Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kvinnherad har fått sitt internasjonale kor.

07.01.2019
Klikk på bilete for full storleik
Nytilsette Dmitrii Kuzmin viste seg å vera ein særs dyktig pedagog og kordirigent.
 
Det vart på mange måtar skrive eit kapittel i Kvinnherad si korhistorie i dag då omlag 25 korinteresserte møttest til korøving i Kvinnherad kulturskule sine lokale på Husnes.  Songarane var frå 7 ulike land medan dirigenten Dmitrii Kuzmin er frå Russland.  Koret er eit samarbeidsprosjekt mellom kulturskulen og Eining for integrering og opplæring, men det er ope for alle interesserte og skal øve kvar mandag framover.
 
Klikk på bilete for full storleik
Interesserte frå 7 ulike land fekk ei flott musikkøkt.

Samarbeidet om koret er kome i stand etter eit initiativ frå rektor i kulturskulen Kirill Zimin, og han seier at han er svært glad for den positive innstillinga som han møtte frå leiinga ved Eining for integrering og opplæring då han lanserte idèen.  Han har stor tru på nyskapinga.  

 
Det var nok både spenning og litt usikker forventning blant dei 25 som møtte til første samlinga.  Blant dei var det også fleire som bur i Uskedalen.  Underteikna var fluge på veggen gjennom øvingsøkta på to skuletimar, og det var tydeleg både på ansiktuttrykka under øvinga og samtalane i pausene at dette likte dei aller fleste svært godt.  Økta vart brukt til grunnleggande musikkteori og innføring i korarbeid.  Dette kan nok kanskje verka kjedeleg for utanforståande, men med særdeleles dugande og professjonell leiing av Dmitrii Kuzmin, vart det slett ikkje det!!  Ved hjelp av gode pedagogiske evner og piano, blokkfløyte, sang og sprell vart songarane engasjert og fekk ein rask gjennomgang som dei seinare vil få glede av.   Det vi var vitne til tyder på at kulturskulen har trekt til seg ein ny kapasitet av høg klasse!
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Grunnleggjande teori kjem godt med på seinare korøvingar.
 
Dmitrii Kuzmin byrja som lærar i kulturskulen i Kvinnherad ved siste årsskifte.  Han har solid bakgrunn både som utøvande musikar, dirigent for kor, korps og symfoniorkester i fleire land.  Siste tida hadde han jobb ved musikk-college i St. Petersburgh.  Han beherskar mange språk som m.a. tysk, italiensk og engelsk i tillegg til morsmålet.  No er han i gang med norskopplæring og håpar det skal gå kjapt.  Han beherskar ulike instrument, men hovudinstrumentet hans er tuba.  Kormedlemene vart imponerte då han i undervisninga gav dei ein smakebit på tubaspel i A little drummer boy.  Himla med augene gjorde dei og då han briljerte på blokkfløyte.  Men aller viktigast i denne samanhengen var det at han viste seg som ein særdeles god pedagog som fekk god kontakt med elevane sine.  Det vil også kome elevane her i Uskedalen til gode.  Kvar onsdag underviser han nemleg kulturskuleelevar her i bygda.
 
Det vert interessant å følgja det internasjonale koret framover.  Mellom dei mange som var svært fornøgde etter første økta, var også Karim som bur i Myro her i Uskedalen.  Han er opprinneleg frå Syria, og er svært interessert i det som har med song og musikk å gjera.  Mange uskedelingar har sikkert lagt merke til at han ofte er blant publikum når det er konsertar her i bygda m.a. i kyrkja.  Karim syntes det hadde vore veldig kjekt på øvinga, sjølv om han akkurat no hadde problem med halsen.  Han kunne fortelja at interessa for musikk hadde han med seg frå Syria, og der har han også ei dotter som jobbar som musikklærar og dirigent.
 
Karim og dei andre ser no fram til neste øving, og kulturskulerektor Kirill Zimin seier at det er plass til fleire i koret.  Alle som er interessert, kan ta kontakt med han på kulturskulen enten på email eller telefon.  Øvingane vert kvar mandag frå kl.12.30 til 14.15 med ein kvarters pause midt i.  Koret er eksempel på eit godt tilbod til innbyggjarane i kommunen som har blitt til gjennom konstruktivt og godt samarbeid mellom to einingar.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.01.2019
Kjell Yri går opp nye turløyper på La Gomera.
Kjell Yri har i denne veka vore på den kanariske øy La Gomera for å gå opp nye ruter. Det er gjort i regi av reiseselskapet Rundtomkring. Mona Enes og Kjell Yri er engasjert som turleiarar på Kreta. No vert turtilbodet utvida til også å ta med La Gomera.

kb
17.01.2019
Kommunen, bygdelaga og utviklingsselskapa.
Kva rolle og funksjon skal kommunen ha i høve til bygdelag og utviklingsselskap ? Kvifor er Kvinnherad kommune medlem i og har luter i Rosendal utvikling og ikkje i Uskedal utvikling. Det er det som er spørsmålet i sak i F.skapet i dag. Rådmannen rår til utmelding og at det er lik praksis overfor alle bygdeutviklingslaga i kommunen.

kb
17.01.2019
Berre ein uskedeling på Krf-lista.
Krf har no klar listeframlegget til kommunevalget til hausten. På lista finn vi berre ein uskedeling. Det er Knut Olav Myklebust(42) som er plassert som nr. 19 av dei 21 kandidatane. På topp er som venta Marit Årthun frå Åkra. Ho er også den einaste kumulerte. Lista vert endeleg vedteken under nominasjons- og årsmøtet i Rosendal 4.februar.

tid
15.01.2019
Årsmøte i Sogelaget er lagt til Uskedalen.
Årsmøte 2019 i Kvinnherad Sogelag er lagt til Uskedalen. Møtedato er laurdag 27. april. I forkant av sjølve årsmøte vert det føredrag, synfaring og gjesting med bakgrunn i eit tema som høver med plassen. Styremedlem Audun Eik er med i førebuingsnemnda.

kb
15.01.2019
Sagbekken - ikkje Saghaugbekken.
Ein lesar har merka seg det Uskedalen.no skreiv om vegutbering på Fylkesvegen ved nedkøyrsla til Beinavikjo. Rett namn på bekken skal vera Sagbekken, ikkje Saghaugbekken. Takk for merknad.

Red.
14.01.2019
Opningstider for Elins Matgleder, Rosendal
Elins Matgleder, Rosendal startar opp etter juleferien torsdag 17. januar kl. 11.
Nye opningstider er:
Torsdag - laurdag: kl. 11 - 17.
Sundag: kl. 14 - 18.

kb
14.01.2019
Skirenn til helga.
Med lovande vermeldingar ser det ut til at det planlagte skirennet i langrennskarusellen søndag kjem til å gå som planlagt.  Rennet går i klassisk stil, og det er UIL som er arrangør. Påmeldinga er opna, og det kan gjerast HER.  Arrangørane oppfordrar alle til å nytta høve til å vera med i trimklassen.

tid.
13.01.2019
Møte om framtidig eldrepolitikk, tysdag 15. jan. kl. 18.
Helselaga Seimsfoss, Rosendal og Løfallstrand inviterer til møte om framtidig eldrepolitikk i kommunen. Uskedal helselag er invitert og vil delta på møte. Møte er ope for alle og vil ha fokus på tiltak for eldre i åra framover. Møte er i Rosendal samfunnshus tysdag 15. januar kl. 18.00.

kb
12.01.2019
Gudsteneste med vikarprest Arne Natås.
Gudstenesta denne helga er ved vikarprest i Sunnhordland Prosti, Arne Natås. Natås har før vore sokneprest i Røldal. Det er nattverd. Gudstenesta i Uskedal kyrkje er kl 11.

kb
12.01.2019
Vasslekkasjen er lokalisert, men ikkje med nøyaktig funnplass.
Vasslekkasjen er lokalisert til Korsneset Byggefelt, men ein veit framleis ikkje nøyaktig plass. Difor bed leiar i Uskedal Vassverk alle om å sjekka vassinntaket til husa sine. Alle med naust og uthus må vera særleg merksame, høyra om det er sus i røyrane eller om det er ein synleg lekkasje i tunet eller i vegen. Det renn ut 3 liter pr. sekund. Ta kontakt med Hans Reidar Kjærland på mobil: 997 01 819

Uskedal Vassverk
Siste Nyhende
17.01.2019
Hus og bustader som vert selde i Uskedalen.
I ein oversikt i Kvinnheringen nyleg kom det fram at 6 hus/bustader ligg ute for sal i Uskedalen. Tre av desse ligg på Tveitane langs Uskedalsvegen, del av tremannsbustad ligg i Halsabrotet 7B og del av tomannsbustad ligg i Ospelunden 9A. Det har til tider vore god omsetnad på husvære i Uskedalen. Det som er av leilegheter, er delvis utleigd i samband med Hydroutbygginga på Husnes.
15.01.2019
kr. 180.000,- av grasrotmidlane til Uskedalen.
Knappe kr. 180.000,- av Grasrotmidlane går til 8 ulike laga og organisasjonar i Uskedalen. Midlane kjem frå Norsk Tipping. Dersom laget er registrert i Frivilligregisteret, kan 7 % av det tipparen spelar for gå til eit lokalt lag. I Uskedalen er det åtte organisasjonar som vert overført midlar for 2018. Uskedal Idrettslag toppar lista med ei løyving på kr. 91.332,- frå tilsaman 136 brukarar. Minst overføring er det til Uskedal Friluftslag med berre ein tippar.
14.01.2019
Kommunen inviterer til Dialogkafe i Helgheim, onsdag i denne veka.
Representantar frå Uskedal Helselag og Uskedal Utvikling vil vera med på Dialogkafe i Helgheim, onsdag 16. januar på dagtid. Det er Kvinnherad kommunen som inviterer til samlinga som vil ha fokus på den eldre delen av befolkninga. Dialogkafeen vert skipa til for å få innspel til arbeidet med ny kommunedelplan for omsorg, helse og sosiale. Det som før har vore delplanar, vil no bli samla i ein felles helse- og sosialplan.
13.01.2019
Brille funnen og teken vare på.
Brille er funnen på gangvegen mellom Hagetunet og busslomma. Vi har skrive om dette før, men ingen har henta brilla som vart hengd opp i gjerde på ein godt synleg plass. Brilla med snor ligg i etui. Det kan vera barnebrille.
13.01.2019
Vikarpresten la inn ei læringsøkt for borna om dåpen.
Tidlegare sokneprest i Røldal, Arne Nataas, er prostiprest og vikar i prestetenesta i Uskedalen fram til ny sokneprest er på plass. I dag på 2. sundag i Openberringstida fekk kyrkjelyden eit møte med Nataas gjennom gudsteneste, dåp og nattverd. Dåpsbarnet Ludvig vart døypt på det som vert omtala som Jesus sin dåpsdag. Ikkje nok med det: Borna i kyrkja i dag fekk ei oppleving og eit minikurs om kva som må til for å gjennomføra ein dåp.
12.01.2019
Den store utreisedagen for sydentur til Gran Canaria.
Gran Canaria er eit populært reisemål for mange uskedelingar. Berre i dag har 10 personar frå eller med nær tilknyting til bygda avgang frå Bergen eller Stavanger med fly med Las Palmas som destinasjon. Talet på dei, som store deler av vinteren bur fast på øya, er om lag det same. I vekene framover kan ein såleis rekna at 20 uskedelingar feirerer i dette område.
11.01.2019
Synfaring på Rød og Haugland med ny kulturkonsulent
Ny kulturkonsulent etter Linda Øen er Anita Lykkja. Lykkja kjem frå Valdres, men har i mange år vore kulturkonsulent i ein av dei mange kommunane på Helgelandskysten. Ho tok til i stillinga på nyåret og brukar dei fyrste vekene på å gjera seg kjend i Kvinnherad. Linda Øen, som no er tilsett som direktør på Sunnhordland Museum, var  med på synfaringa i Uskedalen, dette for å letta overgangen og innføringa i mange saker for Anita Lykkja.
10.01.2019
Stian Helland er søkjar til prestestillinga i Uskedalen.
Stian Helland ( f. 1972 ) er søkjar til soknepreststillinga i Uskedalen. Helland kjem frå Fitjar og har sidan 2014 vore sokneprest i Ringsaker. Han har utdanninga si frå Det Teologiske Menighetsfaktultet ( MF) 2008 - 2014. Stian Helland kan syna til ei brei erfaring frå yrkeslivet og frå kyrkjeleg og kulturelt arbeid.
10.01.2019
Utbetring av Fylkesvegen ved Sagbekken.
Det har lenge vore ei generande dump i vegen der den gamle Sagbekken går i røyr under Fylkesveg 48. No vert skaden utbetra. Det er Kvinnherad Maskin som gjer jobben på oppdrag for MESTA. Årsaka til skaden er truleg brot på hovudrøyra som igjen har ført til søkk i vegbanen.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS