Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Petter Uteligger med gripande tale om inkludering.

21.02.2019
Klikk på bilete for full storleik
Petter Uteligger bad oss sjå våre medmenneske og bry oss i lokalsamfunnet.
 

350 menneske fekk eit sterkt møte med Petter Uteligger i dag i Kulturhuset Husnes. I 90 minuttar og det utan manus fortalde han levande om den store inkluderingsdugnaden, ein dugnad som berre går og går utan ein slutt. Mange frå Uskedalen sat i salen, anten som arbeidssøkjar, som lærar, som kommunetilsett eller som representant frå ei verksemd som har høve til å hjelpa dei som prøver å koma tilbake i arbeid. NAV Sunnhordland med god støtte frå NAV Kvinnherad var tilskipar.
 

Petter Nyqvist har vore på mange reiser og ekspedisjonar. Den indre reisa tok til då han ville filma og dokumentera møte med menneske i ulike situasjonar. Ei formidling av alle inntrykka førte til ei endring i livet hans frå å vera noko om dei andre til å bli ein del av han sjølv.

 

52 dagar på gata i Oslo utan mobil, mat, seng, pengarl og kontakt med familien var ei tøff oppleving på det mentale plan. Ein må leva i miljøet for å kunna forstå og syna ein inderleg empati. Svein vart ein av hans mange vener. Saman var dei ei støtte for kvarandre. Det handlar om ådela,  sjå, syna respekt og vera audmjuke i møte med menneske som er annleis og som ufrivillig er utanfor alt sosialt fellesskap og arbeidsliv.

 

I ein filmsnutt til innleiing fekk vi glimt frå eit inkluderande arbeidsliv i Kvinnherad. Dagleg leiar i Dimmelsvik Bil, Bernt Bjørsvik, stod fram med gode tankar og røynsle frå det å sleppa arbeidssøkjande personar inn på prøve i verksemda. Det vert ofte ein vinn vinn situasjon både for arbeidaren og for verksemda.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Knut A. Myklebust

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.03.2019
Uskedal Trelastlager vert seld.
Det er i dag gjort kjend at den tradisjonsrike verksemda Uskedal Trelastlager vert lagt ut for sal. Uskedal Trelastlager med eigar Tørres Myklebust starta trelasthandel på Eikelandet i 1929. Uskedal Trelastlager har vore i samanhangande drift i ein og same familie over fire generasjonar. Finn Guddal er dagleg leiar i dag. Meir informasjon kjem seinare.

kb
18.03.2019
Sau og Geit møte i kveld kl 19.30 i Gamleskulen.
Kvinnherad Sau og Geit inviterer til møte i kveld, måndag 18. mars, kl. 19.30 i Gamleskulen. Arne Oftedal frå Mattilsynet vert med. Han vil orientera om ny dyrevelferdslov. Veterinær Svein Rimestad informerer om den føreståande lamminga. Det vert også innlegg av Janne Alsaker.

kb
17.03.2019
Sundags VG på døra - ring: 400 58 372
Ynskjer du å kjøpa sundags VG og få avisa levert på døra, ja, då kan du ta kontakt med Oliver Enes på mobil: 400 58 372. Han har 20 aviser og sel i sentrum og i Korsneset. Han brukar om lag 2 - 3 timar på jobben. Meir informasjon med bilete kjem i eige innlegg.

kb
17.03.2019
Uskedal Bondelag til Voss på studietur.
Neste helg skipar Uskedal Bondelag til studietur til Voss. På laurdagen vert det synfaring på Bjørke, på gardsbruket til Ragnhild Tennebekk Bjørke og Olav Hjetland Bringedal. Før avreise på sundagen er det lagt inn omvisning og ei læringsøkt på Voss Jordbruksskule. Om lag 30 personar deltek på turen. Nortura og Felleskjøpet sponsar med m.a. mat for grilling i tunet på Bjørke.

kb
15.03.2019
Strandryddedagen vert 4. mai i år.
Den årlege strandryddedagen er lagt til laurdag 4. mai. Friluftsrådet Vest i samarbeid med SIM er ansvarleg. Det er løyvd midlar over statsbudsjettet til ryddinga. Uskedal Båtlag og Uskedal utvikling har vore engasjert før. Det same har Lerøy Sjøtroll vore med si rydding av marint søppel i område rundt Skorpo. Meir informasjon kjem når ein veit meir om den lokale organiseringa.

kb
14.03.2019
Ospelunden AS kjøper resten av tomtene frå Grunneigarlaget.
Ospelunden AS kjøper tilsaman 7 tomter av Grunneigarlaget i byggefeltet. 6 av tomtene har ein pris mellom kr.60.000,- og kr. 90.000,-. Eit større areal har ein kostnad på  2,6 mill, kr. Med dette har utbyggjar løyst ut alle tomtene med tilhøyrande areal i byggefeltet.

kb
14.03.2019
Karneval i Helgheim, tysdag 19. mars.
Fotballaget G14 ( Uskedal/Rosendal ) skipar til karneval i Helgheim tysdag 19. mars. Det er frammøte i to grupper: 1. - 4. kl.: kl. 17.00 - 18.30. 5. - 7. klasse: kl. 19.00 - 20.30. Det vert kåring av beste kreative kostyme. Elles vert det disco, limbo, konkurransar og sal av kaker, snacks og drikke. All inntekt går til kostnader med å delta på Norway Cup. Inngang: kr. 50,-

kb



13.03.2019
Årsmøte i Idrettslaget, tysdag 19. mars i Gamleskulen.
Det vert årsmøte i Idrettslaget tysdag 19. mars kl. 20 i Gamleskulen. Det vert årsmøtsaker med årsmeldingar frå styret og frå alle aktivitetsgruppene. Noverande styre tek attval. Det same gjer andre valde medlemer i idrettslaget.

Dagsorden 

Årsmelding 2018

kb/hoø
13.03.2019
Kjerpeseth er søkjar til leiarstilling i Kvinnherad Energi.
Sven Ove Kjerpeseth (f. 1973) frå Uskedalen er ein av fleire søkjarar til leiarjobben i Kvinnherad Energi. Fire namn ligg ute, to har bedd om å vera anonyme. Kjerpeseth er elektroinstallatør i Vassnes Power AS.

kb
13.03.2019
Damevenene treng medlemer.
Ei fornya damevengruppe treng fleire medlemer. Damevenene ynskjer å gjera noko positivt for bygda. Det kan til dømes vera å få på plass Aktivitetsdagen igjen i båthamna. Gruppa har ny leiing og vil invitera alle interesserte inn i gruppa. Ta kontakt med Tone Huse Kristoffersen. E-post: tonehuse@icloud.com

kb
Siste Nyhende
19.03.2019
Vonheim - ein av 160 søkjarar til Sparebank 1 midlar.
Det er innan fristen 12. mars søkt midlar frå Sparebank 1- stiftinga Kvinnherad for 30 mill. kr. Talet søkjarar på sju år er tredobla. Snittet på tildelte gåver har auka frå 120.000,- til 180.000,- pr. søkjar. Disponerte midlar på 7,5 mill. kr i år rekk til 25 % av søknadsmassen. Styret for forsamlingshuset Vonheim har søkt om støtte til innlagt vatn og nytt toalett- og sanitæranlegg.
18.03.2019
SELSTAD treng fleire notbøtarar i Uskedalen.
SELSTAD søkjer etter nobøtarar til sin avdeling i Uskedalen. Det er erstatning for tilsette som har vald å gå over i anna jobb. Totalt har SELSTAD 8 tilsette i Uskedalen. Egil Pile er driftsleiar på SELSTAD sin serviceavdeling i lokala til Eidsvik Skipsbyggeri AS. Å vera notbøtar er eit eige fag og all opplæring vert gjort ved hovudkontoret i Måløy.
17.03.2019
Krafttak mot kreft med russen som bøsseberarar.
Den årlege kreftaksjonen Krefttak mot kreft vart gjennomført i heile Kvinnherad  dag. Russen var bøsseberarar og i Uskedalen var 10 ungdomar engasjerte i innsamlinga. Sju av ti overlever kreftsjukdomen i dag, men statistikken bak tala fortel kva kreft som enno har låg overleving. Innsamla midlar i år går difor til forsking og behandling av kreft der få overlever.
16.03.2019
Vi varmar opp til konsert!!
Neste søndag, 24.mars kl.18, vert det ein flott konsert i Uskedalen.   Det er dei dyktige kulturskulelærarane Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin som skal opptre saman med gjestene Artur Zimin(7 år) og Avrora Zimina(5 år).  Medan vi ventar på konserten, kan vi kosa oss to opptak med kulturskulerektor Kirill frå ein stor konsert i St. Petersburg der han var solist i 2017.
15.03.2019
Røysterett for Alle med eit variert vårprogram.
32 aktive medlemer - god musikalsk leiar - brukande fordeling på stemmene - eit godt styre - god stemning. Kva meir kan blandakoret Røysterett for Alle ynskja seg. Det må vea ein ideell situasjon for eit kor å møta og lovprisa våren når bakgrunnen er så god. Røysterett for Alle har fire viktige oppdrag i tida fram til Nasjonaldagen 17. mai.
15.03.2019
Kummane på Kjærlandssido er fornya og sikra.
Arbeidet med oppgradering av vegkummane vert sluttført i denne veka. Berre noko finpussing og borkøyring av overskotsmassar stå att. Med dette er det reinska, justert og støypt rundt tilsaman 25 kummar frå Uskedal bru til Haugland. Entreprenør Hauge Forskaling har utført jobben på oppdrag frå Kvinnherad kommune.
14.03.2019
Kvinnherad Breiband legg fiber til Holmen.
Det vert i denne veka ført fiber fram til Holmen. Uskedalen.no fekk i går vera med på kabelstrekk som både går i jord og i luft. Til no er det ein kunde som har tinga fiber på Holmen. Kabelen har kapasitet til å dekka 12 abonnentar. Kabelstrekket går over 750 meter og startar i ny nodestasjon ved Uskedal skule og går fram til eit koplingspunkt på Holmen. Kvinnherad Breiband brukar same taseen som for straum. Lågspenten til Holmen vart fornya for eit år sidan.
13.03.2019
God lyd i nye korpskometar!
Det var god lyd i skulen tirsdag då Uskedal skulemusikk inviterte til prøveblås for komande aspirantar.  Seks unge, lovande og forhåpentlegvis framtidige musikarar kom til samlinga, og alle saman fekk flott lyd i instrumenta.  Skulle det vera einkvan som av ein eller annan grunn gjekk glipp av samlinga, har dei framleis mulighet til å verta aspirantar den komande sesongen.
12.03.2019
Kafe Hylleblomen skal vera klar til opning i palmehelga.
Elins Matgleder driv godt i Rosendal. Ei fantastisk sommardrift gjer at verksemda frå 1. mars har starta arbeid med klargjering av endå eit lokale, mest vegg i vegg med restauranten. Lokala vil få namna Kafe Hylleblomen og Restaurant Fiolen. Kafelokala skal vera klar til opning i palmehelga. Geir Enes gjer mykje av arbeidet sjølv. Lokale fima er leigd inn på fag som elektro og røyr.
Sponsorar
Ospelunden
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS