Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Vindmøller i Uskedalsfjella er framleis med i vurderinga.

07.02.2019
Klikk på bilete for full storleik
Kartet syner område der det kan bli aktuelt med vindmøller, frå Solfjell, Mannsvatnområde mot sør og sørvest.
 
NVE sitt arbeid med Nasjonal ramme for vindkraft på land nærmar seg no slutten. Hovudrapporten skal offentleggjerast 1. april. I alt har dei peika ut 43 aktuelle område for utbygging over heile landet, og tre av desse omfattar deler av Kvinnherad.
Miljødirektoratet og Riksantikvaren har no kome med framlegg til område der dei ikkje ønskjer utbygging ut frå ulike verneinteresser. I Kvinnherad er det berre fjellområda i Mauranger som er tekne med her. Med dette er fjella kring Uskedalen framleis med i vurderinga.

 
I NVE sitt opphavlege forslag var nokre område merka som harde eksklusjonsområde og nokre som mjuke eksklusjonsområde. Desse er lite aktuelle for utbygging.
 

Så langt er det ein del område som korkje NVE, Miljødirektoratet eller Riksantikvaren har funne grunn til å skjerma. Fjellområdet Svanaheio-Mjelkhaug-Manen peikar seg ut som eit av dei mest aktuelle i Kvinnherad. Andre område, som ikkje er skjerma, er vestsida av Fjelbergøyane, Klosterneset og Tofteåsen. Vidare fjellområda ved Mannsvatn og Ingahogg.

 
Illustrasjonsfoto som syner vindmøller med ei høgde opp mot 200 meter.

Det meste av Bjellandsneset, Åskesvika og Røyrvikemarka er merka som mjukt eksklusjonsområde, men her er det gjort unntak for eit område ytterst på Bjellandsneset.

 

Formannskapet uttalte seg til rammeplanen 11. oktober i fjor og vedtok følgjande:


1. Kvinnherad formannskap syner til saksutgreiinga og rår til at det vert teke vesentleg omsyn til denne informasjonen i det vidare arbeidet med kartlegginga av nasjonale interesser i samband med vindkraftutbygginga.


2. Kvinnherad formannskap bed på bakgrunn av ovannevnte at dei aktuelle områda i Kvinnherad vert tekne ut av plan for nasjonal ramme for vindkraft på land.

 

Kvinnherad Turlag har engasjert seg sterkt mot vindkraftutbygging. Dei skreiv:

Naturen er for Kvinnherad noko av det viktigaste vi har for at folk skal trivast og for at nye tilflyttarar skal busetja seg i vår kommune. Vindmøllene lagar ubehageleg lyd, dei tek livet av fuglar, og dei vert til stor visuell forureining langs dei vakre fjellformasjonane vi har. (Lesarbrev i «Kvinnheringen» 12.10.18).

 

Regjeringa og NVE legg opp til ei storstilt utbygging på 30 Twh eller meir. Det vil innebera over 4000 nye vindmøller, for det meste langs kysten. Dagens vindmøller kan bli opptil 200 meter høge.

 

Tysk kapital har gått tungt inn i vindkraftutbygginga i Noreg. Utbygginga er ikkje lønnsam med dagens prisar, men blir subsidiert av norske straumkundar. Det skjer i form av såkalla grøne sertifikat, som er ei statleg avgift på nettleiga.

 
 

Tekst: Jostein Røstbø - henta frå Kvardagsprat

Foto: Frå utgreiinga/ Kristian Bringedal

Nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Moreneryggane på Langhaugane ligg i det som kan bli eit utbyggingsområde. I sidemorenane finst det erosjonspor etter smeltevatn frå bresmeltinga for vel 11000 år sidan.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.04.2019
Den årlege påskefesten på Skorpo er i full gang.
Den store påskefesten på Skorpo er i full gang med påskerebus, tur på Skorpefjellet, grilling og leikar for born og vaksne. Festen kvar påske samlar over 100 hyttefolk og fastbuande i alle aldrar, mange av dei kledde i gule påskedrakter. Festen er lagt til Marit og Oskar Langballe sitt tun, ved flaggstonga der det gamle gardshuset stod.

kb
20.04.2019
Trygve Leite spelar poker i Dublin.
Trygve Leite frå Uskedalen er rangert som ein av Noregs beste pokerspelarar, etter gode prestasjonar i inn- og utland. I påskehelga er han på turnering i Dublin. Trygve Leite satsar på pokerspel på heiltid.

kb
19.04.2019
Plagar svanene med båtkøyring.
Redaksjonen har i dag, langfredag, motteke melding frå Eikelandet om at ein liten grå båt med høg fart køyrer tett på svanene og plagar fuglane med sjøskvett. Plassen er mellom Holmen og Stølavikjo. Slik båtkøyring vert ikkje akseptert. Dersom det held fram, vert saka meldt til Politiet. Plaginga pågjekk i om lag 10 minuttar. Hendinga er filma.

Red.
17.04.2019
21 konfirmantar i Uskedalen 12. mai.
Heile 21 ungdomar vert konfirmerte i Uskedalen sundag 12. mai. Det høge talet gjer at konfirmantane vert delte i to grupper, kl. 11 og kl 13. Tidlegare sokneprest i Uskedalen. Lina Håland, er prest. Kantor Eva Meyesi er organist. Soknerådet helsar konfirmantane med bokgåve, Uskedal kyrkje 1914 - 2014.

kb
16.04.2019
Godt billettsal til påskedansen på Dønhaug.
Påskedansen på Dønhaug med Gunslingers er like populær som det har vore i mange år. Måndag morgon var det berre att 70 av totalt 400 billettar. Dermed vert truleg alle billettane selde før dansen tek til onsdag.

kb
16.04.2019
To gudstenester i påsken.
Det vert to gudstenester i Uskedal kyrkje i påsken. Det er Skjærtorsdag kl. 11 og 1. Påskedag kl. 19.30. Arne Natås er prest og Eva Megyesi er organist. Det vert dåp skjærtorsdag. Ein songkvintett vert med på kveldsgudstenesta 1. Påskedag. Offeret går til Umred India og til Kirkens Bymisjon.

kb
16.04.2019
Påskegjester er velkomne på Kafe Tiaren i dag, tysdag 16. april.
Kafe Tiaren er open frå kl. 11 i dag, tysdag 16. april. I tillegg til faste brukarar vert påskegjestene, som måtte vera på campingen, i båtar eller hytter, oppmoda om å finna vegen til Gamleskulen for å gå på kafe. Det vert servert god mat til ein rimeleg pris. Velkomne skal alle vera på Kafe Tiaren.

kb
15.04.2019
Påskefri på styrketreninga for vaksne.
Styrketreninga for vaksne i regi av Uskedal helsleag går ut i dag, måndag 15. april. Det er påskefri. Neste trening i Gamleskulen vert måndag 29. april kl. 11.

kb
14.04.2019
Terje Bakke på gulllaget i bogeskyting.
Terje Bakke frå Uskedalen, saman med Hans Einar Holmedal og Frank Johnsen, vann gull i lagklassen instiktiv ( utan sikte ) i NM for bogeskyttarar i Førde sist helg. I den individuelle klassen vart Bakke nr. 4, etter å ha leia like fram til finalen. Terje Bakke skyt for Kvinnherad Bogeskyttarklubb.

kb
13.04.2019
Hugs strandryddinga i dag, laurdag, kl. 14.
Båtlaget og Uskedal utvikling minner om strandrydding i dag frå kl. 14. Ta med redningsvest og kniv. Det vert servert kaffi og noko å bita i i Strandstovo etter ryddinga.

kb
Siste Nyhende
20.04.2019
Båtens Verden med artikkel om Uskedal Båtlag
Der båtlag møter bygd er tittelen på ein fire siders artikkelen i båtmagasinet Båtens Verden. Båtmagasinet har avtale med Kongelige Norske Båtforening ( KNBF ) og når ut til mange tusen lesarar, anten i abonnement eller i laussal i kioskar eller butikkar. SPAR Uskedalen sel Båtens Verden. Tre utgåver i året går ut til alle medlemene i KNBF, eit tal på 37000 medlemer. Artikkelen om båthamna i Uskedalen har såleis stor profilerings- og marknadsføringsverdi for bygda og for heile kommunen.
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
16.04.2019
Janove og Real Ones til Festidalen
Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!  
16.04.2019
Kven saknar denne pengepungen ?


Det er i dag, tysdag 16. april, levert inn på SPAR ein pengepung med eit kattemotiv på. Sjå på bilete. Den vart funnen utanfor Gamleskulen, i den tida det var Kafe Tiar. Dersom du er eigaren, kan du ta kontakt med butikken.


Siste: Mor til eigaren har meldt frå. Det var ei lita jente med namnet Julia, som la pengepungen frå seg mens ho leikte på leikeplassen ved Gamleskulen. Mor og dotter er takksame for hjelpa.




Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunn Mari Moberg
16.04.2019
Gult i gult og god påskestemning på Gro`s Blomster.
I påsken skal det vera gule blomar, anten det er ute- eller inneplanter. Som i  jula, er påsken ei viktig høgtid for alle som driv med blomehandel. For det fyrste skal det pyntast på gravene med påskeliljer, lyng og stemorsblomar. Så er det planting og pynting heime, ute og inne i huset. I innspurten til påsken kjem alle som kjøper påskeblomar som ei gåve og helsing til kjære og kjende.
15.04.2019
Statens Vegvesen tilrår fartsgrense 40 km/t i sentrum.
I brev til Kvinnherad kommune tilrår Statens Vegvesen at ein set fartsgrensa gjennom sentrum til 40 km/t. Dette vert gjort med bakgrunn i mange meldingar om trafikkfarlege tilhøve i Uskedalen sentrum. Den generelle fartsgrensa i tettbygde strok vert sett til 50 km/t. Statens Vegvesen definerer tettbygd strok frå Eik i sør til Gullholm i nord.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS