - 27. mai langs vegane i område Omvikdalen - Matre - Fjellhaugen. Det er som vanleg skytetrening på Midthølen. All militær aktivitet er varsla og skilta.Områdesjef er Tor Vidar Sæle frå Uskedalen.

kb
21.05.2019
Trening til SPAR løpet på onsdag kl. 17.30.
Det vert trening til SPAR løpet onsdag i denne veka kl 17.30 - 18.30. Frammøte på Sandakaien. Alle skal få springa sin løyper. SPAR løpet er på laurdag med start kl. 13. Påmelding på Uskedal Idrettslag si nettside.

kb



20.05.2019
Damejakke funnen på stien mot Solfjell.
Ei damejakke, storleik 46, vart i dag kl. 12 funnen på stien opp mot Solfjell. Jakka er lys/grå og har merke Endurance. Jakka er teken vare på og kan hentast hos Konstanse Tveit, mobil: 95195861.

kb
20.05.2019
Fellesgudsteneste for Kvinnherad i Uskedalen, 2. juni.
Det vert fellesgudsteneste for alle 12 kyrkjene i Uskedalen sundag 2. juni kl. 11. Dette har vore prøvd før med godt frammøte. Kyrkjekoret Nordsaang vert med. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med mat i Strandstovo, i Båtlaget sitt nye velferdsbygg.

kb
17.05.2019
Ei inkluderande 17. mai feiring i Uskedalen
17. mai i Uskedalen samlar folk frå mange nasjonar. I dag talde vi representantar frå  minst 13 land, - Tyskland, Sverige, Belgia, Spania, Brasil, Nederland, Ukraina, Litauen, Somalia, Syria, Ungarn, Polen og Noreg. Nokre er truleg utelatne.

kb
16.05.2019
Kom og høyr Jostein Soldal på Stemneplassen.
Jostein Soldal skal ha talen på Stemneplassen i morgon, 17. mai. Jostein er elev i 10. klasse ved Rosendal ungdomsskule. I helsinga vil han ta fram kva eldre og unge legg i omgrepa fred og fridom. Fridom er ikkje sjølvsagt, sjølv om hans generasjon ikkje har opplevd noko anna. Kom og høyr Jostein Soldal på Stemneplassen.

kb
14.05.2019
Ta vare på vipa.
Harald Sætre Arnevik stod fram på NRK1 i kveld med oppmoding om ta vare på vipa. Harald og Kjelrun Eik driv gard på Halsnøy og på Eik i Uskedalen. Vipebestanden er sterkt redusert og Sætre Arnevik er ein av fleire bønder i Hordaland som i gardsdrifta legg inn tiltak for å berga vipa i den viktige tida då fuglen legg egg, i klekkinga og 21 dagar fram til fuglen er flygedyktig.

kb
14.05.2019
Guatemalabesøk på Bøkkeren i morgon, onsdag 15. mai.
Kvar gong det er Guatemalabesøk i Kvinnherad, vert gjestene saman med venskapsgruppa inviterte til Bøkkerverkstaden på Rød. Vermeldingane er gode. Det vert lagt opp til langbord med benker på kaien. Menyen er lubbesild, poteter, flatbrød og alkoholfritt øl. Samlinga på Rød er frå kl. 18.

kb
11.05.2019
På vinnarlaget i Holmenkollstafetten.
Thomas Myklebust Heggøy(Rabben Feriesenter) var på Gular sitt vinnarlag i eliteklassen då Vårens vakraste eventyr vart arrangert i dag.  Gular var over minuttet føre Strindheim som vart nr. 2. IL Tjalve vann kvinneklassen.  Fleire uskedelingar sprang på ulike lag i den populære stafetten.

tid
10.05.2019
Kyrkjegardsboka vert seld og signert på SPAR i dag.
Kyrkjegardsboka KJÆRT ER MINNET vert signert på SPAR, Uskedalen i dag, fredag 10. mai, mellom kl. 16.00 og kl. 18.00. Forfattar Morten Nygård er på plass og skriv helsing i boka. KJÆRT ER MINNET, bind 1, har med to artiklar frå Uskedalen, tilsaman på 30 sider.

kb
Siste Nyhende
21.05.2019
Ingvar Havnen talar på haustfesten i Ungdomslaget.

Tidlegare ambassadør Ingvar Havnen frå Rosendal har takka ja til å vera talar på haustfesten i Uskedal ungdomslag laurdag 19. oktober. Det er den femte haustfesten etter at ein gjenskapte det som var ein fast tradisjon i ungdomslaget i alle år. Ingvar Havnen, fødd 1951, vaks opp og gjekk på skule i Rosendal til ferdig realskule. Etter gymnaset bar det til Oslo som student.
21.05.2019
Unge lovande løparar frå Holmen i Uskedalen.
Viljar og Amund Berge-Soldal er brør og bur på Holmen. Amund er 12 år og har alt vore ein aktiv løpar nokre år. Viljar er berre 6 år og debuterte på Maileikane i Haugesund i helga som var. Amund vann sin klasse med ny stevnerektord på tida 5.00.5 minuttar.
19.05.2019
Ekstraordinært årsmøte i Uskedal Vassverk 27. mai.
På årsmøte i Uskedal Vassverk 8. mai vart det gjort vedtak om justering av vassavgiftene ved overgang til 8 ulike prisgrupper. Nye vassgifter er bestemt med vanleg fleirtal på årsmøte. Saka på ekstraordinært årsmøte gjeld vedtekstendring § 14. Sjå meir om innkalling og kva styret skriv:
18.05.2019
Grasrotandel til ni lag og organisasjonar i Uskedalen.
Norsk Tipping med Grasrotandelen overfører i desse dagar midlane for første 4 månadene i 2019 til frivillige lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret, tilsaman kr. 860.000 til laga i Kvinnherad. Ni lag i Uskedalen er godkjend for løyving. For perioden 1.januar til 30. april 2019 utgjer summen rundt kr. 60.000,-. Uskedal Idrettslag toppar lista med kr. 32.35,- før Uskedal Skulemusikk med kr. 13.241,-
18.05.2019
Å. leva det er å elska det beste di sjel fekk nå.
Knut Førland siterte Anders Vassbotn i talen sin på 17. mai i Uskedalen. Målet må vera eit betre liv for alle, mellom anna for ungdomen som slit med prestasjonspress og karakterjag. Inkludering og støtte er viktig, ikkje minst med tanke på dei som flyttar til landet og buset seg i Kvinnherad. Dette var noko av det Førland var innom i ein god tale til eit lydhøyrt publikum.
17.05.2019
17. mai feiring i varmt og fint ver.
Salutt - gudsteneste - minnemarkeringar - folketog - korpsmusikk - korsong  - tale for dagen - soloinnslag - leikar for born og vaksne og matsal. Ja, slik er 17. mai i Uskedalen. I det fine veret med langhelg for mange var det mindre folk å sjå i kyrkja og i Aktivittetshuset. Frammøte ved Bauasteinen og på Stemneplassen var om lag som det har vore før.
16.05.2019
Alt er under kontroll dagen før dagen.
Det meste er på plass dagen før dagen. Skulemusikken og Musikklaget øver på spreng. Det meste av rigginga vert gjort i løpet av dagen. Det gjeld bord, stolar og pynting. Premiane skal på plass. Det same med blomedekorasjonar og blomehelsingar. Kaker vert bakt og gjort klart til kafesal i Aktivitetshuset. Leiar i programkomiteen, Line Soltvedt, og medlemene Ronny Lakselv og Ivar Gundersen takkar for godl støtte frå bygdefolket.
15.05.2019
Odd Steinar Arnesen - ny rektor på Uskedal skule.
Odd Steinar Arnesen er i dag tilsett som ny rektor på Uskedal etter Stig Berge-Soldal. Berge-Soldal er frå 1. august tilsett som rektor på Husnes ungdomsskule. Arnesen er 51 år, har lang tenestetid ved Uskedal skule og har i lange periodar vore assisterande leiar. Han er adjunkt med tilleggsutdanning. Odd Steinar Arnesen tek til i den nye stillinga 1. august.
14.05.2019
Seminar på Moster om Olav den Heilage som lovgjevar.
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har i haust arbeid med tema: Olav den Heilage som lovgjevar. Vi er særs takksame for at Øyrehagen Sunde har valt å presentere resultatet av sitt faglege arbeid på årets Mosterseminar, 1. Pinsedag, 9. juni kl. 13.30 i Amfisalen.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS