Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Omfattande skade på kaianlegg etter nyttårsstormen.

25.01.2019
Klikk på bilete for full storleik
Skjelnes Entreprenør AS vart leigd inn for å utbetra skaden på kaianlegget på Eikelandet Brygge etter nyttårsstormen.
 
Kaianlegget på Eikelandet Brygge vart påført skade etter stormen nyttårsafta. Sterk vind frå nordvest mot utliggjarane og kaien gjorde at deler av den gamle muren vart riven ut og rasa ned i sjøen. Dermeed var det fare for utvasking av massane under muren. Skaden er utbetra og kaien er forsterka med betongfundament. Skjelnes Entreprenør frå Seimsfoss stod for reperasjonen.
 

Flyteelementa i betong er mellom anna fundamentert i den gamle tørrmuren på det som i mange år var trelastlager på Eikelandet. Sterk vind og stor sjø gjorde at det vart store bevegelsar som igjen førte til muren kom ut av posisjon i ei lengde på 6 - 7 meter. For å utbetra skaden og sikra fundamentet måtte ned under kaidekke med forskaling, jern og betong.

 

Ein av bebuarane på Eikelandet Brygge,Tore Nordahl Pedersen, er godt nøgd med Skjelnes Entreprenør og det arbeidet dei gjorde for å sikra og hindra at det ikkje husa også vart påført skade. Skjelnes er eit solid firma og kan syna til mange store oppdrag innan kai og grunnarbeid. Nordalhl Pedersen er imponert over den kunnskapen og kompetansen arbeidarane hadde for kaiarbeid og arbeid i sjøen.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Øystein Enæs

 
Klikk på bilete for full storleik
Betong frå Dimmelsvik Betong vart pumpa over husa og fram til skadeplassen.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
14.06.2019
Strålande veke for Ingar Kiplesund.
Ingar Kiplesund(22), lengdehoppar og son til Hildegunn frå Haugland, har hatt ei strålande innleiing på sesongen.  Søndag slo han til med pers på 7.94 m i Spania.  Tirsdag fulgte han opp med sterke 7.83 m, og under Bislett Games i går vann han lengdekonkurransen med 7.77 m.  Dette er dei tre beste konkurransane han har levert i karriera så no vert det spennande å sjå om han passerer 8 meters grensa, og også Kristen Fløgstad sin 46 år gamle norgesrekord på 8.02 i nær framtid.

tid
14.06.2019
Støttar Norway Cup-deltaking.
Kvinnherad Energi har tildelt kultur- og idrettstilskot for 2019.  Uskedal idrettslag sitt G15-lag er tildelt 10.000 kroner til deltaking i Norway Cup.  I tillegg får Rosendal Turnlag, der også mange uskedelingar spelar fotball, tildelt 20.000 kroner til deltaking i same arrangement.  Til saman 150.000 kroner vart fordelt på 10 mottakarar.

tid
13.06.2019
Plass til fleire på turen til Arboretet.
Uskedal Helselag sin tur til den botaniske hagen Arboretet på Milde i Fana 20. juni går etter oppsett plan. Det er enno høve til å melda seg på. Alle med interesse for hage, planter og buskar bør nytta seg av dette tilbodet. Guide er Bjørn Moe, med slekt i Uskedalen og med stor kunnskap om planter og treslag. Ein treng ikkje vera medlem i Helselaget for å vera med på turen. Påmelding: Kontakt Eli Roseth Eik. Mobil: 957 86 228. 

kb
13.06.2019
Gretzky BR sprang inn til ein 4. plass på Bjerke.
Veddeløpshesten Gretzky BR fekk ein 4. plass i Tipster Oslo Grand Prix på Bjerke travbane sist sundag. Ein av eigarane er Trude Helen Døssland frå Uskedalen. Kusk var den 22 år gamle Magnus Teien Gundersen. Neste løp er Midtsommartravet på Leangen 22. juni.

kb.
12.06.2019
Wermund Vetrhus - kommuneplanleggjar i Ullensvang herad.
Wermund Vetrhus ( 36 år ) er tilsett som kommuneplanleggjar i det nye Ullensvang herad. Etter kommunesamanslåinga vert Ullensvang utvida til også å omfatta det som i dag er Odda kommune og Jondal kommune.

kb
12.06.2019
Konserten på Stemneplassen er utsett til i august.
Den tillyste konserten på Stemneplassen 18. juni er utsett, truleg til 20. august. Årsaka er mange samanfallande arrangement med både sirkus og banrehagejubileum på den dagen dette var tenkt. Uskedal musikklag har alt lova å vera med. Det vert også andre innslag. leikar og friluftsaktivitetar.

kb
11.06.2019
Kven leiger ut hybel/bolig i sommar ?
Vikarbyrået Nordic Care treng møbelert hybel/leileghet til ein person som skal ha arbeidet sitt i Uskedalen i sommar. Tidsperiode: Frå no og ut veke 33. Ta direkte kontakt med Hege Nordahl på mobil 458 53 582. E post: hege.nordahl@nordiccare.no

Red. 
10.06.2019
Ikkje Cheercamp Uskedalen i år.
Dei siste åra har det blitt arrangert cheercamp i Uskedalen like etter skuleslutt i juni. Denne har blitt svært populær, men i år vert det dessverre ingen camp då instruktørane dessverre ikkje får det til pga flytting og skulegang.  Heldigvis blir det gitt signal om at dei håpar å komme tilbake neste år.

Dette året vert det eit nytt spennande tilbod om lag på same tida.  24.-26.juni vert Basecamp Kvinnherad med hovudvekt på klatring og padling arrangert for første gang. Uskedalen.no kjem tilbake med meir om dette gode tilbodet.

tid
10.06.2019
Uskedal Utvikling - innmelding i Kvinnherad Næringsservice.
Uskedal Utvikling vert med bakgrunn i sak på sist styremøte medlem i Kvinnherad Næringsservice. Tilsvarande organisasjonar som Rosendal Utvikling og Husnes Vekst er alt medlemer. KN vil vera ein samlande paraplyorganisasjon med felles saker for mellom anna sentrums- og næringsutvikling.

kb
09.06.2019
Nærmar seg 46 år gammal norgesrekord.
Ingar Kiplesund, dotterson til Margot Haugland, nærmar seg no Kristen Fløgstad sin legendariske lengderekord på 8.02m etter at han har slått til med ny personleg rekord på 7.94m. Med det har lengdetalentet fått ein særdeles god start på sesongen, og det vert svært interessant å følgja han vidare.  Rekordhoppet kan vi sjå Norsk friidrett si facebookside.  Det er det 3. lengste lengdehoppet av ein nordmann nokonsinne.

tid
Siste Nyhende
15.06.2019
70 års dag på Steinsletto med korpsmusikk og bygdesong.
Det vart ei rettlegg triveleg stund på Steinsletto i går då den musikalske leiaren i Uskedal musikklag, Knut Steinsletten, runda 70 år. Ein ting var at korpset møtte fram og helsa jubilanten med jubilantmarsj og Boni M låt frå Salme 137. Høgdepunktet var likevel presentasjonen av bygdesongen Eikedalen, skriven av Engel Stensletten, bestemor til Knut og forøvrig fleire av gjestene i selskapet.
14.06.2019
Måsen er tilbake i reiret sitt på Neset.
Måsen er på plassen sin i same reiret som i fjor, i takstigen på Birger Myklebust sitt hus på Neset. Det er ein fiskemåse, eit par der hanen og hoa byter på å ruga på dei tre egga i reiret. Hekketida er frå 24 til 28 dagar og ungane er flygeferdige på 4 - 5 dagar. Birger snakkar med måsen kvar dag, noko som gjer at den ikkje er aggressiv.
14.06.2019
På fjelltur med læraren sin som no vert rektor.
15 elevar i 3. klasse på Uskedal skule var i denne veka på overnattingstur til Fjelly og Mannsvatnet. Læraren deira, Odd Steinar Arnesen, og tre frå foreldregruppa var med på turen. Arnesen vert frå 1. ausgust rektor på skulen og kan med dette ikkje halda fram som kontaktlærar. Turen var som ei avslutning for den godt likte læraren.
13.06.2019
Turleiarsamling i Kvinnherad Turlag på Skorpo.
Kvinnherad Turlag har kvart år 3 samlingar for turleiarane i laget.
Tysdag 11. juni hadde vi samling på Skorpo. Totalt møtte det 24 personar.
Etter ein tur til toppen av Skorpefjellet, gjekk turen ned til havna hjå Oscar Langballe. Der diskuterte vi mellom anna kva vi kan gjera for å få fleire med oss på dei arrangerte turane.
13.06.2019
Avsluttar skuleåret med leirskuletokt på Hardangerfjorden.
Skjåk barne- og ungdomsskule er ein fast og årleg brukar av hardangerjakta MATHILDE til leirskule. I år er det 24 elevar frå 6. klassen i Skjåk som brukar ei veke om bord på seglskuta og på den måten gjer seg kjende med det martime miljøet i Hardangerfjorden og Kvinnherad. Vågen på Skorpo er ei fast hamn i den tida MATHILDE går i leirskulefarten.
13.06.2019
54 kg laks og aure på 10 dagar.
Sidan opninga av fiske i Uskedalselva og fram til 10. juni er det registrert eit fiske på 54 kg. Av nær på 30 fiskar er det mest aure. faktisk berre 3 laksar. Opningatida i Uskedalen er frå 1. juni til 1. september. Over halvparten av det som er fiska, er sett ut att. Den største fangsten til no ein laks på 7, 6 kg, fiska av Mikal Dahl. Det vert brukt både floge, sluk og makk.
12.06.2019
40 årsjubileum og Sommarfest i barnehagen.
Uskedal barnehage har hatt samanhangande drift i 40 år, 25 av desse i kommunal drift. Det heile tok til i 1979 med barnehage i det som no er Gamleskulen. Seinare kom den nye barnehagen lokalisert til skulen. Tysdag 18. juni vert jubileet markert med mange aktivitetar og ikkje minst opning av det nye Mummihuset og Sjørøvarskuta.
11.06.2019
Kyrkjekonsert med musikk og genre frå mange land.
Kyrkja har ein kantor som legg ein av tre kyrkjekonsertar i Kvinnherad til Uskedalen. Det vart ein variert konsert med ulike genre og musikk frå mange land, ikkje minst orientalsk og romantisk musikk der kantorane og ekteparet Eva og Pavel mellom anna spelte musikk frå India, Russland og Ungarn.
10.06.2019
Basecamp Uskedalen - eit nytt tilbod i regi av Friluftsrådet Vest.
Friluftsrådet Vest saman med lokale krefter arrangerer Basecamp Uskedalen i perioden 24. til 26. juni. Det er eit nytt friluftstilbod med vekt på klatring, kajakk og mykje meir. Påmeldingsfristen er i denne helga og deltakartalet er maks 25 ungdomar i alderen 13 - 16 år.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS