Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kommunal strøsand i Halsabrotet og i Eikevegen.

04.02.2019
Klikk på bilete for full storleik
Det er sett opp ny kasse med strøsand i oppkøyrsla til Halsabrotet byggeelt og til Dønhaugstølen.
 
Det er verskifte på gang. Vinteren er over for denne gong, men det kan i overgangen frå kulde- til plussgrader vera glatt, særleg der det har vore is i vegbanen. Det er komen ny sandkasse i oppkøyrsla til byggefeltet i Halsane. Informant på Eik fortel at det er to sandkassar med strøsand i Eikevegen.
 

Strøsanden er klar for å brukast. Sanden er spesiallaga for føremålet. Slik det ser ut, er det ein fin singel som ikkje frys ved fuktighet. Rett type kan vera 4-8 eller 2-6.

 

I oppkøyrsla til Halsabrotet er boksen plassert ved det som var Dagestad sitt hus. I Eikevegen står boksane i det brattaste ved Marit og Øystein Enæs sitt hus og lenger oppe i svingen og ved vegdele til Sørstølen.

 

Det er littt uklart om det står ein boks på Storhaug i nedkøyrsla til Friheim.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.07.2019
Siste veka med Sommarkafe på Elins Matgleder.
Thea Soltveit Taranger er inne i si siste veke som kafevert på Elins Matgleder i Uskedalen. Onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag er dei ste dagane i denne omgang. Opningstida er kl. 11 - kl. 17.Silobutikkane er opne i den same tida.

kb
15.07.2019
Dugnad på Kunstgrasbanen onsdag kl. 18.
Det vert invitert til dugnad ved Kunstgrasbanen, onsdag 17. juli, kl. 18. Før det gror til med ugras i det som er planert, vert det fylt på med mold, jevna og gjort klart for såing. Dugnadsgruppa har delvis ferie, men det er viktig å få gjort dette arbeidet no i denne veka. Dugnadsleiar, Pål Haugland, tek mot dei som kjem. Ta med rive.

kb
13.07.2019
Bruk 9 på Myklebust er seld.
Bruk 9 på Myklebust er seld. Det var visning laurdag 16. mars. Eigar har vore Olav Hjetland Bringedal. Eiendomsmegler VEST har stått for salet. Det er lokale kjøparar til eigedomen. Det vert no søkt konsejon før innflytting.

kb
11.07.2019
Ambulansebåten hadde oppdrag i Uskedalen natt til torsdag.
Gulen Skyss sin nye ambulansebåt, Rosedoktoren, hadde eit ordinært oppdrag til person i båt i Uskedalen natt til torsdag 11. juli. Etter vel ein halvtime i Uskedalen kring kl. 01.30 gjekk legeskyssen mot Leirvik.

kb
11.07.2019
Sommarope på Byggeriet.
Opningstidene på Byggeriet i juli månad er: Måndag - fredag: kl. 09 - 16.30. Laurdag: kl. 09 - 13. Dette gjeld både for lager og butikk.

kb
10.07.2019
Sommarjobben min - aktuelle namn.
Kvar sommar skriv Uskedalen.no innlegg til overskrifta Sommarjobben min. Det handlar om ungdom som brukar ferien til jobb. Vi har alt skrive om Thea Soltveit Taranger som driv sommarkafe på Elins Matgleder. Kven andre har sommarjobb ? Meld inn namn og type jobb til redaksjonen og vi tek kontakt. Skriv til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
10.07.2019
Ny lekkasje på nettet.
Uskedal Vassverk melder frå om ny lekkasje på nettet. Det går ut 4 liter pr. sekund meir enn det som er vanleg. Styret bed alle vera merksame og melda frå dersom ein ser vatn som kan koma frå ledningsbrot.. Alle med hytter og naust, som ikkje er i bruk heile året, må vera observant. Sjå  særleg etter inntak og stikk inn til husa. Dersom du ser noko som kan vera ein lekkasje, meld frå til Hans Reidar Kjærland på mobil: 99701819.

Uskedal Vassverk
10.07.2019
Elva er stengd for fiske -lite vatn.
Uskedalselva er mellombels stengd for fiske frå i dag, onsdag 10. juli,  kl. 18. Det vert gjort fordi det er lite vatn i elva.

Elveeigarlaget
08.07.2019
Berre 20 billettar igjen til Bøkkerfestivalen.
Førehandssalet til Bøkkerfestivalen på Rød laurdag 17. august går strykande. Det er faktisk berre 20 ledige billettar. Den som vil vita meir om festivalen, ta kontakt med Hallvard Rød på mobil: 91834015. Meir omtale kjem i eige innlegg på Uskedalen.no.

kb
07.07.2019
Friluftsgudsteneste på Skorpo, sundag 28. juli.
De årlege gudstenesta i Vågen på Skorpo vert sundag 28. juli kl. 14. Skyss frå Sandakaien kl. 13. Arne S. Nataas er prest. Det vert musikkinnslag av brørne Nils Rainer og Nikolai Vågen. Meir informasjon kjem seinare i månaden.

kb
Siste Nyhende
16.07.2019
Selstad utvidar produksjonen til landbaserte anlegg.
Utstyrsleverandøren Selstad og design- og ingeniørselskapet Koda har inngått
distribusjonsavtale for kar til smolt- og landbaserte anlegg. Med denne avtalen blir Selstad ein forhandler av både kar, røyr, rørsystem og tilhøyrende teknologi. Med denne distribusjonsavtalen kan Selstad stå for  løysingar for landbaserte anlegg og smoltanlegg utover dei løysngane Selstad alt har i dag innan havbruk.
16.07.2019
Grindbygd halvtekkje med torvtak.
Bjarte Eik er praktisk og hendig. Det siste året har han sett opp ei grindbygd halvtekkje til garasjen. Namnet grindbygg kjem av konstuksjonsmetoden med stavar, bete og skråband. Veggene er kledde med ukanta kledning. På sperra ligg det tro eller vi vil kalla sutak. På laurdag var det torvdugnad der ein skar og la torva på plass.
14.07.2019
Frå Tsjekkia - sundagstur på Manen og Englafjell.
Fyrste turen til Kvinnherad og Uskedalen var i 2015. Det er såleis femte gongen ein reiseoperatør frå republikken Tsjekkia legg inn Manen og Englafjell i Uskedalen som eit årleg turmål. Uskedalen.no nådde i gruppa etter nedstiginga og samling på plenen ved Gamleskulen før retur til Sundal Camping, der gruppa bur.
13.07.2019
Ørnulf Myklebust på tur med ex HALSNØY.
Ørnulf Myklebust bur i Danmark. På torsdag i denne veka var han saman med familien på tur til Roskilde og fekk vera med på tur med MS SAGAFJORD, båten som vi kjenner som MS HALSNØY i Kvinnheradruta i mange år. Johannes Sunde var kaptein, Jan Henrik Hansen var maskinist, Olav Hauge var stuert, alle tre frå Uskedalen. MS HALSNØY, bygd i 1957, gjekk i HSD sine ruter fram til 1981.
12.07.2019
Fleire bør engasjera seg i saka om vindkraft.
Astrid Døssland er klar i uttalen sin om at langt fleire i Uskedalen bør engasjera seg i NVE sine planar om vindkraft i fjella rundt Uskedalen. Astrid saman med Annemor Ekeland brukte dagen til å stå på stand med informasjon om kor omfattande og negativt det vert om NVE når fram med sine planar.
11.07.2019
Klassekameratane som har sommarjobb ilag.
Johannes Haugland og Tord Sæle er begge 20 år og har vore klassekameratar til og med Kvinnherad Vidaregåande skule. Rett nok gjekk dei i ulike klassar på ungdomsskulen, men bort sett frå det, har Johannes og Tord vore i same båt. No er dit saman om den same sommarjobben på Kvinnherad Vekstbedrift og på Byggeriet.
10.07.2019
Cruise in Company vil gå Storsund til Rosendal
I slutten på neste veke vil alle med maritim intereese få sjå mange staselege seglskuter i Storsund på seglasen til Bergen og Tall Skips Races. Etappen frå Fredrikstad til Bergen vert rekna som eit venskapstur der seglskutene har ungdom som medseglarar. Rosendal er ei av sju hamner som er plukka ut til å ta mot store og mindre seglbåtar i eit sosialt fellesskap.
09.07.2019
Sykkelturistar frå Boston ( USA ) var innom Uskedalen og Kafe Tiaren.
Straks Kafe Tiaren opna i dag dukka det opp fire sykkelturistar, faktisk frå Boston i staten Massachussetts, USA. Dei kom med fly via København til Bergen og vil bruka to veker på sykkelen for å sjå fjord- og kulturlandskapet på Vestlandet. Det er fyrste turen deira til Noreg og alt no er dei storleg imponert over det får sjå og oppleva. I Uskedalen fekk dei mellom anna møta Rustne Menn i det dei avslutta øvinga si i Gamleskulen.
09.07.2019
Statistar i Nettflixfilmen Ragnarok.
Fredrik Gisholt Haugland og Viljar Simones Tveit går til filmen. Dei har i fleire veker reist til Odda for å vera med i Ragnarok, Nettflix sin fyrste internasjonale TV serie på norsk. Serien vert spelt inn i Odda og i Danmark.  Ragnaok er eit oppvekstdrama med handling frå norrøn mytologi
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS